Sámegillii

Tilleggsmateriale til boka Samisk skolehistorie 6. Davvi Girji 2013.

Ellen Marie Vars:

Lærarhunden

Omsett av Svein Lund

Ellen Marie Vars
(Govva: Svein Lund)

Ellen Marie Vars er født i 1957 og oppvokst i Láhpoluoppal i Guovdageaidnu. Ho har gått grunnskole i Guovdageaidnu, vidaregåande skole der og i Alta, lærarskole i Alta og har lest samisk grunnfag i Tromsø og journalistikk/samfunnsfag og tolkeutdanning ved Samisk høgskole.

Ellen Marie har arbeida som grunnskolelærar på svensk og norsk side, språkkonsulent, journalist, tolk og omsetjar. Ho har vore redaktør for avisa Áššu og ungdomsbladet Š, sekretær for NSR og Samisk kunstnerråd. Ho har omsett fleire artiklar i Samisk skolehistorie.

Ellen Marie har skrive mange bøker for barn, ungdom og voksne. Ho har skrive alle bøkene på nordsamisk, nokre av dei er omsett til norsk, grønlandsk og til andre samiske dialektar. Blant anna har ho skrive ungdomsboka Kátjá.

Dette diktet er publisert på samisk i boka Savdnjiluvvon nagir. Det er ikke tidligere publisert på norsk.

Eg hadde veldig flaks på skolen
Eg hadde verdas klokaste lærde lærar
Det fantest ikkje den ting i verdshistoria
som han ikkje visste

Han hadde ein stor, mager langbeina flekkete hund
Dyr, lærd hund forklarte læraren til dei uvitande barna
Klok hund, som hadde lang slektstavle og sterk bakgrunn, forklarte han
Og viste bilete og filmar
Skreiv og fortalte historia til hunden
Barn som eg var, skraut eg i glede:
Vi har og hund! Far sin hund
Det er virkelig ein klok hund!
Det er bare ein vanlig lapphund,
forklarte læraren
Slik som ein kan få gratis om så kor
Hunden min kosta allereie som kvalp mange tusen
Og alle forfedrene har vunne
ærespremiar for klokskapen sin

Det var som barnehjartet byrja å blø
Skam! For ein skam!
Når læraren kunne seie noko slikt!
Som om eg meinte at hunden vår
var like god som lærarhunden
Sjølv om eg visste
at vi ikkje hadde noko som var bra

For læraren var det visst bare morosamt
Han måtte vere veldig lukkelig
Som kanskje stamma frå bare heilage kongar
Slike som håret grodde på sjølv etter dauden
Som hadde ein slik hund som hadde så lang historie
at ein kunne fortelje om han i mange skoletimar

Eg takkar den gode
lærde læraren
Som så grundig og flittig
orka å fortelje om hunden sin
til dei uviitande samebarna
Aldri, aldri kan eg gløyme
Den lærde kloke
lærarhunden

Samisk skolehistorie 6