Tilleggsmateriale til boka Samisk skolehistorie 6. Davvi Girji 2013.

Samordningsnemnda for skoleverket:

Tilråding om samiske skole- og opplysningsspørsmål

Skoleverket i Noreg besto tidligare av svært mange skoleslag, som var oppretta uavhengig av kvarandre og tildels låg under forskjellige departement. I eit forsøk på å rydde opp i dette, tok Kyrkje- og undervisningsdepartementet initiativ til «Samordningsnemnda for skoleverket», som blei oppnemnd i statsråd 07.03.1947. Ei drivkraft bak samordningsarbeidet var kyrkje- og undervisningsminister Kaare Fostervoll og leiar for nemnda var Einar Boyesen, som da var ekspedisjonssjef i Kyrkje- og undervisningsdepartementet.

Nemnda hadde 21 medlemmer, av dei var to frå Nord-Noreg; skoledirektør Matias Andreas Hellebust, Tromsø og lærar Per Fokstad, Tana. I innstillinga om oppnemning er det gitt eit ganske detaljert mandat over 4 sider, men samiske og kvenske spørsmål er ikkje nemnd direkte. Derimot er det under folkeskolen nemnd "Plan for reising av skoleinternat i Nord-Noreg og andre grisgrendte strok, og spørsmål om staten heilt eller delvis skal overta drifta av internata".
Utvalet hadde sju underutval, blant dei "Underutvalget for nordnorske spørsmål og internat". Utvalet besto av tre medlemmar av nemnda; skoledirektør Hellebust som leiar, Per Fokstad og Cesilie Løvø.

Samordningsnemnda la fram heile 19 forskjellige tilrådingar i perioden 1948-52. Ei av desse var «Tilråding om samiske skole- og opplysningsspørsmål». Samordningsnemnda ga altså mye høgare prioritet til samiske spørsmål enn det regjeringa sitt mandat la opp til. Omlag ein firedel av tilrådinga behandlar internatsaka, som nemnda var bede om å uttale seg om. I tillegg tar ein opp spørsmåla om lærebøker på samisk, opplæring for lærarar i samisk, framhaldsskole for samar og samisk folkehøgskole. Per Fokstad har utvilsamt vore ei drivkraft i å få gjennom denne tilrådinga, men han har ikkje fått utvalet med på alle sine ønske, og har derfor skrive eit tillegg for eiga rekning, som er vedlagt tilrådinga.

I arbeidet fram mot innstillinga om samiske skolespørsmål har nemnda forhørt seg med forskjellige personar med god kjennskap til samiske skolespørsmål. 29.08.1947 blei det heldt eit "rådleggingsmøte" i Tromsø, og i arkivet til Skoledirektøren i Finnmark har vi funne referat av dette møtet.

Samordningsnemnda si tilråding var det første offentlige signalet om ei omlegging av skolepolitikken, bort frå den fornorskinga som da hadde vore einerådande i nesten eit hundreår. Men på grunn av sterk motstand skulle det ta fleire tiår før dei forslaga som blir lagt fram her blei sett ut i livet.

Vi har her lagt ut nokre dokument frå reaksjonane på samordningsutvalet si tilråding:
Brev frå lærar David Stubseid til KUD 13.10.1948
Skoledirektør Aarseth: kommentar til brevet frå Stubseid 01.03.1949
Vedtak i Karasjok skolestyre 15.11.1949
Skoledirektør Aarseth: Brev til KUD 01.02.1950
Skoledirektør Aarseth: Opplysningsskrifter samisk 06.04.1951
Einar Boyesen: Samenes skole- og utdannelsesspørsmål juni 1956

Samordningsnemnda for skoleverket
oppnemnd ved kongeleg resolusjon 7. mars 1947

III.
Tilråding
om
Samiske skole- og opplysningsspørsmål

Historisk innleiing

Opplæringa for samane i Noreg har fylgt skiftande grunnsetningar gjennom tidene. Den kjende finnemisjonæren Thomas v. Westen som i 1716-1727 grunnla folkeopplysningsarbeidet mellom samane, meinte at samane skulle vera heilt isolerte frå nordmennene i eigne skolar og kyrkjer med berre samisk mål. Men frå 1773 vart det slutt med alt omsyn til samemålet, og all opplæring gjekk føre seg på dansk, til prestane P. V. Deinboll (som fekk skipa første lærarskulen i Nord-Noreg) og N. V. Stockfleth tok opp arbeidet for å gje samane folkeopplysning på heimemålet. I 1833 fekk Stockfleth styresmaktene med på det programmet at samane skulle få lærebøker og undervisning på samisk. I 1848 kom det kgl. res. om at ein skulle serleg ta omsyn til kunnskapar i samisk og kvensk når ein skulle tilsetja prestar i Finnmark. Men frå 1850-åra vart det mindre med bruk av samisk i skolane, og i 1880 fastsette stiftsdireksjonen i Tromsø stift at undervisinga skulle gå før seg på norsk, og at samisk berre skulle nyttast til hjelpemål, t. d. i kristendomsopplæringa, om det var naudsynt. Instruksen fra Kyrkje- og undervisningsdepartementet, dagsett 18. april 1898, bygger på same grunntanken, og seier (§ 4) at «selv om i en kreds flerheden av børnene ikke forstaar norsk, maa læreren dog alltid lade sig det være magtpaaliggende, at det lappiske eller kvænske sprog ikke bruges i videre utstrækning, end forholdene gjør uomgjængeligt fornødent». I den siste delen av undervisningstida skulle borna berre nytte norsk.

St.prp. nr. 2 B for 1900-01, s. 33, talar optimistisk om at tida snart er inne "da fornorskningsarbeidet kan siges at være et fullbyrdet faktum», og i samsvar med det vart opplæringa i samisk og kvensk ved Tromsø lærarskule bortteken i 1905-06. Dei gamle lærebøkene med tekst både på norsk og samisk kom ikkje i nye opplag. Internata førde sameborna inn i norsk miljø og mål.

Den parlamentariske skolekommisjone drøfter i innstilling II. Utkast til lov om folkeskolen på landet (1926) desse spørsmåla i kap. 16 "Skolen i de sprogblandede (...) Dei syner klårt at ein i vår tid ser heilt annleis på disse spørsmåla enn for nokre mannsaldrar sidan. Ein har ikkje nådd fram til ein skipnad som stettar dei krav ein må setja til ei fullgod og omsynsfull opplæring for sameborna.

II. Internatskipnaden.

Denne saka er nemnd serskilt i mandatet for Samordningsnemnda (punkt 1d). P.g.a. den grisgrendte busetnaden i Finnmark hadde styresmaktene alt i 1898 vedtatt å gå til reisning av skoleinternat, så ein skulle sleppe å bygge mange små skolehus med lita eller helst inga klassedeling, og dårleg utstyr og dyr drift for få born. Det var før ein uhyggeleg stor prosent skoleforsøming i Nord-Noreg. Etter internata vart bygde, er ikkje forsøminga større enn i andre strok av landet. I 1940 var det 50 skoleinternat i Finnmark, av di dreiv staten 25. Etter øydelegginga i Finnmark i 1944 står berre 6 statsinternat og 4 kommunale internat att. (Dei fleste av dei er skadde.) Dei kommunale internata blir no drivne som statsinternat til så lenge.

Når ein nå står føre atterreisinga av desse internata, bør ein drøfte røynslene ein har hatt i desse 40—50 åra. Som det er nemnt i utgreiinga frå skoledirektør Aarseth (vedlegg nr. 2), har det vore hevda at skolelivet i internata gjer sameborna uskikka til nomadelivet. I Sverige har det derfor vore freista med særskilte "visteskolar" (nomadiserande skolar) som skulle fylgje med reinsamane på vandringane deira, så borna skulle få leva i reint nomademiljø gjennom heile oppvoksteren. Men det har synt seg at dette eksperiment ikkje har hatt framgang. Det var både upraktisk og syrt. No finst det mest ikkje visteskolar att. Når det er slik i Sverige, som har fleire nomadar mellom samane enn Noreg har, skulle det ikkje vere grunn til å ta opp dette ekperiment i Noreg. Samordningsnemnda meiner at ein bør halde fram med internatprinsippet p.g.a. det dårlege vegsambandet og for å få ein rasjonell klasseskipnad med høveleg utstyr.

Ein av vanskane som da melder seg, er at talemål, seder og levevis er ulike for sameborna og dei norske borna som møtes samstundes i internata. Opplæringa har her berre tatt omsyn til dei borna som tala norsk, og det har skapt mange kompleks og mindremannskjensle hos sameborna. Den kulturelle og åndelege påverknaden har ikkje vorte så sterk og god som han burde vera. Derfor meiner Samordningsnemnda at det i regelen bør bli eigne klassar (parallellklassar) for sameborna i dei to første åra, til dei har lært så mykje norsk at dei kan fylgje med i undervisinga i sam-klassane. Men fru Wiig som har lang røynsle i denne opplæringa, meiner at det er likså bra å ha norske og samiske bom saman frå først av og, så det bør kunne lempast på regelen.

Denne skipnaden bør gjelde for sameborna ikkje berre i Finnmark. I Mid-Noreg óg bør det bli reist ein serskild internatskole for sameborna, slik som det er tilrådd ml. a. av skoledirektørrådet l917.

Det er om å gjera at desse internata blir så tidhøvelege og unelege som råd er. Særleg vekt må bli lagd på den hygien­iske sida av internatlivet, med bad og sunt kosthald, slik som det er gjort framlegg om frå Universitetets hygieniske institutt.

Sers viktig er det å få ei dugande husmor i eit slikt internat, og derfor bør ho ha gode løns- og arbeidsvilkår dersom ho har høveleg utdaning og godt lag med born

. Samordningsnemnda vil elles setja opp desse krava til internatskipnaden:
l. Når borna skal vera der om lag 2/3 av året, må det vera utanom klasseroma eit serleg opphalds- og arbeidsrom for dei med arbeidsbord, boksamling o. m. som kan vera til gagn og glede for dei om ettermiddagane.
2. Soveroma må vera smårom med ikkje fleir enn 3, høgst 4 på kvart rom. Alle sengene må stå på golvet, ikkje over kvarandre.
3. I større internat med 6 eller 7 klassar bør det vera både skolekjøken og eit kjøken for matstellet til borna. I mindre internat med 3 til 5 klassar kan eitt kjø­ken vera nok, men da bør det vera etter måten større og kunne gje plass både til undervisning og matstell for borna.
4. I større internat med 6-7 klassar må det vera 4 vanlege undervisningsrom. Dertil gymnastikksal, sløydrom, handarbeidsrom og naturfagrom med plass for lysbiletsmaskin og filmapparat med utstyr som høyrer til. I mange høve - kanskje dei fleste - må det vera eit eller to klasserom for framhaldsskolen etter som han blir skipa som l- eller 2-årig skole. Eit så stort bygg som her er nemnt, vil truleg også kunne gje plass for kortare yrkeskurs.
5. Ved slike internat bør ein av dei mannlege lærarane ha husvære anten i skolebygningen eller i eige hus i nær­leiken og vera styrar for internatet, ha tilsyn med og i samarbeid med husmora stå for innkjøp av varer som trengst, og elles stå for administrasjonen i det heile. Derfor høver det bra om han kan ha handelsskoleutdaning.

Husmora skal ha utdaning som skolekjøkenlærarinne og helst også lærarskuleeksamen. Kunne ho dessutan ha noko kjennskap til sjukerøkt og barnestell, var det bra. Ho må ha hug til og interesse for å stelle med born og ha omsut for dei. Ho må ha løn som ei lærarinne i folkeskulen i full post og vera medlem av Pensjonskassa. Husmora i samråd med styraren og skolestyret tilset turvande hushjelp. Ho har det daglege tilsyn med heimen, og er ansvarleg for at alt går sømeleg og greitt for seg. Der må rå ei heimleg og kristeleg ånd som held borte alt som skjemmer og som freistar til utgliding.

Nemnda vil peike på at skal denne skipnaden med skoleinternat for skolepliktige born bli det foreldra krev og det samfunnet ventar av silke tiltak, må det offentlege syrgje for fullgodt utstyr med sengeklede, matstell og arbeidsreiskapar slik at stellet kan bli eit mønsterstell til opplæring og oppseding av borna, så dei lærer reinsemd og god framferd og tek med seg denne lærdomen heim att når dei er ferdige i skoleinternatet.

III. Lærebøker på samisk.

Ein må vera klar over at samane har budd her i landet frå dei eldste tider, og har krav på opplæring av borna sine etter same prinsipielle reglar som andre nor­ske borgarar. Skal samane få full nytte og personleg utvikling av skolegangen, må dei få høvelege lærebøker på mors­målet, først og fremst da ABC. Fru Margarethe Wiig som i mange år har stu­dert opplæringa for sameborn i Finn­mark, har laga ei ABC-bok med dobbelt tekst (samisk og norsk), og Kyrkje- og undervisningsdepartementet har i 1948 gjort framlegg om kr. 10000 til utgjeving. Den gamle ABC-boka som rektor Quigstad gav ut på samisk, har vore utseld i lange tider, og dei norske ABC-bøkene har eit heilt framandt miljø for sameborna.

Det blir sjølvsagt etter måten dyrt å gje ut tospråklege lærebøker for eit så lite elevtal som det her kan bli tale om (eit par hundre born om året); vanskane er store av den grunn og at samemålet er kløyvt i mange målføre (om lag 50), så det er ikkje greitt å finne ei målform som høver for alle sameborn. Men alle vitskapmenn på dette området er samde om at ein må legge Kautokeinoformen til grunn for normaliseringa, ikkje berre for norske samar, men for dei svenske samane og. På den måten blir det naturleg og sers formålstenleg å få i stand samarbeid mellom dei norske og svenske styresmaktene om å gje ut lærebøker og andre folkeskrifter på samisk. (Jfr. vedlegg nr. 1 frå professor Bergsland og nomadskolinspektør Ruong .)

Det som det da først og fremst kan bli tale om er religionslærebøker, (bibelsoge og katekisme), dessutan lærebøker i naturkunnskap (dyre- og planteliv og helserøkt) med serleg vekt på samemiljøet. Kanhende bør det sidan bli tale om sogebøker og på samisk, med heimstadslære og «nomadkunnskap» (jfr. dei svenske lesebøkene for nomadskolan, utgj. av professor K. B. Wicklund, der eitt band greier ut om zoologiske og botaniske tilhøve i Lappland, og eit anna band gjev ei utførleg skildring av Lapplands historie og geografi).

IV. Opplæring for lærarar i samisk.

Da Tromsø lærarskule (opphavleg Trondenes seminarium) vart skipa i 1824, fekk han til seroppgåve å utdane lærarar i samisk. Den første «andrelæraren» på lærarskulen var ein same. I 1836 var det fastsett at av dei 20 elevane på seminariet, skulle 4 vera samar om det var råd. Samisk var med i fagkrinsen til 1866, og kom med att (saman, med kvensk) frå 1870 til 1905-06. Ei av årsakene til at samisk vart tatt ut av fagkrinsen, var at dei lærarane som lærde samisk, slett ikkje alltid vart tilsette i der samiske skolekrinsane. Derfor fann ein det meir rasjonelt å koste på opplæring i samisk for dei lærarane som fekk post i «sprogblandede distrikter». På «Finnefond-budsjettet for 1908-09 vart det løyvt kr. 880 til denne opplæringa. Staten ytte kr. 140 (70 timar á kr. 2) til undervisinga. Det var ikkje så mange lærarar som nytta dette tilbodet, for det gjekk 8 år før løyvinga vart brukt opp. Lærarane i Karasjok, Kautokeino og Polmak var før øydeleggingane og evakueringa i 1944 fullføre til å nytte samisk i opplæringa. Men no etter frigjeringa er det ikkje mange att av desse lærarane, og dei nye lærarane i Finnmark har inga utdaning i samisk. Samordningsnemnda meiner at det må rettast på dette. Kyrkje-og Undervisningsdepartementet har i St. prp. nr. l for 19-18 (Kap. 255 A) gjort framlegg om kr. 3 000 til tillegg til lærarar som lærer seg samisk og bind seg til å undervise ei viss tid i krinsen. Kvart tillegg skal vera på kr. 500. Før ein lærar får tillegget, må han prove at han har 1ært seg samisk. Tillegget får han berre så lenge han arbeider i krinsar der det er born som ikkje kan norsk.

Samordningnemnda er samd i denne skipnaden som ei overgangsordning, men held det for tryggast at ein på eit eller anna vis får i gang opplæringa ved Tromsø lærarskole i samisk, med ein lektor som er fagmann i dette målet. Her kunne prestar og få høve til å ta den prøva i samisk og kvensk som dei elles må fara heilt til Oslo for å få høve til å ta.

V. Framhaldsskole for samar

Så vanskelege som opplæringstilhøva i Finnmark alltid har vore, og serleg no etter evakueringa og atterreisinga, er det meir om å gjera der enn elles i landet å få framhaldsskolar i gang til å bøte noko på den uheile skolegangen. Ambassadør dr. B. Bergersen har i ei ferdamelding frå sumaren 1947 streka sterkt under at den «arbeidskunnskap» som skal vera eit sentralt fag på slike framhaldsskolar, burde for sameelevane vera det sermerkte heimeyrket til samefolket: tinnbroderi og beinskurd, saum av komagar, skallar, bellingar o. l. Ambassadør Bergersen viser til at i Sverige er det 3 framhaldsskolekurs på 6 veker (frå førstninga av juni til midt i juli) i to års-klassar for sameborn.

Undervisningsplanen for dei samiske folkehøgskolane i Sverige bygger på at arbeidskunnskap skal ha 210 timar, medborgarkunnskap 50 timar og lesing og skriving 70 timar. Omkring 12 timar kroppsøving, ml. a. orientering, bør ein legge inn der det høver. Song til arbei­det, gjerne på samisk, blir tilrådd. Arbeidskunnskapen er for
gutane: «lappsløjd» av ml. a. rein­horn og elgehorn, med omtale av det gamle verktyet samane hadde, og samis­ke namn på det. Ein del av opplæringa bør gå føre seg i eit samelæger så elevane får sjå korleis dei tinga dei har laga. høver i samemiljø. Her kan ein og setja seg inn i reindrifta. Dessutan riting av enkle dekorative mønster der ein lærer dei samiske namna. I samband med opplæringa er det rettleiing i yrkeshy­giene for samar.
Gjentene får i arbeidskunnskap øving i husstell, med serleg vekt på samiske tradisjonar og livshøve, t. d. reindrift. I handarbeid er det omtale av sameskorne og samebunadene, korleis dei skal skipast mest føremålstenlege og stellast med. Medborgarkunnskapen skal ml. a. drøfte samesoga, med omtale av den sermerkte samfunnsskipnaden og lovgjevinga for samane. Dette er ei t tiltak som høver godt i Noreg og, om ein skal kunne halde oppe den sermerkte reinsame-kulturen. Der­som folkehøgskolen for samane blir reist i Karasjok (sjå nedanfor), kunne det høve å legge den første framhaldsskolen til Kautokeino.

Det økonomiske utlegget skulle ikkje bli så stort dersom timeskipnaden vart slik som framhaldsskolelova fastset.

VI. Samisk folkehøgskole.

(...) Samordningsnemnda for skoleverket meiner at tida no er komen til å reise ein serleg folkehøgskole for samane i Finnmark. Den skolen som Finnemisjonsselskapet hadde i Karasjok før krigen, og som vart øydelagd i 1944, har sine serføremål, og kan ikkje stette dei krav ein må setja til ein høveleg skole for ungdom. Det må bli ein skole reist og kontrollert av statsmaktene, i samsvar med reglane for vanlege folkehøgskolar, med fag- timebyte som dei. På same tid må han løyse si serlege oppgave som skole for samisk ungdom. Han får her ei seroppgåve som ein må ta omsyn til når planen for skolen blir sett opp. Undervisningsmålet bør vera norsk, men undervisinga i samisk mål bør få breitt rom i opplæringa, saman med utførleg omtale av livskår og levevis og kulturelle serdrag hos samane. Departementet tilset og lærarar etter tilråding frå skoledirektøren og fylkesskolestyret i Finnmark. Dersom ungdomsskolen for Vest-Finnmark blir attreist i Havøysund, og Svanvik ungdomsskole for Aust-Finnmark kjem i gang att, bør den samiske folkehøgskolen leggast i det indre av fylket der det store fleirtalet av samane bur.

Staten må nok for denne skolen hera kostnaden med å reise bygningane og, jamvel om dei herada der fleirtalet er samisktalande (Karasjok, Kautokeino, Polmak, Nesseby, Kåfjord) burde gje tilskot.

Professor Bergsland har peika på at bygningane for folkehøgskolen kunne nyttast ut om sumaren til fjellstuer og gjestestuer for ferdafolk, slik som det er vanleg i Island.

Det er i samsvar med framlegg frå fylkesmannen i Finnmark alt føre okkupasjonstida om å få tilskott til slike bygg frå den store løyvinga til reisning av hotell og gjestestuer. Samordningsnemnda vil be departementet finne fram til ei praktisk løysing på denne saka, ikkje berre i Finnmark, men alle stader i Nord-Noreg der skolane ligg slik at dei kan tena turistferdsla til Nordkapp og Kirkenes.

VII. Andre rådgjerder

Det er naturleg at ein tar omsyn til det samiske målet ikkje berre hos borna,men for vaksne og, slik at staten gjorde opptaket til å få ut korte, greie folkeskrifter om viktige spørsmål for samane, ikkje minst samekvinnene, t.d. i samband med reindrift, helserøkt og matstell og med oppskriving av samiske tradisjonar. Ein viser her til utgreiingane frå dr. Bergsland og hr. Ruong.

Finnmark har hatt lite av både høgre skolar, yrkesskolar og serskolar. Det kjem særlege tilrådingar frå Samordningsnemnda om desse spørsmåla, som og har mykje å seia for ei rettvis løysing av same-krava.

Elles bør ein legge vekt på å få så nært og godt samarbeid med Sverige som det er råd, t.d. med lærarutbyte, sams foredragskurs o.l.


Tillegg frå Per Fokstad

Lærar Per Fokstad som sluttar seg til tilrådinga, har forma ein eigen konklusjon om dei krava som først bør bli gjennomførde:

I. Folkeskolen.

1. Ved internatene og de større skolene i samebygdene opprettes parallelle klasser. Lærerne må ha kjennskap til samespråket: 2. Lærebøker: ABC-boka må ikke ha dobbelt tekst. En særskilt lærebok i norsk mål bør derimot ha dobbel tekst. Den første leseboka må delvis ha samisk tekst. Lærebøker i kristendomskunnskap på samisk. Det bør bli overveid om det ikke også bør bli utgitt lærebøker i naturfag på samisk. Det gjelder særlig dyre- og plantelære og helselære.

II. Undervisningen for ungdommen.

1. Reisning av en folkehøgskole for samene.
Undervisningen skal foregå for en vesentlig del på samisk. En norskfødt lærer gir undervisning i norsk. Samene skal lære å språkføre seg på norsk ved samtaleøvinger.
Styreren ved skolen må fortrinsvis være same.
Til den samiske folkehøgskolen knyttes en veterinær som spesialiserer seg i reinsdyr-sjukdommer. Veterinæren gir fjellsamene den yrkesmessige rettleiing når det gjelder behandling av reinsdyr. Opplæring i samisk husflid. Kjennskap til samisk folkekunst.

2. Framhaldsskolen.
De samiskfødte elever gis opplæring i sitt morsmål.

3. Landsgymnaset i Finnmark.
En samisk linje for de samiske elever. Disse må gis opplæring i sitt eget språk. Oversyn oversyn over samisk historie og folkekunst.

III. Lærerutdanninga.

Ved Tromsø lærerskole opprettes en lektor-stilling for en filolog som behersker samisk og har kjennskap til samisk lynne og kulturliv.

De elever som akter å slå seg ned som lærere i samebygdene i Finnmark, bør bepliktes å ta undervisning i samisk. Samisk ungdom oppmuntres ved stipend å søke til lærerskolen.

IV. Universitetet.

Det opprettes et dosentur i samisk ved universitetet.»


Vedlegg

(...) Skoledirektør Aarseth:
(...) «De hjelpemidler vi har hatt hvor samisk har vært hjelpespråket er ABC av rektor Qvigstad med norsk og samisk tekst. Opplaget var lite, og da jeg kom til Finnmark som lærer i 1913 var boken ikke lenger å få. Vi har siden måttet bruke de norske ABC-er som foruten språket har den mangel at stoffet er hentet fra miljø som er samebarna fremmed så det av den grunn er vanskelig å få kontakt mellom barnas forestillingskrets og stoffet. Disse barn som må lære å lese på et fremmed språk, må lære etter lydmetoden, og til dette har vi ikke andre hjelpemidler enn det enhver lærer makter å legge til rette. Det er derfor nød­vendig å få en ABC som er utarbeidd ut fra samenes språk og med pedagogisk skjønn. De leseverk vi har i de norske skoler, har ut fra samisk synspunkt og ut fra et Finnmarks-synspunkt i det heile den mangel at det er lite av stoffet som er hentet fra områder barna kjenner, og derfor virker det fremmed. Derfor bør den ABC vi må få ha så mye lesestoff at det er nok for de to første skoleår. Den bør bli samebarnas første lesebok så de fra tredje skoleår med utbytte kan bruke de leseverk som er vanlige i landets folkeskoler. At vi kan få et helt leseverk utarbeidd for de samiske forhold eller for Finnmark i det heile, er det visst ikke å håpe på. (...)


Samisk skolehistorie 6