Tilleggsmateriale til boka Samisk skolehistorie 5. Davvi Girji 2011.

Svein Lund:

Attest for nasjonal holdning

I artikkelen "Bearbeide et gjenstridig folk" - Skolen i Finnmark under krigen i Samisk skolehistorie 5 blir det nemnd at lærarar som skulle søke jobb dei første åra etter krigen, måtte kunne legge fram attest for nasjonal holdning.
Vi hadde ta tenkt å illustrere dette med eit eksempel på ein slik attest, men det har vore vanskelig å finne. Først etter at Samisk skolehistorie 5 blei sendt til prenting kom vi over eit par attestar, og vi legg her ut eit eksempel i lag med utdrag av ein annan.
Eksemplet er rett nok ikkje frå Finnmark, men heile landet var ein og same arbeidsmarknad for lærarar, kanskje særlig i den første etterkrigstida.

I arbeidet med samisk skolehistorie har vi brukt ei mengde kjelder, offentlige og private, skriftlige og munnlige. Sidan fl at eg eire av redaksjonsmedlemmane for Samisk skolehistorie er arvelig belasta, med foreldre som har vore lærarar, har vi i nokre tilfelle også hatt nytte av det. I artikkelen "Fisk på land - ein dáža i samisk skole" i Samisk skolehistorie 2, fortel eg om far min, som var lærar i barneskolen i Skien, og som tente interessa mi for det samiske, da han kom heim frå skolen med Margarethe Wiig si samiske ABC.
Først i 2011, like etter at eg hadde skrive ferdig artikkelen om skolen under andre verdskrigen, rydda eg papira etter foreldra mine. Og der dukka det opp nettopp det eg hadde vore på leiting etter; dokument som vitna om dei spesielle forholda for tilsettingar under og etter krigen.

Det eldste dokumentet eg fann, viser kva som telte ved tilsettingar i statsforvaltninga i krigstida. Det gjeld ikkje skolen, men Postverket, men trulig var det liknande for andre statsinstitusjonar. I det prenta søknadsskjemaet som mor mi måtte fylle ut da ho i 1942 søkte jobb som postopnar i heimbygda, var det fleire spørsmål som ville vere utenkelige før og etter krigen:

Nåværende og tidligere politiske medlemskap og tillitsverv (tidsrom):
N.S. medlem siden: ..... nr, ......
Nåværende medlemskap og tillitsverv i yrkesforening eller fagforbund:
Tidligere medlemskap og tillitsverv i yrkesforening eller fagforbund (tidsrom):
Nåværende og tidligere offentlige tillitsverv (tidsrom):

Mor mi lot forøvrig alle desse spørsmåla stå ubesvarte, men fikk jobben likevel. Trulig var det ingen kø av NS-medlemmer som ville ha postopnarjobbar på landsbygda.

Utdrag av søknadsskjema for offentlig tilsetting, 1942

På samme tid gikk han som seinare skulle bli far min på Stord lærarskule. Han gikk der 1939-43, og trass i krigen fullførte han på normaltid. I papira etter han fann eg ikkje bare eitt, men to vitnemål for "lærerprøven" som det dengong heitte. Dei var identiske i innhald, men det var forskjellige underskrivarar og det eine var frå 1943 og det andre frå 1946. Men kvifor få eit nytt vitnemål når han ikkje hadde mista det første? Det hadde framleis vore eit mysterium, om eg ikkje hadde lest i historia om krigen og landssvikoppgjøret at i 1945 blei vitnemål frå lærarutdanning som var skrive ut under krigen, erklært ugyldige. Dei måtte skrivast ut på nytt etter at læraren sin "nasjonale vandel" var undersøkt. Far min slapp altså gjennom den kontrollen, og fikk eit nytt vitnemål, som han kunne søke arbeid med.

Underskrifta på vitnemålet frå 1943 Same vitnemålet skrive ut om igjen, 1946

I 1946 søkte han på ein lærarjobb, og på brevet der skolestyreformannen gir han melding om at han har fått jobben, står det eit spesielt vilkår: "Skoledirektøren forlanger vitnemål for nasjonal framferd skrevet av lærernes tillitsmenn eller sokneprest der vedk. kommer fra."

Utdrag av Melding til lærer om godkjent ansettelse, 1946 Vitnemål om nasjonal framferd, 1946

Slikt vitnemål kunne han da legge fram, ikkje bare eitt, men heile tre dokument. Det eine var frå lensmannen i heimbygda, det andre frå lærarlagsformannen same staden. I tillegg hadde skolestyreformannen ein stad han hadde vikariert, skrive ein attest for arbeidet hans, der den nasjonale haldninga var framheva. I denne sistnemnde attesten står det to setningar som fortel spesielt om forholda under krigen: "Han vart godkjend til vikar av heimefrontleidingi i Rauland", og "Han hev vore avvisande overfor alle freistnader på å nazifisera skulen".

Den sistnemnde setninga blir forøvrig dokumentert av eit brev som låg i lag med dei andre dokumenta, eit knapt leselig gjennomslag med blåpapir av eit brev han hadde skrive til departementet. Vi har tyda det slik:

Gunnar Lund
- lærar -

Rauland, 15. november 1944

Kyrkje- og undervisningsdepartementet
Oslo

Som lærar i Rauland skulekrins må eg få uttale mitt misnøye med lova av 10. mars i år, om avståing av rett til å gi ut lærebøker. Eg ser det som ei plikt å seie i frå om det.
Ein må skjøne det slik at føremålet med lova for det fyrste er å monopolisere ei særskild lærebok. Dette ville vere svært upraktisk i vårt land der tilhøva er så skiftande. Dessutan vil eit monopol ramme det frie pedagogiske livet i skulen vår, og den fulle verknaden av det ville ein fyrst få sjå når det har gått nokre år.
Men endå verre er det at den omarbeidinga som lova gjev høve til, kan føre til ei einsretting etter eit visst politisk syn, slik som vi har sett det gå med Bangs Katekismus omarbeid ved ekspedisjonssjef Feyling.[1] Etter det som dei leiande i skulen i dag har uttalt, må det vere grunn til å ottast at det vil kome til å gå likeins med andre lærebøker.
Ei slik forandring av lærebøkene våre vil føre lærarar og foreldre opp i store samvitsvanskar, og vil føre til mykje uro i skulen. Vi må difor avgjort råde frå at lova vert sett ut i livet.

Kva har så desse historiene med Samisk skolehistorie å gjøre? Jo, da Gunnar Lund byrja i den lærarjobben der han måtte legge fram attestane for nasjonal haldning, fikk han hybel i same hus som postopneriet, og blei slik godt kjent med den nemnde postopnaren. Knappe 5 år etter blei resultatet ein gutt som seinare flytta nordover, blei elev og lærar i Samisk videregående skole og tilsist hovudredaktør for Samisk skolehistorie.

Dette var eit par eksempel på korleis tilsettingar i skole og anna offentlig verksemd kunne te seg i krigstida og etterkrigstida. Dersom du som les dette veit om fleire slike eksempel, aller helst frå Finnmark, så ta kontakt med redaksjonen for Samisk skolehistorie.


[1] Ekspedisjonssjef Feyling si omarbeiding av skolebøker er nemnd i artikkelen "Bearbeide et gjenstridig folk" - Skolen i Finnmark under krigen, avsnittet "Nazistisk innhald i skolen?". (red.)


Samisk skolehistorie 5