Tilleggsmateriale til boka Samisk skolehistorie 6. Davvi Girji 2013.

Trygve Jonsson:

Samespørsmålet: "Dei lokale styresmaktene forstår ikkje problema"

Trygve Jonsson
(Foto: Mediås: Skoledirektørembetet i Norge)

Dette innlegget er funne i arkivet til Skoledirektøren i Finnmark, ved Statsarkivet i Tromsø. Trygve Jonsson (1921-82) var frå Klepp i Rogaland. Han hadde utdanning i norsk, engelsk og fransk frå Universitetet i Oslo, og var lærar på gymnas i Orkdal, og ungdomsskolen i Malm og Kristiansand, før han var skoledirektør i Finnmark 1963-68. Han blei kjent som ein forkjempar for sentralisering av skoleverket. I Samisk skolehistorie 3 fortel Trygve Lund Guttormsen om korleis Trygve Jonsson som skoledirektør forsøkte å få lagt ned skolen i Máze etter brannen i 1966.

Fylkesmannen i Finnmark har bede meg svare på eit intervju med skolestyrar Trygve Lund Guttormsen i Dag og Tid nr. 8 for august/september i år. [1967. Red.]

Skolestyraren har to angrepspunkt mot "dei lokale styresmaktene". Det eine er at ein vil forsere assimileringa ved å foreslå regionalt samarbeid med andre kommunar. Det andre er at skoledirektøren ikkje har godkjent klassar som er små nok. Til dette kjem at skolen i Masi som brann ned sist vinter, ennå ikkje er bygd opp att.

Dersom ein kunne løyse problema i Indre Finnmark så enkelt som Lund Guttormsen synes å tru, ville dei vore løyste for lenge sidan. Poenget med det regionale samarbeidet er å skape bærekraftige regionar som både når det gjeld økonomi, tilgang på arbeidsplassar og utdanning for ungdommen. Dette er vanskeleg i Finnmark med einsidig næringsliv, liten busetnad og vanskelege kommunikasjonar. Eit regionalt samarbeid mellom kommunane Karasjok og Kautokeino vil ikkje skape noe nytt, da kommunane er for små og næringslivet er for einsidig. Innan dette området vil ein ikkje kunne skaffe utdanning og arbeid for dei unge. I ein region med Alta som sentrum vil Kautokeino kome med i ein region som har vesentlig større sjansar til utvikling av arbeidsplassar og skoletilbod. Det same gjeld for Karasjok i ein region med Hammerfest som sentrum. Det er sjølvsagt elles ikkje noe i vegen for at desse kommunane vil kunne samarbeide om alt det som det måtte vere naturlig for dei å samarbeide om. Det skoletilbodet ein i dag har i kommunane Karasjok og Kautokeino og i andre kommunar med samisktalande byggjer på Samekomiteens innstilling og St.meld. nr. 21 - 1962/63. I tillegg til dette har stipendiat mag.art. Anton Hoem foretatt kartlegging og ein analyse av skoletilhøva i dei samisktalande områda og kome med framlegg til å betre situasjonen.

På grunnlag av dette er fylgjande tiltak sette i verk:
1. Turskoleordninga med færre skoleveker for samisktalande elevar er delvis endra.
2. Barneskolen og delvis ungdomsskolen får ei betre klassedeling enn normene. I norsk og matematikk blir klassene delte gjennom heile barneskolen. Delvis også i engelsk. 7. klasse får deling i norsk.
3. I ungdomsskolen kan ein heilt eller delvis bytte ut lesestoffet i sidemålet med samisk lesestoff.
4. Begynnerbøker for leseopplæring på samisk er utarbeidde. Ein førsteklasse i Karasjok og ein i Kautokeino og Masi kjem igang med denne opplæringa inneværende skoleår.
5. Metodisk rettleiing for eit nytt opplegg av norskopplæringa er under utarbeiding.
6. Kvart år held ein kurs for lærarane i samisktalande område, slik at dei kan bli betre budde til arbeidet.
7. Frå 1. juli 1967 er det tilsett ein konsulent ved skoledirektørkontoret for å ta seg spesielt av opplæringa i desse områda.
8. Lærarar som vil ta samisk grunnfag ved Universitetet i Oslo får eitt års permisjon med løn. Det same gjeld om dei tek opplæring ved Spesiallærarskolen eller tilsvarande.
9. 9-årig skole er gjennomførd i heile området.

I det heile må ein trygt kunne seie at mye er gjort for å styrke skolen i samisktalande område, og det vidare arbeidet er i full gang. Den negative innstillinga hos skolestyrar Lund Guttormsen er difor vanskeleg å forstå. Truleg er det helst å forstå på bakgrunn av den kommunalpolitikken som går ut på å jamre mest mogleg. Planen for nytt skolebygg i Masi er på det næreste ferdig, og arbeidet vil bli sett i gang med det første.


Samisk skolehistorie 6

æ