Åarjelh-saemien gielesne Davvisámegillii

Artikkel i boka Samisk skolehistorie 3. Davvi Girji 2009.

Inger Johansen:

Åarjel-saemiej maanagierte: Frå omreisande campingvogn til fast heiltidsbarnehage

Inger Johansen Inger Johansen
(Foto utlånt av Inger Johansen)

Inger Johansen har intervjua fire av dei som har arbeidd med sørsamisk barnehage, eller som har eller har hatt barn her. Ho er doktorgradsstipendiat ved Samisk høgskole, med sørsamisk sosiolingvistikk som tema. Ho er fødd i 1977 og oppvaksen på Orkanger i Sør-Trøndelag. Ho har mastergrad i nordisk språkvitskap frå NTNU, der temaet var sørsamisk revitalisering.

Anita Dunfjell Aagård Anita Dunfjell Aagård på samisk skolekonferanse i Tromsø 2003
(Foto: Svein Lund)

Anita Dunfjeld Aagård er er no lærar på Åarjel-saemiej skuvle. Ho er fødd i 1974 og oppvaksen i Snåsa, der ho gikk på Sameskolen. Ho har lærarutdanning frå Bodø lærerhøgskole og NTNU, halvårseiningar i sørsamisk og samfunnsfag, med vekt på samiske forhold, frå høgskolane i Nord-Trøndelag og Nesna, samt mellomfag i sørsamisk frå Universitetet i Tromsø.

Hanne-Lena Wilks

Hanne-Lena Wilks i Åarjel-saemiej maanagierte i lag med barna Nihko-Laara Påve Wilks og Hilma Dunfjeld Mølnvik
(Foto: Åarjel-saemiej maanagierte)

Hanne Lena Wilks lever av og med reindrift og samisk handverk. Ho er fødd i 1968 og er oppvaksen i Skæhkere Sijte i Snåsa. Ho har utdanning i teknisk teikning, teikning, form og farge, Samernas utbildningscentrum i Jokkmokk – sløydlinja og pels- og skinnkonfeksjonslinja, sveinebrev i duodji. Ho har og lese sørsamisk ved Høgskolen i Nord-Trøndelag.

Anne-Lise Dunfjeld

Anne-Lise Dunfjeld
(Foto: utlånt av Anne-Lise Dunfjeld)

Anne-Lise Dunfjeld er lærar på Åarjel-saemiej skuvle. Ho er fødd i 1955 og oppvaksen i Evenes kommune i Nordland. Ho har lærarutdanning frå Tromsø, sørsamisk frå Nesna lærerhøgskole, samfunnsfag med vekt på samiske forhold og 5– 9-års pedagogikk frå Høgskolen i Nord-Trøndelag og fleirkulturell forståing frå Samisk høgskole.

Olaug Pettersen er rektor på Åarjel-saemiej skuvle og styrar i Åarjel-saemiej maanagierte. Ho er fødd i 1963, oppvaksen på Frosta i Nord-Trøndelag. Ho har utdanning som lærar frå Høgskolen i Bodø med påbygging innan IKT, naturfag, musikk og personalleiing. Har tidligare arbeidd som lærar og leiar i den norske skolen.

– Å, det er så fantastisk med denne barnehagen! utbryt Anita Dunfjeld Aagård. – Det er ingen tvil om at barnehagen er svært viktig for å støtte opp om språket til ungane mine, stemmer Hanne Lena Wilks i. Anita og Hanne Lena har begge ungar i Åarjel-saemiej maanagierte, den sørsamiske barnehagen på Snåsa. Historia om eit barnehagetilbod på sørsamisk går tilbake til byrjinga av 80-talet og tok til med ein omreisande sesongbarnehage. Og ei campingvogn.

Barnehage i ei campingvogn

For det byrja med ei campingvogn I 1982 sette dåverande Forbrukar- og administrasjonsdepartementet i gang eit forsøksprosjekt med ein ambulerande sørsamisk barnehage. Barnehagen, som var ei campingvogn, vart trekt rundt i det norske sørsamiske området og var nokre veker på kvar plass før dei drog vidare. Då kunne ungar i området, anten dei var heime til vanleg eller i ein vanleg, norsk barnehage, koma dit og leike i lag med andre samiske ungar og få møte samisk språk og kultur. Forsøksprosjektet vart avslutta i 1985.

Anne-Lise Dunfjeld, som jobbar som lærar på Åarjel-saemiej skuvle, har vore med på mange av dei ulike tilboda om sørsamisk barnehage. Ho har lenge ivra for å få ei fast ordning. – Og eg hugsar på slutten av 80-talet, då dreiv vi og sende jenta vår til Røyrvik, for då var det ein sørsamisk barnehage der, seier ho. Denne familiebarnehagen var eit samarbeid mellom Røyrvik kommune og foreldre frå Østre Namdal reinbeitedistrikt og varte frå 1989 til 1991.

Forløpar for den samiske barnehagen i Snåsa var eit prosjekt som gikk i tida 1982-85, der det var ambulerande barnehagetilbod i 3 sørsamiske regionar. Her er barnehagen si campingvogn ved sommarstemne på Majavatn.
(Foto: Odd Kappfjell)

Mislykka forsøk i 1992

– Så flytta vi frå Hattfjelldal til Snåsa i 1990, og heilt frå starten var vi saman med andre foreldre og snakka om å få på beina ein sørsamisk barnehage, held ho fram. Samisk utdanningsråd tok samtidig, i 1992, initiativ til eit foreldremøte nettopp på Snåsa for å undersøkje behovet og interessa for ein samisk barnehage.[1] Hovudtanken med barnehagen var å leggje til rette for tospråkleg utvikling i norsk og samisk. Foreldreinteressa var stor, og det var så mange som 12 foreldrepar som ville vera med. Planen var å starte opp barnehagen alt hausten 1992, men det vart dessverre likevel aldri noko av. Samisk utdanningsråd kunne berre søkje om midlar for eitt år om gongen, og dei kunne ikkje garantere drift i den samiske barnehagen for meir enn eitt år fram i tid. Samtidig var det slik at dersom foreldra først tok ungane sine ut av den kommunale barnehagen, kunne dei miste plassen sin for neste år. Kommunen ville ikkje garantere at dei skulle få tilbake plassen om dei fekk behov for han. Dermed kunne dei i verste fall bli ståande utan barnehageplass. – Dette tok ikkje foreldra sjansen på, og alle trekte seg til slutt frå prosjektet. Vi stod att som eitt av dei to siste foreldrepara som trekte seg. Vi var begge i arbeid og var heilt avhengige av å ha barnehageplass. Dersom nokon kunne garantert at den samiske barnehagen skulle vera i drift i f.eks. minst tre år, så hadde vi ikkje vore i tvil om å ta ungane våre ut av den norske barnehagen, fortel Anne Lise.

På same tid, tidleg på 90-talet, vart det gjort nokre forsøk andre stader òg med å få i gang sørsamiske barnehagar. Etter Snåsa-forsøket vart det såleis gjort eit tilsvarande forsøk i Brekken/Røros-området. Men på grunn av bl.a. korte tidsfristar gjekk det heller ikkje her. Seinare vart det etablert ein sørsamisk familiebarnehage her, som var i drift i eitt år. På Majavatn i Grane kommune vart det hausten 1992 starta eit samisk barnehagetilbod i den kommunale barnehagen, med 8 timar med sørsamisk førskulelærar i veka. Dette var finansiert av reindriftsmidlar. Dette tilbodet vart avslutta på grunn av for få ungar etter ei stund.

I åra frå 1994 til 1996 var det sørsamisk språk- og kulturstimulering i Vinjebakken barnehage på Snåsa. Dei samiske ungane vart samla i eit eige rom éin dag i veka. Eit tilsvarande tilbod starta òg opp i Elgå i 1994. Der fekk dei samiske ungane to dagar i veka med samisktalande personale.

– I 1996 fekk vi nokre pengar att, no frå Samisk språkråd, hugsar Anne-Lise. Då starta eit tilbod i morsmålstrening for samiske ungar i ein eigen etasje i den kommunale korttidsbarnehagen i Viosen på Snåsa. Der fekk ungane språkstimulering to dagar i veka i eitt år. Etter dette året flytta det sørsamiske tilbodet tilbake til den norske barnehagen på Vinjebakken. Der var dei samiske ungane i lag med dei andre ungane, bortsett frå nokre timar to dagar i veka der dei hadde tid med ein språkstimulator. I tillegg var det ein gamme dei brukte å vera i. – Men dette var lite tilfredsstillande, for vi fekk ikkje nok tid for oss sjølve til å få utøvd språket skikkeleg med ungane, seier Anne-Lise Dunfjeld. Denne ordninga vara heilt fram til hausten 2001.

I 1998 vart det igjen sett i gang eit tilbod i Brekken, men dette tilbodet låg delvis nede nokre år bl.a. på grunn av mangel på kvalifisert personale. Dette ordna seg imidlertid nokre år på 2000-talet, samtidig som språkmotiveringsprosjektet i Elgå var i gang. Det 5-årige prosjektet, som var eit samarbeid mellom Sametinget og Engerdal kommune, og som starta i 2001, følgde opp ei gruppe på 8 ungar gjennom barnehage og skulestart, med opplæring på sørsamisk som førstespråk.[2]

Open barnehage

Hausten 2001 starta det ein open barnehage på Snåsa, etter initiativ frå foreldra. 8–10 ungar med foreldre møttest 6 timar i veka, fordelt på to dagar i lokala til Åarjel-saemiej skuvle. Anne Lise var pedagogisk leiar for dette. – Foreldra tykte dette var eit godt tilbod, men vi sakna likevel ein heiltidsbarnehage, seier ho. Tilbodet om den opne barnehagen og dei få timane i veka med språkstimulering i Vinjebakken var ikkje nok til at ungane fekk eit naturleg forhold til det å snakke sørsamisk, og foreldra ønskte seg ein sørsamisk heiltidsbarnehage.

Hanne-Lena var blant dei foreldra som var med og planla heiltidsbarnehagen. – Vi var mange ivrige foreldrepar som møttest i den opne barnehagen og snakka om at vi ønskte oss ein eigen heiltidsbarnehage der ungane våre kunne få lære seg å praktisere språket. Våren 2003 heiv vi oss derfor rundt og laga planar for ein sørsamisk barnehage som skulle opne alt hausten etter. Alle foreldra var med og var aktive, og vi laga budsjett og vedtekter og ordna med lokale og alt. Dåverande rektor på sameskulen, Heidun Oldervik, hjelpte oss, for ho kunne mykje om det formelle ved å starte ein barnehage.

Kommunen fekk ein ferdig pakke frå oss som det berre var å vedta. Dei var veldig positive og kjempeimponerte over arbeidet vi hadde gjort, og at det hadde gått så fort, fortel Hanne Lena.

Og fort gjekk det! Barnehagen opna 2. september 2003, og under opningstalen sin sa rådmannen at det neppe hadde vorte starta ein barnehage så fort før.

I lavvoen: Hilma Dunfjeld Mølnvik, Lilja Jåma-Berg og Nihko-Laara Påve Wilks
(Foto: Anna Liisa Jåma, Ságat)

Meir av alt

Olaug Pettersen er rektor på Åarjel-saemiej skuvle og styrar i barnehagen. Ho forklarer at Åarjel-saemiej maanagierte er ein kommunal barnehage som vart lagt inn under samisk eining saman med Åarjel-saemiej skuvle og internatet. Kommunen har dermed ansvaret for drift og finansiering. Til å oppretthalde det spesifikt samiske får barnehagen støtte frå Sametinget og Reindriftens utviklingsfond. Og på grunn av desse midlane kan dei ta med ungane ut på reinslakt og reinskiljing og slikt. Ungane i barnehagen er mykje ute og bruker naturen aktivt. Dei har ein fast utedag med base i gåetie, ein torvgamme. I tillegg har dei kjøpt seg ein lavvo det går an å ta med på turar ute i skog og mark.

Dei største utfordringane til barnehagen er å finne kvalifisert personale og nok samiskspråklege leiker og hjelpemiddel. – Vi skulle gjerne hatt meir av alt, for det er lite som er laga med tanke på sørsamiske forhold. Noko av det vi har, er laga av privatpersonar som ser behovet. På grunn av dette kan ungane f.eks. drive med lassokasting og andre tradisjonelle samiske aktivitetar.

Det har vore mange endringar på personalsida, men no er barnehagen i den heldige situasjonen at dei har ein pedagogisk leiar som er ein av dei få som både er utdanna førskulelærar og som har sørsamisk morsmål.

Fire heimespråk

I januar 2008 er det ti ungar i barnehagen, og dermed er det to vaksne som jobbar der. I tillegg til pedagogisk leiar er det ein assistent. Sidan hausten 2007 er det også ein nordsamisk språkstimulator der ti timar i veka. Halvparten av ungane har nemleg nordsamisk som heimespråk, i tillegg til sørsamisk og norsk.

Familien til Hanne Lena har heile fire heimespråk. Sjølv er ho norsk sørsame, og ho er sambuar med ein svensk nordsame. – Eg snakkar sørsamisk til ungane, og han snakkar nordsamisk til dei. Men eg snakkar som regel norsk til han, og han svensk til meg. Og det får vi ofte påpakning for frå ungane, for dei snakkar samisk seg imellom. Då vi vart kjende, kunne ikkje eg nordsamisk, og han kunne ikkje sørsamisk, så derfor snakka vi norsk og svensk til kvarandre. Men no har vi jo lært å følgje med på det andre språket gjennom at vi bruker dei til ungane, så no prøver vi å skjerpe oss ved å bruke dei samiske språka når vi snakkar til kvarandre saman med ungane, fortel ho. Ungane er 8, 6 og 3 år gamle, og dei to største er veldig bevisste på å snakke berre samisk med den minste. – Når han seier noko på norsk, gjentek dei det på samisk, slik at han lærer dei samiske orda, fortel mora.

Det er svært vanleg at dei samiske ungane har norsk som leikespråk, òg i den sørsamiske barnehagen, men heime hos Hanne Lena vekslar ungane på å snakke sør- og nordsamisk seg imellom. Og sjølvsagt norsk når dei er saman med ungar som ikkje snakkar samisk. – På grunn av at faren er meir dugande i nordsamisk enn eg er i sørsamisk, trur eg kanskje ungane er litt sterkare i nordsamisk enn i sørsamisk, sjølv om det òg kjem an på kva dei snakkar om. Men skriftleg og til å lesa, er dei to eldste sterkare i sørsamisk, seier ho. Dei har begge sørsamisk som førstespråk på Sameskolen, og dei får undervisning i nordsamisk to timar i veka. Og minstemann får nordsamisk språkstimulering kvar torsdag og annankvar fredag i barnehagen.

Den skal tidleg krøkast ... Barnehagen har reinslakt og Nihko-Laara skal vere med å dele opp kjøttet.
(Foto: Anna Liisa Jåma, Ságat)

Januar 2008 er det altså ti ungar som går i barnehagen, og sjølv om talet varierer, og ikkje alle som kunne vore der, går der, er det eit populært tilbod. Og det er heilt klart at det er svært viktig for dei som bruker det. Alle tre ungane til Hanne Lena har gått i den sørsamiske barnehagen. Dei to største gjekk i den norske barnehagen før den sørsamiske starta. – Der hadde dei tre timar sørsamisk språkstimulering kvar veke, men det er klart det er noko anna å vera i den samiske. Barnehagen har vore kjempeviktig for oss. Ein høyrer jo lite sørsamisk, for det finst få sterke språkmiljø. Derfor er det svært viktig for oss å ha eit sørsamisk språkmiljø utanfor heimen. Det er ingen tvil om at barnehagen har støtta opp under samiskbruken til ungane, seier Hanne Lena.

Det seier Anita seg einig i: – Eg hadde ikkje klart å gjennomføre å ha samisk som heimespråk utan å ha barnehagen i ryggen. Verken Anita eller Hanne Lena lærte å snakke samisk som daglegspråk sjølve i oppveksten, men dei har lært seg sørsamisk gjennom skulegangen og i vaksen alder. Og dei har begge hatt sørsamisk som daglegspråk med ungane sine heilt frå dei var små.

I tillegg til å ha ungar i barnehagen er Anita lærar på Åarjel-saemiej skuvle. Ho gler seg til å få fleire ungar som har gått i barnehagen, som elevar på skulen. – Dei eldste ungane som har vore i den samiske barnehagen, går no i fjerde klasse. Det er også tydeleg at dei er meir vant til å bli snakka til på sørsamisk enn mange andre, sjølv om det òg varierer med kva stilling språket har hatt i familien dei har vakse opp i. Uansett har eg stor tru på at barnehagen sørgjer for at fleire og fleire ungar blir så sterke i språket at dei kan få sørsamisk førstespråksopplæring når dei byrjar på Åarjel-saemiej skuvle.

Kjeldeliste:

Filmar:


[1] Dette er omtala også i Samisk skolehistorie 2, i Asta Balto sin artikkel – Min lojalitet var hos det samiske samfunnet, s. 448.
[2] Elgåprosjektet er oppsummert i Jon Todal: Samisk språk i Svaahken sijte, NSI 2006. Det blir også omtalt i eit seinare bind av Samisk skolehistorie.


Fleire artiklar frå Samisk skolehistorie 3