Sámegillii

Trond Trosterud

Velkommen til Tromsø

Opningstale på seminar for Samisk skolehistorie Tromsø 03.-04.04.2013

Trond Trosterud
(Foto: Basia Głowacka)

Trond Trosterud (f. 1962) er vakse opp i Oslo, Hammerfest og Trondheim. Han har studert lingvistikk, nordisk, finsk, historie og matematikk. Han har vore norsklektor i Helsingfors, urfolkskonsulent ved Barentssekretariatet i Kirkenes, og stipendiat og forskar ved Universitetet i Tromsø, der han no er professor i samisk språkteknologi.

Trond Trosterud har skrive ei rekke artiklar om språkvitskapelige og sosiolingvistiske tema, særleg i samband med finsk-ugriske språk, og ei mengde artiklar for samisk og nynorsk Wikipedia.

På vegne av arrangørane, Samisk språkteknologi og Universitetet i Tromsø, vil eg ønske alle velkomne til dette bokseminaret her i Tromsø.

Samisk skolehistorie er viktig for Samisk språkteknologi, og Berit Merete Nystad Eskonsipo vil forklare dykk i morgon kvifor det er slik. Men Samisk skolehistorie er også viktig for heile universitetet. Boka, eller rettare sagt bokserien, er metodologisk aktuell, da narrativ forskingsmetode er blitt viktig i mange fag. Bøkene er også eit tilsvarande prosjekt som Universitetet i Tromsø var, nemnlig eit dekolonialiseringsprosjekt. I bøkene får hovudaktørane i samisk skolehistorie; elevar, lærarar, internatarbeidarar, lærebokforfattarar og politikarar, sjølve forklare korleis det verkelig var – etter deira syn. Dei får sjølve vere med å skrive si eiga historie.

Eg trur, at betydninga av denne bokserien vil bare auke med tida, slik at når det om hundre år er tid for å analysere 1900-talet i samisk historie. og i noregshistoria her i nord, så er Samisk skolehistorie ein naturleg og viktig del av denne prosessen.

Eg ønsker Samisk skolehistorie velkomen til akademiet og den akademiske diskusjonen, og eg ønsker universitetet sine forskarar velkomne til å bruke bokserien i sitt eige arbeid. Seminaret i dag og i morgon er ein svært god start på dette, og eg vil takke Svein Lund, som har ønska og arrangert eit slikt seminar, og Davvi Girji, som har utgitt alle bøkene.

Takk, og velkommen til dykk alle.


Hovudsida til Samisk skolehistorie

Skriv til vevmesteren