Åarjelh-saemien gielesne Davvisámegillii

Artikkel i boka Samisk skolehistorie 1. Davvi Girji 2005.

Thorbjørn Andersen:

17 år som rektor på sørsameskole

Fortalt til Svein Lund

Thorbjørn Andersen, Hattfjelldal 2003
(Foto: SL)

Historia om Sameskolen for Midt-Norge eller Gaske-Nøørjen Saemienskovle er ei historie om ein skole som har vore midlertidig og provisorisk i heile si tid, men likevel klart å overleve i over eit halvt hundreår. I heile 17 år av denne tida heitte rektoren Thorbjørn Andersen. Også etter at han slutta som rektor for å bli skolesjef i Hattfjelldal, har han gjort ein innsats som medlem av skolen sitt styre.

Thorbjørn Andersen er ikkje sjølv same, men i motsetning til mange andre norske lærarar som har kome til samiske skolar, har han hatt kontakt med samar frå barndommen. Han vaks opp på ein gard i Svenningdal i nabokommumen Grane, og hadde jobba i bygdeskole før han kom til Hattfjelldal i 1954 for å bli styrar ved sameskolen. I dag er han pensjonist, men er næraste nabo til skolen og følger framleis med i kva som skjer der.

Her fortel han om litt av det han opplevde som rektor frå 1954 til 1971.

- Det var ikkje stort vi hadde å halde oss til da eg starta her. Læreplanen for skolen var eit halvt A4-ark. Hovudsaka var at ein skulle følge Normalplanen. Einaste tilrådde lærebok var Margarethe Wiigs ABC, som var dobbeltteksta nordsamisk og norsk. Ettersom ingen her las nordsamisk, blei det å bruke den norske teksten. Ikkje eit ord var sagt om korleis det samiske skulle integrerast. Skoledirektøren i Nordland gjorde meg merksam på at vi ikkje hadde lov å bruke noko samisk. Derimot var det godtatt at husmora kunne bruke samisk.

Arven frå Havika

Den gamle Sameskolen i Havika ved Namsos, som Samemisjonen hadde drive, blei lagt ned da den statseigde sameskolen i Hattfjelldal starta opp i 1951. Når det gjaldt personale var der eit totalt brot. Det var ingen som blei med over frå Havika til Hattfjelldal, verken av lærarar eller internatbetjening. Derimot fikk vi mange elevar som hadde gått dei første åra i Havika. Den første tida kunne vi stundom høre: "Sånn gjorde vi på Havika."

Samemisjonen såg og Hattfjelldal som ei fortsetting av Havika. Dei fikk lov å komme på skolen og halde andakt for elevane på ettermiddagen. Det var frivillig, men dei aller fleste møtte. Men vi var veldig strenge på å ikkje blande dei inn i skolen.

Fjernstyrt frå departementet

Etter som skolen bare var midlertidig, visste vi ikkje om vi kunne starte på hausten før budsjettet kom. Det var derfor svært vanskelig å drive planlegging. Vi hadde heller ikkje eige styre for skolen, bare eit tilsynsråd. I starten hadde dei svært lite dei skulle ha sagt, men etter kvart fikk dei noko meir å seie.

Det aller meste måtte gå om departementet, noko som gikk veldig seint. Det var heilt uhaldbart og håplaust. Økonomien gikk derimot om Vadsø. Skoledirektøren i Finnmark hadde ansvar for alle statsinternata, og vi hadde det einaste statsinternatet utafor Finnmark. Det var ikkje noko Statsbygg i den tida. Vi måtte sjølv ordne alt med husa. Ofte var det slik at vi bare sette i gang, og så fikk vi kjeft etterpå.

Skole og hotell

Vi leigde av Hattfjelldal hotell frå 1. september til 1. mai. Så måtte vi ut med alle våre saker og stable dei bort fram til neste skoleår. Det var eit slit. Store tunge glasstavler og pultar måtte opp på loftet. Eg hadde ikkje eige hus, men budde på internatet. 1. mai måtte eg flytte ut. Heldigvis hadde eg ei hytte på heimplassen min i Svenningdal, så eg budde der på somrane.

Så i 1956-57 kjøpte staten hotellet. Departementet hadde gjort avtale med selgaren over hovudet på meg. Eg visste ikkje kva slags avtale dei hadde gjort. Det viste seg at staten hadde kjøpt hotellet utan innbu, så hotelleigaren hadde bl.a. tatt med alt av kjøkkenutstyr. Da eg oppdaga det, måtte eg ta kontakt med departementet og seie at vi ikkje kunne starte skolen. Eg måtte bare kjøpe nytt utstyr for å få skolen i gang. Men etterpå kom sjølvsagt riksrevisjonen og laga bråk for at vi hadde gått til innkjøp utan at det sto på budsjettet.

Dette ga grunnlag for tanken om at skulle det bli skole her, måtte vi ha eige styre. Men det var det ikkje bare å få staten med på. Dei ville helst avvikle heile skolen, og skulda på at staten ikkje skal drive skole etter grunnskolelova. Eg må seie at nokre av byråkratane var reint krigersk innstilte mot oss.

Så lenge eg var rektor og i ein del år etterpå var alt i eitt bygg; klasserom, internat med matsal, kontor og bustad for rektor. Dette var samtidig einaste større offentlige lokale i bygda, så skolen blei og brukt som kulturhus og delvis som kyrkje.

Frivillig

- I heile tida som skolen har eksistert har ingen har hatt skoleplikt hit. Alle har stått fritt til i staden å velge ein ordinær skole på heimstaden. Derfor visste vi ikkje kven som ville gå her neste år. Plutselig kunne vi få nye elevar ikkje bare i første klasse, men langt opp i klassetrinna. Da beitekonfliktane slo ut for fullt i Engerdal, fann foreldra ut at det blei for tøft for ungane på den lokale skolen, og på kort varsel fikk vi dei hit. Nokre gongar fikk vi nye elevar når små grendeskolar blei lagt ned. Andre gongar var det foreldre som blei einslige og som fann at det da var betre å sende ungane på internat. Sjølv om foreldra heile tida sto fritt til å ta ungane ut av skolen her, var det svært få som slutta.

Vi hadde elevar heilt frå Elgå i Hedmark til Sagfjordbotn nord om Fauske. Dei fleste elevane budde på internatet, men nokre sameungar frå Hattfjelldal gikk på skolen utan å bu på internatet. Etter kvart fikk skolen eit bra renome, elevane gjorde det bra. Det gjorde at mange elevar frå bygda ville inn her, også ikkje-samiske elevar. Nokre få av dei fikk byrje, men vi hadde ikkje plass til alle som ville inn, og samiske elevar hadde fortrinnsrett.

Samisk kamuflert som heimstadlære

Trass i at det ikkje var lagt opp til dette frå departementet, ønska eg at elevane skulle få møte sin eigen kultur og sitt eige språk i skolen. Sidan vi ikkje hadde lov å sette samisk språk på timeplanen, måtte vi snike det inn i heimstadlære. Vi leigde Nils O. Kappfjell som lærar i samisk. Men sørsamisk hadde ikkje fått noko klare reglar for rettskriving enno. Derfor kunne han bare undervise munnlig. Han fikk ikkje skrive eit ord på tavla, ettersom det ikkje var semje om korleis orda skulle skrivast. I formingstimane hadde Lars Dunfjell noko undervisning i samisk duodji, men det blei heller sporadisk.

Elever ved Sameskolen, 1957/58
(Foto: Grete Austad)

Mektige sørsameleiarar

Når ein hører om alle problema og om ein skole som ikkje fikk permanent status før han hadde vore i drift i over 20 år, må ein spørre korleis Thorbjørn Andersen heldt ut så lenge.

- Eg var opptatt av dette, av å få til eit godt skoletilbod for sørsamane. Og når eg først hadde sett i gang, ville eg ikkje mislukkast. Eg var interessert i spørsmålet, fanga av ideen, kan ein seie. Og så var det veldig fine folk å samarbeide med, folk som Nils O. Kappfjell, Anna Dærga, Lars Dunfjell, Anton Lifjell og Anselm og Elsa Jåma. Det var mektige folk med visjonar og mye kunnskapar.

- Ein kan ikkje snakke om historia til sameskolen utan å trekke fram Anna Jacobsen. Ho har hatt svært stor betydning både for skolen her og for sørsamisk språkutvikling. Anna var den første offisielle samisklæraren ved skolen, etter at vi fikk samisk på timeplanen og ikkje lenger trong å kamuflere samisken som heimkunnskap. Først da ho kom blei det også skriftlig opplæring. Da vi var i departementet og kjempa for skolen og fikk gjennomslag for eige styre og permanent drift, var det ho som var leiar for delegasjonen. Dette var heilt avgjørande for skolen. Seinare fikk ho jobb ved det samiske kultursenteret Sijte Jarnge, som ligg like ved skolen. Da gjorde ho eit stort arbeid for å få arrangert sørsamiskkurs for lærarar.

Statlig eller kommunal?

- Sameskolen i Hattfjelldal har alltid vore statlig, mens Sameskolen i Snåsa har vore kommunal frå starten i 1968. Dette har gjort det litt vanskelig å samordne sørsamisk opplæring. Vi har heile tida lagt vekt på at sørsamisk skole er eit statlig ansvar, men i Snåsa synest dei å vere nøgde med å vere kommunal skole. Ein gong da vi reiste til Oslo for å forhandle om skolen sin framtid, kontakta vi Snåsa og ville ha dei med, men dei ville ikkje. Eg trur ikkje dei hadde tru på at ein kunne styre seg sjølv.

Fleire artiklar frå Samisk skolehistorie 1