Artikkel i boka Samisk skolehistorie 6. Davvi Girji 2013.
Skoltesamane er ei samisk folkegruppe som har fått dei tradisjonelle busettingsområda sine oppdelt av grensene mellom Russland, Finland og Noreg. Framleis bur det skoltesamar i alle desse tre landa. I Finland er det framleis nokre hundre som snakkar skoltesamisk, i Russland ei handfull. Sjølv om det ikkje lenger finst nokon skoltesamisktalande som har vakse opp i Noreg, er det likevel eit hundretal familiar med skoltesamisk bakgrunn her i landet. I denne artikkelen ser vi på bakgrunnen for skoltesamane sin situasjon i dag, og på skolerøynslene til skoltesamane i Norge. Artikkelen er basert på skriftlige kjelder og intervju og samtalar i Neiden i Sør-Varanger sommaren 2012. |
Kven var så først og når kom dei forskjellige gruppene til området? Derom stridast både lærde og ulærde. Men dei fleste kjelder seier at den eldste kjente befolkninga i området mellom Bugøyfjorden vest i Sør-Varanger og austover nesten til Murmansk er ei folkegruppe som på norsk er kalla skoltar, skoltesamar eller austsamar, tidligare også russelapper eller russefinner. På sitt eige språk kallar dei seg nuõrttsääʹm, på nordsamisk nuorttalaččat. Både blant dei sjølve og andre har det vore og er framleis delte meiningar om kva namn som er best å bruke. Vi tar ikkje standpunkt i denne diskusjonen, men har vore nøydd å ta eit val, og vil i denne artikkelen stort sett bruke namnet skoltesamar.
På 1500-talet blei skoltesamane kristna av russisk-ortodokse misjonærar, som fikk reist eit kloster i Petsjenga, og fleire kyrkjer, blant anna i Boris Gleb og i Neiden. Dei blei derfor rekna som russiske statsborgarar, men lenge kravde både russiske og norske (danske) styresmakter skatt av dei. Russarane la seg mindre opp i samane si interne organisering og praktisering av eigen kultur enn det dei dansk/norske og svensk/finske styresmaktene gjorde. Mens den gamle samiske siidaorganiseringa elles gikk i oppløysing eller blei omdanna frå 1500- til 1700-talet, heldt denne seg framleis i skoltesamane sitt område. Dei levde av å utnytte naturen gjennom ein kombinasjon av jakt, fiske, sanking og reindrift med forholdsvis små flokkar, og dei flytta mellom fleire faste bustadar etter årstidene. Lenge hadde dei langt på veg indre sjølvstyre over naturressursane i sine område og organiserte fordeling av jakt-. fiske- og beiteområde mellom familiane i siidaen. Skoltesamene hadde frå gamalt av seks siidaer[1]. Før grensa blei trekt opp mellom Russland og Noreg i 1826 utgjorde tre av dei, Neiden, Pasvik og Petsjenga det såkalla fellesdistriktet, som begge landa gjorde krav på.
Men det var ikkje bare skoltesamane som utnytta naturressursane på sørsida av Varangerfjorden. Allereie på 1600-talet er det teikn til at nordsamisktalande reindriftssamar brukte dette området i alle fall delar av året, men den historia er lite dokumentert. I første halvdel av 1700-talet forteljast det at samemisjonærar oppsøkte reindriftssamar heilt inne på «Nordfjellet», eit område som i dag tildels ligg på russisk side. Nordsamiske sjøsamar dreiv fiske og fangst og både dei og den norske befolkninga på nordsida av fjorden drog hit bl.a. for å hogge tre til ved og byggemateriale, sanke egg, dun og reinlav. Dette gjorde dei oftast i forståing med skoltesamane. Skoltesamene kunne og hogge tre og frakte ned til sjøen for å selje når båtane kom frå nordsida av fjorden, og dei selde laks til folk frå nordsida og til og med til utanlandske oppkjøparar.
Da Samemisjonen sin grunnleggar, Thomas von Westen, i 1716 reiste etter Finnmarkskysten, kom han ikkje lenger enn til Vadsø. Han var ikkje i noverande Sør-Varanger, og dei opplysningane han gir derifrå er trulig bygd på opplysningar frå Isaac Olsen, som da lenge hadde virka som lærar i Varangerområdet. Nettopp på denne tida var det mange nordsamar frå indre Varanger, som hadde levd og flytta omkring Varangerfjorden, som nå slo seg ned i området som seinare blei Sør-Varanger. Ein av årsakene kan ha vore at dei trakk seg unna misjonen.
St. Georgs kapell i Neiden blei ifølge tradisjonen reist i 1565, men dagens bygning er trulig frå tidlig på 1800-talet. Det er det minste kyrkjehuset i Noreg og den einaste ortodokse kyrkja i Nord-Noreg. Bildet er tatt i 1990. Foran kapellet leder for foreninga Skoltene i Norge, Frans Halonen, sammen med kona Vivi Jelstrup og sønnen Emil. Emil var den første som blei døpt i det ortodokse kapellet på 60 år. (Foto: Svein Lund) |
Fisket i Neiden hørte tidligere til skoltesamene. Nå er det mest turister som fisker her.
Foto 1988. (Foto: Svein Lund) |
Skoltesamane var dominerande i siidaområda sine i ein lang periode. Ein del nordsamar som hadde utnytta kystressursane her på sesongbasis, slo seg ned som bufaste i Sør-Varanger frå 1730-talet[2]. Frå tidlig på 1800-talet kom det også reindriftssamar vest- og sørfrå. Dei snakka nordsamisk, kanskje også enaresamisk, og sokna til den lutherske kyrkja. Sjøsamar og reindriftssamar blanda seg etter kvart i stor grad med kvarandre. Just Knud Qvigstad oppsummerer: «Ved delingen i 1826 bestod befolkningen i de norsk-russiske fællesdistrikter av skoltelapper, norske fjeldlapper og norske sjølapper. De norske fjeldlapper og sjølapper betalte skat kun til Norge, stod under norsk jurisdiksjon, hørte til Vadsø tinglag og sognet til Vadsø kirke. Deres undervisning besørgedes av en lappisk skolelærer.»[3]
Frå 1830-talet fikk vi innvandring frå Finland, der også ikkje-samiske grupper kom til Noreg. Denne innvandringa auka på utover fram til dei finske etter kvart blei den største etniske gruppa i kommunen Sør-Varanger, med over 40 % ved alle folketeljingane frå 1870 til 1900. Det var ei viss norsk busetting på kysten av noverande Sør-Varanger og Fiskarhalvøya allereie på 1500- og 1600-talet, men denne ser ut til å ha forsvunne igjen, og deretter var det svært få nordmenn i området før ut på 1800-talet. Frå midten av hundreåret kom det ei innvandring av bureisarar sørfrå, aktivt støtta av norske styresmakter som av nasjonale omsyn ville ha ei norsk befolkning i grenseområdet. Den største innvandringa av nordmenn kom likevel med etableringa av jerngruvene til A/S Sydvaranger. Allereie før 1910 var det i kommunen langt fleire nordmenn enn folk av andre folkeslag til saman. Trulig har det vore nokre russarar busett her for kortare eller lengre tid frå 1500-talet fram til 1826. Etter 1990 har russisk innvandring igjen tatt seg opp, slik at dei russiskætta no er omlag 10 % av innbyggartalet i kommunen. Skoltesamane blei etter kvart ein liten minoritet blant dei nordsamiske, norske og finske. Ved grensedelinga i 1826 var det på norsk side 82 lutheranarar og 67 ortodokse[4]. I 1855 var det bare registrert 24 skoltesamar i kommunen, av eit innbyggartal på rundt 1000. I 1910 var det omtrent like mange skoltesamar, men innbyggartalet var no vakse til meir enn 3500.
Etter grensetrekkinga fikk Neiden-skoltane seks år på å bestemme seg. Dei fleste valde å bli buande på norsk side, der dei hadde hovudbuplassen. Da dei sjølve ikkje meldte seg inn i det norske manntalet, blei dei tvangsinnskrive og frå 1842 var dei fullt ut norske statsborgarar. Med grensetrekkinga fikk Neidensiidaen ei tid oppretthalde vinterbeitet for rein på finsk/russisk[5] side, men i 1852 blei grensa stengt. Trass i dette kunne dei delvis utnytte område på finsk side til 1880-talet, men frå da blei dei effektivt stengt ute. Grensestengingane mellom Finland og Noreg i siste halvdel av 1800-talet ramma både skoltesamar og nordsamar, og var ein tragedie for mange. I Pasvik var derimot grensa open for reindrift heilt fram til den russiske revolusjonen, og Sør-Varanger-samar dreiv reindrift også på russisk side.
Pasviksiidaen beholdt retten til fiske på norsk side heilt til 1925, da den norske staten pressa dei til å gi opp denne retten mot ein liten erstatning[6]. Trass i at dei mista retten til å utnytte naturressursane på andre sida av grensa, var det likevel mulig å krysse grensa heilt fram til 2. verdskrigen.[7] Til Neiden kom det rundt 1840 ei stor innflytting frå Finland, slik at den finske befolkningsgruppa tallmessig i løpet av kort tid blei heilt dominerande. Norske styresmakter forsøkte også å få nordmenn til å slå seg ned her, men det lukkast ikkje i særlig grad. Frå den finske innflyttinga oppsto det snart tvistar mellom dei og skoltesamane om retten til ressursane, bl.a. laksefisket, ein tvist som har vart til i dag.
Etter første verdskrigen blei den russiske delen av den gamle Pasvik-siidaen og Petsamo-siidaen sine område, samt delar av Suenjel-siidaen finsk, men med andre verdskrigen tok Russland (Sovjetunionen) dette tilbake. Befolkninga i dette området var da i stor grad evakuerte nedover i Finland, og dei fleste kom aldri tilbake til dei gamle heimstadane. Nokre år etter krigen sørga den finske regjeringa for at dei evakuerte skoltesamane fikk nye bustadar, på finsk territorium, men framleis innafor gamalt skoltesamisk land. Den største av desse var i Čeʹvetjäuʹrr / Sevettijärvi, og denne bygda har seinare vore det viktigaste senteret for skoltesamisk språk og kultur.
Fra Skoltebyen, Neiden, 1905 (Foto: Ellisif Wessel) |
Skoltesamiske barn i Neiden spiller sáhkku. (Foto: Ellisif Wessel) |
Før grensetrekkinga organiserte den russisk-ortodokse kyrkja og den russiske staten ei form for opplæring for skoltesamar i «fellesdistriktet». Kåre Gade Rasmussen fortel i Sør-Varangers skolehistorie til 1880: «Kirken ved Pasvikelva, bygget i 1565 og helliget Boris og Gleb, ble nå i den tid vi hadde vårt grenseoppgjør med Sverige midt på 1700-tallet, betjent av en russisk prest fra Kola to ganger om året, 8 dager om sommeren og 8 dager om vinteren.
Samtidig hadde russerne på vestre side av Sandhavn (Pasvik) en skolebygning av tre[9] hvor den russiske prest underviste Pasviksamene når de om sommeren lå der på fiske. Til kapellet i Neiden kom der ved sankthans og juletider en munk fra klosteret i Petsjenga som underviste Neidens fellessamer.»
Heilt fram til første verdskrigen besøkte den russiske presten i Boris Gleb kyrkjelyden i Neiden, og heldt gudsteneste der. Konstantin Ščekoldin (1845–1916) var prest i Boris Gleb. Han blei kjent for innsatsen sin for opplysningsarbeid for skoltesamane. Han lærte seg skoltesamisk og omsette fleire religiøse skrifter til skoltesamisk, bl.a. Matteusevangeliet. Han ga i 1895 ut den første samiske læreboka på russisk side, Азбука для лопарей, живущих в Кольском уезде[10]. Han samla også skoltesamiske eventyr og forteljingar[11]. Arbeidet hans fikk likevel størst betydning på russisk side av grensa, det var lite han kunne gjøre for å påverke vilkåra for skoltesamane i Norge.
Steinar Wikan skriv i Grensebygda Neiden: «Natalia og Sava Romanoff hadde mange barn, ... Den eneste sønnen som vokste opp, var Oskar Romanoff, født ca. 1878, mest kjent som «Savan-Oski». Tradisjonen fortalte at Oski fikk reise til Boris Gleb for å gå på russisk skole. Dette skulle være et tilbud til han fordi han bar navnet Romanoff (Romanov), det samme slektsnavnet som tsaren. I virkeligheten skulle alle østsamebarna gå på skole i Boris Gleb, da de stod under russisk kirke- og skolesystem, men det skjedde omtrent ikke i praksis. Romanoff-navnet hadde dessuten ingenting med tsarfamilien å gjøre, men skyltest at bestefaren het Roman. Oski gikk i alle fall på skole og lærte blant annet russisk, som han også kunne skrive. Lagerkrantz sier han gikk på «gresk klosterskole» i Petsjenga og lærte «mange språk». Han er antakelig den eneste av østsamebarna som fikk noe skolegang før internatet i Neiden ble opprettet, og han huskes som en meget dyktig eventyrforteller.» (s. 198)
Barn i Øvre Skolteby, på russisk side av Pasvikdalen, omlag 1897. Desse barna fikk trulig undervisning av presten Ščekoldin. Dei skoltesamiske barna på norsk side fikk på denne tida ingen skolegang. (Foto: Ellisif Wessel) |
I 1858 blei Sør-Varanger skilt ut som eigen kommune. Den første lutherske kyrkja blei reist i 1862 på Pisselvnes / Akkalaknjárga, som da blei omdøypt til Kirkenes / Girkonjárga.
I 1891 kom vestlendingen Johannes Haaheim som lærar til Neiden. Han hadde da allereie i sju år undervist i andre krinsar i Sør-Varanger. Haaheim hadde vore friplasselev ved Tromsø seminar, og da lest kvensk (finsk) der. Han er omtalt som den første nordmannen i Neiden, og skulle komme til å spele ei dominerande rolle i bygda i dei 37 åra han var lærar her. Da Neiden internat blei reist i 1905 som eit av de to første statsinternata i Norge, blei han internatstyrar. Han var ein bestemt tilhengar av fornorskingspolitikken, som han fremma i mange samanhengar, bl.a. gjennom lærarlaget og som ordførar i Sør-Varanger. Likevel forsvarte han bruken av kvensk og samisk som hjelpespråk av pedagogiske årsaker. Haaheim blei også etter 1. verdskrigen etterretningsagent for forsvaret og hadde som oppdrag å rapportere om «unasjonal aktivitet».
Den store innvandringa fra Finland førte til store endringar i språkbruken i Neiden. Mens det i første halvdel av 1800-talet var fleire både blant samar og finnar som kunne norsk, blei finsk i siste halvdel av 1800-talet så dominerande at både samar og nordmenn lærte seg finsk, og finsk blei gjerne språket i blanda familiar. Skoltesamane blei i størst grad fleirspråklige. Dei lærte seg både nordsamisk og finsk, men presset på det skoltesamiske språket økte, og det var etter kvart svært få som snakka skoltesamisk. Ei undersøking i 1870 viste at det da var 20 skoleelevar i Neiden, av dei hadde ein norsk, to (nord)samisk og resten finsk som heimespråk. Dei aller fleste av barna kunne ikkje noko norsk før dei byrja på skolen. Dei skoltesamiske barna var ikkje med i denne undersøkinga, så vi har ikkje tal på dei.
Amund Helland skreiv i Norges land og folk – Finnmarkens amt, som kom i 1906: «Skoltefinnene i Neiden er gresk katolske, og presten i Boris Gleb besøker dem. ... Skolterne sender ikke sine børn i norsk skole, og man har hidtil ikke forsøkt at bringe lovens bestemmelse til udførelse ligeoverfor dem.» Steinar Wikan skriv i Grensebygda Neiden:
Mest strid stod det om «skoltebarna». Johs. Haaheim sier i et brev til den finske forskeren Tanner at inntil 1905 var alle de østsamiske barna fritatt for skolegang til tross for skolelovene av 1863 og 1889, som krevde at alle barn som bodde innenfor Norges grenser var pliktig til å søke skole mellom åtte år og konfirmasjonen (15 år). Myndighetene hadde på grunn av omstendighetene ikke villet «tvinge skolterne å efterkomme lovene, da man fryktet for at den russiske «pope» (prest) vilde som sedvanlig gjøre et nummer av sådanne foranstaltninger og opvigle de russiske myndigheter mot Norge.» Handlingen ville bli karakterisert som propaganda mot den russiske religion og en undertrykking av østsamene i religiøs henseende. Haaheim hadde latt «innsende forestillinger til skolens autoriteter», men hadde alltid fått til svar at man måtte være forsiktig. Følgen «blev at skolterne fikk vokse som uvitende naturbarn». Da det nye internatet ble ferdig, ble alle i distriktet tilpliktet å sende barna til Fossheim skole, også østsamene. Haaheim legger til at etter den russisk-japanske krig i 1905–06 (som Russland tapte) «avtok jo redselen for den russiske bjørn», og man tok ikke noen notis av protestene til den russiske presten og «hans fiendskap mot Norge».
Østsamene skal ha nektet å sende ungene til den nye skolen og vist til at de var greskortodokse og hørte til menigheten i Boris Gleb. Vi sender ikke ungene til skolen for å pines, skal de østsamiske konene ha sagt. Skoledirektøren gikk rettens vei for å få aksept på at også disse barna skulle inn i skolen. Da skolen åpnet, og østsamene fortsatt ikke sendte barna sine, ble de ilagt bøter. Skolestyrets formann, sogneprest Mads le Maire, var på inspeksjon i Neiden den 27. november 1905, knapt to måneder etter at skolen var kommet i gang. Han hadde en lengre samtale med moren til det ene østsamebarnet, og han oppgir at etter dette sendte de barna til skolen. Det var i 1905 bare to østsamebarn i skolepliktig alder, Anni Nikolaidatter Ondrevitsj på 10 år og Jogar Mikkelsen (Ivanowitz) på 8 år. De to ble de første av denne gruppen som lærte å lese.»[13]
Neiden kirke blei reist i 1902 i norrøn dragestil. (Foto: Svein Lund) |
På kirkegården i Neiden ligger den siste som snakka skoltesamisk på norsk side, Jogar Ivanowitz.
De to korsa på gravsteinen viser at Jogar hørte til den ortodokse trua, mens kona var lutheraner. (Foto: Svein Lund) |
Jogar Ivanowitz (1897–1981)[14], fortel til Hans Kr. Eriksen:
«Ja, på skolen var det ikke så greitt alltid. Det var jo tre språk her, norsk, finsk og skoltesamisk.[15] Vi kunne ikke norsk da vi begynte på skolen, ikke mye da vi slutta heller. Da vi kom i lærer Haaheims klasse gikk det bra. Haaheim var kommet fra Hardanger, og han kunne litt både av finsk og samisk. Han prøvde i alle fall. Uttalen ble det så som så med, men vi kunne jo ikke le. Det satte han pris på. Vi hadde lange utenatlekser, 2–3 ja opptil seks blad, men forsto ikke språket. Jeg leste lite, men kunne leksene likevel, for jeg hørte når de andre leste høyt. Stort sett visste jeg ikke hva det var jeg kunne.»
Haaheim var skolestyrar heilt til 1928, og som etterfølgjar fikk han Andreas Vorren, også vestlending og sterk fornorskingstilhengar. Vorren heldt fram som lærar gjennom krigen og litt ut i etterkrigstida, til han var over 75 år.
Etter lova hadde skoltesamane som «dissentarar» rett til fritak for kristendomsundervisning i skolen, men det gikk ikkje lenge før dei godtok å følgje også kristendomsundervisninga. Dei gikk da også til konfirmasjon og blei såleis medlemmar av den norske statskyrkja. Dei vaksne blei og påverka av læstadianismen, som var den dominerande religiøse retninga i distriktet, og etter kvart var det bare nokre få eldre skoltesamar som heldt fast ved den ortodokse kyrkja.
Fossheim internat 1905/06 (Foto: Bernt Thomassen / Ulf Jacobsens fotosamling.) |
I Neiden har vi snakka med folk som gikk på skole der både rett etter krigen, på 1950–60-talet, på 70-talet og på 90-talet. Alle seier dei at spørsmål om lokal historie og kultur, om det skoltesamiske, nordsamiske og finske i nærmiljøet ikkje blei nemnd i skolen. Fleire av dei brukar uttrykket «ikkje-sak» om etniske forhold. Historieundervisninga gikk strengt etter læreplanen og læreboka, der Finnmark og det samiske knapt var nemnd, og skoltesamane ikkje i det heile. Heller ikkje blant elevane var etniske forhold til vanlig noko tema. Dei visste gjerne sjølve kven som var kva, men det var ikkje vanlig å sette ord på det offentlig.
Svein Otto Borissen (f. 1967) arbeider no som vaktmester på Østsamisk museum. Han fortel at da far hans, Otto Borissen (f. 1927), gikk på skolen, var det klarare grupperingar blant elevane, med mye mobbing og slåssing, og Otto fikk ofte li for at han var skoltesame. Da Svein Otto gikk på skolen 40 år seinare, var det ikkje noko å merke til dette. Han synes dei hadde det fint på skolen og fortel at han ikkje opplevde noko form for mobbing av skoltesamar eller andre samar.
Otto Borissen med barnebarnet Ivan, Neiden 1990 (Foto: Svein Lund) |
Svein Otto Borissen er vaktmester på Østsamisk museum (Foto: Svein Lund) |
Tove Lill Labahå Magga var lærer i Neiden 1975–91. Her er ho fotografert i Kautokeino 2007. (Foto: Svein Lund) |
Tove Lill Labahå Magga var lærar i Neiden 1975–91. Ho fortel: – Vi var fleire lærarar som ønska å legge vekt lokale forhold i skolen, og no hadde vi også støtte i læreplanane til å gjøre det. På slutten av 1980-talet samarbeida vil om eit samiskprosjekt, som blei veldig vellukka. Vi fikk laga duodjiutstilling med loddsal og vi arrangerte til og med konsert med Mari Boine. Inntekta frå dette skulle gå til å smykke ut skolen med samisk kunst. Men eit fleirtal av foreldra fikk vedtatt at pengane i staden skulle brukast til skoletur. Vi måtte godta det, men syntes likevel det var trist at ikkje den samiske kulturen kunne bli meir synlig og akseptert.
Vi opplevde at elevane og mange av foreldra sette pris på å lære meir om den lokale samiske historia, der skoltesamane og nordsamane utgjør ei felles samisk historie i området heilt fram til i dag. I dag er eg glad for at vi fikk dette til. Det var ei ny tid med nye muligheiter, seier Tove-Lill Labahå Magga.
Da det etter kvart blei mogleg å få samisk eller finsk som fag i skolen, var det ved skolen i Neiden størst interesse for finsk. I dag har 5 av 6 elevar ved Fossheim skole finsk som andrespråk, og dei fire elevane som startar til hausten har også alle vald finsk. Nokre få elevar har tidligare hatt nordsamisk som andrespråk ved skolen, men ifølge rektor har det dei siste åra ikkje vore etterspurnad etter det.
Rektoren kjem frå Steigen i Nordland, og har sjølv samiske røtter frå Gildeskål. Etter mange år som lærar i Harstad kom ho til Neiden som rektor i 2008. – På den tida var Østsamisk museum etablert som et prosjekt i regi av Sametinget, og dei hadde kontor på skolen. Eg kunne ikkje unngå å bli berørt av kontakten med dei, og det var ein stor inspirasjon for meg til å ta opp skoltesamisk historie og kultur i skolen. Men det finst svært lite materiale om dette, og det er vanskelig å formidle det skoltesamiske i skolen, kanskje særlig i det miljøet der denne kulturen har si rot. Eg kunne fortelje andre plassar om det skoltesamiske, men eg syns det er vanskelig å gjøre det her, skoltesamane må først og fremst få fortelje sjølv.
Oppvekstsenteret i Neiden består nå av Fossheim skole og Smålaksen barnehage. (Foto: Svein Lund) |
Rektor Elin Steigberg viser fram ein plakat med skoltesamiske talord, som er laga i prosjektet "Skoltesamisk kultur over grenser". (Foto: Svein Lund) |
Smålaksen barnehage blei etablert av foreldra i Neiden og Bugøyfjord, som eit andelslag. Foreldra søkte pengar frå Sametinget og gikk til innkjøp av leiker og utstyr som hadde eit samisk innhald. Det var dokker og kjøretøy, bøker og bilde, som skulle gjøre det mulig for barnehagen å formidle skoltesamisk og nordsamisk kultur til barna. Men da barnehagen blei kommunal blei dette i liten grad ført vidare.
I dag er det seks elevar i grunnskolen og sju barn i barnehagen, frå hausten 2012 blir det ti og tre. Alle elevane går no i barneskolen. Ungdomsskolen er ikkje formelt lagt ned, men den einaste ungdomsskoleeleven frå skolekrinsen går no etter eige ønske på skole i Kirkenes.
Som andre små utkantskolar lever Fossheim skole stadig med trugsmålet om å bli nedlagt ved neste kommunebudsjett. Det gjør at både lærarar, foreldre og elevar blir utrygge, og unge familiar er usikre på om dei tør å satse på ei framtid i bygda. For skolen betyr det at det er vanskelig å få pengar til nødvendig utstyr og vedlikehald.
Tilbakegangen i elevtalet skuldast ikkje bare fråflytting frå skolekrinsen. For 4–5 år sidan var det nemlig fleire familiar som tok elevane ut av skolen i Neiden, og i staden valde å sende dei til dei sentrale skolane i kommunen. Desse elevane fikk da skoleveg på 4–5 mil, og kommunen dekte skyssutgiftene. Kommunen har ikkje gjort noko vedtak om fritt skoleval generelt, men har godtatt desse overføringane, som utan tvil har svekka grunnlaget for skolen i bygda.
Otto er ein av dei siste som er vakse opp i Neiden og i alle fall delvis kan snakke skoltesamisk. Det er i dag fleire skoltesamisktalande som bur i Neiden, men dei har vakse opp på finsk side.
På skolen har det aldri vore undervist i skoltesamisk, og i følge rektor har det heller ikkje kome noko ønske frå foreldra om det. Sametinget har no tatt opp skoltesamisk i språkplanen og også i regjeringa si siste melding om samepolitikk er det nemnd at ein ønsker å styrke arbeidet for skoltesamisk.
Våren 2012 blei det for første gong arrangert eit kort kurs i skoltesamisk språk, på 15 timar. Det var sju deltakarar som gjennomførte kurset. Kursleiar var den tyske språkforskaren Michael Riessler, som har forska på skoltesamisk og andre aust-samiske språk og dialektar. På eit møte i Neiden i august 2012 kunne han presentere undervisningsmateriell som han har utarbeida for skoltesamisk språkopplæring i Norge. Dette er basert på undervisningsmateriell frå Finland. Men sidan grammatikken i skoltesamisk språk er mye nærare til finsk enn til norsk og russisk, må ein gjøre ein del tilpassingar. Det gjeld også for lydverket i språket. Vidare presenterte han lydmateriell og digitale hjelpeprogram som er utvikla i samarbeid med Samisk språkteknologi ved Universitetet i Tromsø. Dette materiellet skal no leggast tilrette for bruk både i Noreg, Russland og Finland. På presentasjonen var det møtt opp lærarar frå skolar både på finsk og norsk side.
På finsk side står vegskilta på finsk og skoltesamisk, på norsk side på norsk og noen ganger også på nordsamisk. (Foto: t.v.: Svein Lund, t.h. Basia Głowacka) |
På kvar side har skoltesamar blitt meir eller mindre assimilert inn i majoritetsbefolkninga, og ein stor del av dei snakkar i dag bare dei respektive statsspråka. Det skaper store vanskar for kommunikasjon mellom skoltesamane i dei tre landa. Mellom norske og finske skoltesamar kan ein tildels bruke finsk, da mange eldre skoltesamar på norsk side snakkar finsk, og ein del av dei yngre har hatt finsk på skolen. Blant dei yngre kan nokre kommunisere på engelsk, men i stor grad vil kommunikasjonen mellom skoltesamar over grensene måtte gå via tolk, noko som fordyrar kontakten veldig og gjør han meir formell og unaturlig.
Trass i desse vanskane har ein klart å halde ein del felles arrangement. Skolane i Neiden og Sevettijärvi hadde ganske mye samarbeid frå 1980-tallet. Dette hadde både utgangspunkt i at mange elevar i Neiden hadde finsk som fag, og i at det var skoltesamar i begge bygdene.
Ein av deltakerne som særlig vektla det samiske, var Tove-Lill Labahå Magga. Ho fortel:
«– Vi starta opp med besøk i Sevettijärvi. Vi var på besøk på skolen og vi var også på kyrkjegarden og på butikken i bygda. Målet var å finne fram til eit innhald som hadde relevans og betydning for elevane. Da vi kom tilbake til skolen arbeida vi med tema om skoltesamisk religion, slektsformer med utgangspunkt i elevane sine skoltesamiske slektstradisjonar og kulturelle tradisjonar. I den klassen eg hadde da, var det særlig mange elevar av skoltesamisk slekt. For dei var det særlig engasjerande at dei fikk formidle sin eigen kultur på skolen. Dei andre elevane viste også stor interesse for dette temaet.»
Dei to skolane har i periodar samarbeida på fleire område, blant anna har det vore felles idrettsarrangement. Samarbeidet var svært nyttig for Neiden-elevane som lærte finsk, og i Sevettijärvi hadde dei også tilbod om norskundervisning ei tid. Lærarane hadde også mye utveksling av idear og kunnskapar. På skolen i Sevettijärvi har gjerne mange av lærarane kunna snakke svensk og/eller engelsk, slik at samarbeidet mellom lærarane gikk ganske greitt. Skolane gikk saman om å søke på eit større Interreg-prosjekt for samarbeid på mange område, og hadde løfte om 2,5 millionar til dette, men dei måtte gi opp fordi Sør-Varanger kommune og Finnmark fylkeskommune ikkje var villige til å betale sin del.
Liv Thrane (Foto: Svein Lund) |
Nokre av produkta som Liv Thrane har laga etter at ho gikk strikkekurs med skoltesamiske mønster. (Foto: Svein Lund) |
Den gamle Fossheim internatskole blei brent i 1944, så da Liv begynte på skolen i 1947, var det i brakker med sovesalar. Dei var 7–8 jenter på eit rom og lange kalde korridorar å springe gjennom når ein skulle stelle seg. Det kunne vere ganske kaldt i dei dårlige brakkene. – Lærarane var i stor grad sørfrå, eg hugsar at dei hadde problem med å uttale etternamna våre. Dei fleste hadde jo finske namn. Første skoleåret bare gråt eg og ville heim, men seinare trivst eg betre på internatet. Der var det jo leikekameratar, mens heime var det ganske einsamt, det var ingen å leike med. På skolen møttes jo barn frå mange bygder, og det var både finske, nordsamiske, skoltesamiske og norske. Ofte heldt elevane som kom frå same bygda i lag, men eg fikk i alle fall ei venninne som var samisktalande og kom frå Munkefjord. Vi snakka da bare norsk med kvarandre. Eg må seie at eg ikkje la merke til at nokon blei mobba fordi dei hørte til den eine eller den andre folkegruppa. Men i ettertid har eg hørt at Ivanowitz-gutane da blei mobba av andre gutar, og dei meinte sjølve at det var fordi dei var skoltesamar. Innhaldet i skolen var jo heilt norsk, det var lite lokalt. I naturfag var vi litt ute i naturen, men elles var alt etter boka.
Eg har fem barn, som alle har gått på skolen i Neiden. Da var det andre tider, med ny skole, full skoletid og skoleskyss kvar dag. Det var enno ikkje noko tilbod om finskundervisning, slik det har blitt seinare. Eg har heller ikkje lært barna finsk, mannen min var norsk og norsk blei familiespråket. Museet og prosjektet Skoltesamisk kultur over grenser har ført til at både eg og mange andre har fått meir interesse for og meir positiv haldning til eigen skoltesamiske bakgrunn og identitet. Eg har vore med på kurs i både perlebroderi og strikking av skoltesamiske mønster. No har eg strikka både kjole, genser, sokkar og vottar med slike mønster til slekta. Eg er imponert over kva dei har fått til i dette prosjektet.
Gravplassen for de gjenbegravde skjeletta er like ved St.Georgs kapell. Da vi tok dette bildet eit halvt år etter gravferda var der ingen skilt eller annan informasjon på staden. (Foto: Svein Lund) |
Fra utsida ser Østsamisk museum som det er ferdigbygd for lengst. (Foto: Svein Lund) |
Museumsstyrer Honna Havas viser kor kort arbeidet med utstillingene hadde kome i juni 2012. Honna Havas, Ho har leia arbeidet med «Prosjekt Østsamisk museum» sidan 2004, og ser no fram til den dagen dei endelig kan opne bygget. (Foto: Svein Lund) |
Kjelder:
Andresen, Astri: Siidaen som forsvant. Sør-Varanger Museum 1989
Enbusk, Rolf: Østsamene i Neiden. SLF 1984
Eriksen, Hans Kristian: På mjuke skinnsko gjennom historia. Nordkalottforlaget 1989
Ivanowitz, Mikit: Forskningsrapport: «Skoltene, en glemt kultur i Barentsregionen». 2002
Jensen, Eivind Bråstad: Johs. J. Haaheim, den typiske vestlandslæreren? I: Varanger årbok 2011
Labahå, Tove-Lill: Oppvekst i Sør-Varanger på begynnelsen av 1960-tallet. I: Varanger årbok 1993
Lunde, Aage: Sør-Varangers historie. Sør-Varanger kommune 1979
Meløy, Lydolf Lind: Reising av statsinternat i Sør-Varanger. Skoledirektøren i Finnmark 1975
Niemi, Einar: I grenselandet mot Russland: Neidensamene. I: Goldin/Nielsen: Frykt og forventning. Pomoruniversitetet 1996.
Porsanger, Jelena: Bassejoga čáhci. Davvi Girji 2007
Rasmussen, Kåre Gade: Sør-Varangers skolehistorie til 1880 – med hovedvekt på den samiske og den kvenske perioden. UIO 1976.
Rasmussen, Siv: Av Sør-Varangers samiske skolehistorie. I: Samisk skolehistorie 2, Davvi Girji 2007.
Vorren, Ørnulv: Om «nuortaladsjak« eller skoltesamene. I: Ordet 2-67
Wikan, Steinar: Grensebygda Neiden. Nordkalottforlaget 1995
Wikan, Steinar: Utviklingen av reindriften i Sør-Varanger. 2011
[1]
Flere artikler fra Samisk skolehistorie 6
[2]
[3]
[4]
[5]
[6]
[7]
[8]
[9]
[10]
[11]
[12]
[13]
[14]
[15]
[16]