Sámegillii In English

Artikkel i boka Samisk skolehistorie 2. Davvi Girji 2007.

Svein Lund:

Fisk på land - ein dáža i samisk skole

Svein Lund 2005.
(Foto: Svein Lund)

Svein Lund er hovudredaktør av «Samisk skolehistorie».

Han er født i 1951, oppvokst i Skien og har budd i Troms og Finnmark sidan 1973. Han har gått Trondarnes folkehøgskole og tatt utdanning i mekaniske fag i Guovdageaidnu og Hammerfest. Etter nesten ti år som mekanikar i fiskeindustrien i Hammerfest tok han teknisk fagskole og var lærar i mekaniske fag i Guovdageaidnu 1988–98. Han har tilleggsutdanning i pedagogikk, norsk og samisk.

Dei siste åra har han arbeida med skoleforsking, vore lærarvikar og skrive bøker og artiklar. Blant anna har han utgitt boka «Samisk skole eller Norsk Standard?»

Vi er hundrevis, ja kanskje tusenvis, av søringar som gjennom tidene har vore innom skolar for samar. Sjølv har eg fått møte forskjellige variantar av samisk opplæring både som elev, student, lærar, tillitsvald og skribent. Her er nokre glimt av det eg har opplevd.

Samisk ABC i Telemark

Det var ingen ting som tyda på at eg skulle hamne i Sápmi, den gang da eg vaks opp i Telemark på 1950- og 60-talet. Som dei fleste nordmenn i den tida, hadde eg fint lite peiling på det overgrepet som da gikk føre seg mot samefolket i skolen. På skolen lærte vi minimalt om samar, det er faktisk ingen ting som har festa seg for ettertida. Det første spede møte med samisk miljø fikk eg indirekte gjennom far min, som da var lærar i barneskolen. Der hadde han ein kollega som hadde vore lærar i Polmak, og slik fikk eg høre litt om det merkelige Sameland og skolen der. [1]

Fra Margarethe Wiigs samisk-norske ABC. Eg lærte ikkje mye om samar på skolen, men i alle fall må eg ha lært nok til å lage denne teikninga.

Eg var vel i 8–9-års alderen da far kom heim frå skolen med Margarethe Wiigs samisk–norske ABC. Eg hugsar enno kor fascinert eg blei av dei fargerike teikningane frå livet på Finnmarksvidda, og ikkje minst av språket med merkelige bokstavar som č, š og ŧ. Denne boka må ha sådd ein lengsel etter å bli meir kjent med dette folket og språket.

– Ikkje spør om nokon kan samisk!

I 1973 tok eg sekken på ryggen, haika nordover og hamna på Trondarnes folkehøgskole i Harstad. Skolen var prega av norskdom, nynorsk og tradisjonen frå håløyghøvdingane. Hans Eidnes, ein av grunnleggarane av skolen, grunnga i 1914 opprettinga på Trondenes slik: «Og så den gamle historiske tradisjon som er knytt til denne staden! Skulle det ikkje høva at den fyrste heilnorske og mest nasjonale ungdomsskole amtet fekk, vart tufte i det gamle Trondarnes og soleis boren oppe av sterke sogeminne» (Mi utheving. SL)[2] Dei aller fleste lærarane ved skolen hadde røtene sine i Sør-Troms og Ofoten, og burde såleis kjenne til samane der. Men den einaste læraren eg kan hugse som nemnde samiske spørsmål, var ein vestlending som fortalte om gammal samisk religion. Ho fortalte at året før hadde ho hatt bruk for omsetting av nokre samiske ord. Da hadde ho spurt i klassa om det var nokon som kunne samisk. Det blei heilt stille. Etter at timen var over, kom to jenter bort til henne og sa at her var det ikkje god tone å spørje ope om nokon kunne samisk. – Og kva var det så vi skulle omsette for deg?

Dette var første gongen eg opplevde at samiskkunnskapar ikkje var noko ein skulle vere stolt av, men noko ein gikk stille i dørane med. Den dag i dag aner eg ikkje kor mange av medelevane mine som hadde samisk bakgrunn. Trulig var det langt fleire enn den eine som eg forsto var same, men som heller ikkje sa det høgt.

Det første året nordpå ga meirsmak, og eg hadde bruk for ei yrkesutdanning. I brosjyra over yrkesskolar i Finnmark fann eg ein yrkes- og husflidsskole i Kautokeino. Det var i tillegg ein samisk skole, sto det, og dermed kunne eg slå to fluger i ein smekk. Til mi forundring kom eg inn. No skulle eg endelig lære meg det språket eg knapt hadde sett sidan ABC-boka i barndommen. Eg fikk tak i ei lita samisk ordliste for skolebruk. Med Sámegiel skuv'lasádnelis'to i ryggsekken haika eg rundt i Nord-Noreg og forsøkte å førebu meg på det eg no ville møte.

Elev på Den samiske yrkes- og husflidsskole

I Guovdageaidnu møtte eg ei anna haldning til det samiske enn den eg hadde opplevd i Harstad. Men sjølv om folket her var samar og ville vere det, var den skolen eg møtte i 1974 i all hovudsak ein tradisjonell norsk yrkesskole. Klassestyraren vår verken snakka eller forsto samisk. Han var frå kysten av Finnmark, og at han hadde samisk bakgrunn blei eg først klar over mange år seinare. Omlag halvparten av elevane på skolen var samisktalande, men bare eit par av lærarane. Ingen av lærarane kunne skrive samisk, så til den svært avgrensa samiskundervisninga måtte ein leige inn ein lærar frå grunnskolen. Samisk var obligatorisk fag bare på linja for søm og vev, med ein time i veka. Vi på andre linjer fikk høve til å delta. På begynnarkurset var vi bare to som gjorde det. Det var fullt mogleg å få eksamen frå Den samiske yrkes- og husflidsskole utan å kunne eit ord samisk, etter som både undervisning og lærebøker var på norsk.

På laurdagskveldane hadde vi ofte elevkveld, og da pynta mange av jentene seg i kofte. Frå venstre: Anne Sørli, Aud Abrahamsen, Reidun Eriksen, Randi Eriksen (Marainen), Ruth Sandtrøen.
(Foto: Svein Lund)

Den minst samiske linja var nok den eg gikk på, maskin- og mekanikar. Her var det sentralgitt arbeidsrekke, ingen av øvingane hadde tilknyting til samisk eller lokal kultur og tradisjon. På slutten av året kunne vi gjøre nokre ting etter eige ønske, men eg kan ikkje hugse at vi laga noko typisk samisk. Verkstaden var og så liten at det ikkje var tale om å kunne ta inn større ting for reparasjon. Det var utrulig trangt mellom maskinane. Først 30 år seinare fikk eg lese kva rektor meinte om saka i skolens årsmelding for 1974/75: «Maskin- og mekanikeravdelingens undervisningslokaler er ikke tilfredsstillende». Likevel skulle det enno gå 7 år før det blei betre.

På snikkarlinja var det mest vanlige møbler som blei laga, men det hendte og at elevar laga seg trekoppar (guksi) og liknande i samisk stil.

Den linja som hadde mest samisk innhald var utvilsamt «søm og vev». Der sydde elevane sameluer, kofter og skallar, dei vevde koftesjal og skalleband. Læraren der engasjerte seg for å gi elevane sine ei samisk opplæring. Ho gikk sjølv i kofte, brukte samisk språk i undervisninga, og har nok mye av æra for at samisk husflid igjen kom inn i skolen etter at den på 60-talet i stor grad var blir skjøve ut av ordinær norsk «kjole- og draktsøm».

Den siste linja var husstell. Dei hadde samisktalande lærar, men eg veit lite om kva dei dreiv med, etter som yrkesskolen ikkje hadde eige kjøkken og praksisundervisninga deira foregikk på ungdomsskolen.

Det året eg var elev, var det ein elevaktivitet som det knapt har vore maken til. Blant anna arrangerte vi elevkveldar på laurdagane, der og nokre av lærarane deltok. Ein elevkveld laga vi ein sketsj der det blei sagt at det einaste samiske ved skolen var namnet – som var på norsk. Både samiske og norske elevar reagerte på at det var så lite samisk innhald og språk i skolen.

Elevane var kollektivt innmeldte i Yrkesskoleelevenes og Lærlingenes Interesseorganisasjon (YLI), og vi hadde eiga YLI-gruppe på skolen. Vi reiste bl.a. krav om samiske lærebøker gjennom distriktsutvalet for Finnmark og på landsmøtet i YLI i 1975.

Elevrådet spelar sketsj på ein elevkveld, 1974/75. Når alt som var felles på skolen foregikk på norsk, var det kanskje ikke tilfeldig at dei norsktalande elevane blei dominerande. Blant dei fem elevrådsrepresentantane hadde ingen samisk som morsmål. T.v. Per Aarseth, maskin og mekaniker, Bente Dolmen Wigelius, søm og vev. T.h. Bernt Morten Bongo, snekker 1, Aase Andersgård, snekker 2, Reidun Eriksen, husstell.
(Foto: Svein Lund)

Mens eg var elev, var det rektorskifte. Ein einspråklig norsktalande rektor blei etterfølgt av ein samisktalande rektor, og det kan nok ha bidratt til å føre skolen meir i samisk lei. På denne tida var det i gong eit utgreiingsarbeid, det såkalla Einejord-utvalet, som kom med innstillinga Videregående opplæring for samer i 1975. Så vidt eg kan hugse var det ikkje noko diskusjon om denne innstillinga på skolen, og først mange år etter oppdaga eg at ein av medelevane mine deltok i dette utvalet.

Elevorganisasjonen YLI hadde aksjonsdag i samband med statsbudsjettet for 1975 og YLI-gruppa arrangerte hyggekveld for elevane. Der framførte nokre elevar ein sketsj om skolen, som bl.a. heldt narr av at ein samisk skole hadde all undervisning og informasjon på norsk. Fra venstre: Ann Brit Rauland, Bernt Morten Bongo, Odd Reidar Biti, Lars ?, Nils Harald Boine, Svein Lund.
(Foto: Jon Arild Andersen)

Frå elev til lærar

Etter eit år i Guovdageaidnu bar det til Hammerfest for meir skole. Hammerfest verken var eller er kjent for å vere utprega samevennlig. Dei som hadde samisk bakgrunn, skjulte ofte denne så godt som råd, og vi ante knapt at klassestyraren vår på yrkesskolen var same og samisktalande.

Under Alta-kampen begynte det å skje ei endring, og også i Hammerfest kom det samar fram i lyset. Nokre av dei starta sameforening, og denne arrangerte samiskkurs. Slik fikk eg friska opp det eg hadde gløymt, og samtidig fikk eg med meg den nye rettskrivinga. Da Davvin-bøkene kom, kasta eg meg over dei, men ein stad i bok 3 gikk lufta ut av ballongen.

I 1988 fann eg ei annonse i avisa der Samisk videregående skole trong lærar i mekaniske fag. Eg slengte inn ein søknad, og blei minst like forundra som førre gongen over at skolen ville ha meg. Snart kunne eg vandre inn igjen skoleporten der eg gikk ut 13 år tidligare, denne gongen for å vere lærar.

På grunnlag av den skole- og samepolitiske utviklinga i perioden 1975–88, hadde eg illusjonar om at eg denne gongen skulle komme til ein verkelig samisk skole. Men da hadde eg nok vore alt for optimistisk. Rett nok hadde skolen no linjer for reindrift og duodji, men elles var det lite som innhaldsmessig skilte skolen frå ein vanlig norsk vidaregåande skole. Samisk var rett nok fag på dei fleste linjene, men for mekaniske fag var det inga samiskundervisning. Undervisninga gikk framleis for det aller meste på norsk, og med dei dårlige samiskkunnskapane mine var eg i godt selskap. Omlag halvparten av lærarane kunne ikkje snakke samisk, og svært få kunne skrive språket.

Frå maskin og mekanikar grunnkurs, skoleåret 1988/89: Elev Lars Johan Sara og lærar Isak I. Hætta.
(Foto: Svein Lund)
Frå landbruksmekaniker VK1 1989-90. Frå venstre: Ivar Utsi (duodjilærar på besøk), elevar: Nils Morten Hætta, Intisar Aziz Shaikh og Arnt Isak Oskal.
(Foto: Svein Lund)

Formelt eller reelt kvalifisert?

For å undervise i mekaniske fag hadde eg formelt sett alle kvalifikasjonar, med unnatak av pedagogikk. Den skulle eg, som vanlig var i Finnmark på den tida, ta etter kvart.

For elevane må eg ha vore ein merkelig figur. At eg kunne lite samisk da eg kom, var nok ikkje så rart, fornorskingslærarar hadde dei hatt mange av. Verre var det nok at eg skulle vere lærar i mekaniske fag, og ikkje hadde det ringaste peiling på det elevane i første rekke interesserte seg for; å skru på kjøretøy og småmaskinar, som snøskuter, moped, firehjulssykkel og motorsag. Kunnskapane mine om dreiing og fresing kunne eg rett nok bruke, sidan dette var pensum, men desse blei vurdert som langt mindre viktig enn kunnskap om skuter, moped og bil. Og kunnskapane eg hadde tileigna meg som industrimekanikar i fiskeindustrien var for ein stor del fullstendig irrelevante. Eg var ein fisk på land.

Det ville vere blank løgn å seie at den første tida mi som lærar var nokon stor suksess. Men om eg bare fikk lært litt pedagogikk og samisk skulle alt bli så mye betre. Så enkelt skulle det vise seg å ikkje vere, men det tok det mange år å finne ut.

Til Tromsø for å lære samisk

Da eg starta som lærar kunne eg ein del samiske ord. Eg leste i samiske aviser med flittig bruk av ordbok, men eg snakka ikkje, og eg ramla raskt av når elevar og andre snakka saman på samisk. Mye tid til samisklesing blei det heller ikkje ved sida av jobben, men eg fikk no med meg eit kveldskurs og tok eksamen i samisk som C-språk i vidaregåande skole. Kva som deretter skjedde, skreiv eg ein liten epistel om i 1990. Her er eit lite utdrag av han: No er det så viselig innretta at om ein ønsker å lære samisk, kan ein ikkje gjøre det i eit samisktalande område. Neste stoppestad: nordligaste universitetet i verda. Først går vi to-tre månader og puggar akkusativ og lokativ og potensialis og les etter fritt val på norsk eller svensk eller finsk eller engelsk om samekulturen i gamle dagar, mens vi snakkar norsk med kvarandre og lærarane, og alt går riktig så greitt.

Så kjem det. Dagen da det er alvor og all undervisninga går på dette språket vi så fortvila har forsøkt å lære noko av. For dei nye som kjem inn i klassen er det morsmålet, og dei hiv seg fort inn i diskusjon med læraren. Der sit vi. Uendelig dum og uforståande. (At nokon seier vi er flink prellar av som vatn på gåsa. Vi veit da vel best sjølv kor dum vi er.) Skrive av det som står på tavla, det kan vi jo gjøre. Så kan vi sjå i ordboka når vi kjem heim ka det betyr. Eg blir «snillaste guten i klassen». Forsøker å trekke på smilebandet når dei andre gapskrattar av noko som visstnok var vittig, men der eg dessverre datt ut på halvvegen. Går til kantina i lag med dei andre, held helst kjeft der og, så lenge det ikkje kjem nokon som får samtalen å slå over på norsk. Kor er det blitt av han som alltid var i opposisjon og alltid sa ifrå? [3]

Mens vi studerte gikk nokre av oss ut i studentavisa og sa frå om at dette opplegget ikkje var forsvarlig. Grunnfaget var lagt opp som morsmålsfag, og det fantest ingen eigne tiltak for oss som hadde språket som framandspråk. Verken universitetet eller lærarane tok noko ansvar for at vi lærte oss praktisk samisk. Det måtte vi forsøke å finne plass til sjølve, innimellom førelesingar og pensum.

Innhaldet i samiskstudiet var sikkert interessant for den som hadde djupe litterære, grammatikalske og historiske interesser, kanskje kjekt å ha for den som skulle undervise på allmennfag. Men fagdidaktikk fantest ikkje, og i forhold til behovet mitt med fagterminologi for mekaniske fag var det inga hjelp å få.

Vi var åtte med andre morsmål enn samisk som starta på grunnfaget. Halvparten hang med fram til eksamen. To hadde finsk som morsmål, dei sto. Vi to med norsk som morsmål strauk. Sensor si avgjerd var utvilsamt rett, i alle fall for min del.

Pedagogikk for samisk yrkesopplæring?

Mens eg studerte samisk måtte eg og starte på den pedagogiske utdanninga. Pedagogikk-kurset viste seg å vere kjemisk fritt for problemstillingar som gjaldt kultur og språk, og framleis kjente eg meg svært langt frå å kunne gi ei samisk opplæring i faga mine. Men det måtte da vere hjelp å hente ein stad? Da Samisk høgskole utlyste fleirkulturell pedagogikk, var eg snar om å melde meg på. Eg lærte ein masse der, om sosialantropologi, Afrika og New Guinea, innvandrarar i Oslo og tips for barnehage og grunnskole. Som allmennutdanning utvilsomt kjekt å ha. Men så var det lærarjobben min da. Yrkesfag i samisk vidaregåande skole.

Året etter tilbaud Samisk høgskole tospråkligheitspedagogikk. Kanskje det var det eg trong? Men nei. Masse idear om korleis gjennomføre tospråklig undervisning for motiverte elevar med interesse for språk. Eg etterlyste yrkesfag gjennom to år – ingen respons.

Seinare søkte eg yrkespedagogikk hovudfag. Der måtte eg da få sameine yrkesfag med tospråklige og fleirkulturelle forhold. Men på Høgskolen i Akershus glimra den kulturelle og språklige dimensjonen med sitt fråver. Derimot fikk diskusjonane om yrkespedagogikk meg til endelig å innsjå den store feilen eg gjorde da eg trudde at det å lære samisk ville løyse dei pedagogiske problema mine. Trulig ville det gått betre om eg hadde kjøpt meg ein gammal skuter og lært meg å reparere han, med andre ord vore betre i å møte elevane der dei var. Med eller utan språk. Men tilbake til skolen sist på 80-talet.

Mellom yrkesfag og allmennfag, mellom samisk og norsk

Den skolen eg hadde gått på i 1974/75, var ein rein yrkesskole. Før eg kom i 1988 var reindriftslinja kome til og det var oppretta grunnkurs både innafor allmennfag og handel- og kontorfag. Skolen var i ferd med å skifte karakter. Ein ny administrasjon av lærarar med allmennfaglig bakgrunn sette seg som mål å gjennomføre denne endringa. Både allmennfag og handel- og kontorfag blei bygd ut til 3-årige tilbod, men på kostnad av yrkesfaga, der både snikkar- og tømrarutdanninga blei lagt ned.

Samtidig hadde den samme administrasjonen som mål å gjøre skolen meir samisk. Begge desse målsettingane skulle møte motstand. Vi var nokså få som arbeida for å styrke både samisk språk og innhald og den yrkesfaglige opplæringa. Når skoleleiinga, med rette eller urette, blei oppfatta som ein motstandar av yrkesfaga, styrka dette ikkje arbeidet for samisk språk og kultur innafor yrkesfag. Dette skjerpa seg særlig da administrasjonen ville ta halve verkstadarealet frå mekanisk avdeling for å bygge om til teorirom.

Sjølv fikk eg oppleve å stå midt oppe i begge desse motsetningane da eg var tillitsvald for lærarane i Faglærarlaget og seinare i Lærarforbundet. Personlig har eg på mange måtar hatt ein fot i kvar leir. Eg var den mest akademiske av yrkesfaglærarane og hadde til tider meir teori- enn praksisundervisning. Eg var samtidig ein av få dážat (ikkje-samar) i miljøet som etter kvart både snakka og skreiv samisk. Desse kombinasjonane skulle føre meg opp i fleire konfliktar enn det er plass å fortelle om her.

Utviklingsarbeid

Frå 01.01.1989 fikk skolen status som forsøksskole for tre år. Bakgrunnen var samanslåinga av Samisk videregående skole i Guovdageaidnu og Statens reindriftsskole, der Stortinget sette som mål «å få til utdanningstilbod som er betre innsikta mot samisk kultur, tradisjon og næring.»

Skolen fikk ein god slump pengar til utviklingsarbeid. Det blei tilsett forsøksleiar og oppretta styringsgruppe, der alle avdelingar på skolen var representerte. Det utvikla seg eit veldig inspirerande miljø. Spesielt vil eg trekke fram forsøksleiar og inspektør 1, som hadde klare visjonar for kor dei ville med skolen og var flinke til å trekke i gang utviklingstiltak.

Utviklingsarbeidet hadde som mål å betre elevane sitt læringsmiljø og trivsel på skolen. Eit av tiltaka var kveldsopen skole, eit anna sosiallærar, ei ordning som dessverre bare varte eit års tid. Vidare blei det i stor grad utvikla 3-årige tilbod, mens ein før hadde hatt bare 1 eller 2-årige linjer.

Skolen hadde ikkje det beste utgangspunktet for å drive skoleutvikling. Eit fleirtal av lærarane mangla pedagogisk grunnutdanning(!), knapt nokon hadde noko pedagogisk vidareutdanning. Ganske mange hadde heller ikkje full fagutdanning. Det var få utanom samisklærarane som kunne skrive samisk. I denne situasjonen blei det sett i gang eit utdanningsløft som bidro til ei kraftig heving av både formelle lærarkvalifikasjonar, kunnskapsnivå og medvit om språklige og pedagogiske spørsmål i høve til samisk opplæring.

Vi hadde stadig kurs for lærarar i forskjellige emne, frå skolevurdering til lokalbasert undervisning, tospråkligheit og samisk historie. Det blei kjørt kompetansegivande kurs i yrkespedagogisk utviklingsarbeid (1989–91) og i rettleiingspedagogikk (1992–93). Det blei sett i gang samiskkurs for lærarar, både for norsktalande på forskjellig nivå og skrivekurs for lærarar som snakka, men ikkje skreiv samisk. Bruken av samisk språk auka, i første rekke i administrasjonen.

Eit av måla for utviklingsarbeidet var å utvikle læremiddel. Her kom ein ikkje så langt innafor forsøksperioden, men ein del kom i gang, og noko har blitt ferdig seinare. Det kom i gang arbeid med terminologi for mekaniske fag. I tillegg blei det utvikla undervisningsopplegg og samarbeidsformer som kom elevane til gode utan at det blei ferdige trykte læremiddel av det.

Den viktigaste verknaden på litt sikt var kanskje at forsøksperioden gjorde noko med tenkinga og haldninga hos lærarane. Vi forsto at vi kunne organisere skolen annleis, vi kunne sjølve lage undervisningsopplegg og til og med lærebøker. Vi utvikla ei meir kritisk og samtidig meir konstruktiv haldning.

Som prosjektoppgåve på praktisk-pedagogisk utdanning skreiv eg om vilkåra for å bruke samisk som undervisningsspråk i mekaniske fag. Eg slo fast at før ein kan skrive eller omsette lærebøker, må ein utvikle fagspråk. Nokon burde gjøre noko med det, skreiv eg. Nokon som kunne mekaniske fag godt, hadde samisk som morsmål og gode kunnskapar i rettskriving og orddanning. Men sidan vi ikkje fann nokon med alle desse kvalifikasjonane, måtte vi kombinere folk med nokre kvalifikasjonar kvar. Slik gikk det til at det blei laga ordliste for mekaniske fag utan at eigentlig nokon var kvalifisert for å gjøre det. Sjølv laga eg lista på norsk og leita fram i ordbøker kva dette heitte på engelsk, svensk og finsk. Med hjelp av ein annan mekanikarlærar skreiv eg definisjonar på norsk. Så forsøkte eg i lag med ein samisklærar å foreslå kva det kunne kallast på samisk. Forslaga blei sendt til ei referansegruppe av samiske mekanikarar og språkfolk. Men ingen av oss hadde erfaringar i terminologiarbeid. Så vi søkte stipend for nordisk samarbeid og reiste til Island for å studere korleis dei laga fagtermar der. 8 år etter at eg skreiv prosjektoppgåva var boka Mekanihkkársánit ferdig, med 1200 termar godkjent av Samisk språkråd.

Om eg ser tilbake på skoleutviklinga i det tiåret eg var tilsett ved Samisk videregående skole og reindriftsskole, vil eg dele det i to omtrent like delar. Første delen var prega av diskusjon, entusiasme og framgang i utvikling av samisk opplæring. Andre delen var meir prega av frustrasjon og resignasjon. Allereie lærarundersøkinga i skoleåret 1993/94 fortel om «Stagnasjon når det gjelder realisering av hovedmålene i skolens strategiske plan». [4] Årsmeldinga for skolen 1994/95 fortel at utviklingsarbeidet da låg nede. Det var både eksterne og interne årsakar til denne tilbakegangen. Da forsøksperioden var over, tørka finansieringskjeldene for utviklingsarbeidet inn, og det blei tyngre for dei som ønska å gjøre noko ekstra. Utan eigen forsøksleiar klarte administrasjonen verken å initiere nye tiltak eller følge skikkelig opp dei som var i gang.

Men det store tilbakeslaget kom med Reform 94. Mens haldninga frå sentrale styresmakter ei tid hadde vore prega av forståing for det særeigne med ein samisk skole, kom Reform 94 med ei heilt anna haldning. No skulle alt einsrettast. Ny linjeinndeling, ny fag- og timefordeling og nye læreplanar blei valsa inn over skolen og førte til at ein stor del av det som var utvikla i forsøksperioden måtte avviklast igjen. Reindrift og duodji kunne ikkje lenger vere studieretningsfag på allmennfaglig studieretning, dei nylaga læreplanane for treårig utdanning i reindrift og duodji måtte vrakast. Duodjiutdanninga ved skolen blei redusert frå tre til eitt år. Utviklinga av samisk vidaregåande opplæring blei med eitt slag sett mange år tilbake i tida. For dei som engasjerte seg i læreplanarbeidet, var det ei ekstra frustrerande oppleving, fordi dei stadig blei overkjørte av departementet.

Skoleleiinga og lærarane gjorde nokre forsøk på å påverke departementet, men oppnådde lite. Deretter tilpassa ein seg motvillig til den nye situasjonen, avvikla dei samiske tilboda og gikk i stor grad tilbake til å drive vanlig norsk skoletilbod. Styret for dei samiske vidaregåande skolane protesterte og, men snakka for døve øre i departementet.

Det som kunne ha endra stoda, hadde vore om Samisk Utdanningsråd og Sametinget hadde engasjert seg meir. Det er ein slåande kontrast mellom den passiviteten dei viste i forhold til Reform 94 og den store innsatsen begge organa viste 3 år seinare, da det var grunnskolen det sto om.

Ei anna årsak til at frustrasjonen overtok for entusiasmen var skoleleiinga si manglande evne til oppfølging av planar og manglande vilje til å ta opp initiativ frå lærarane. Frå 1991 blei det utvikla strategiske planar, med hovudmål og delmål for kvar planperiode. Mange engasjerte seg i planarbeidet, men når planen vel var utarbeida, blei han lagt i ein skuff. Og der låg han godt fram til han skulle rullerast tre år seinare.

Samisk jernarbeid

Det viktigaste utviklingsarbeidet som eg var med på, blei likevel drive utan vedtak i noko organ, og utan noko ekstraløyvingar. Eg tenker på arbeidet med å gi eit samisk innhald til den praktiske opplæringa i mekaniske fag. I fleire tiår hadde jern og metall / maskin og mekanikar hatt ei fast arbeidsrekke. Da eg kom tilbake til skolen som lærar i 1988, brukte vi framleis mye av denne. Samtidig hadde lærarane allereie begynt å utvikle oppgåver knytta til samisk tradisjon og dagligliv, og eg blei med på å utvikle dette vidare. Det første var å lage kniv, det neste slededrag for skuter. Etter kvart kom vi fram til ei eiga arbeidsrekke, der vi brukte nokre ting frå den gamle, noko vi fann i forskjellige bøker og nokre ting vi laga teikningar til sjølv. Ved sida av kniv og slededrag utvida vi etter kvart med bjølle, jiehkku (skinnskrape) og skjerding. [5] Vi laga arbeidsteikningar og til dels arbeidsinstruksjonar. I tillegg til fleire av lærarane var elevane nokre gongar med i dette arbeidet.

For å få tradisjonelt samiske jernarbeid inn i mekaniske fag, laga vi arbeidsteikningar på data. Denne er teikna av etter ei gamal reinbjølle som vi fikk inn til reparasjon.
(Teikning: Svein Lund)

Først 4-5 år etter at eg slutta i skolen begynte eg å oppsummere dette arbeidet og forsøke å utvikle det litt vidare. Det endte med bokmanuset Jernarbeid i samisk tradisjon, som dessverre ikkje ser ut til å bli prenta, sidan ingen vil finansiere det. [6]

På samisk eller norsk?

I samband med at dei samiske vidaregåande skolane i 1989 fikk felles styre, skulle det lagast felles «formålsparagraf» for skolane. I utkastet sto det at skolane skulle gi undervisning i og på samisk, og dette skulle gi opphav til ein kraftig diskusjon. Ein del av lærarane ville ikkje at undervisninga skulle vere på samisk, ut frå omsyn til norsktalande elevar. Andre hevda derimot at det var heilt grunnleggande for ei samisk opplæring at samisk skulle vere undervisningsspråk. Her blei det usemje både mellom og innafor fagforeningane ved skolen. Mens NUFO [7] sto samla for undervisning på samisk, var det i Faglærarlaget [8] fleirtal for at undervisninga skulle vere på norsk. Samtidig var eg tillitsvald der, og det var ikkje alltid så enkelt.

I prinsippet meinte eg at i samisk vidaregåande skole skulle undervisningsspråket vere samisk. Men derifrå til å gjennomføre dette sjølv, det var eit alvorlig langt steg. Det første var sjølvsagt å lære meg samisk. Før eg dro til Tromsø hadde eg snakka norsk med alle på skolen, både lærarar og elevar. Da eg flytta tilbake til Guovdageaidnu starta den vanskelige prosessen med språkskifte. Dei fleste eg kjente frå før fortsatte på norsk av gammal vane. Det var mest dei som var spesielt språkmedvetne som snakka samisk til meg. Og det skal innrømmast at dei gjorde det ikkje lett for seg sjølve. Ei av dei har seinare fortalt kor tungt det var i starten. Ofte måtte ho vente mens eg tenkte og formulerte ord og setningar og fikk fram det eg ville ha sagt. Så måtte ho sjølv snakke ekstra sakte og gjenta seg sjølv for å vere sikker på at eg skulle forstå alt. Men nokre hadde det tolmodet, fordi dei syntest det var så viktig at fleire lærte seg samisk og begynte å bruke språket. Og takk skal dei ha. Utan dei første tolmodige språkskiftarane hadde eg gitt opp, og samisken min hadde blitt eit passivt språk, slik som for mange andre.

Lærarmiljøet på mekanisk avdeling forblei derimot langt på veg ei norskspråklig øy. Rett nok forsto alle samisk, og dei fleste kunne snakke det, men dei samisktalande lærarane her såg ingen vits i å snakke samisk til meg når vi likevel forsto kvarandre best på norsk. Den største kneika var likevel elevane. Det første vilkåret for å undervise på samisk var at eg snakka samisk med elevane når eg snakka uformelt med dei. Som lærarane hadde og elevane forskjellige haldningar. Nokre brukte konsekvent samisk. Sjølv når eg snakka norsk i klassa, vendte dei seg til meg på samisk. Andre kunne bruke begge språk, mens nokre av dei samisktalande elevane snakka konsekvent norsk til meg.

Eg hadde brukt mye tid på å lære samisk, og når det gjeld kunnskap om språket, hadde eg kome ganske langt på veg. På universitetet blei det lagt stor vekt på konsekvent bruk av samiske ord, og at ein skulle ta i bruk nylaga samisk terminologi. Norvagismene i språket skulle vi luke ut. Problemet var bare at ungdommen ikkje snakka det språket vi lærte på universitetet. Mye måtte rett og slett avlærast. Eg måtte lære meg kor det er vanlig å bruke norske låneord og tilpasse samisken min til realitetane. Blant mekanikarar, mekanikarelevar og mekanikarlærarar i Guovdageaidnu var språket eit kommunikasjonsmiddel, ikkje noko mål i seg sjølv. Dei såg ingen vits i å bytte ut ord som fungerte og som alle forsto, bare fordi ein eller annan akademikar hadde funne på eit anna ord som visstnok skulle vere meir ekte samisk.

Det første problemet var altså å bli godtatt som samisk språkbrukar. Det andre var å fungere godt på språket i faglig og pedagogisk samanheng. Det var ikkje nok at vi mangla lærebøker, det var ein total mangel på stoff om fagområdet vårt på samisk. Ikkje ei bok, ikkje ein instruksjon, ikkje ein artikkel. Da vi fikk laga ordliste med faguttrykk tok vi desse i bruk når vi merka verktøyreolane. Dette såg fint ut når vi skulle vise bort skolen, men for elevane betydde det lite. Dei las stort sett ikkje denne merkinga på noko språk, men tok verktøyet etter utsjånaden og hang han tilbake der dei syns det passa. Som språklæring hadde det minimal effekt.

Sjølv om eg kunne ein del nylaga termar, kunne eg ikkje lære elevane eit språk som var morsmål for dei og framandspråk for meg. Eg låg langt bak elevane og dei samisktalande lærarane både når det gjaldt munnlig forståing og snakking, men foran dei i å lese og skrive. Eg brukte ein masse tid på å skrive brev, undervisningsopplegg og prøver til elevar og lærarar på samisk. Dei var vant med at når noko kom på samisk frå skolen, så sto det på norsk på den andre sida. Når eg delte ut eit slikt skriv med den samiske sida opp, snudde dei fleste arket for å lese den norske teksten. Den samiske teksten leste dei bare dersom det ikkje var noko norsk på baksida. Men det var det som regel, fordi det så godt som alltid var nokre elevar og/eller lærarar som ikkje kunne samisk.

Frå lærar til lausarbeidar

– Du skulle ikkje ha vore lærar, du skulle ha vore forskar, sa ein kollega til meg ein gong tidlig på 90-talet. Etter kvart kom eg til at ho hadde rett. For det første gikk ikkje alltid lærararbeidet så bra. Sjølv om det gikk litt opp og ned, var hovudtendensen klar: Elevane som begynte hos oss var stadig mindre motiverte og hadde stadig dårligare grunnlag for å lære det dei skulle etter læreplanen. No skulle alle inn på vidaregåande skole. Gutar som ikkje visste kva dei ville tok mekaniske fag, anten fordi dei hadde ein illusjon om at der skulle dei skru på kjøretøy, eller fordi dei trudde at «der var det mest sløvt», som ein av dei sa. Samtidig var arbeidsutsiktene for mekanikarar blitt forverra. Som om ikkje dette var nok, kom to påfølgande læreplanendringar som endra måla i stikk motsett retning av det som hadde høvd for elevgrunnlaget vårt.

Sjølv likte eg å undervise interesserte elevar, men å drive spesialpedagogikk for dei som ikkje var motiverte, det var ikkje mi sterkaste side. Etter kvart engasjerte eg meg meir og meir i arbeid utafor sjølve undervisninga, i fagforening og arbeid med terminologi og læremiddel, og kjente at eg hadde meir å bidra med der.

Men ikkje alle sette pris på at nokon ville ut over det vanlige og fasttømra. Da eg søkte halv permisjon utan lønn for å ta yrkespedagogikk hovudfag, fikk eg nei hos rektor og skoleutval, med den grunngivinga at det ikkje var nyttig for skolen. Haldninga til skoleutvikling hadde da snudd totalt frå forsøksperioden eit knapt tiår tidligare. No var initiativ til skoleutvikling og pedagogisk vidareutdanning blitt eit trugsmål mot skolens indre ro og fred. Det var dette avslaget som fikk meg til å ta steget fullt ut. Eg sa opp jobben utan å vite kva eg hadde å gå til, men så langt har eg klart meg utan å plage arbeidskontoret.


[1] 40 år seinare skulle eg finne igjen denne læraren og få han til å fortelje historia si frå Polmak, sjå Ivar Skotte si forteljing i Samisk skolehistorie bind 1.
[2] Hans Eidnes sitert av Einar Niemi i artikkelen «Region, fortidsforestillinger, etnisitet».
[3] Heile epistelen kan lesast på internett her
[4] SVSRS Årsmelding 1993/94, s.6
[5] Skjerding = regulerbart utstyr for å henge gryte over bål i lavvo eller gamme.
[6] Bokmanuset finst i internettutgåve: http://girji.info/ruovdi/jern1.htm
[7] NUFO = Norsk undervisningsforbund, fagforbund for lærarar, i første rekke universitetsutdanna lektorar og adjunktar, tidligare Norsk lektorlag. Gikk i 1993 inn i Lærerforbundet.
[8] Norsk faglærerlag, fagforbund for yrkesfaglærarar. Gikk i 1993 inn i Lærerforbundet.


Andre artikler i Samisk skolehistorie 2