Samisk skolehistorie er historia om samar i skolen i 4 land. Det aller meste av arkivmaterialet er delar av nasjonale og regionale arkiv, bare ein liten del gjeld felles samisk arbeid med skolespørsmål. I første omgang gjeld denne oversikten for samisk skolehistorie i Noreg.
Ein del samiske organisasjonar og institusjonar har eigne arkiv eller har levert sitt materiale til offentlige arkiv. Her kan utfordringa vere å skilje ut det materialet som gjelder skolespørsmål.
Det meste av materialet er nok å finne i dei offentlige arkiva samla under paraplyen Arkivverket; Riksarkivet, åtte statsarkiv og Samisk arkiv.
Her er litt informasjon om samisk skolemateriale i nokre av desse arkiva:
Riksarkivet
Samisk arkiv
Statsarkivet i Tromsø
Statsarkivet i Trondheim
Det er oppretta interkommunale arkiv i alle de fem nordligaste fylka. Her er oversikta over kva arkiv dei inneheld:
Interkommunalt arkiv i Finnmark
Interkommunalt arkiv i Troms
Arkiv i Nordland
Interkommunalt arkiv i Trøndelag
I tillegg er det trulig relevant materiale i kommunale arkiv, dette har vi ikkje oversikt over.
Sametinget har arkiv over eige materiale, samt forgjengaren Norsk sameråd. Dette skal etter planen overførast til Samisk Arkiv.
For både samisk og norsk skolehistorie generelt er det lettast å finne materiale i søkeportalen Bibsys og Nasjonalbiblioteket sin eigen søkeportal, der ein og kan søke på emne.
For å finne materiale fysisk i bibliotek er dei beste biblioteka for samisk skolehistorie trulig Sametingets bibliotek, Universitetsbiblioteket i Tromsø og Samisk høgskoles bibliotek
Nokre bibliotek kan i magasina sine ha samlingar av arkivmateriale, f.eks. hadde Finnmark fylkesbibliotek i Vadsø arkivet etter Lydolf Lind Meløy inntil det for få år siden blei overført til Samisk Arkiv.
Det har vore foreslått å lage samisk skolemuseum i Vestertana internat. Her er noko materiale om dette:
Ragnhild Sandøy: Museum for skole- og fornorskingshistorie. Digitaliseringssentral, arkiv og bibliotek Gárgogeahči, Deanodat/ Vestertana. Strateginotat med tiltaksplan og historikk.
Brev til Tana kommune av 20.07.2010
Debattinnlegg av Svein Lund 22.07.2010
Etter at desse breva blei skrive har både Tana museum og Tana kommune vist positiv interesse for skolemuseum i Vestertana. Det blei lova at saka skulle bli tatt opp av Varanger og Tana museumssiida, når denne blei konstituert i 2011, men det ser ikkje ut som det har skjedd noko meir etter det.
Vi har her samla litt bakgrunnsmateriale om skolemuseum og skolehistoriske samlingar i Noreg, både generelt og spesielt med tanke på samiske skoleforhold.
Denne oversikten er enno svært mangelfull og usikker og vi vil gjerne ha meir informasjon. Vi har skrive til mange museum og bedt om informasjon, og denne oversikten vil bli oppdatert ettersom vi får inn korrigeringar og supplerande opplysningar
I 1996 laga Selskapet for norsk skolehistorie ein oversikt kalla Registrering av museer, samlinger og annet materiale av skolehistorisk karakter. I denne er det nemnd 12 lokale samlingar i Nordland, 9 i Troms og 7 i Finnmark. Så vidt vi kjenner til er det ikkje laga noka oppdatert utgåve seinare, og ein del av informasjonen er tydelig forelda. Det ser ut til å vere relativt lite materiale der om samiske skoleforhold.
I heile Noreg finst det omlag hundre skolehistoriske samlingar, med smått og stort. Ingen av desse synest å ha fokus på skolen for samiske elevar. Dei fleste samlingane er heilt lokale, f.eks. eit gamalt skolehus med noko av inventaret og utstyret som er brukt der. Få av dei har fast tilsett personale og faste opningstider for publikum. Det finst bare ein handfull større skolehistoriske museum eller samlingar.
Det første skolemuseet i Noreg var Norsk Skolemuseum, som blei oppretta på Møllergata skole i Oslo i 1921. Det besto av eit pedagogisk bibliotek og eit gjenstandsmuseum. I 1964 blei bibliotekdelen overført til Universitetsbiblioteket under namnet Norsk Pedagogisk Studiesamling. Seinare blei desse bøkene spreidd ut på fleire bibliotek. I 1970 blei samlinga fjerna frå Møllergata skole. Det aller meste blei kassert, ein liten del blei tatt vare på og overført til Norsk Folkemuseum.
De norske skolehistoriske samlinger
DNSS blei oppretta i 1987 og held til i Drammen. I 1989 blei dei gjenverande gjenstandane etter Norsk skolemuseum overført hit. I tillegg har dei ein del lokalt materiale frå Drammensområdet. Museet har ikkje hatt noko permanent utstillingslokale. Rundt 2010 satsa ein i staden på avfotografering og digitalisering.
Ein har laga internettsider med blant anna eit skolehistorisk spel for grunnskoleelevar: www.skolehistorie.no
(Denne sida fungerer ikkje pr. november 2017) Ein har og starta eit forprosjekt som skal føre fram til det digitale læremidlet:
”Fra griffel til qwerty - et interaktivt møte med den norske skolehistorien fra 1700-tallet og fram til 1990”. (Denne sida fungerer heller ikkje.)
Dette var planlagt på fleire språk, deriblant samisk(!)
(Det går ikkje fram av informasjonen om ein har tenkt å legge inn noko samisk innhald og kven ein har tenkt å samarbeide med for å få ei samisk utgåve.)
Meir informasjon om DNSS har vore å finne ein under:
Drammen kommune, men desse sidene fungerer ikkje lenger. Det finst ei Facebook-gruppe, men denne er ikkje oppdatert i tida 2013-17.
Oslo Skolemuseum
er oppretta år 2000 og er underlagt Undervisningsetaten i Oslo kommune.
Museet tar opp arven etter Kristiania folkeskolers museum etablert 1900 og har lokaler på Møllergata skole. Gjennom samlinger, utstillinger og formidling dokumenterer museet Osloskolens historie fra folkeskoleloven av 1890 frem til i dag.
Utstillinger:
”Osloskolens arbeid for barns helse” og ”Undervisning av jenter og gutter” er tema for de faste utstillingene som inneholder "skolebespisningsrom" fra 1950-talet, tannlegen og skolelegens kontor, håndarbeid-, sløyd- og skolekjøkkeninteriører og elevarbeider.
Utstillingene viser også autentiske klasserom frå 1900, 1956 og 1978, og lærarrom fra 1960-tallet.
Museets samling består av skoleinventar, læremidler, undervisningsmatriell, elevarbeider, bøker, foto med mer. Blant læremidlene er det en del samiske lærebøker, mest av nyere dato.
Tilbud til skolene: For 5. årstrinn rollespill; gjenskape ein skoletime anno 1910.
Arrangement: 4 åpne søndager i året med ulike tema.
Opningstider: torsdagar 12-18 i skoleåret. Omvisning av grupper på bestilling.
Bemanning: 2 faste og 1 midlertidig tilsett i til sammen 1,7 årsverk
Eiga venneforening: «Oslo skolemuseums venner».
Stavanger skolemuseum
Starta opp i 1925 og er i dag det eldste skolemuseum i Noreg som fortsatt er i drift. Det hadde frå starten namnet Sør- og Vestlandske skolemuseum, skifta til Vestlandske skolemuseum i 1937 og Stavanger Skolemuseum i 2010. Det er no del av MUST – Museum Stavanger, og held til i Kvalberg skole. Skolemuseet viser klasserom frå 1920-talet og 1960/70-talet, ei omgangskolestove, eit formingsrom med gjenstandar og elevarbeid og ei rikhaldig boksamling. Eit naturfagrom er under utbetring.
Gir ut Skolehistorisk årbok for Rogaland
Opningstider: Etter avtale. Undervisning for skoleklassar
Bergen skolemuseum
Frå 2005 del av Bergen museum
Opningstid søndag 12-15
På internett har museet lagt ut eit utval plansjer, lærebøker og
skolebilde.
I Trondheim finst det ei ganske stor skolehistorisk samling. Den blei tidligere kalt Nordenfjeldske skolemuseum og holdt til på Kalvskinnet skolen, men er no nedpakka i eit magasin på Sverresborg.
I Årbok for norsk utdanningshistorie 2009 er det ein grundig artikkel om skolemuseer i Agder og Rogaland. Det synest ikkje å vere gjort noko tilsvarande for andre landsdelar.
Her er nokre av dei lokale skolemusea som har eigne internettsider:
Sagstua skolemuseum i Nord-Odal kommune
Tverved skolemuseum
Kritisk artikkel om skolemuseer
Nordlandsmuseet består av 9 museum i Salten:
Steigen: Skagstad skole (1881)
Saltdal: Skolestue på Saltdal Bygdetun
Bodø: Skolemuseet på Godøynes. Skole bygd 1898. Eigd av Bodø kommune. Brukt av skolane i kommunen.
Helgeland museum har avdelingar i 16 kommunar
Alstadhaug: Gammelskolens venner. (Siste reg. aktivitet 2002).
Bindal; Nord-Vedstrand skole.
Hattfjelldal: I museet er det eit rom som er innreia med pultar og bøker.
Hemnes: Hemnes museum.
Herøy: Herøy bygdesamling
Leirfjord: Leirfjord museum. "Gammelskolen (1880-tallet) er en skolebygning i drage/sveitserstil. Her bodde klokkeren som også var lærer. Et av romma er innreda som klasserom, et rom er innreda med skolesaker og tre rom viser klokkerboligen."
Vefsn: Granmoen skole og skolemuseum, Oldersborg skole.
Dei fleste av desse er ikkje nemnd i informasjonen frå Helgeland museum. Det er derfor uklart i kva grad dei er i drift og kven som har ansvaret.
Helgeland museum opplyser at det finst ein del skolebøker og andre gjenstandar, men at lite er systematisert og laga utstillingar på. Det er planlagt at museet i Nesna skal ha spesielt ansvar for skole, men det er så langt ikkje gjennomført. Det er lite eller ingenting spesielt om samiske forhold i desse musea, det må evt. vere ved Sameskolen i Hattfjelldal.
Várdobáiki museum blei oppretta 2010 og har ifølge eigne nettsider: "Ansvar for Museumsvirksomheten i Nordre Nordland og Sør-Troms herunder drift av Gállogieddi samiske friluftsmuseum i Evenes kommune .... Várdobáiki Museumssiida samarbeider regionalt blant andre med Vilgesvárre (www.vilgesvarre.no) (Skånland kommune), Pippira Siida(pippirasiida.blogspot.no) (Ballangen kommune) og Gamtofta (www.gamtofta.no) (Sørreisa kommune) for å fremme samisk historie og kultur. Vi skal i fremtiden ha et sterkere museumsansvar for Vilgesvárre og det fremtidige Kvandahlmuséet (på Pippira Siida).
Vi har ikkje oversikt over i kva grad dei har skolehistorisk materiale.
Sør-Troms museum har museum i 7 kommunar. På internettsidene deira er det ingen informasjon om skolemuseum eller skolehistorie.
Gratangen: Åstein skole ca. 1890
Ibestad: Farså skole ca. 1880
Harstad: Trondarnes distriktsmuseum. Melvik skole / Sandtorg bygdetun
Kvæfjord: Borkenes bygdetun
Midt-Troms museum har museum i 9 kommunar. På internettsidene deira er det ingen informasjon om skolemuseum eller skolehistorie.
Balsfjord: Ursfjord internat
Berg: Kommunal samling
Dyrøy: Vinje skole
Lenvik: Lenvik museum har digitalisert ei rekke eldre dokument, deriblant ein del med skolehistorisk interesse.
Hålogaland skolemuseums samlinger (Midt-Troms museums magasiner i Aursfjord i Malangen)
Nord-Troms museum
Nord-Troms museum har hovedanlegg i 6 kommunar. På internettsidene deira er det ingen informasjon om skolemuseum eller skolehistorie.
Ved hovudkontoret i Nordreisa er det arkivert livsløpsforteljingar frå eldre folk, her er noko skolehistorie)
Kåfjord: Skolen på Nordnes (Nord-Troms museum)
Storfjord: Nord-Troms Museum
Perspektivet museum ligg i Tromsø og har overtatt tidligare Tromsø bymuseum og Troms folkemuseum.
Tromsø museum Gamal sameutstilling med nokre eldre lærebøker. Ny sameutstilling med materiale om fornorskingsprosessen.
Tromsø: Finnkroken bygdemuseum. Finnkroken bygdemuseum ble startet i 1986 i gammelskolen (1927-73). Den gamle skolen fungerer også som et grendehus.
RidduDuottarmuseat består av 4 museum:
Kokelv sjøsamiske museum (bl.a. gamle skolepultar)
Porsanger museum (Skolehistorisk utstilling 2005, no nedpakka, finst mye bilde frå utstillinga)
Sámiid vuorká-dávvirat / De samiske samlinger, Karasjok blei etablert i 1972 som det første samiske museet i Noreg.
Guovdageainnu gilišillju (Nokre eldre lærebøker)
Tana og Varanger museumssiida består av 4 museum:
- Tana museum har eit museumstun i Polmak. Hovudbygningen har bl.a. vore brukt til skole og lærarbolig, men det er lite skolehistorisk materiale
- Varanger Samiske Museum: Hovudmuseum i Varangerbotn, også ansvar for Ceavccageađgi kulturminneområde og Isak Saba-huset.
- Saviomuseet er eit reint kunstmuseum over verka til John Andreas Savio. Ikkje skolehistorisk materiale.
- A'vv Skoltesamisk museum i Neiden. Etter mye forsinking opna 2017.
Tana: Sirma skole skal ha samling med eldre bøker og nokre gjenstandar.
Varanger museum består av tre kommunale museum:
- Sør-Varanger museum har hovudutstilling Grenselandsmuseet. Museet har også avdelingar på Strand internat samt gardane Bjørklund og Namdalen i Pasvik, Labahåhuset i Neiden, Lassigården og Pleymkaia i Bugøynes. Det er i første rekke Strand internat som kan innehalde skolehistorisk materiale.
- Vardø museum består av tre museum: Lushaugen Museum – byhistorie, Pomormuseet – samhandling mellom Russland og Nord-Norge fram til 1917 og Partisanmuseet i Kiberg – Partisanhistoria. Ser ikkje ut å vere særlig skolehistorisk materiale.
- Vadsø museum / Ruija kvenmuseumbestår av Tuomainengården, Esbensengården, Bietilæanlegget og Kjeldsenbruket på Ekkerøy. Ser ikkje ut å vere særlig skolehistorisk materiale. Eies av Vadsø kommune. Museet har søkt om midler til restaurering av Andersby skole frå 1926, og ønsker å få denne freda. Skolen er eigd av Vadsø kommune. Museet har tidligare brukt skolen til formidling og har og skolegjenstandar herifrå.
Saemien sijte i Snåsa har ein del museumsgjenstandar og arkivmateriale. Vi har enno ikkje fått undersøkt i kva grad dei har skolehistorisk materiale.
Kulturhistorisk museum, Oslo. Gjenstandene herifra med samisk tilknytning er alle overført til Norsk Folkemuseum, men ein del arkivmateriale har blitt igjen, bl.a. Qvigstad-samlinga. Trulig lite skolemateriale der.