Sámegillii По русско

Valentina Sovkina

Situasjonen for samisk språk i Murmansk oblast

Omsett frå russisk til nordsamisk av Jevgenij Jushkov, vidare til norsk av Svein Lund

Valentina Sovkina
(Foto: Svein Lund)

Valentina Sovkina (f. 1963) er vakse opp og bur i Lovozero / Lujávri på Kolahalvøya. Ho er utdanna lærer og har arbeida i barnehage, grunnskole og videregående skole. Ho har arbeida for Barentssekretariatet og er nå leder for Kola Sámi Radio. Ho har hatt ei rekke verv innafor samiske organisasjoner i Russland og er nå leder for det russiske sameparlamentet (Самь Соббар).


Gode kollegaar! Gode vener! Eg vil gjerne først takke arrangørane for at dei har bede meg å halde dette innlegget. Eg representerer Kolahalvøyas Sámi Sobbar eller sameting. Sjølv hører eg til generasjonen av folk i førtiåra, som har opplevd forbodet mot å snakke samisk og no opplever tiltaka for å bevare og utvikle samisk språk.

Det finst både objektive og subjektive årsakar som gjør bevaring og utvikling av samisk språk vanskelig, særlig gjeld det skriftspråket.
Objektive årsakar: 1) samane er i mindretal og rundt dei er det folk som snakkar russisk og andre språk. Russisk er fellesspråk for samiske vaksne og barn i samfunnslivet, arbeidslivet og på skolen. 2) blanda familiar, det dei brukar å snakke lettare russisk og sjeldnare samisk. Resultatet er manglande språkmiljø, der alle ville kunne bruke samisk språk til daglig, og manglande motivasjon for å bruke språket. Dette trugar bevaringa av samisk språk.
Subjektive årsakar: 1) Mangelfull interesse for arbeid med samisk språkbevaring, nemlig tospråkligheitsforsking og vurdering, systematisk opplæring i samisk og læreplanar for langsiktig opplæring, og også akademisk utdanning i samisk språk. 2) alderen til dei aktive språkberarane. Det er klart at dersom ikkje språkbevaringstiltak blir sett igang, så er det mogleg at det samiskspråklige samfunnet på russisk side vil forsvinne totalt ganske raskt. 3) Det manglar statistisk informasjon om urfolk i Russland. Vi brukar bare resultata av Russland sine folketeljingar på riksplan. No brukar vi folketeljinga frå 2002, sidan resultata av folketeljinga av 2010 enno ikkje er klare.

No er det bare ein liten del – omlag 250 personar – av over 1500 samar som snakkar flytande samisk. Dei fleste av dei er eldre folk. Mellomgenerasjonen kan ikkje språket i det heile eller kan det delvis. Blant ungdommen er det få som brukae samisk språk aktivt.

Situasjonen for dei samiske språka på Kolahalvøya er følgande: Vi startar med dei Kola-samiske gruppene (Kildin- og Akkala-dialektane). Frå starten er kildinsamisk snakka over omtrent heile det sentrale området av Kolahalvøya.

Kildinsamisk er bevart betre enn andre samiske språk på russisk side. Omlag 700 samar har oppgitt kildinsamisk som morsmål. Ifølge forskinga til Elisabeth Scheller, er det omlag 300 personar, som brukar kildinsamisk aktivt.

I dag er dei største gruppene av kildinsamisktalande i Lujávri, Revda, Kola og Teriberka. Kildinsamisk snakkast i Murmansk, Boazovárri (Olenogorsk), Apatity og andre tettstadar i området.

Akkalasamisk er dessverre omtrent helt forsvunne. Etter det vi veit, gikk den siste akkalasamisktalande bort i 2003. Tersamisk snakkar etter dei opplysningane vi har omlag 10 personar, som bur i forskjellige tettstadar i Murmanskområdet. Gjennomsnittsalderen på dei som snakkar tersamisk er over 50 år.

Skoltesámegiella (Njuohttejávri-dialekta) er eit spesielt fenomen. Dette er den einaste samiske dialekta, som ved sida av Russland også snakkast i Finland (omlag 300 personar). Av den grunn er skoltesamisk betre dokumentert enn språka til andre austsamiske grupper. Likevel snakkast skoltesamisk på russisk side av under 30 personar og språket er sterkt truga. Dei fleste av talarane bur nordvest i Murmanskregionen, nemlig i Øvre Tuloma, Tuloma, Murmasji og andre stadar. Det er verdt å nemne at interessen for å lære skoltesamisk språk og kultur har auka den siste tida, takka vere det felles prosjektet for skoltesamisk i Noreg, Finland og Russland.

Spørsmål om bevaring og utvikling av samisk språk er løfta opp og snakka om i over 30 år, men tida viser oss klart at vi er framleis på samme staden, og det som er enno verre er at det ikkje synest nokon framgang og at språket snarare er i ferd med å forsvinne.

No i år 2013 blir det undervist på småtrinnet på internatskolen i Lujávri 1 time samisk språk og 1 time kultur for veka. På barnehagen Solniško i Lujávri er det ei samiskgruppe der barna får opplæring i samisk 20 minutt tre gongar for veka. På Nordlige nasjonale vidaregåande skole (tidligare Lujávri yrkesskole,, overs. merknad) er spørsmålet om samiskundervisning svært utfordrande, da hovudlæraren for samisk språk har slutta og språket blir ikkje undervist. GFørst etter fleire brev om saka har skolen tilsett ein lærar, som ikkje beherskar samisk flytande. No blir språket undervist bare til første års elevar, og på grunnlag av lærebøker for 2.-3. årstrinn, bøker som blei prenta på 1990-talet. På skolar på andre stadar finst ikkje samisk som skolefag.

Det er sjølvsagt slik at dei offentlige læreplanane krev at det blir tatt med ein lokal kompinent i fagopplæringa, men det blir praktisert på eit heilt minimalt nivå, nemlig slik at elevane blir gitt litt historisk og geografisk opplysning og litt informasjon om litteratur. I praksis er bare 1 % av heile læreplanen via til samisk historie og kultur.

Eg blei forferda da eg nylig hørte ein tale av den tidligare utdanningsministeren i Murmansk oblast (fylke). Han sa at det ikkje finst folk, som ønsker å lære samisk, foreldre prioriterer ikkje samisk språk og det finst ikkje samisklærarar.

Og kor skulle dei elles komme frå?!

Om ein ser på denne saka nærare bakover i historia, så blir det straks klart at vi manglar både kontakt og systematisk tilnærming i forhold til prioritering av morsmålet og lærebehovet. Allereie på 1960-talet opplevde samar og andre urfolk i heile landet språkforbod, og barna måtte gå i internatskolar. Dette galdt også i Lujávri kommune.

Internatskolen har fungert i kommunen vår allereie over 40 år. Denne blei sjølvsagt sett igang med dei beste tankar om å oppnå ei lys framtid! Men kva er verkelig ein internatskole?

Internatskolen er ein utdanningsinstitusjon der barna er heile døgnet, som er grunnlagt med det formålet å hjelpe familiane å oppdra barna, forme dei til å klare seg på eiga hand. verne dei sosialt, og opne alle sider ved barna sine kreative evner. Internat-ordet kjem av det latinske ordet "internus" (inne).

Sovjetunionen hadde frå 1956 offentlig skole for foreldrelause barn, for barn frå vanskeligstilte familiar, og barn som hadde fysiske og psykiske manglar. I nordområda sette ein i slike skolar barn som hadde vanskelig for å komme til skolen regelmessig. Slik blei internatskolane starta i Murmansk fylke, også en slik i Lujávri, der eg og er fødd. Men det er ei anna historie.


Samisk skolehistorie – Hovudsida

Skriv til vevmesteren