Tilleggsmateriale til boka Samisk skolehistorie 6. Davvi Girji 2013.

Trygve Lund Guttormsen

Samespørsmålet: «Dei lokale styresmaktene forstår ikkje problema»

Intervjuar: Rolf Sagen

Trygve Lund Guttormsen, 2006
(Foto: Svein Lund)

Dette intervjuet sto i avisa Dag og Tid 8-1967.

Trygve Lund Guttormsen (1933-2012) vaks opp i Kåfjord (Gávvuotna) i Alta og i Oslo-området. Han gikk grunnskole i Kåfjord og på Nesodden, realskole i Alta, gymnas der og i Oslo og lærarskole i Tromsø. I 1961 kom han til Máze som lærar. Etter eitt år overtok han som styrar, en jobb han hadde til 1973. Seinere dreiv han gjestegård ei tid, men fra slutten av 1970-tallet var han biletkunstner på heiltid. Trygve Lund Guttormsen var medlem av kommunestyre og formannskap i Kautokeino, og av Samisk kulturråd. Han har fortalt om eigne røynsler som lærar og skolestyrar i Samisk skolehistorie 3.

Intervjuaren Rolf Sagen, er født 1940 og vakse opp på Sunnmøre. Han er utdanna psykolog. Han har gitt ut ei rekke skjønnlitterære bøker.

Dette intervjuet førte til reaksjonar frå daverande skoledirektør i Finnmark.

For ikkje lenge sidan kunne ein lese i dagspressa om ynkverdige sosiale tilstandar mellom samane i Nord-Noreg. Ikkje lenge etter tok Stortinget saka opp til drøfting og letta sitt dårlege samvit over for denne folkegruppa med ei løyving på 12 000 kroner [1] som skulle gå til sosialt arbeid mellom samane. Halvparten av desse pengane skulle brukast til å få tilsett ein sosialsekretær. Resten, 60 000, skulle gå til beinveges hjelp.

Det har vore dette meiningar om denne løyvinga. Ikkje minst mellom folk i Finnmark. Då Dag og Tid vitja Finnmark i sommar, fekk vi visse for det. Nokre sa at samane var det då ikkje noko naud med. Mesteparten av dei er tjukke av pengar. Dei tener stort på reinen. Dei kjøper bilar, og leiger fly for å hente kone og born når dei flyttar til sommarbeita. Andre meinte at samane rett nok ikkje hadde så mykje av det vi andre meiner med levestandard. Men dei saknar det heller ikkje, fordi dei aldri er vorte vande med å ha det.

Vi fekk trong til å snakke med ein mann som kjenner desse problema på nært hald. Difor reiste vi frå Alta innover vidda til Masi. Der råka vi skulestyrar Tryge Lund Guttormsen, styraren for den samiske internatskulen der. Lund Guttormsen har ellers grunnar til stundom å kjenne seg som ein Skipper Skutelaus. For skulen ligg der enno som ein ruinhaug etter brannen i fjor, og sått ser det ut til at den blir gjenreist med det første.

– Står det så dårleg til mellom samane at dei treng hjelp?
– I og for seg er det vel ikkje vorte så mykje verre no enn det var før, då samane her levde av naturalhushaldet. Men ei ny tid har skapt behov for mykje som tidlegare kanskje ikkje vart registrert som nokon mangel. Ein har fått elektrisk straum; skal ein ha nytte av den, må ein sjølvsagt ha mykje som ein før ikkje hadde bruk for. Nye tekniske hjelpemidlar, som t. d. snøscooteren, er vorte heilt uunnverleg i reindrifta.

Berre driftskostnadene og avskriving for ein snøscooter kjem opp i 10 000 kroner om året. Ofte blir utgiftene så store at dei må ta av sjølve kapitalen, reinsflokken, for å greie seg; dermed er ein inne i ein vond sirkel, og inntektene blir jamt mindre. Det er heller ingen utveg å prøve å auke talet på rein for å betre dei økonomiske kåra, det er alt for mykje rein i høve til beiteviddene. Likevel er det berre få huslydar som har så mykje rein at ein kan kalle dei velståande.

– Er De fornøgd med den hjelpa som styremaktene har gjeve?
– Vi er sjølvsagt takksame for all hjelp, men eg er personleg vonbroten over den forma hjelpa har fått, Vi kan ikkje nøye oss med å få udelt pakkar med mat og klede o.1. Det kan ikkje vere til nemneverdig hjelp på lengre sikt. Det er berre med å flytte grensene for nauda ei stund framover. Og så blir det endå verre sidan når folketalet er vorte større og næringsgrunnlaget endå veikare.

Vi tykkjer heller ikkje at fylkesadministrasjonen har syn for dette. For dei er det eit utidig problem som dei vil freiste å løyse med å forsere assimileringa av den samiske folkegruppa. Men dette er etter vår meining ikkje vegen å gå. Fylkesadministrasjonen syner til kartet og peikar på kommunegrensene, inndeling i prosti, område med sams rettsadministrasjon, meieri osb. Ut frå dette høyrer det indre Finnmark saman med kystdistrikta.

Etter vår meining ville det vere naturleg å satse på eit større regionalt samarbeid mellom Kautokeino og Karasjok og heile det indre Finnmark. Her har vi dei same problema og alt ville ligge betre til rette for ei sams løysing av desse. Vi ser såleis på planane om den indre riksvegen som overlag viktig. Den ville gjere det lettare å få gjennomført ei mest mogeleg rasjonell fordeling av reinen. Ein kan heller ikkje sjå bort frå det kulturelle særpreg som folket her representerer – eit viktig grunnlag for samarbeid. Vi ynskjer ikkje å føre nokon isolasjonspolitikk. Men vi trur at våra problem best kan løysast slik på lengre sikt.

– Denne delen av Finnmark har jo også spesielle problem i skule sektoren.
– Nettopp. Og vi er ikkje forvende med at dei administrative instansar har full forståing for desse. At skulen vår ennå ligg i ruinar, er eit talande døme på dette, og eg kunne nemne mykje anna som ville illustrere det name. Såleis kan eg nemne at skuledirektøren no har stroke så mange av timane ved skulen i Kautokeino at vi må operere med klassar på 20 elevar og meir. Alle som kjenner litt til dei spesielle vanskar vi møter i ein samisk skule, veit at dette er heilt urimeleg.

Dette gjeld ikkje berre skulespørsmålet. Det er ikkje nok at vi gir samane dei same forhold som alle andre nordmenn får. Då har vi misforstått kva ein minoritet er. Skal samane kome på like fot med folka elles i dette landet, må vi vere viljuge til å satse langt meir på mange omkverve.

Endå om dei lokale styresmaktene synest å vante forståing og helst vil ha slutt på alt snakk om eit Indre Finnmark, er det gledeleg at dei sentrale instansar i departementa no syner større interesse for våre problem enn på lenge. Men det synest likevel enno lenge igjen til dei har ei tilsvarande forståing for desse problema.


[1] Her er tydelig ein feilprent i avisa. Det står faktisk at løyvinga var på 12000 kr, og at halvparten, 60000kr ... Det er vel trulig at det første talet skal vere 120000 kr. (red.)


Samisk skolehistorie 6