Sámegillii

Artikkel i boka Samisk skolehistorie 5. Davvi Girji 2011.

« – Bearbeide et gjenstridig folk» – Skolen i Finnmark under krigen

Nokre glimt samla av Svein Lund

Under og etter andre verdskrigen var det mange i Noreg som ikkje fikk den skolegangen dei skulle hatt og særlig hardt blei folk ramma i Finnmark og Nord-Troms.[1] Ut frå dette kan ein spørje: Var det i det heile skole i Finnmark under krigen? Ja, det var det, sjølv om mange skolar av fleire forskjellige årsaker var ute av drift i kortare eller lengre periodar. I denne artikkelen vil vi sjå på den skolen som faktisk var, korleis denne blei påverka av okkupasjonen og forsøka på å nazifisere lærarstanden og skolen.

Sitatet i tittelen på denne artikkelen er frå eit brev frå leiaren for Finnmarks-avdelinga av det nazistyrte Lærersambandet, og fortel kva dei såg som oppgåva si. Dei viktigaste kjeldene for artikkelen er Statsarkivet i Tromsø, Riksarkivet og Samisk arkiv.

Beslaglagde skolar og naudløysingar

2. verdskrigen virka inn på skolen allereie vinteren 1939–40, da ein del skolar i Aust-Finnmark blei tatt av norske styresmakter til nøytralitetsvakt [2], som internata i Polmak, Karlebotn, Neiden og Strand i Pasvik. Da tyskarane okkuperte Finnmark utover våren og sommaren 1940 byrja dei å ta skolar og internat til soldatkaserner og anna bruk. Skolestyresmaktene streva fortvila for å halde skolane i drift, samtidig som dei forsøkte å stille okkupasjonsmakta til ansvar for øydeleggingane. 4. september 1940 skriv skoledirektør Lyder Aarseth to brev som begge er stila «Til skolestyrer og internater i Finnmark»

1.
Kirke- og undervisningsdepartementet har den 2. ds. telegrafert til meg således: «Skoler som har krav overfor tyske myndigheter for skade, rekvisisjoner eller andre ytelser, må øyeblikkelig vende seg til stedets politimyndighet som gir opplysninger og eventuelt søknadsskjema.»

Idet dette meddeles gjør en merksam på at til grunn for alle ytelser må det foreligge skriftlig rekvisisjon i samarbeid med stedets rekvisisjonsnemnd. For alt som ytes må der kreves kvittering, dette gjelder også hus. Så vidt en har forstått er det de tyske myndigheters mening at hver avdeling skal gjøre opp for seg. Blir dette ikke gjort, må der uten opphold sendes inn krav til de norske myndigheter. Skjema og opplysninger fås hos nærmeste politimyndighet.

2.
Skolelokaler. Situasjonen har ført med seg at vi mange steder ikke rår over skolelokalene og forsamlingshusene til sitt rette bruk. Vi må derfor ikke gi opp, men prøve å få leid private stuer, så noen undervisning kan komme i gang. De rom en kan få leid, vil ofte være så små at de ikke gir rom til heile klassen. Vi må da dele klassene i partier, og enten ta hvert parti f.eks. 3 timer hver dag, eller full skole annen hver dag. En får så gi mere lekser og annet heimearbeide enn før.

Krigen gjorde at utbyttet av skolegangen blei nedsatt i fjor. Skal barna i år bli uten undervisning, vil de bli mye tilbakesatt. Vi må gjøre det beste som gjøres kan ut fra de muligheter som måtte finnes på hvert sted. Husleie for skolelokalene vil en komme tilbake til når det blir klarlagt om vi får godtgjøring av den tyske hærmakt for deres bruk av skolene.

Innlosjeringa. Hvor internatene er opptatt og skolerom kan skaffes, må vi prøve å gi barna forsvarlig internering privat. Statsinternatene vil betale for denne for de barn som hører til internatkretsen med inntil 1,– pr. dag og barn.

Det blei utarbeidd eit eige skjema, «Søknad om erstatning av de tyske myndigheter», og i Skoledirektøren sitt arkiv er det bevart fleire lister over inventar og utstyr som tyskarane har tatt eller kjøpt av skoleinternata. Nokre lister er skrive bare på tysk, andre på tysk og norsk. I kva grad det verkelig blei betalt ut erstatning har vi ikkje oversikt over.

Liste over utstyr som tyske troppar hadde tatt frå Luftjok skoleinternat i Tana. Det er underskrive av ein tysk offiser og av internatstyraren.Under krigen rekvirerte tyskarane internatet i Neiden, og skolen var da i Neiden fjellstue. Her er utafor fjellstua:
Ingerøinen, Ottar Sivertsen, Edvin Ingerøinen. Foran / Ovddabealde: Mildrid Labahå, Gjertrud

(Foto: utlånt av Mari-Ann Nilssen / Finmarksbiblioteket)

Etter kvart som tyskarane fikk bygd seg brakker på dei forskjellige stadane blei mange skolar frigjorte igjen, men ofte i svært redusert stand. Men samtidig etablerte «vernemakta» seg på stadig fleire stadar, og nye skolar blei rekvirerte for ein periode. I dei aller fleste kommunane i fylket var det skolar som var beslaglagde i kortare eller lengre tid. I november 1941 rapporterer Skoledirektøren [3] at følgjande internat var heilt opptatt av tyskarane: Tårnet, Strand og Fossheim i Sør-Varanger, Kiberg i Vardø herred, Luftjok i Tana, Børselv og Lakselv i Kistrand. Delvis opptatt var internata i Kautokeino og Karlebotn i Nesseby.

Ved dei delvis opptatte internata kunne det vere slik at tyskarane brukte nokre rom, mens elevane fikk bruke andre. Verken elevar eller foreldre var særlig begeistra for dette, og det er tydelig at nokre foreldre har latt vere å sende elevane til internatet fordi det var tyske militære der. I arkivet til Kautokeino skolestyre finn vi at dei 25.01.1943 fikk telegram frå Skoledirektøren[4] om at «nektelse av å la barna innlosjere på internatet, da der er militære, anses som ugyldig forsømmelsesgrunn».

I 1942 gjorde Statistisk sentralbyrå «en undersøkelse over de utgifter og tap som er påført den norske stat, kommuner og private som følge av krigen og okkupasjonen». I 1943 blei det sendt ut skjema til alle skolar. Skjemaet skil mellom I. Direkte ødeleggelser under krigshandling, II Krigsbytte, III Rekvisisjoner a) Norske b) Tyske og IV Ekstraordinære utgifter. Nokre slike utfylte skjema er bevart i arkivet til Skoledirektøren, bl.a. frå Kautokeino internat der skader, utgifter og tap pga. tyske rekvisisjonar er anslått til kr. 9326,60. Vedlagt følgde ein detaljert oversikt over kva tyskarane hadde øydelagt og slitt ned. Det var bl.a. øydelagt omnar, dører og lysmotor, og alle golv måtte malast etter å ha vore nedslitne av tyske soldatstøvlar og utstyr. Brev om tyskarane sine øydeleggingar og evt. erstatningar er merka «fortrolig» eller «strengt fortrolig».

Det er så vidt vi veit aldri laga nokon samla oversikt over skolebeslaga, og over i kva grad ein klarte å gjennomføre skole i andre lokale. Rapportar frå skolestyre til skoledirektøren tyder på at ein mange stadar satsa hardt på å finne nye skolelokale. I ein rapport frå Talvik skolestyre av 09.02.1943 forteljast det at skolane i Kviby, Talvik, Isnestoften, Langfjordbotn og Tappeluft var «rekvirert på ubestemt tid, og det er leid skoler hos private i de kretsene.» Skolestyret kan vidare fortelje om hausten 1942 at «ingen skoletid er gått tapt på grunn av mangel på lokaler, lysolje, brensel, matforsyning eller lærere.» Derimot blei alle skolane stengte av helserådet i 2 månadar pga. tilfelle av poliomyelitt.

I rapporten frå Alta [5] av 23.01.1943 fortel skolestyret om kvar av dei 11 skolane i kommunen og oppsummerer: «En krets staar paa grunn av lærermangel, en paa grunn av brenselsvansker, 2 driver med innskrenket undervisning grunnet beslagleggelse og to staar fortiden helt av den grunn. I 5 kretser er det fuld drift.»

Det finst ein fråversstatistikk for skolen på bygdene [6] i Finnmark i 1941/42. Det gjennomsnittlige fråveret er 31,58 %. Vardø herred [7] er med 5,14 % den einaste kommunen med ein normal fråversprosent. Dei andre kommunane har frå 14,7 % og oppover. Størst var fråveret i innlandskommunane Kautokeino, Karasjok og Polmak, som alle hadde meir enn 50 % fråver.

Mangel på brensel, mat og lærarar

Kvardagen i skole og internat blei påverka på mange måtar. Det blei vanskeligare å skaffe nødvendig utstyr, som lampeolje eller brensel til lysmotor og oppvarming, og ikkje minst mat til internata. Mattilførselen blei ramma av at kysttrafikken i periodar var redusert eller stansa heilt. Også skolar som elles var i drift kunne i periodar på vinteren bli pålagt «brenselsferie», anten mangelen på brensel var reell eller ikkje. Utstyr til undervisninga som papir, blyantar, kritt m.m. kunne også ofte vere mangelvare.

Når ein måtte dele klassar pga. mangel på eigna undervisningslokale, blei det behov for fleire lærarar, men det var ikkje lett å få tak i. Mange stadar var det derimot mangel på lærarar uavhengig av dette. Nokre lærarar blei arresterte eller avsette for motstandsarbeid, andre flykta til utlandet. Når så motstandsrørsla sendte ut parole om å nekte å ta arbeid etter arresterte og avsette lærarar, kunne desse postane bli ståande heilt tomme i kortare eller lengre tid.

I november 1943 opplyser skoledirektøren[8] at «fylkesmannen og jeg skal i meget nær framtid ha en konferanse med Reichskommissar Dienststelle Kirkenes [9] for å få samtlige skoler og internater fri. Resultatet vil da bli meddelt samtlige.» Resultatet av konferansen har trulig blitt mindre enn forventa, da vi ikkje har klart å finne nokon slik «meddelelse».

Bombing og evakuering

Direkte krigshandlingar var det først og fremst Varanger-området som blei ramma av. I heile perioden 1941–44 blei Vardø og Kirkenes utsett for bombing, mest frå sovjetiske fly, dels òg frå engelske. I 1944 blei også Vadsø bomba. Det hendte ofte at skolane måtte avbryte undervisninga og elevar og lærarar gikk i tilfluktsromma. Skolen i Vadsø blei øydelagt av bombing. Da tyskarane forlét Vardø hadde dei fylt kjellaren med dynamitt, og gjort klar til sprenging, men dette blei oppdaga før lunta gikk av og det gamle praktbygget frå 1888 står den dag i dag. I Kirkenes blei folkeskolen øydelagt, mens realskolen blei ståande, som ein av få bygningar i sentrum. På grunn av den intense bombinga her blei elevane evakuerte. Dei blei spreidde utover, dels til tryggare delar av kommunen, dels til andre kommunar og fylke.

I november 1944 blei dei aller fleste skolane i Finnmark og Nord-Troms brent. Elevane blei evakuert i lag med foreldra, eller dei drog i lag med dei ut i utmarka og budde i holer, gammar og telt. Dei som drog seg unna evakueringa fikk knapt nokon form for skolegang. Blant dei evakuerte var det svært varierande i kva grad elevane fikk skolegang på stadane dei blei evakuert til. [10]

Bare i nokre ganske få skolar aust i fylket gikk skolen tilnærma normalt gjennom heile krigen, og her var det elevar som fikk 7 år folkeskole utan å tape noko vidare.

I dei områda i Aust-Finnmark som blei frigjorte av sovjetiske styrker i oktober 1944 starta ein straks arbeidet med å få oversikt over skolar som var igang eller kunne settast igang. Frå 01.02.1945 blei lærar og ordførar Sverre Dølvik i Sør-Varanger konstituert som skoledirektør for Finnmark. Fylkesmannen sendte 22.02.1945 melding til Kyrkje- og undervisningsdepartementet gjennom Den norske militærmisjon i Kirkenes. Der opplyser han at skolar er igang eller vil straks komme igang i Sør-Varanger, Vadsø, Nord-Varanger, Vardø by og Vardø herred. I Nesseby er ein skole bevart, men læraren er sjuk og det er usikkert om skolen kjem igang. Ein «savner underretning» frå andre kommunar, men reknar ikkje med at skolar kjem i gang i løpet av det skoleåret.

NS tar makta i skolen

Da tyske troppar våren 1940 okkuperte Noreg, oppnemnde Vidkun Quisling straks seg sjølv som ministerpresident og Nasjonal Samling som statsberande parti. Det varte imidlertid i første omgang bare ei veke. Så oppnemnde Høgsterett eit administrasjonsråd [11] som blei godkjent av tyskarane, men dette sat ikkje lenger enn til september. Da tok det tyske Reichskommissariat under leiing av Josef Terboven styringa direkte sjølv. Terboven oppnemnde «kommisariske statsrådar», dei fleste av dei var NS-folk.

For både NS og dei tyske nazistane sto skolen sentralt i planane for omforming av samfunnet. Derfor blei skolen ein sentral kamparena og lærarane blei ein prøveklut for innføringa av nazistisk ideologi og organisering. Det første framstøyten kom i november 1940. Kyrkje- og undervisningsdepartementet hadde da laga eit rundskriv som skulle prentast og sendast til alle lærarar i landet. Der blei lærarane bedt om å skrive under på følgjande erklæring:

«Jeg erklærer på ære og samvittighet at jeg i samsvar med den appell som Kirke- og Undervisningsdepartementet har utsendt til samtlige landets lærere og lærerinner, forplikter meg til i all min skolegjerning å ville gå inn for et positivt og aktivt arbeid for å skape forståelse hos mine elever for det nye livs- og samfunnssynet som dette finnes uttrykt i Nasjonal Samlings program, og vårt nye nasjonale riksstyres tiltak og beslutninger. (...)

Jeg er klar over at ethvert brudd på denne erklæring og selvsagt ethvert forsøk som offentlig tjenestemann eller som privatmann på å avholde folk fra å tre inn i Nasjonal Samling ved råd eller på annen måte, vil medføre at jeg øyeblikkelig må tre tilbake fra min stilling som offentlig tjenestemann.»

Da dette skrivet var under prenting, blei det snappa opp i trykkeriet. I løpet av eit døgn fikk motstandsfolk sendt ut eit formular som lærarane blei bedne om å sende inn i staden:

«I anledning av den mottatte henvendelse erklærer jeg herved at jeg vil være tro mot mitt lærerkall og mot min samvittighet, og at jeg på grunnlag herav, heretter som hittil, følger de bestemmelser for mitt arbeide i stillingen som rettmessig blir gitt meg av mine overordnede.»

Denne erklæringa var vanskelig å angripe, da den ikkje gav direkte uttrykk for motstand. Meininga var likevel ingen i tvil om. Resultatet var at rundskrivet frå departementet bare i liten grad blei sendt ut.

Lokale NS-lag blanda seg ofte direkte inn i skolen, bl.a. gjennom å sende skolane pålegg om å slå opp eller lese opp visse skriv. Alle skolar og offentlige kontor blei pålagde å sette opp dei plakatane og oppslaga som NS sende ut. I februar 1942 mottok bl.a. Tromsø offentlige lærerskole og Skoleinspektøren i Tromsø eit slikt rundskriv som skulle lesast opp i alle klassar. Begge svarte med å sende saka til Kyrkje- og undervisningsdepartementet, med spørsmål om det var departementet eller NS som skulle styre skolen. I arkivet etter Ministerens kontor er bevart eit handskrive brev med overskrifta «Til bestemmelse», som det ikkje er mogleg å tyde kven som har skrive, men det er tydeligvis nokon høgt oppe i departementet. Vedkomande går langt i å gi klagarane rett i at ingen skal gripe inn i skolen på det viset utan å gå om departementet, og viser til at saka og har ei pedagogisk side og at skrivet frå NS ikkje var «formet slik at det egner seg til opplesning spesielt for de minste barn».

NS-lag innkalla ofte lærarar og skoleadministratorar til politiske møte. F.eks. sendte Vadsø lag av NS 27.05.1941, «i samsvar med Innenriksdepartementets forordning» innkalling til foredrag med statsråd Gudbrand Lunde. Brevet blei lojalt sendt vidare av Fylkesmannen til bl.a. skoledirektøren.

Brevet som NS sendte ut med pålegg om at det blei lest opp i alle klassar i skolen.

Utskifting og forfremming

Terboven si regjering ga 04.10.1940 ei forordning som sa at «offentlige tjenestemenn som ved sin politiske holdning ikke gir tilstrekkelig sikkerhet for at de av hele sin kraft vil gå inn for den politiske nyordning, kan avskjediges fra tjeneste». NS oppretta eit «Personalkontor for offentlig tjeneste», som vurderte lærarar og andre offentlig tilsette. Dette kontoret sende brev til Kyrkje- og undervisningsdepartementet om lærarar som motarbeida «nyordninga» og derfor burde skiftast ut. Særlig var det viktig at dei som hadde høgare stillingar i skolen var pålitelige for styresmaktene. Skoledirektørane fikk i 1941 klar melding om at dei som ikkje melde seg inn i NS, ikkje kunne rekne med å behalde jobben, og i 1942 blei dei fleste skoledirektørane avsette.

I Finnmark var Lyder Aarseth skoledirektør frå 1933. Han heldt fram i stillinga den første tida under okkupasjonen, men kom snart i konflikt med dei nazistiske styresmaktene, blei arrestert 18.06.1941 og sat fengsla i tre månadar. I den tida blei NS-læraren Toralv Tveiten konstituert i stillinga. Aarseth blei formelt avsett med verknad frå 01.01.1942, men fikk halde fram på nåde inntil ein hadde funne ei erstatning. 01.05.1942 blei Aarseth erstatta med Rasmus Kvammen, men Kvammen døydde i 1943. Han blei etterfølgd av Bjarne Lillevik, som formelt sat til frigjøringa, etter evakueringa hadde han kontorstad på Hamar.

Lyder Aarseth kom til Kautokeino som lærer i 1913 og blei skoledirektør i Finnmark i 1933. Han blei avsatt av nazistyret i 1943 og innsatt igjen som skoledirektør etter frigjøringa.
(Foto: Tromsø museum)
Bjarne Lillevik sammen med den tyske offiseren Wilhelm Brüggemann, Mehamn september 1942.
(Foto: Wilhelm Brüggemann, arkiv Rune Rautio)

Skoledirektørkontoret besto ved sida av skoledirektøren sjølv av ein kontorassistent. Da Aarseth blei avsett, sa den erfarne assistenten hans opp i protest, og seinare klaga Lillevik over at han bare hadde ei jente på 17 år til å hjelpe seg.

I 1942 blei det gjennomført ei total vurdering av skolestyreformenn, der disse i stor grad blei skifta ut med folk som var NS eller forventa å vere lojale. 31.10.1942 sende Skoledirektøren i Finnmark brev til Kyrkje- og undervisningsdepartementet med forslag til nye skolestyreformenn for skolekommunane i Finnmark. «Forslaget er utarbeidet i samråd med NS kretsførere og NS lagførere og med NS ordførere.» Det var sett opp forslag for 21 kommunar, mens 2 enno ikkje var klare. 14 av dei foreslåtte var lærarar, i tråd med nazistane sine idear om fagstyre. I nokre kommunar fann ein ikkje lærarar å stole på og måtte oppnemne andre. Av dei 21 var 15 medlemmar av NS. Om dei andre skreiv skoledirektør Kvammen at dei var «velvillig stemt for den nye tid».

Etter kvart blei det vanskeligare og vanskeligare for nazistyret å finne folk som let seg utnemne. I februar 1945 skreiv Kyrkje- og undervisningsdepartementet til skoledirektørane: «Når det gjelder parolen om sabotering av vervet som skolestyreformann, synes dette med å skaffe seg legeattest som en velkommen utveg for mange.» «Løysinga» på dette problemet var å ikkje godta alle legeattestar, men sende dei uvillige til «arbeidsformidlingens kontroll-leger.» Brevet demonstrerer tydelig at oppslutninga om «nyordninga» var så dårlig at ein knapt klarte å halde oppe eit minimum av administrative funksjonar, verken frivillig eller med kommandometodar.

Det gikk aldri så langt at lærarar blei avkrevd NS-medlemskap, men medlemskap kunne vere avgjørande for forfremming til høgare stillingar. I mai 1944 skriv Kyrkje- og undervisningsdepartementet til Skoledirektøren i Finnmark om ein lærar på Sørøya: «Fra NS Riksledelse har departementet mottatt meddelelse om at ovennevnte lærer har begjært utmeldelse av Nasjonal Samling. En skal derfor meddele herr skoledirektøren at etter gjeldende bestemmelser kan lærer Rebni ikke forfremmes til høyere stilling i skolen.» Ein lærar i Loppa, som sto som medlem av NS frå 1940 til krigen var slutt, fikk derimot nettopp på grunn av medlemskapen ein overlærarjobb i Oslo.

Det er òg eksempel på at lærarar som var avsette pga. brotsverk dei hadde gjort, fikk full oppreising ved å melde seg inn i NS. Ein internatstyrar blei våren 1941 dømt for underslag og avsett som internatstyrar. Derimot fikk han fortsette som lærar. Eit år etterpå, 24.07.1942, blei han igjen tilsett som styrar ved internatet. I mellomtida hadde to ting skjedd: Nazistane hadde skifta ut skoledirektøren, og i juni 1942 hadde læraren meldt seg inn i NS. [12]

Nazistisk innhald i skolen?

Den første tida heldt lærarane fram med å undervise som før, men etter kvart greip nazistane meir og meir inn i skolen. Det var eit sterkt press på lærarane for å undervise etter nazistisk ideologi, men dette møtte også stor motstand. Det var mye snakk om at det skulle innførast heilt nye læreplanar og lærebøker, men dei nye læreplanane kom aldri. Det blei bare laga nokre få nye lærebøker, prega av NS-ideologi, mens andre bøker blei «autorisert for skolebruk».

Særlig satsa nazistane på kristendomsfaget for indoktrinering av nazistisk ideologi. Samtidig som ein del tidligare godkjente bøker mista godkjenninga, blei det utgitt nye der den nazistiske ideologien var innvevd. Presten Sigmund Feyling hadde i 1937 gitt ut læreboka Liv og lære, som da var blitt godkjent for kristendomsundervisninga. I 1941 blei han ekspedisjonssjef i Kyrkjedepartementet. Same året gav han ut læreboka i omarbeida utgåve, der det blant anna heitte i forklaringa til det 4. bodet: «Fremforalt skylder vi Føreren og statsstyret lydighet. Å sette seg opp mot øvrigheten og mot staten er å stå Guds ordning imot og medfører straff.» Biskopane protesterte da samla mot denne boka. [13] Da boka i 1943 kom i nynorskutgåve, var setninga om Føraren fjerna. Men begge utgåvene hadde setninga som i bokmålsutgåva lyder: «Nå skal det gamle solkorssymbol på ny samle det norske folk om Norge og om Gud.»

På same vis var historie eit viktig fag for ideologisk påverknad. Det verkar ikkje som nazistane fikk ferdig nokre nye historiebøker, men dei sørgde for at nokre tidligare godkjente bøker fikk godkjenninga trekt tilbake. I arkivet til skoledirektøren i Finnmark er det bevart ein korrespondanse om eit historieverk omsett frå engelsk, som nokre lærarar tilrådde, mens nazilærarar fordømte verket totalt og sa at det ikkje måtte sleppe inn i skolen.

Det blei sendt ein del direktiv om korleis skolen skulle bygge opp om den «nye tida». Blant rundskriva frå sentrale styresmakter finn vi:

– 18.03.1942 – Rundskriv frå KUD: Brevveksling mellom norske og utenlandske skolebarn er forbode, fordi «det i brevveksling mellom norske og utenlandske skoleelever fra de norske elevers side har forekommet tendensiøse og uriktige opplysninger om forholdene i Norge».

– 05.05.1942 – Bestemmelser om plakatoppslag: Alle offentlige bygg er forplikta til å sette opp dei plakatane som NS vil ha slått opp.

NS og samane

Som «storebrorpartiet» NSDAP i Tyskland var NS utvilsamt eit rasistisk parti. Partiet støtta jødeutryddinga i teori og praksis og bygde på teorien om at den germanske og nordiske rasen var overlegen. NS laga eit forslag til ekteskapslov, med forbod mot at nordmenn inngikk ekteskap med jødar og samar, men denne blei ikkje gjennomført. Det er ikkje tvil om at både tyske og norske nazistar generelt såg ned på samane. Det kom bl.a. fram i samband med evakueringa, da politiminister Jonas Lie uttalte: «Sjølappene ... En totalt degenerert blandingsbefolkning ... som stort sett verken fysisk eller psykisk har noen befolknings- eller arbeidsverdi.» [14]

Om skolepolitikken overfor samane var det likevel delte meiningar blant NS-folk. Som det går fram av neste artikkel, var det fleire av dei NS-innsette skolestyreformennene som uttalte seg for samisk opplæring for samar. Og Bjarne Lillevik, som NS i 1943 innsette som skoledirektør i Finnmark, uttalte seg faktisk for ei omlegging av undervisninga for samar, i retning av meir bruk av samisk språk. I eit brev til Kyrkje- og undervisningsdepartementet 13.09.1943 viste han til at Kautokeino skolestyre hadde sett ned ei nemnd for oversetting av lærebøker til samisk, og skreiv: «Jeg er enig i at samebarna bør få sin Bibelhistorie og Katekisme på samisk. Hvordan vil det ærede departement stille seg til saken? Personlig er jeg av den oppfatning, at skal den samiske rasen bevare sin egenart må nok skolevesenet omlegge undervisningen for samebarna. ... Her er under utarbeidelse et innlegg om dette som etter at de samiske skolestyrene har uttalt seg, vil bli forelagt det ærede departement.»

Nasjonal ungdomstjeneste

Da Quisling igjen fikk hand om regjeringa i februar 1942, var noko av det første han gjorde å kunngjøre lov om Nasjonal ungdomstjeneste. Her heiter det:

«Enhver norsk gutt og jente skal for sin nasjonale oppdragelses skyld og for å tjene sitt folk og fedreland tjenestgjøre i Nasjonal Samlings ungdomsfylking. Plikten til ungdomstjeneste begynner 1. januar det år tiårsalder fylles og opphører 31. desember det år attenårsalder nåes.»

28.02.1942 sende KUD rundskriv: «Departementet skal be herr skoledirektøren om å gi skolestyrene i distriktet pålegg om snarest mulig å arbeide ut oppgaver som nevnt over skolebarn over 9 år 1. januar 1942. Oppgavene skal på anmodning leveres til de ovennevnte instanser i Nasjonal Samlings ungdomsfylking.»

Av arkivet til Skoledirektøren i Finnmark går det fram at i alle fall Sør-Varanger kommune sendte inn liste over elevar. For resten av Finnmark har vi ikkje oversikt over i kor stor grad dette blei gjennomført.

Den nasjonale ungdomstenesta blei møtt med stor motstand, både blant lærarar, frå kyrkja og ikkje minst ein aksjon der foreldre på ein bestemt dato sendte inn brev med protest. Kor mange som deltok i denne aksjonen er vanskelig å seie, fordi breva jo blei sendt direkte til dei nazistiske styresmaktene. Heimefronten oppga sjølv talet til 200 000, men andre har hevda at det nok var langt færre.[15] Uansett var det så mange at det blei umoglig for nazistane å gjennomføre straffetiltak mot underskrivarane. På grunn av motstanden blei planen om nasjonal ungdomsteneste i liten grad gjennomført, og Nasjonal Samlings ungdomsfylking blei i første rekke ein organisasjon for barn av NS-medlemmar.

Tvangsorganisering av lærarar

Det første året av okkupasjonen hadde lærarorganisasjonane fått fortsette arbeidet sitt under sine valde leiingar, men da desse ikkje fann seg i å bruke skolen til å spreie nazistisk propaganda, sette nazistane inn nye leiarar. For den største lærarorganisasjonen, Norsk lærarlag, blei hirdleiaren Orvar Sæther sett inn som leiar. Men han fikk ikkje organisasjonen til å fungere, fordi dei fleste tillitsvalde nekta å samarbeide og store delar av medlemsmassen melde seg ut.

Svaret frå nazistane var oppretting av Norges Lærersamband frå februar 1942. Her var alle lærarar pliktige å vere medlemmar. Lærersambandet var organisert etter førarprinsippet: Quisling sjølv oppnemnde Orvar Sæther som riksleiar. Riksleiaren oppnemnde fylkesleiarar, som igjen oppnemnde krinsleiarar og lokallagsleiarar.[16] Lærersambandet var ein del av ein større plan, der folkevalde organ skulle erstattast med eit riksting av yrkesorganisasjonar under nazistisk styring. Denne planen blei aldri gjennomført, mye takka vere den store motstanden mot lærarorganiseringa.

Orvar Sæther Orvar Sæther var ikkje bare leiar av Norsk Lærersamband, han var også sjef for hirdstaben i Oslo. Her er han fotografert under hirdoppmarsj i Oslo 01.11.1941.
(Foto: Riksarkivet)

Blant lærarane oppsto det spontan motstand mot tvangsorganiseringa, og denne bidrog til ei fastare organisering av motstanden mot okkupasjonen og nazistyret. Den såkalla Skolefronten blei no organisert, og denne sendte ut ei oppfordring til lærarar om å svare på kravet om medlemskap i Lærersambandet med å sende inn denne erklæringa:

«Jeg finner ikke å kunne medvirke til en oppdragelse av Norges ungdom etter de linjer som er satt opp av NS' ungdomstjeneste, da dette strider mot min samvittighet. Da et medlemsskap etter landslederens uttalelser bl.a. pålegger meg forpliktelser til en slik oppdragelse, og det dessuten stilles andre krav som strider mot mine tilsettingsvilkår, finner jeg å måtte meddele at jeg ikke kan betrakte meg som medlem av Lærersambandet».

Heile 85 % av dei om lag 14000 lærarane i landet skreiv under på dette.

Den 20. mars 1942 blei om lag 1000 mannlige lærarar arresterte. Dei blei først samla i fangeleirar, Grini ved Oslo for Sør-Noreg, Falstad for Trøndelag, Sydspissen i Tromsø for Nord-Noreg. Mest kjent er lærarane som blei førte med jernbanen i kuvogner frå Oslo til Trondheim og vidare til Kirkenes med båt under forferdelige forhold. På båten «Skjerstad» var det 500 i ein båt sertifisert for 150 personar, og dei brukte heile to veker på vegen. Da dei kom til Kirkenes blei dei sett til steinhardt tvangsarbeid rundt på forskjellige stadar i Sør-Varanger. Seinare kom enno fleire, slik at det i juli var omlag 700 lærarar i fangenskap i Kirkenes. Andre Grini-fangar, både lærarar og andre, blei sendt til Kvænangen, der dei blei sett til å bygge snøskjermar langs vegen, så tyskarane skulle få heilårsveg til Austfronten.

Korleis blei så dei arresterte lærarane mottatt i lokalsamfunna der dei blei plasserte? Mange av dei har seinare fortalt om den støtta dei fikk både i Sør-Varanger og Kvænangen, der sivilbefolkninga ga av sine knappe matrasjonar til fangane. I takksemd mot befolkninga som ga dei all hjelpa dei kunne, blei det rett etter krigen oppretta Lærernes Kirkenesfond, som samla inn pengar til gjenreisinga. Fondet ga bl.a. bøker til skolebibliotek ved skoleleirane i Troms[17], og den største gåva var nytt bibliotek i Kirkenes.

Ein som derimot ikkje viste nokon sympati med kirkeneslærarane var den nyinnsette skoledirektøren, Rasmus Kvammen, som skreiv til KUD 01.09.1942:

... I det store og hele tror jeg disse lærere kan ha godt av dette oppholdet. De får resonere over ymse ting som de før antagelig ikke har ofret en tanke.

De får se at det er alvår bak regjeringens tiltak, de får lære de «fæle» tyskerne å kjenne og får se hva den tyske disiplin og mannstukt er. De får se krigens alvår. Og framfor alt får de se massevis av representanter for den lovpriste bolsjevikiske kultur, krigsfangene. Dette siste, tror jeg, kan være egnet til å åpne øynene på noen hver. Det kan vel ikke tenkes større kontraster enn de tyske og russiske soldater. Disse lærere kan heller ikke være blinde for den humane behandling de får av sine tyske vaktmannskaper.

... Men når jeg tenker på at disse 700 lærere kunne ha stått på vår side no i denne tiden vi så sårt trengte dem under oppfostringen av den nye slekt, og at de i sin halstarrighet heller har valgt å stå åpent i kampen mot oss, da viser det at de i den grad har missforstått sin oppgave som lærere i det nye Norge at selv oppholdet på Kirkenes er for godt for dem.»

Lærarstriden 1942. Lærarar frå Sør-Varanger i arrest april-mai 1942. Arbeidsgjeng på prestegarden under politioppsyn.
F.v. G.b. politibetjent, Julius Tro, Andreas Løvberg, Paul Kjelsberg, Tormod Larsen, Hendry Lind, Aksel Borgen, Sverre Dølvik, Hans Slangnes, Asmund Rørsleth, Jens Rotnes.

(Foto: Finmarksbiblioteket)
Mange av dei arresterte lærarane blei sette i arbeid på vegoverbygginga i Veiskaret mellom Badderen og Burfjord i Kvænangen.
(Foto: Bundesarchiv, Koblenz)

Lærarar som blei arresterte i Finnmark blei først plasserte i lokale kretsfengsel, derifrå blei mange sende til fangeleir i Tromsø.

Terroren kua ikkje lærarane, men førte heller til auka motstand i befolkninga som heilskap.

For å få lærarane å avslutte aksjonen, sendte nazistyresmaktene 25.04.42 ut melding om at Lov om Norsk lærersamband var misforstått. NLS skulle vere ein heilt upolitisk organisasjon og lærarar var ikkje forplikta til å arbeide for NS ungdomstjeneste. Dette var langt på veg eit tilbaketog i forhold til dei opprinnelige planane. Blant dei arresterte lærarane blei det da diskusjon om ein på det grunnlaget kunne skrive under på medlemskap i NLS for å bli satt fri og få ta opp arbeidet igjen. Etter kvart blei dei samde om å godta det, med den grunngivinga at ei underskrift under press ikkje var forpliktande. Samtidig frykta dei for at mange av dei ikkje ville overleve ein vinter under dei harde forholda i fangenskap. Teksten var noko forskjellig i dei forskjellige leirane, for Kirkenes-lærarane var han slik:

Erklæring: Jeg erklærer herved min intreden i Lærersambandet, og forplikter meg, etter endt rekonvalesens, at oppta skoletjenesten etter gjeldende bestemmelser.

Lærarane blei da sett fri etter kvart, dei siste sat opp til 9 månadar i fangenskap.

Før dei protesterande lærarane tok opp att undervisninga, leste dei opp ei felles erklæring for elevane. Her bekrefta dei at dei aldri ville lære bort noko «som strider mot deres samvittighet».

Lærarane som yrkesgruppe var utsett til å bli dei fremste i nazifiseringa av samfunnet, men gjennom aksjonen blei dei snarare symbol for motstandskampen.

Lærersambandet i Finnmark

I tråd med førarprinsippet utnemnde landsleiar Orvar Sæther i brev av 21.02.42 lærar Lars Augestad i Vadsø til fylkesleiar for Lærersambandet i Finnmark. Landsleiaren ba Augestad sende forslag til krinsleiarar: «Disse bør helst være NS, hvis de kan finne nogen som er skikket til det. Ellers kan sympatisk innstilte som er villig til ærlig samarbeid for standens og folkets velferd etter de nye retningslinjer brukes.»

Augestad sende 08.04.1942 forslag til krinsleiarar, og veka etter fikk han melding om at desse var utnemnde. Augestad skriv 15.04.1942 brev til Toralv Tveiten, Kirkenes, som var utnemnd til krinsleiar for Aust-Finnmark. I brevet viste han til utnemninga av han sjølv som fylkesleiar og innrømte ganske ope kor vanskelig det var å arbeide for NS og Lærersambandet og kor liten støtte dei hadde i folket:

«Jeg hadde ønsket at en dyktigere enn meg kunne ha blitt utpekt. Men som De kjenner til, er det ikke mange lærere her i distriktet som er gått inn i NS, de fleste strir i mot det nye, og når det er så få å velge mellom, føler jeg det som en plikt etter fattig evne å hjelpe til «med å bearbeide et gjenstridig folk». .... Det er også litt av en «Urias-jobb» for oss nå i førstningen: mange skjeve blikk, folk som «går forbi», kollegialitet som rakner, uvenner osv. Men dette får vi risikere, for det er vel en del av sluttkampen vi må gjennom for å komme på rett kjøl igjen.»

I same brevet viste han konkret verknaden av at bare lærarar som var medlemmar i Lærersambandet fikk undervise:

«På telegramforespørsel til Kirkedep. om skolene kunne settes i gang etter påske når lærerne var villige, fikk jeg dette svaret: skolene kan bare fortsette med lærere som er medlem av Lærersambandet. Senere har noen her forsøkt å gå krokveier utenom meg for å få skolene i gang, men det har ikke lykkedes. En lærerinne her hadde begynt med realskolens elever i sin privatbolig. Men i dag fikk jeg stoppet skolen, og elevene måtte gå hjem. Det er lite hyggelig å måtte gå slik og bite seg ut med kollegaer, men det må nok til. Og nå får De, så godt De kan, kike etter, liksom jeg, og se etter hvor der «oppstår røyk», passe på, og så godt det lar seg gjøre undersøke distriktene (Aust-Finnmark) om der fins «ugler i mosen».»

Kor nært sambandet var mellom NS og Lærersambandet går tydelig fram av eit brev Toralv Tveiten som krinsleiar sende til alle lokallag i NS i Aust-Finnmark 23.05.1942. Her ba han NS-laga om hjelp til å finne lagleiarar for lokallaga av NLS: «Det ville naturligvis være best om det kunne finnes enn NS-lærer, men i mangel av det får en til å begynne med ta sympatisk innstilte lærere, som ikke har vist avgjort uvilje mot det nye eller stilt seg som ledere for noen opposisjon. Det vil også være heldig om vedkommende lærer er villig til å stå som lagleder, men jeg anser det ikke som absolutt nødvendig. ...»

På grunn av læraraksjonen var det vanskelig for å holde oversikten over situasjonen på skolane og skoledirektøren ba alle skolestyra sende inn melding om situasjonen ved slutten av skoleåret 1941/42. Dei skulle da bl.a. svare på kor mange folkeskolelærarar det var i kommunen, kor mange av desse som var medlem av Norges Lærersamband, kor mange som har nekta å gjenoppta undervisninga og kor mange som har gjenopptatt undervisninga utan å vere medlem.

19.12.1942 skreiv Augestad igjen til Tveiten, og skildra motstanden blant lærarar i Finnmark:[18]

«... Snakket med lærer Lillevik på tillitsmannsmøtet her. Der var mange hardkokte i Mehamn, sa han. Har også hørt (innberetning til skoledirektøren fra Kautokeino, f.eks.) om at flere streiker og vil ikke skrive på kartotek-kortene. – Å, nei, vi er nok ikke ferdige enno. Alle midler brukes i kampen. Fra Oslo har jeg intet hørt ang. J. Eriksen i Polmak.[19] Skoledirektøren fortalte at ordføreren i Tana ville ha vekk alle lærerne og avsette noen, så der er det visst kompakt. Men vi får dra i tauet så godt vi kan. Forresten – trådtrekkere og tautrekkere, som jeg en gang tidligere skreiv om til N.L.S. – den læreren fra Kautokeino som demonstrerte så kraftig på fylkestinget i sommer [20], sitter i Kautokeino enno, har intet hørt, og det er et halvt år siden. Så jeg vet ikke. Er det bare forgåelse direkte mot tyskerne, mon tro, som blir straffet? (Nylig en lærer i Vest-Finnmark fått 1/2 års fengsel for slikt.) ... »

Augestad heldt likevel ikkje ut så lenge i dette vervet. Sommaren 1943 flytta han sørover til ein lærarjobb i Skedsmo i Akershus. 08.07.1943 overtok Bjarne Lillevik, som nazistane da hadde innsett som skoledirektør, også vervet som fylkesleiar i Lærersambandet.[21] Ein stor del av lagsleiarane og andre med tillitsverv i Lærersambandet var også medlemmar i NS. Likevel hadde ikkje NS nok medlemmar til å fylle alle verv. I heile Finnmark var 19 lærarar medlem av NS pr. 01.04.42. Etter kvart kom det nokre fleire til. I nokre kommunar blei lærarar pressa til å ta på seg verv som leiarar av Lærersambandet lokalt, og fleire av dei nekta.

På ei liste av 01.10.1942 er det oppført 21 lagsleiarar for Lærersambandet i Finnmark. Tana og Polmak, som da var to kommunar, blei slått saman til eitt lokallag. Ein hadde her store problem med å finne nokon kandidat. Først blei Per Persen oppnemnd, men da han nekta å ta i mot vervet, blei Jens Eriksen oppnemnd. Men det varte ikkje lenge før han også sa det frå seg.

Jan K. Lund flytta i 1950 frå Kautokeino til Alta, der han også arbeida som lærar og blei valgt til ordførar. Her held han 17.-maitale i Alta i 1951.
(Foto: fra Jan K. Lunds album / Altaboka 1988)
Den norske skole var organ for Norges Lærersamband. Det blei sendt til alle lærarar, men mange godtok ikkje å bli rekna aom medlemmar i NLS og følgde heimefronten si parole om å sende bladet i retur. Blant dei eksemplara som vi har funne av bladet i bibliotek er det nokre der ein har kryssa over namnet på adressaten og skrive på: «Retur. Ikke abonnent».

Overvaking av lærarar

Både skoleadministrasjonen og partiapparatet til NS blei brukt til å overvake lærarane og registrere meiningane deira.

28.11.1942 skreiv skoledirektør Kvammen til NS lagførere og tillitsmenn i Finnmark:

Departementet ønsker og ha oversikt over om det finnes illojale lærere som bør avskjediges, suspenderes eller flyttes til andre poster i samsvar med lov av 16/4 1942 jfr. Reichskommissars forordning av 4/10 1940. Jeg vil derfor be Dem i Deres kommune å undersøke på en så diskret måte som mulig om det finnes illojale lærere som bør avskjediges, suspenderes eller forflyttes. ...

I Kistrand (no Porsanger) sendte den lokale NS-leiaren, som sjølv var lærar, brev til skoledirektøren og skildra kvar av lærarane i kommunen. Vi siterer ein av skildringane:

Olav Reiersen: Gammel venstremann. Stø og pålitelig. Han er lojal overfor myndighetene og gjør sit beste for skolen. Han ser mørkt på situasjonen og er livende redd for borgerkrig eller noe i den retning. Han holder verken med England eller Tyskland, men er redd Russland. Overfor NS er han skeptisk og avventende. Han holder fast ved sitt Venstre-syn fra tidligere år. Offentlig anseelse meget god.

Olav Reiersen var modell for treskulpturen «Den gamle skolemesteren», laga av Henry Olsen.
(Foto: Svein Lund)
Brev frå Reichskommissar til KUD om lærar som hadde drive illegalt arbeid. Brevet lyder:
«Gjeldande lærar Sigmund Leigland, f. 10.07.1915 på Lyngseidet, siste bustad i Lakselvbukt.
Den overnemnde læraren, som har vore i arbeid i Kvesmenes og Horsnes, har etter det vi har kjennskap til løpande tatt i mot og og spreidd vidare illegalt propagandamateriale. Han blei derfor satt fast av kommandøren for tryggingspolitiet og SD i Narvik. Førebels han ein ikkje rekne med noko lauslating. Befalshavaren i Tryggingspolitiet og SD ser det ikkje forsvarlig at Leigland får fortsette som lærar og forsøker å reise sak om utvising frå fylket.»

Motstandsarbeid blant lærarar

Skolefronten var ganske godt organisert, og sende fleire gongar parolar ut over heile landet, sjølv om desse ikkje alltid nådde fram til dei mest avsidesliggande skolane. I 1944 sende dei ut den såkalla «Lovboka» frå Skolefronten i 1944, der lærarar i 13 punkt blir instruerte i korleis dei skal forhalde seg til bl.a. Lærarsambandet, innhald i undervisninga, blokade av lærarstillingar, oppnemningar til skolestyre og Ungdomstjenesten.[22] Mange lærarar deltok i motstandsarbeid på forskjellig vis, i og utafor skolen. Det er såvidt vi kjenner til ikkje gjort noka undersøking om dette, men arkivmateriale viser nokre eksempel frå Finnmark: – Jan K. Lund i Kautokeino protesterte i fylkestinget mot helsing til Quisling og bevilgning til Den norske legion. For det blei han avsett som lærar. Han var og med på å sende meldingar til England. – Ein lærar i Hammerfest blei anmeldt fordi han tok fri med klassen sin på 17. mai. – Tordis Brygfjeld blei avsett frå stillinga si i Alta pga. «befatning med illegale skrifter». – Astrup Nilsen [23], lærar i Stallogargo i Kvalsund, blei dømt til eitt års fengsel for «fientlig propaganda». – Sør-Varanger: «Lærerinne fru Klara Rasmussen ble avskjediget fra sin stilling etter henstilling fra Reichskommisariatet. Det foreligger rapport på henne fra de tyske myndigheter om hennes NS- og tyskfiendtlighet.»[24]

Elevar sette mange stader i gang sin eigen motstand mot okkupantane og nazifisering av skolen. Mange elevar deltok i spreiing av illegale aviser, og dei demonstrerte på forskjellig vis mot nazistiske lærarar og lærarar som var sett inn i staden for lærarar som var avsette eller arresterte av tyskarane. Elevaksjonar ramma òg medelevar med nazisynspunkt og nazisymbol. Frå forskjellige kantar av landet er det mange eksempel på at både einskildelevar og heile klassar blei utviste etter aksjonar.

Landssvikoppgjøret

Allereie før krigen var over hadde regjeringa i London starta førebuingane til oppgjøret dei skulle ta etterpå. 15.12.1944 vedtok regjeringa Landssvikanordningen, «tillegg til straffelovgivningen om forræderi», denne blei 21.02.1947 avløyst av landssviklova. Til saman blei 92 805 personar sikta, av dei blei 46 085 straffa, 38 fikk dødsstraff og 17 000 fengselsstraff. I tillegg blei mange straffa på forskjellig vis utan lov og dom. Både i samtida og ettertida var rettsoppgjøret omstridd, både frå juridisk og politisk synsvinkel. Ei av dei meir tvilsame sidene var at lovar blei gitt tilbakeverkande kraft, med at medlemskap i NS blei gjort straffbart med verknad frå krigsutbrotet.

19.07.1945 kom Lov om utreinsking i offentleg teneste, som startar slik:

§1. Offentleg tenestemann, som var tilsett fyre okkupasjonen, kan få avskil i dom, endå um det ikkje er grunn til å straffa han, soframt han stellte seg so andsynes okkupasjonsmaktene eller hjelparane deira, eller bar seg so unasjonalt åt på andre måtar, at han ikkje er verdig til å halda fram i stillingi.

Oppgjøret med lærarar og folk i skoleadministrasjon som hadde samarbeida med NS og tyskarane var ein viktig del av rettsoppgjøret. Så snart krigen var over fikk dei lærarane og skoleadministratorane som nazistane hadde avsett jobben tilbake, mens dei som hadde erstatta dei blei avsett.

Det var ikkje bare politi og rettsvesen som sto for oppgjøret i forhold til skoleverket, både Kirke- og undervisningsdepartementet, skoledirektørane, skolestyra og lærarorganisasjonane spela ei aktiv rolle. Allereie 10.05.1945 sende departementet ut eit rundskriv om gjeninnsetjing og fjerning av lærarar og tenestemenn i folke-, framhalds- og arbeidsskolar. Alle som var blitt tilsette under krigen, kunne etter provisorisk anordning av 26.02.1943 fjernast av tilsettingsstyresmaktene utan å gå om rettsapparatet. Skolestyra fikk mandat til å avsette slike lærarar, men det måtte godkjennast av Skoledirektøren. Om ein ville fjerne lærarar som var tilsette før 09.04.1940, måtte ein derimot ha ein dom for det i rettsvesenet. Mange blei suspenderte mens ein venta på at saka skulle komme opp for retten. I rundskriv av 14.08.1945 gikk departementet inn for at lærarar som har vore medlemmar av Norges Lærersamband, kan suspenderast, «dersom det ikke foreligger særlig unnskyldende omstendigheter».

I brev frå KUD av 08.06.1945 til skoledirektør Aarseth seiast det at ein har laga liste over lærarar som skal etterforskast, og dei er delte i fleire kategoriar, ut frå om dei har vore medlem i NS eller bare har vist «uverdig og veik nasjonal framferd». Nokre bør etter departementet sitt syn avsetjast straks, andre bør kunne få stå i stillingane sine mens etterforskinga pågår.

I mange tilfelle gjorde skolestyre vedtak om lærarar dei meinte skulle avsettast eller som dei nekta å ta tilbake. Kjelvik (Nordkapp) skolestyre vedtok 22.02.1946 å ikkje godkjenne fem namngitte lærarar «da deres forhold under okkupasjonen har vært slik at det kan ha uanede følger om de vender tilbake.»

Ein av dei som var under etterforsking var kasseraren for Finnefondet, som no offisielt heitte «Særbidragene for landsfolkeskolen i Finnmark». Karl Leiros (1878–1959) kom frå Ofoten til Finnmark som lærar. Han var først lærar i Sørøysund, seinare i Nordvågen (no i Nordkapp). Frå 1922 var han særbidragskasserar heilt fram til 1950. Mens det elles var mye avbrot og endringar i skoleverket, heldt særbidraga fram som før. I eit brev til skoledirektøren i 1956 skriv Leiros: «... Særbidragets kassererarbeide foregikk helt uforstyrret under krig og larm enten vi var i Nordvågen, i Hamarøy eller her på Liland i Ofoten.» Under rettsoppgjøret hevda han at han ikkje hadde arbeida for nazistane, bare gjort jobben sin. Eit brev han skreiv til NS-skoledirektør Kvammen i 1942 er likevel avslørande. Her skriv han bl.a.: «Krigens utfall er jeg ikke i tvil om, og marxismens pest må vi vel no snart se enden på. Dessverre kunne ikke vi som led sjelekvaler ved å se samfundsoppløsningen gjennem rekker av år redde vårt land og folk. Men vi skal være med på begynnelsen av å bygge opp et nytt og bedre samfund.»

Oppgjøret med NS-lærarane i Finnmark tok ganske lang tid. 05.05.47 utarbeida Finnmark skoledirektørembete ei «Liste over folkeskolelærere som var NS eller som har vist særlig dårlig nasjonal holdning». På denne lista var det 17 personar, men etter kvart skulle granskinga omfatte det dobbelte talet av lærarar.

09.04.1948 rapporterte skoledirektøren til KUD om status i granskinga:

Under gransking 34
NS 13
Samarb. men ikkje NS 21
Sluppet reprimande 1
Reprimande 2
Ordensstraff 0
Fradømt stilling 13
Saker står igjen 8
Syk 3
Død 2
Slutta 5

Den som blei dømt hardast i Finnmark var nok nazistane sin skoledirektør Bjarne Lillevik. Han blei dømt til tvangsarbeid i 5 år, tap av rettar i 10 år og frådømt retten til lærarstilling utan tidsavgrensing. Inntekta han hadde hatt som skoledirektør blei inndratt.[25]

Arkivmateriale hos Skoledirektøren i Finnmark viser at lærarar har vore utsett for etterforsking utan å ha gjort anna brotsverk enn å vere ettergivande da dei blei truga med å miste jobben om dei ikkje godtok medlemskap i Lærersambandet, eller å ha søkt ein lærarjobb som Heimefronten hadde sendt ut parole om at skulle boikottast. Ei rekke lærarar som blei skulda for unasjonal haldning sende inn forsvarsskriv til Skoledirektøren og gjorde greie for kvifor dei hadde handla som dei gjorde.

Lenge etter krigen måtte den som søkte ein lærarjobb vise attest for nasjonal haldning under krigen. NS-lærarar som gikk ut av lærarskole under krigen fikk vitnemåla sine trekt tilbake i 1946. Dei blei pålagte å sende inn vitnemåla, men mange følgde ikkje det påbodet.[26]

I januar 1949 skriv departementet at «Rettsoppgjøret for lærerne er nå på det nærmeste ferdig.» Lærarar som var dømde for landssvik blei som regel frådømt jobben, og mange blei og frådømt retten til å arbeide som lærar. Dei som da ikkje fikk fortsette i den jobben dei hadde hatt, forsøkte gjerne å få ny jobb i ein annan del av landet. Nokre lukkast med dette, andre blei avviste, mens nokre først fikk jobb og så blei dei sparka igjen når fortida deira kom for dagen.

For å hindre at dei dømde kunne skaffe seg nye jobbar på stader der dei ikkje var kjent, fikk alle skoledirektørane melding om kvar lærar som var dømt for landssvik. Frå Finnmark kjenner vi i alle fall eitt tilfelle, der ein lærar var blitt tilsett av skolestyret i Lebesby i 1949, men tilsettinga blei ikkje godtatt av skoledirektøren på grunn av læraren sitt rulleblad frå krigen.

I nokre tilfelle gikk lokalbefolkninga god for straffedømte lærarar og ville behalde dei.

I andre tilfelle trakk departementet suspensjonar tilbake, til protest frå lokale skolestyre. Kjelvik skolestyre erklærte i 1947 at dei ikkje forsto departementet sitt syn, da denne læraren «hadde vist slik uverdig holdning at han vil være umulig å ha som lærer her.» Læraren var likevel i arbeid i kommunen fleire år etter dette.

Ikkje før var rettsoppgjøret over, så byrja dei første avsette lærarane å be om pent vær. Ein dømt lærar i Hammerfest ba i 1950 om å få gjøre godt igjen etter krigen «det misgrep vi tullet oss bort i». Han slapp da inn igjen i skolen. Det hendte òg at skoledirektøren gikk god for nokre av dei dømde lærarane. I 1950 ba skoledirektør Lyder Aarseth om at Lars Augestad får tilbake rettane sine. Augestad var lærar i Vadsø 1929–43 og den første leiaren av Lærersambandet i Finnmark.

NS-lærarar som hadde vore i Finnmark under krigen søkte seg gjerne sørover etterpå, dels for i det heile å få jobb, dels for å komme til eit miljø der fortida deira ikkje var kjent. På samme måte fikk Finnmark eit tilsig av NS-lærarar sørfrå. Ein av dei blei tilsett som lærar i Finnmark etter krigen trass i at bakgrunnen hans var kjent. Han hadde da sona fengsel for landssvik og var frådømt statsborgarlige rettar, men ikkje retten til å vere lærar. Da han i 1948 blei vald som lærarrepresentant i skolestyret, klaga ein annan lærar dette inn for Skoledirektøren, som forsvarte både tilsettinga og valet.[27] Seinare blei denne læraren skolestyrar ved den same skolen og tidligare elevar omtalar han som ein svært autoritær lærar.

Som nemnd blei skolegangen for dei aller fleste elevar i Finnmark avbrote i samband med evakueringa og brenninga hausten 1944. Kva skoletilbod desse elevane fikk eller ikkje fikk etter det kjem vi tilbake til i ein artikkel lenger ut i denne boka.

På Tromsø høyere almenskole hadde tyskarane malt sine ambisjonar på veggen: «Wir sind die Herren der Welt» - Vi er verdas herrar.
(Foto: Wilhjelm Riksheim / Finmarksbiblioteket)
Realskolebygget i Kirkenes var eit av dei få husa som sto igjen på Kirkenes i 1945. Den blei da ei tid brukt som sjukehus.
(Foto: Odd Solhaug: Gjenreisinga av Finnmark. Skoledirektøren i Finnmark 1982)


[1] Sjå artiklar i Samisk skolehistorie 1
[2] Nøytralitetsvakt: Under vinterkrigen mellom Finland og Sovjetunionen 1939/40 blei vernepliktige soldatar mobilisert til nøytralitetsvakt, dvs. styrking av militær beredskap særlig i grenseområda, for å verne om norsk nøytralitet og sikre at ingen av dei stridande partane kom inn på norsk område. Alta bataljon mobiliserte 900 mann til vakttjeneste ved grensa i Sør-Varanger.
[3] Den lovlig tilsette skoledirektøren frå før krigen satt enno i stillinga.
[4] Nazistane hadde på denne tida sett inn eit NS-medlem som skoledirektør. Sjå lenger ut i artikkelen.
[5] Alta kommune utgjorde da bare indre del av Altafjorden, den ytre delen av noverande Alta kommune var Talvik kommune, som altså ikkje er med i denne oversikten.
[6] På denne tida var det eigne skolelovar og læreplanar for landsfolkeskolen og byfolkeskolen, og desse blei oftast òg skilde frå kvarandre i statistikkar. I Finnmark var det da byfolkeskole i byane Hammerfest, Vardø og Vadsø. I delar av Sør-Varanger følgde ein og byskoleplanen, og desse kretsane synest ikkje å vere med i denne statistikken.
[7] Vardø herred var noverande Båtsfjord kommune og Vardø kommune utanom sjølve byen.
[8] Skoledirektøren var no Rasmus Kvammen, som blei sett inn av nazistyret våren 1943, etter at Lyder Aarseth var avsett.
[9] Reichskommissariat für die besetzten norwegischen Gebiete (Rikskommisariatet for de besatte norske områder) var den tyske sivile administrasjon i Noreg under okkupasjonen. Det var leia av Reichskommissar Josef Terboven. Kommisariatet kontrollerte det norske embetsverket, som administrerte på tysk nåde. Reichskommissariat hadde lokalkontorer i Bergen, Trondheim, Kristiansand, Stavanger, Bodø, Narvik, Tromsø, Hammerfest, Kirkenes, Kongsberg og Lillehammer.
[10] Sjå eigen artikkel om evakuering og gjenreising i denne boka, samt andre artiklar i Samisk skolehistorie, bl.a. forteljingane til Johan Johannessen i bind 1 og Klemet Vik i bind 3.
[11] Administrasjonsrådet blei oppnemnd etter initiativ frå næringslivsleiarar. Kva rolle administrasjonsrådet spela har vore sterkt omdiskutert i samtid og ettertid, men det fell utafor rammene av denne artikkelen.
[12] Kjelde: Arkivet etter Alfred L. Larsen, Samisk arkiv.
[13] Brev frå biskopen i Hålogaland, Wollert Krohn Hansen, til prestane i bispedømmet, 05.06.1941.
[14] Sitert etter Reidar Nielsen: Folket i hulene, s. 26.
[15] Terje Halvorsen: Hjemmefrontens tall og okkupasjonsforskerens tall. I: Historisk tidsskrift 2-2009.
[16] Sjå intervju med Orvar Sæther: http://skuvla.info/skolehist/orvar-n.htm.
[17] Om skoleleirane i Troms sjå artikkel om skolen under gjenreisinga lenger ut i denne boka.
[18] Dette brevet er fullt av forkortingar av stadnamn og andre ord. Vi har skrive desse orda fullt ut, men elles ikkje endra i teksten. NLS er forkorting for Norges Lærersamband.
[19] Jens Eriksen, som var lærar ved Polmak internatskole, blei utnemnd til leiar av Lærersambandet i Polmak og Tana kommunar, men nekta å påta seg vervet og sende papir i retur. Han blei etterforska under landssvikoppgjøret, men døydde før saka hans kom opp. Han hadde ingen sympati med NS, men var under svært hardt press, da han blei truga med å miste jobben. Han var «vanfør» og kunne ikkje gjøre fysisk arbeid, og hadde stor familie å forsørgje på lærarlønna. Jens Eriksen er for øvrig omtalt i Jon Ole Andersen si forteljing i Samisk skolehistorie 1.
[20] Dette var Jan K. Lund, som på den tida var ordførar i Kautokeino og dermed medlem av fylkestinget.
[21] Denne dobbeltrolla er årsak til at arkivet til Lærersambandet i Finnmark er bevart som del av Skoledirektøren sitt arkiv.
[22] Heile «Lovboka» er gjengitt i internettutgåva av denne boka, http://skuvla.info/skolehist/lovboka.htm.
[23] Astrup Nilsen er omtalt i Klemet Vik si forteljing frå Stallogargo i Samisk skolehistorie 3.
[24] Kjelde: Arkiv for Skoledirektøren i Finnmark, mappe 175, Statsarkivet i Tromsø.
[25] Bjarne Lillevik (1891–1981) flytta etter krigen sørover. Han ga i 1970 ut boka Mehamnfolkets historie, seinare utgitt nytt opplag på 1980-talet under tittelen Nordkynfolkets historie. Han forsøkte å få Gamvik kommune til å gi ut boka, men dei var ikkje interessert, bl.a. på grunn av haldningane til forfattaren, som òg kom fram i bokmanuset. Lillevik heldt fast ved NS-oppfatninga si og han skreiv fleire debattinnlegg med forsvar av den tyske okkupasjonen, bl.a. i Finnmarksposten 03.09.1968 og i naziavisa Folk og Land 16.12.1972. Folk og Land har i 1971 ein artikkel i samband med Lillevik sin 80-års dag. Der blir han omtalt som «en av våre gamle gode venner og meningsfeller».
[26] Eksempel på attest for nasjonal holdning og overprøving av vitnemål
[27] Brev frå Skoledirektøren i Finnmark, F.sk.jnr. 1919/48. Statsarkivet i Tromsø.


Flere artikler fra Samisk skolehistorie 5