Sámegillii

Artikkel i boka Samisk skolehistorie 3. Davvi Girji 2009.

Solfrid Fossli:

Samisk, eit forbode språk

Fortalt til Svein Lund

Solfrid Fossli

Solfrid Fossli
(Foto: Svein Lund)

Solfrid Fossli er fødd i 1957 og voks opp i Spansdalen. Ho er blant dei få samane frå Lavangen i sin generasjon som fikk høgare utdanning. Ho har arbeidd som lege i Lavangen og Karasjok. Solfrid har vore blant drivkreftene i sameforeininga i Lavangen og blant foreldra som har kravd samiskopplæring for ungane frå Spansdalen.

Intervjuet er gjort i 2003.

– Da eg voks opp, var samisk eit språk bare mellom dei vaksne og eit forbode språk for barna. Mor mi fortalte at eg snakka samisk til eg var fire år. Eg kan sjølv ikkje hugse det. Derimot hugsar eg kjensla og forvirringa da alle plutselig gikk over til å snakke eit anna språk.

Seinare fikk eg forklaringa på det som skjedde. Etter at skolen blei sentralisert til Tennevoll på 50-talet, blei det ikkje lenger tatt omsyn til at barna var samisktalande. All undervisning blei gitt på norsk. Dei samiske barna blei taparar i skolen. Foreldra var fortvila, og på eit møte i Spansdalen tidlig på 60-talet blei dei samde om å gå over til å snakke norsk til ungane. Foreldra meinte dei ikkje hadde noko anna val. Dei aller fleste følgte opp dette, bare eit par familiar sto i mot. Det språket vi hadde hørt frå vi var fødde og som vi lærte å snakke på, var med eitt slag blitt eit forbode språk. Vi fikk ikkje lov å snakke samisk og vi skulle helst ikkje forstå det heller. Det skapte ei sperre hos oss som opplevde det, både mot å snakke og mot å forstå. Sjølv om haldningane no er endra, er denne sperra framleis der.

Opp gjennom åra har det vore uproblematisk å snakke ulike språk. Men å snakke samisk er framleis vanskelig kjenslemessig, sjølv om eg gjennom heile oppveksten daglig hørte dei vaksne snakke samisk seg i mellom, og sjølv om mannen min og barna våre snakka samisk i heimen vår.

Ei kvinne i Spansdalen, som er ti år eldre enn meg, voks opp med bare samisk i heimemiljøet. Da ho byrja på skolen tidlig på 50-talet, gikk det fleire år før ho byrja å forstå noko. Men sjølv om ho seinare har ivra for at barna hennar skal få samiskundervisning, klarer ho ikkje sjølv å snakke samisk til dei.

Det var ei tid da mange ville bort frå det samiske. Ein kom ikkje langt med samisk blei det sagt. Eg har hørt at samar i andre samebygder brente bilete av foreldre og besteforeldre dersom dei var fotograferte med samekofte. Samane i Spansdalen har vore berarar av det samiske lenge før andre samar i dette området torde å stå fram som samar. Derfor har og spansdalssamane vore stigmatiserte. På 1970-talet blei sameforeininga i Spansdalen stifta, ungdom og vaksne tok opp igjen koftebruken. I nabokommunen Gratangen er samesak nokså nylig kome på dagsorden, mens samane i Salangen enno knapt er synlige. Nylig las eg i avisa at ein same i Salangen oppfordra samane i Salangen til å komme seg ut av skapa. Så verda går framover!

Samisk barnehage på Fossbakken i Lavangen.
(Foto: Svein Lund)

Delte meiningar blant læstadianarar

Solfrid er læstadianar, og innafor det læstadianske miljøet har ho opplevd forskjellige haldningar til den samiske bevisstgjøringa.

– Eg vedkjenner meg til den læstadianske trua. Eg trur at fred og forsoning er det viktigaste. Det kan vere vanskelig for kristne å leve i kristen tru og ånd dersom vi engasjerer oss i politiske parti, ulike organisasjonar osv. Ofte har eg sett at slik verksemd skapar strid og kløyving i lokalsamfunn og familiar. Samstundes trur eg at det er både naudsynt og rett å arbeide for at samisk språk og kultur skal få leve og utvikle seg vidare, også i desse områda av Sameland.

– Vi er vaksne opp med at ein ikkje skal krevje noko. Samtidig er vi oppvaksne med at samisk er eit forbode språk og at vi skal skamme oss over den samiske bakgrunnen vår. Det var derfor utrulig sterkt at vi kunne reise oss og krevje at ungane våre skulle få samiskopplæring på skolen.

Solfrid sine barn er blant dei få virkelig tospråklige barna i Lavangen, ettersom far deira er frå Karasjok og snakkar samisk med barna heime.

– Da dotter mi, Signe, byrja på skolen i 1991, bad eg først om at ho kunne få nokre timar samisk i veka. Men ei av dei andre mødrene frå Spansdalen foreslo at vi skulle be om samisk som førstespråk. Det var litt sånn at om vi stiller eit så høgt krav, så er vi sikre på at vi iallfall får noko.

Barna mine hadde eit grunnlag heimafrå for å ha samisk som førstespråk i skolen, men mange av dei andre hadde eit mye svakare grunnlag. Men vi hadde ganske klare idear om kva vi ville og korleis dette kunne gjennomførast. Vi tenkte at om dei blei nøydde til å ha samisk i alle fag, så måtte dei no lære det. Men samtidig var det naudsynt at dei fikk undervisninga på begge språk. Det skulle vere to lærarar, og den andre skulle snakke norsk. Men slik har det ikkje blitt, for det har ikkje vore nok ressursar. Eg meiner framleis at om undervisninga var blitt gitt på den måten, så hadde ungane blitt tospråklige.

No har endelig det samiske namnet Ruŋgu blitt offentlig anerkjent på vegskilt, på linje med det norske namnet Spansdalen.
(Foto: Svein Lund)

Foreldra førte bak lyset

– Vi var lova ein sameskole med samisk som opplæringsspråk, men det har vi ikkje fått. Eg ser det slik at foreldra har blitt førte bak lyset. Den største feilen var at det blei tatt inn lærarar som ikkje kunne samisk, og dei har fått fast tilsetting, utan at det har blitt stilt krav om at dei skal lære seg samisk innan ei viss tid. Mi meining er at folk som ikkje snakkar samisk, har ingen ting i samiskklassane å gjøre. I dag er stoda den at ungane mine kan meir samisk enn lærarane.

Vi ønskte oss ein eigen skole. Skoledirektøren sa at det var det ingen ting i vegen for, men som ei midlertidig ordning måtte vi godta at «Grønnskolen» [1] blei pussa opp og at vi fikk den. No er denne midlertidige ordninga i ferd med å bli permanent, og ideane om eigen skole i Spansdalen ligg på is. Vi kan ikkje seie anna enn at vi kjenner oss lurte. Dessverre har foreldra langt på veg sloppe det taket vi hadde da vi kjempa for samiskklassar og sameskole på 90-talet. Sameskolen har jo ingen eiga leiing, og no er utviklinga av sameskolen overlatt til ein rektor, ein skolesjef, ein ordførar og ein rådmann som ikkje bryr seg. Dei drar rundt på møte og skryter av sameskolen utetter, men dei er ikkje interesserte i å utvikle skolen eller halde kontakt med foreldra.


[1] Grønnskolen var eit eldre skolebygg som sto like ved Lavangen sentralskole. Den er no måla raud og blir brukt til Lavangen sameskole. Sjå artiklane framfor her om sameskolen: Spansdalen - som fugl Fønix av oska og På rett veg?


Flere artikler fra Samisk skolehistorie 3