Sámegillii

Artikkel i boka Samisk skolehistorie 5. Davvi Girji 2011.

Synnøve Solbakken-Härkönen:

- Korleis endre skolen?

Fortalt til og omsett av Svein Lund

Synnøve Solbakken-Härkönen.
(Foto: Áile Javo)

Heilt sidan Synnøve Solbakken i 1965 byrja i 1. klasse på Karasjok skole, har ho vore misnøgd med skolen. Etter kvart har tankane hennar mogna om kva slags skole ho ville ha, ein skole der samisk språk, samisk kultur og samisk kunnskap var grunnlaget. Men kva kan ein gjøre for å endre skolen? Skaffe seg utdanning? Bli lærar, rektor, forskar, konsulent eller politikar?
Etter kvart har Synnøve forsøkt alle desse rollene. Etter gymnas i Karasjok tok ho lærarutdanning i Alta og seinare tilleggsutdanning i samisk, finsk, pedagogikk og leiing. Ho har arbeida som grunnskolelærar i Karasjok og Gáregasnjárga (Karigasniemi), arbeida ved Samisk utdanningsråd og Nordisk Samisk Institutt og vore inspektør og rektor ved begge dei samiske vidaregåande skolane. Frå 2007 har ho vore leiar for forlaget Davvi Girji. 2005–2009 var ho sametingsrepresentant.
Her fortel ho korleis det gikk da ho skulle endre skolen. Ho har fortalt først i 2004 og så supplert i 2010.

Namnet Synnøve Solbakken-Härkönen fortel mye om språk- og kulturmøte i det norsk/finske grenseområdet i det sentrale Sápmi. Ingenting i namnet røpar at det skjuler seg ein same bak det. Når ein skriv namnet må ein til og med bruke fire bokstavar som ikkje finst i det nordsamiske språket. Jordsalslova for Finnmark av 1902 bestemte at alle gardseigedomar skulle ha norske namn. Derfor har dei fleste som stammar frå gardar i Kárášjohka namn som Svineng, Strømeng, Soleng, Nystad, Østmo, Teigmo – og Solbakken. 50- og 60-åra var ei hard fornorskingstid og mange foreldre tenkte at jo norskare namn dei gav barna, jo betre. Slik fikk ei lita jente som blei fødd i Kárášjohka i 1958 namnet Synnøve Solbakken. (Kor Härkönen-namnet kjem frå kan du lese litt lenger ute.)

Eg forsto ingenting

Sjølv om namnet var som tatt frå Bjørnstjerne Bjørnson sine bondeforteljingar, forsto lille Synnøve knapt eit ord norsk da ho byrja på skolen i 1965.

– Eg vaks opp på sjølve kyrkjestaden. Men sjølv om der var nokre norsktalande, kunne eg ikkje anna enn samisk da eg byrja på skolen. I den tida blei elevane i Karasjok delt i fire grupper: dei fastbuande frå dei avsides bygdene gikk på Grensen skole, på Karasjok skole var det flyttsamebarn, kyrkjestadsbarn og «bussbarn». Meg plasserte dei i kyrkjestadsklassen.

Ingen hadde fortalt meg at skolen var vanskelig. No visste eg jo at undervisninga var på norsk, men eg tenkte at det forstår eg nok når eg kjem til skolen. Så kom sjokket. Læraren var frå Sørlandet og snakka bare norsk. Eg forsto absolutt ingenting. Eg avgjorde med det same: Dette var min første og siste skoledag!

Synnøve og bror hennar på veg til skolen.
(Foto utlånt av Synnøve Solbakken-Härkönen)

Klaga til rektor

– I klassen min var det både norsktalande og samisktalande barn. Dei fleste av dei samisktalande forsto meir eller mindre norsk. Eg fikk sjølvsagt ikkje lov å slutte på skolen, men dei sette meg i ein annan klasse, bussbarnklassen. Der var det samisktalande lærar, Kirsten Porsanger Sara. Ho snakka til vanlig norsk i timane. Ho skilde ganske klart: i timane snakka ho mest norsk, men i pausene snakka ho samisk med oss. Om vi ikkje forsto kva ho sa på norsk, så forklarte ho det på samisk. Det gjorde at vi kjente oss trygge. Sjølv om vi ikkje forsto alt i timane, var det mye lettare når læraren forsto oss. Først var det bare samisktalande barn i den klassen, men så plasserte dei ei norsk jente der. Deretter kom det ein samisktalande gutt i klassen vår, men han blei snart flytta over i kyrkjestadsklassa. Da gikk vi til rektor og klaga, for etter mi meining hadde dei flytta feil elev. Da fikk vi klart svar: Dei hadde sett den norske jenta i klassen vår for at vi skulle lære norsk.

Sjølv lærte eg ganske raskt norsk da, ikkje så mye på skolen som fordi eg leika med dei norsktalande jentene. Det var andre som streva meir enn meg før dei lærte norsk. Den tida var det kjent at i samisktalande klassar var det heilt stille. Det var nokre elevar som knapt sa eit ord gjennom heile grunnskolen.

Da bror min, som var to år yngre enn meg, byrja på skolen, starta samisk begynnaropplæring. Men vi fikk ikkje noko slags opplæring i samisk før vi var i 8. klasse. Da fikk vi såkalla samisk lesekurs. Det var så kjedelig, verre enn nynorsk. Det var som å halde narr av oss som hadde lært alt på norsk til da. Vi skulle ikkje lære å skrive, bare lese. Det var den gang den gamle skrivemåten, Bergsland-Ruong, som eg syntest var svært tung å lese.

«Samisk» gymnas, norsk innhald

– Mens eg gikk i grunnskolen var det i Karasjok blitt starta såkalla samisk gymnas, og eg byrja der i 1974. Der fikk eg for første gong samisk som skikkelig fag. Da gikk eg med liv og sjel inn for å lære å skrive samisk så fort som råd. Vi hadde Per Jernsletten som samisklærar. Det var ikkje så mange lærebøkene. Vi leste antologien Duov'dagat ja bargot og heile Johan Turi si bok Mui'talus sámiid birra (Forteljing om samane). I språklæra brukte vi Bergsland sin grammatikk, som var fryktelig tung og slett ikkje skrive for vidaregåande skole. Utanom samisktimane var det svært lite samisk innhald. Eg hugsar at vi hadde litt samisk kulturgeografi og at vi leste bøker av Matti Aikio i norsktimane. Ellers brukte vi vanlige bøker og all undervisninga var på norsk. Også samisktalande lærarar underviste på norsk. Den gang var det enno ikkje vidaregåande skole i Lakselv, og mange elevar frå Porsanger drog til Karasjok.

To språk til ungen

Mens Synnøve gikk på gymnaset traff ho ein finsk gut frå Gáregasnjárga, og resultatet var at ho fødde eit barn året etter at ho gikk ut av gymnaset. (Og etternamnet Härkönen fikk Synnøve da ho mange år seinare gifta seg med barnefaren.)

– Eg jobba da som lærarvikar på Karasjok barneskole. Da fikk eg følgje eit kurs om tospråkligheit, som Tove Skutnabb-Kangas heldt for lærarar. Det var svært nyttig og det hadde stor innverknad på livet mitt og for familien min. Før hadde eg tenkt at vi som foreldre måtte snakke eitt og same språk til ungen, men da fann vi ut at vi skulle snakke kvart vårt morsmål; eg samisk og kjærasten min finsk. Og slik gikk det til at sonen min voks opp som tospråklig.

– I 1978–81 gikk eg lærarskolen i Alta. På lærarutdanninga var det ei såkalla samisk avdeling. Vi hadde samisk som fag, men det var ikkje meir enn 5 vekttal eller ei ¼-årseining. Inn i dette faget skulle dei og putte alt mogleg; språkopplæring, litteratur, samisk historie og samfunnslære. Talet på sider vi måtte lese tilsvara sikkert 20 vekttal. Og vi samiske studentar hadde mye dårligare grunnlag i samisk enn dei norske studentane hadde i norsk. I andre fag var det ikkje noko samisk innhald, med unnatak av samfunnslære. Resultatet var at vi samiske studentar hadde mye meir arbeid enn dei studentane som ikkje leste samisk. Likevel hadde vi betre grunnlag for å undervise i norsk skole enn i samisk skole da vi var ferdige.

Synnøve Solbakken-Härkönen på rektorkontoret i Karasjok.
(Foto: Svein Lund)

Frå skole til utdanningsråd og institutt

– Etter lærarskolen jobba eg eit år som lærar i Gáregasnjárga, og samtidig lærte eg finsk. I 1983 kom eg tilbake til Karasjok barneskole og oppdaga at ingenting hadde endra seg på dei 5 åra som var gått. Vi hadde framleis svært lite læremiddel og måtte sjølv lage mye av det vi trong. Vi starta læremiddelprosjekt, samla i permar og bytta med kvarandre. Det blei ikkje ferdige læremiddel i første omgang, men seinare har lærarar brukt det vi laga som grunnlag når dei har skrive lærebøker i miljøfag og samisk.

Eg fann ut at ein stakkars lærar ikkje kan endre skolen. Om eg skulle kunne påverke skolen, måtte eg lenger opp. Så leste eg «skoleutvikling og rettleiing» og fikk arbeid på Samisk utdanningsråd, som forsøks- og utviklingsleiar. Nettopp da var arbeidet i gang med læreplanar etter mønsterplanen av 1987. Men eg fann ut at det ikkje blei nokon samisk skole av det arbeidet heller. Ei av oppgåvene mine var å vurdere høringsuttalar som hadde kome frå samiske lærarar til dei nye fagplanane. Målet var å tilpasse norske fagplanar til samiske elevar. I nokre fagplanar blei det bare lagt til ordet «samisk» på høvelige stader.

Kva så med forskingsinstitusjonane, kunne ein ikkje gjøre noko der? Eg fikk arbeid på Nordisk Samisk Institutt, utdannings- og informasjonsavdelinga. Men det var ei forferdelig byråkratisk verd! Eg hadde ikkje noko kontakt med skolane. Det var da snakk om å lage fellessamiske læreplanar, men det blei det ikkje noko av.

Inspektør og rektor

Så oppdaga eg at Samisk videregående skole og reindriftskole i Kautokeino søkte etter inspektør. Eg tenkte at i administrasjonen kan eg kanskje gjøre noko for å utforme ein samisk skole. Eg tenkte at det måtte vere den beste posisjonen for å kunne påverke.

Frå først av gikk det ganske bra. Skolen hadde fått status som forsøksskole og ganske mange pengar til utviklingsarbeid. Vi utvida tilbodet, fikk treårig utdanning innafor nesten alle linjer og eit tilbod om allmennfag med reindrift og duodji som linjefag. Vi laga nye læreplanar og fikk i gang fleire læremiddelprosjekt. Men så kom Reform 94, som reiv ned mye av det vi heldt på å bygge opp.

Det var så mye som skolen ikkje fikk bestemme sjølv. Over skoleadministrasjonen sto Styret for de samiske videregående skolene og så Utdanningsdepartementet. Derfor tenkte eg at om eg hadde vore rektor, så ville eg hatt direkte kontakt med styret og med departementet. Og da det hadde gått nokre år så slapp eg til i rektorstolen. Først som rektorvikar i Kautokeino og seinare i fast stilling i Karasjok. Da fann eg ut at det som styrer rektoren sin arbeidsdag er alle andre planar enn nettopp den om å bygge opp ein samisk skole. Rektor må arbeide med så mange unyttige ting. Det viktigaste synest å vere å fylle ut skjema og skrive rapportar, ikkje å verkelig frigjøre ressursar til utvikling. Vanligvis når høgare styresmakter vurderer rektor sitt arbeid spør dei bare om ho har fylt ut alle rapportane – ikkje om ho bringer nokre nye tankar inn i skolen. Og dei siste åra har og rektor si rolle som arbeidsgivarrepresentant blitt understreka - rektor skal i første rekke vere lojal mot arbeidsgivar, ikkje mot skolen sine lærarar og elevar.

– Når du ser tilbake, kor meiner du at du har påverka mest?

– Eg veit ikkje om eg har påverka så mye i det heile, men den beste moglegheita hadde eg nok som inspektør. Da hadde eg meir frie hender enn eg hadde som rektor.

Læreplanarbeid og læremiddel

– Eg har vore med på læreplanarbeid både i samanheng med Reform 94 og Kunnskapsløftet. I 1994 var eg med i gruppa som laga læreplanar for samisk første- og andrespråk for vidaregåande skole. Siste gongen var eg med gruppa som laga såkalla gjennomgåande læreplanar for samisk førstespråk. Det var eit veldig interessant arbeid.

Mens eg jobba på Samisk vidaregåande skole var eg med på eit læremiddelprosjekt i samisk litteratur. Resultatet var to tekstsamlingar og eit nettlæremiddel. Prosjektet var eit samarbeid med Davvi Girji, men vi på skolen hadde starta med dette lenge før, fordi vi mangla læremiddel nettopp i litteratur. Det lærte vi mye av.

Hindringar og utfordringar

– Kva for hindringar ser du i dag for samisk skoleutvikling?

– Hindringar er det på mange nivå. Vi manglar både tid, pengar, opplæring og motivasjon.

Mye er opp til den einskilde læraren, som må ha kunnskap og må bry seg. I skolesystemet er det mange folk som ikkje kjenner stoda vår. Eit eksempel er at før hadde vi konverteringsordning som gav lærarar tilleggstid til å førebu seg til undervisninga fordi vi hadde så lite læremiddel. Denne ordninga har departementet fjerna, med det argumentet at vi no har nok samiske læremiddel. Det viser at dei som bestemmer verkelig ikkje kjenner til korleis stoda er.

Nokre folk i departementa forstår situasjonen vår, men det er skremmande mange byråkratar som ikkje forstår. Nokre folk sit i departementet og styrer oss utan å kjenne skolane. Eg ser svært stort behov for at dei verkelig får bli kjent med skolane, ikkje bare møte styret og rektor.

I norsk skole brukast svært mye pengar til administrasjon. Eg undrar meg på kvifor vi ikkje kan lage eit system som fungerer godt. Med dagens ressursar skulle ein kunne gjøre mye meir. Det er fryktelig mye organisering, som bind og øydelegg kreativiteten.

Eg har enno ikkje gitt opp. Derfor har eg tatt læremiddelpedagogikk. Eg har lita tru på vanlige læremiddel, men nye tankar og metodar gir håp. Vi må sjå på ny teknologi som ei utfordring, ikkje bare som eit problem.

Så lenge opplæringa er styrt av læreplanar, blir det ikkje samisk opplæring utan at det finst eigne samiske læreplanar. Men når det til no har vore laga samiske læreplanar har det bare vore snakk om å gjøre ei tilpassing av dei norske læreplanane. Det har eg sett både i grunnskolen og i vidaregåande skole. Draumen min er å få lage felles nordiske samiske læreplanar, som vi får utforme frå grunnen av.

No har eg funne ut at ein som arbeidar i skolen ikkje kan endre verda. Ein må kanskje byrje i politikken? I alle fall trur eg ikkje at å bygge ein samisk skole er noko som er opp til eit enkelt menneske eller eitt nivå. Det krevjast at alle – foreldre, elevar, lærarar, leiarar, byråkratar og politikarar – forstår kvarandre og arbeider i lag.

Vi kan ikkje bare klage på dei norske

Sjølv om det er Stortinget og Utdanningsdepartementet som i stor grad styrer både læreplanane og den økonomiske situasjonen vår, kan vi ikkje bare legge skulda på dei norske. Vi må og sjå kva vi samar og dei samiske institusjonane våre gjør for å utvikle samisk opplæring. Kvifor er det mogleg å bygge ein samisk høgskole, men ikkje ein samisk vidaregåande skole? Desse skolane er jo under det same departementet.

Styret for de samiske videregående skolene har etter mi meining arbeida alt for lite med prinsipielle spørsmål, sjølv om det noverande styret har byrja å prioritere slike spørsmål. Det er svært lite diskusjon om kva samisk vidaregåande opplæring skal vere og korleis ein skal verkeliggjøre denne. I staden teller ein kor mange elevar vi har, kor mange pengar vi brukar osv. Om ikkje Styret for de samiske videregående skolene diskuterer kva samisk vidaregåande opplæring skal vere, korleis kan ein da vente at andre skal gjøre det?

Sametinget kan påverke, men da må det først vakne sjølv. Eg må seie at Sametinget til no ikkje har gjort stort for å påverke stoda i vidaregåande opplæring. Det ser ut som dei ikkje bryr seg om oss i det heile. Sametinget har ei svært stor opplæringsavdeling, men vidaregåande skole synest ikkje der. Eg spør kvifor dei ikkje har kontakt med skolane, kvifor dei ikkje bryr seg om kva skolane gjør og kva elevar og lærarar meiner.

Samisk vidaregåande skole som er bygd på samisk språk og kultur kjem ikkje av seg sjølv. Vi må byrje å samarbeide og trekke i same retning.

Så langt kom vi i 2004, og tanken var å trykke denne forteljinga i Samisk skolehistorie 2. Men der blei det ikkje plass, og så blei det utsett til vidaregåande opplæring igjen blei emne for ei bok i serien. Men i mellomtida var det hendt så mye at Synnøve måtte få fortelje også om røynslene sine dei siste åra.

I 2004 var den siste tanken hennar om korleis endre skolen: «Ein må kanskje byrje i politikken?» Og som sagt så gjort. Året etter stilte ho på valliste for Norske Samers Riksforbund og blei innvald på Sametinget. Der fikk ho arbeide med skolesaker og blei leiar av utvalet for oppvekst, omsorg og utdanning. Derfor har vi bede henne fortelje korleis det gikk da ho byrja i politikken.

Sametinget har liten makt

– Eg ville på Sametinget først og fremst for å påverke skolepolitikken. Men eg må seie at eg blei skuffa, og da eg hadde vore der i fire år ønska eg ikkje å fortsette.

Sametinget har eit stykke på veg fått formell styringsmakt i det samiske skoleverket, men i røynda er det Kunnskapsdepartementet som avgjør. Eg kan nemne eit eksempel. Sametinget hadde formelt bestemt ein samisk læringsplakat. I den samanheng vedtok Sametinget at det skulle lagast eigne prinsipp for samisk opplæring. Prinsippa skulle vere med å klargjøre for skoleeigarane ansvaret for å tilby ei opplæring som følgde lov og forskrifter, menneskerettar og urfolksrettar og som var tilpassa etter lokale og individuelle vilkår og behov. Kunnskapsdepartementet gikk med på det, men kravde at dei generelle prinsippa som allereie var anerkjente, skulle leggast til grunn. Sametinget laga forslag til prinsipp for samisk opplæring, men dei måtte igjen sendast til Kunnskapsdepartementet til godkjenning. Det var ikkje nok at Sametinget laga prinsippa for samisk opplæring på grunnlag av nasjonale prinsipp, dei skulle likevel overprøvast av departementet!

Synnøve på Sametinget
(Foto: Áile Javo)

Utval utan arbeid

– Mange har kanskje trudd at Sametinget utval for oppvekst, omsorg og utdanning svarar til tidligare Samisk utdanningsråd, men det er slett ikkje tilfelle. Utdanningsrådet fikk sjølv komme med forslag til styresmaktene og ta opp saker som etter rådet si meining var viktige for skolen for samiske elevar. Men oppvekst- og utdanningsutvalet får ikkje sjølv ta opp saker og ikkje sjølv avgjøre noko. Vi skulle bare arbeide med saker som Sametingsrådet ga oss. Det førte til at vi hadde ganske få utdanningssaker i dei fire åra. Under oss hørte også helse- og språksaker. Av og til fikk vi også saker som hørte til andre område. Ein gong skjedde det at vi hadde bare ei sak på sakslista, og den var så enkel av vi ikkje trengte meir enn fem minutt for å avgjøre henne. Og det var møtet vårt den gongen. Utanom den nemnde læringsplakaten og prinsippa for samisk opplæring behandla vi læreplanane i Kunnskapsløftet, Sametinget sin strategiske læremiddelplan og organiseringa av dei samiske vidaregåande skolane.

Medlemmane av utvalet var vald blant sametingsrepresentantane, etter storleiken på dei politiske gruppene. Det var ikkje noko krav om at dei skulle kjenne til skolesaker. Derfor var det mange med som ikkje kjente skolesaker så godt. Heldigvis fikk vi sjølv halde eit par seminar og også besøke konferansar og liknande, og vi fikk be skolefolk å forklare forholda sine for oss.

Det hadde vore mye betre om utvalet hadde fått fremme saker sjølv, i staden for å bare få bearbeide sametingsrådets forslag til vedtak.

Mista illusjonar

I den tida da eg var sametingsrepresentant mista eg mange illusjonar som eg hadde hatt om Sametinget. Eg oppdaga at mange der ikkje først og fremst tenkte på kva som er bra for samane. Personlig ære og trong til å vere i media virka mange gongar å vere viktigare enn sakene. Eg likar ikkje slikt maktspel.

Det var også svært strenge grenser mellom partia. Det virka på meg som mye tid og krefter gikk til indre maktkamp i staden for å samle krefter og menneskelige ressursar for å klare seg betre overfor norske styresmakter og fremme samiske saker overfor dei. Det er bare motstandarane våre som har nytte av det når vi sjølve kranglar og slåss om bagatellar.

Sametinget har rett og slett adoptert stortingssystemet utan å spørje om det fremmer ei felles ånd blant samane. Eg er ikkje sikker på at Sametinget sin organisasjonsmodell er den beste løysinga for samane. Sametinget har blitt ein kjempestor arbeidsplass, men eg undrar om ein ikkje kunne bruke ressursane betre.

Skolen ikkje utvikla seg

– På kva vis har skolen for samar utvikla seg etter at Sametinget kom?

– Dei største endringane var i åra før Sametinget blei grunnlagt. Deretter har Sametinget bare streva med nye reformer som har kome frå styresmaktene, og forsøkt å hindre departementet i å øydelegge det som er bygd opp.

Er det partipolitikken som er det viktigaste for samisk skole? Både på Sametinget og på Stortinget meiner nesten alle partia det same om samiske skolesaker. Det viktigaste etter mi meining er kunnskapar og visjonar.

Kven styrer samiske vidaregåande skolar?

– Dei samiske vidaregåande skolane har alltid vore statlige, og styra for skolane har vore direkte under utdanningsdepartementet eller direktoratet. Men det har vore ein lang diskusjon om organiseringa av skolane. Det har vore to offentlige utval som har utgreia korleis ein skal organisere samiske vidaregåande skolar. I det første, Kvalvik-utvalet [1] foreslo fleirtalet at skolane skal vere under Sametinget. Men Sametinget uttalte deretter at dei ikkje var klare for å overta dette ansvaret og dengang skjedde det ikkje meir i saka.

I 2007 blei det så oppnemnd eit nytt utval, med representantar for Sametinget, Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet. Det erklærte i 2008 at skolane bør flyttast inn under fylkeskommunen. Sametinget vedtok deretter at Sametinget bør ha ansvaret for forvaltninga av dei samiske vidaregåande skolane, men sette vilkår for dette: Sametinget skal få påverke si eiga budsjettramme og Sametinget skal få reell makt i samiske utdanningsspørsmål. Inntil desse vilkåra er oppfylte, skal skolane vere under staten. Det er ei gruppe på Sametinget som arbeider med saka, men det har ikkje kome noko frå denne. Så eg veit ikkje korleis saka skal behandlast vidare.

Styret for de samiske videregående skolene består no av folk som har sete der i minst ti år på overtid, fordi den framtidige styringsforma enno ikkje er avklart.

Kunnskap skal vere grunnlaget

– Etter mi meining er det viktig at kunnskap er grunnlaget når det blir gjort politiske vedtak som gjeld skoleverket. Ein kan ikkje argumentere utan faglig grunnlag. Eg ser at vi treng både reell og formell kompetanse. Derfor skulle skoleforsking få større vekt. Det skulle også vere betre kommunikasjon mellom forskingsinstitusjonar og Sametinget. Sametinget arrangerer ofte seminar for politikarane, men etter det eg kjenner til har det ikkje vore seminar der resultat av skoleforsking har blitt formidla til politikarar.

[1] Framtidig tilknytningsform for de statlige samiske videregående skolene. Rapport fra arbeidsgruppe. 2002.


Flere artikler fra Samisk skolehistorie 5