Åarjelh-saemien gielesne Davvisámegillii

Artikkel i boka Samisk skolehistorie 1. Davvi Girji 2005.

Jonar Thomasson:

Berga av sørsamisk lærar

Jonar Thomasson, Røyrvik 2003
(Foto: Svein Lund)

Jonar Thomasson er født i Vilhelmina (sørsamisk område på svensk side) i 1947 og vaks opp i Røyrvik i Nord-Trøndelag. Han fortel her om oppvekst og skolegang, særlig frå sameskolen i Hattfjelldal og Den samiske folkehøgskolen i Karasjok. I dag bur Jonar Thomasson på garden Vektarlia nokre kilometer nord for Røyrvik sentrum. Vektarlia ligg ved Vektaren (sørsamisk: Vuaktere), som er eit av dei fire vatna i kommunen som er regulerte. Sjølv arbeider han som elektrikar ved kraftverka.

Denne artikkelen er bygd på minne som Jonar Thomasson sjølv har skreve ned og på samtalar med Svein Lund.

- Det var svært lite eg kunne av norsk da eg byrja på skolen i 1954. Eg hadde til da budd i eit heilt samisk miljø, men på skolen var alt norsk, sjølv om det var ein sameskole. At det likevel gikk såpass bra, skuldast i stor grad at eg var så heldig å få ein sørsamisk lærar i første klasse. Ho omsette og forklarte for meg når ho så at eg ikke forsto.

Mor mi var her fra Røyrvik, mens far min var frå svensk side. Eg er født i Sverige, og det var meininga vi skulle bli buande der. Men da eg var knapt eit år gamal, omkom morfar min, Jonas Marsfjell, i Dunderlandsulukka 1948. [I 1948 blei Norges reindriftsamers landsforening (seinare: Norske reindriftsamers landsforbund) stifta på eit møte i Tromsø. Dei sørsamiske representantane på dette møtet hadde leigd buss og kjørte samla nordover. På vegen tilbake kjørte bussen utafor vegen og rett i Dunderlandselva, og heile 16 omkom. Denne ulukka var ein stor tragedie, ikkje bare for dei familiane som blei ramma, men for sørsamisk reindrift og organisasjonsarbeid. Særlig hardt blei Røyrvik ramma, for 7 av dei omkomne var herifrå.] Han var den første av samane i Røyrvik som kjøpte gard og kombinerte gardsdrift og reindrift. Da mormor blei aleine saman med onkel, ba ho foreldra mine komme og hjelpe henne, og vi flytta til Røyrvik.

Frå gamme til hotell

I barndommen min budde vi enno i gamme. Røyrvik var på den tida nesten veglaust, og vi hadde ikkje strøm. Det var butikk i Gjersvika, for å komme dit måtte vi bruke motorbåt. Rundt der eg budde var det bare samar, til saman 6 familiar. Det var vel 10 samiske familiar i Røyrvik. Om sommaren var det enno fleire, da dei kom flyttande med rein inn til Børgefjellet.

Før eg byrja på skolen var eg mest saman med eldre samar som bare snakka samisk. Husmora på sameskolen i Hattfjelldal sa ein gong til mor mi: "Du må lære ungen norsk før han byrjar på skolen, så han ikkje får det så vanskelig." Eg hugsar ikkje kva mor mi svarte, men eg trur ikkje ho brydde seg så mye om det.

I alle fall var det svært lite eg kunne av norsk da eg byrja på skolen i 1954. Eg hugsar enno første kvelden. Ei jente frå Røyrvik som allereie hadde gått der eit par år, hadde fortalt meg at vi skulle bu på hotell. Og det var forsåvidt sant. Bygget var bygd under krigen som tysk offiserskaserne. Etter krigen blei det hotell og det var det fortsatt i sommarsesongen.

Det var mange elevar frå Røyrvik, blant anna søstra mi og fleire andre slektningar. Derfor kjente eg det ikkje som spesielt vanskelig å skulle bu på internat. Eg var så heldig å få Ella Joma (seinare Ella Holm Bull) som lærar i første klasse. Ho var da heilt nyutdanna frå lærarskolen. Ella omsette for meg og forklarte på samisk når ho såg at eg ikkje forsto på norsk. Men vi fikk bare ha henne i eitt år. Det var veldig synd at vi ikkje fikk ha henne lengre. Deretter var det bare norsktalande lærarar resten av skoletida mi.

Middag på internatet i 1953. Husmor Maja Staven til høyre.
(Foto: Sigrid Bergli Sørnes)

Minimalt samisk innhald

Eg kan ikkje hugse noko særlig undervisning som kom inn på samisk miljø. Eg hugsar at vi var ute og snekra mini-gamme og lavvo, men det var i fritida, sjøl om Ella var i lag med oss. Nokre gongar hadde vi høgtlesing av bøker frå samisk miljø, men elles var det ein heilt vanlig norsk skole. Skoleåret var bare på eit halvt år, og da var vi ikkje heimom på den tida. Eit av dei gode minna er at det kom pakke heimafrå når det leid ut på hausten, med vinterklede og skallar med sennagras. Da spreidde tjærelukta seg på internatet, og det ga ein slags heimtrivsel.

Dei to første åra på skolen i Hattfjelldal hadde vi ikkje anna oppvarming av romma enn ved- og koksfyring. Elevane var sjølve med å bære ved og stable på romma og å halde varmen ved like. Enkelte gongar når omnen var slokna på eit rom, måtte vi springe til eit anna rom for å låne eld med ei never i handa. Det hendte at det blei fyrt i det meste laget, men det gikk bra, vi var godt vant med vedfyring heimafrå. Seinare blei det installert sentralvarme.

Partering med øks

Sameskolen pleide å kjøpe reinslakt fra nokre lokale samar. Reinslakta kom til skolen i heile skrottar. Husmora fikk hjelp av hotellverten til å partere desse nede i matkjellaren. Han kunne ikkje dette, så han måtte bruke øks til formålet. Ein gong var det nokre elevar som hadde sett dette, og vi elevane var rysta og i harnisk. Vi så på dette med å bruke øks som heilagbrøde, ja enkelte av elevane var på gråten. Husmora, Maja Lifjell, brukte å salte noko av kjøttet, så røyka ho det og lufttørka det etterpå. Det var stor stas når vi fikk tørka reinkjøtt, men det var om våren.

Død og fortapelse

I Hattfjelldal var det mange spor etter krigen. Vi guttungane syntes at det var veldig spennande å utforske desse. Det var mange skyttergraver og ein svær bunkers og ein masse andre etterlatenskapar. Dei første åra om hausten gikk søndagane med til å utforske desse. Men først måtte vi på søndagsskole i kyrkja. Det var ein lang og kjedsommelig seanse. Det var soknepresten som heldt søndagsskolen. Han var ein streng mann, som sette dei skarpe auga i oss og predikerte om død og fortapelse dersom vi ikkje var snille og gudfryktige. Vi torde ikkje anna enn å sitte stille som tente lys.

Også seinare om åra for vi mye på eventyr rundt omkring i bygda, blant anna fann vi mange gamle bilvrak langs vegane. Vi plukka ut kulene på lagra. Desse ga vi til jentene, som brukte dei til klinkekuler og femstein. Om laurdagskveldane dansa vi ringleikar. Da var læraren og hushjelpene ("pigene") med, ofte var rektor og husmora også med på leiken. Det at vi kunne gjøre forskjellige ting i lag sveisa oss saman til ein stor familie.

På våren ble det spilt mye fotball. Dei voksne spelarane brukte treningsoverallar. Dette blei vi inspirert av, men vi hadde ikkje slike. Da fant vi på at natt-pyjamasene kunne gjøre samme nytta, så vi troppa opp med desse ein gong vi skulle spele fotball. Dette fikk rektor sjå, så vi fikk marsjordre inn igjen for å ta av oss pyjamasane.

Truga "finnungane" med juling

Dei tre første åra begrensa kontakten vår med bygdeungane seg til slossing og snøballkrig. Dei kalla oss finnungar og truga oss med juling. Det hendte dei kom oppover mot skolen. Da barrikaderte vi oss og kasta snøball mot dei. Da vi blei litt større, blei det bedre forhold. Vi kunne få kameratar i bygda også. Vi hadde fotballkampar mot dei andre skolane i kommunen og felles skoleskirenn, men elles var det ikkje noko organisert samarbeid. Eg hugsar at vi før jul blei sendt rundt i bygda for å selge "Samenes Venn". Nokre kjøpte, men andre avviste oss svært kontant. Vi var litt redde for bygdeungane, og dette var ei oppleving eg gjerne kunne tenkt meg forutan. [Vi har spurt daverande rektor om det virkelig var slik at skolen sende elevane ut på bygda for å selge Samemisjonens blad. Han seier at det har aldri vore gjort fra skolen si side, men at Samemisjonen fikk ha andaktar for elevane på skolen. Det kan vere at dei da har bedt elevane selge blad, og at nokre elevar kan ha oppfatta dette som eit påbod frå skolen. (red.)]

Leste sørsamisk sjølv

Dengang fantest det ikkje mye litteratur på sørsamisk. Sameskolen hadde kjøpt inn mange eksemplar av "Samien luhkemegærja" av Bergsland og Hasselbrink. Men dei sto i skapet og blei ikkje brukt, ettersom ingen av lærarne forsto sørsamisk og elevane ikkje hadde lært å lese på morsmålet. Eg tok meg ei bok sjøl fra bokskapet og fikk etter kvart til å lese i ho. Ein kveld kom ei lærarinne over meg med boka. Ho spurte hva eg gjorde med boka. - Eg les ho, svarte eg. Det fnyste ho bare av, ho ville ikkje tru det. Men det var faktisk sant.

Det var mange samar på besøk på skolen i Hattfjelldal. Han fungerte som eit samlingspunkt for samar, og vi elevane syntest alltid det var stas at det kom gjester.

Sørsamar i Karasjok

Etter 7 år på sameskolen tok eg framhaldskolen i Røyrvik. Deretter var eg hjemme eit par år, hjalp far min blant anna med fiske og snarefangst. Men eg ville ut og lære meir, og 18 år gamal dro eg til Karasjok og gikk 2 år på Den samiske folkehøgskolen (DSF). Dette var i 1965-67. Det var ein kristen skole med eit strengt miljø, men eg hadde i grunnen ikkje problem med å innordne meg. Paul Ryan, som var rektor da, var ei eldsjel for det samiske miljøet. Vi fikk lære samisk kulturhistorie, sløyd osv. Ei periode var det ganske mange sørsamiske elever der, opp til 7 samtidig. Folk flest i Karasjok visste den gang ikkje at det fantest noe slikt som sørsamar. Dei ville knapt tru at det budde samar så langt sør. Nokre trudde vi var russarar. Likevel fikk vi etter kvart god kontakt med ungdommen i bygda. Vi fikk tilbod om kurs i nordsamisk, men eg var ikkje med på det, og det har eg i grunnen angra litt på etterpå. Vi sørsamar leste i staden sørsamisk litteratur i lag mens de andre elevane hadde nordsamisk undervisning.

Jonar som elev ved DSF
(Foto: Hans Lindkjølen)

Etter DSF gikk eg vaksenopplæringskurs for sjømenn, og deretter jobba eg eit halvt år på Hurtigruta. Seinare jobba eg på ysteri før eg fikk jobb i eit entreprenørfirma. Men da eg hadde frose meg gjennom ein vinter som bygningsarbeidar, fant eg ut at det ville eg ikkje gjøre ein vinter til. Da søkte eg meg på yrkesskolen for å bli elektrikar. Og det har eg vore sidan 1975. Først arbeida eg 18 år i gruveindustrien, før eg begynte i kraftverksbransjen.

Tankar om sørsamisk språk

Det har alltid vore svært dårlig med sørsamisk litteratur. I min barndom hadde vi ikkje ein gong Bibelen på sørsamisk. Derimot fantest han i ei gamal utgåve på ume/pitesamisk. Farfar min klarte å lese denne, sjølv om dette språket var langt frå den samisken han sjølv snakka.

Det fins enno nokre eldre samar her i Røyrvik som har lært seg samisk frå barnsbein av og snakkar det godt, men dei er ikkje mange, ikkje fleire enn at dei kan tellast på ei hand. Det er også nokre i min alder og yngre som beherskar det brukbart. Problemet er at språket ikkje lenger blir brukt aktivt blant samane her i Røyrvik. Språkbruken avgrensar seg til ein del terminologiske uttrykk som ikkje er dekkande på norsk, særlig innafor reindrifta. Vi står ikkje i ein særstilling, det er stort sett slik over heile det sørsamiske området. Ein kan vel alltids spekulere i kva som er årsaka til dette, men det går ikkje an å komme med nokon eintydig årsak til problemet. Men slik eg ser det, er ei av dei største årsakene at styresmaktene alt for lenge ikkje tillot språkopplæring i skolen. Dermed blei det heller ikkje fart i arbeidet med utviklinga og tilpasninga av det sørsamiske språket mens det enno var i aktivt bruk og mens det enno levde mange eldre samar som verkelig kunne språket og som kunne ha vore med på å utvikle det til dagens behov. Slik det er i dag, må ein nærmast ta sekken på ryggen og gå til fjells hvis ein vil bruke språket utan å måtte drive å kodeveksle. Sørsamisk er blitt eit språk som ein snakkar på kurs og som ein brukar i liturgiske handlingar i sørsamiske gudstjenester. Heldigvis er det i dag ein del ungdommar som er villige til å lære språket og har deltatt på språkkurs og prøvar å bruke det i den utstrekning dei har høve til.

I dag blir det gjort forsøk på å revitalisere det sørsamiske språket, men det blir liksom ikkje det samme. Den sørsamiske syntaksen og språkmelodien held på å forsvinne, det blir for mye influert av norsk.

Dessutan er det lite av dei sørsamiske dialektane som har fått ein grundig vitskapelig dokumentasjon. Her i Noreg er det bare rørossamisken og vefsensamisken som er grundig dokumentert, vefsendialekten på 1920-talet og rørosdialekten på 1940-talet. Trass i at områda her i indre Namdalen var eit samisk kjerneområde, så blei det ein kvit flekk på kartet. Det lå for avsides og langt vekk frå allfarveg, det var ingen språkforskar som gadd reise så langt i veglaust terreng. Det var ikkje før på 50- og 60-tallet at det blei gjort enkelte lydbandopptak av gamle samiske historier, nokre registreringar av stadnamn osv. Det var stort sett det heile. Dessutan var det i seinaste laget.

Men vi skal ikkje bare skulde på andre for at det har gått som det har gjort. Vi sjølve har vore for lite flinke til å lære bort det vi har beherska til yngre generasjonar. For å snakke for min eigen del, så må eg ta sjølvkritikk på det.

Kulturminne

I 1980 danna samane i Røyrvik ei samisk kulturforening: Luvlie Nåamesjen Daajve, som ho blei heitande. Ei av dei sakene som vi prioriterte å arbeide med, var registrering av dei samiske kulturminna. Årsaka til det var at nesten ingen ting var blitt registrert i dei her områda. Dei historiske og arkeologiske institutta har vist liten interesse for samisk arkeologi og den nordlige steinalderkulturen. Det er bare nokre spreidde registreringar i samband med vassdragsutbygginga som er blitt gjort.

Etter samisk munnlig tradisjon visste vi at storparten av dei eldste samiske buplassene blei øydelagt i samband med nydyrkinga på byrjinga av 1800-tallet. Derfor meinte vi at no måtte det gjørast noko for å få dokumentert det som var igjen av kulturspor etter samane, og vi måtte gjøre det sjølve. Det hasta også å gjøre det mens det enno levde eldre samar og bumenn som hadde kunnskapar om desse tinga. Vi tok kontakt med Saemien Sijte i Snåsa, og det resulterte i at vi starta eit pilotprosjekt i registrering av samiske kulturminner i Røyrvik og Namskogan kommunar. Før vi kunne begynne med registreringane dro eg rundt og snakka med eldre samar og bønder i området. Det viste seg at det enno fantes store kunnskaper om samiske kulturminner rundt omkring. Det fantes mye meir kulturminner enn vi hadde håpa på.

Seinare ut på 1980-talet blei det starta eit større registreringsprosjekt i regi av Saemien Sijte over heile det sørsamiske området. Områda blei delt inn etter reinbeitedistrikta, og det var lokalkjente samar som fikk ansvaret for dei enkelte områda. Eg hadde ansvaret for registreringane innafor Østre Namdal reinbeitedistrikt. Registreringsarbeidet varte i 4-5 veker kvar sommar over 3-4 år. Dette arbeidet var svært viktig. Vi kunne dokumentere at vi har vore tilstades i området. Det har stor betydning i diskusjonen om retten til land og vatn, og det har styrka sjølvbiletet vårt. Det var ikkje bare registreringane av dei einskilde objekta som var viktig, men også å få dokumentert historia til dei kulturminna og dei menneska som brukte dei. Det er og viktig å få belyst kontinuiteten av kulturminnetypene frå steinalderen og fram til nyare tid.

Fleire artiklar frå Samisk skolehistorie 1