Tilleggsmateriale til boka Samisk skolehistorie 5. Davvi Girji 2011.
Mange lesarar av Samisk skolehistorie vil ha lagt merke til at ei av dei viktigaste kjeldene til verket er arkivet til Skoledirektøren i Finnmark. Ikkje minst gjeld det for artiklane om skolen under krig og gjenreising. Dette arkivet omfattar heile tida frå Finnmark fikk eigen skoledirektør i 1902 til skoledirektørembetet blei nedlagt i 1992 og oppgåvene overført til Statens Utdanningskontor og seinare Fylkesmannens opplæringsavdeling.
Ei rekke arkiv blei flammenes rov under krigen, mest som resultat av tyskarane si brenning, men også alliert bombing. Derfor har mange kommunar i fylket svært mangelfulle arkiv og mye historie, bl.a. skolehistorie har gått tapt. Det utrulige er historia om korleis skoledirektøren sitt arkiv trass alt overlevde krigen og i dag kan studerast av alle interesserte på Statsarkivet i Tromsø.
I Arkivkatalogen forteljast det først slik:
"Mot slutten av okkupasjonstiden ble skoledirektørens arkiv flyttet til Skjånes internat i Gamvik. Skjånes var et av de få statsinternatene som ikke ble brent av tyskerne i 1944."
Men historia er enno meir dramatisk, og vi har funne denne så interessant at vi tar med nokre fleire brokker av historia:
Skoledirektøren i Finnmark hadde kontorstad i Hammerfest 1902-34. I perioden 1921-25 heldt skoledirektøren til i Lebesby og tildels Vardø, men vi kjenner ikkje til i kva grad arkivet var med dit. I prinsippet var Skoledirektøren i Vadsø frå 1934, men arkivforholda var ikkje alltid dei beste. Ein av dei som bekymra seg for det, var Bjarne Lillevik, som fungerte som skoledirektør 1943-45. 28.07.1943 skriv han til departementet: "Arkivmengden er nu så stor at jeg ber om Deres uttalelse hvad der skal gjøres med det. Da jeg her har et meget lite kontor og da det dessuten er mindre pent og ha det liggende oppstablet i forværelset, og da det dertil ikke er sikker oppbevart mot ildsfare har jeg tillatt meg konferere med styreren for Finnmarks biblioteket for om mulig få plass der. - Det er innvilget, men forlanger han kr. 50,- pr. år for oppbevaringen. Slik som forholdene nu er ansees det helt utilrådelig å sende det til arkiv sydpå. Som mangeårig samler av slekts- og bygdehistorisk stoff, og som tidligere arkivgransker, nærer jeg særlig interesse for gammelt arkiv og gjerne vil verne om det."
Lillevik sitt engasjement for å verne om arkivet førte til at da bombinga av Vadsø blei svært intens i 1944 fann han det sikrast å evakuere arkivet frå byen. Han fikk det frakta med bil til Smalfjord i Tana og vidare med båt til Skjånes internat i sin eigen heimkommune Gamvik. Men få månadar etterpå kom så ordren om evakuering og brenning. Da Lillevik blei klar over at Skjånes internat trulig ville bli brent, og med det Skoledirektøren sitt arkiv, gjorde han forsøk på å få arkivet evakuert med sørover. Men slikt var ikkje prioritert, og det blei ganske kontant avvist av tyske myndigheter. Som NS-tjenestemann var Lillevik sjølv prioritert under evakueringa, og dro sørover før brenninga av Skjånes starta. Etter at han var kome sørover skriv han i eit brev om arkivet som må reknast for tapt med brenninga av Skjånes internat,
Skjånes internat malt av Ingunn Utsi. Maleriet henger på Skjånes skole. (Foto: Basia Głowacka) |
Bjarne Lillevik sammen med en tysk offiser i Mehamn, 1942 (Foto: Wilhelm Brüggemann, arkiv Rune Rautio) |
Men på Skjånes var det i mellomtida skjedd noko uventa. Gamleheimen i Vardø var evakuert dit, og innlosjert i skoleinternatet. Bestyrerinna for gamleheimen var ei tysk dame, og ho klarte å få tyskarane til å la internatet stå, med argumentet at dei gamle ikkje ville overleve ei evakuering til. Dermed blei også skoledirektørarkivet berga.
Etter frigjøringa blei så arkivet sendt tilbake til Vadsø, og da hadde det fått ein vesentlig tilvekst. For Lillevik var ikkje bare sett inn som skoledirektør av NS, han var også satt på som fylkesleiar i Lærersambandet, og Lærersambandet sitt arkivet hadde slik hamna i lag med skoledirektørarkivet. Her var det mye interessant å finne, ikkje minst om kva forskjellige lærarar hadde gjort under krigen. Vi har ikkje fått undersøkt i kva grad dette blei brukt under rettsoppgjøret, men her var mye materiale som er avslørande for mange av dei lærarane som i etterkrigstida forsøkte å løpe frå dei tjenestane dei hadde ytt okkupasjonsmakta.
Om etterkrigstida fortel arkivkatalogen vidare: "Etter frigjøringen ble arkivet fraktet tilbake til Vadsø og fikk plass i en brakke i Indrebyen. Senere ble det overført til kjelleren under Vadsø nye skole. I 1972 ble skoledirektørarkivet så flyttet til kjelleren under Statsbygget. Avleveringen av arkivet til Statsarkivet i Tromsø har skjedd i tre etapper: 1990, 1991 og 1993." Seinare har enno meir blitt overført og arkivet for Skoledirektøren og Statens Utdanningskontor utgjør no samla over 70 hyllemeter.
I arbeidet med Samisk skolehistorie har underteikna gravd i Skoledirektøren sitt arkiv sidan 2003. Likevel er eg langt i frå å ha nokon oversikt over arkivet. Ein av årsakane er at det ikkje er noko samla og konsekvent arkivsystem. Ein gong var det ført etter eit system med arkivnøkkel. Men før arkivet blei levert til Statsarkivet hadde minst to skoledirektørar gjort sine omkalfatringar og tildels laga sine eigne system. Først Lydolf Lind Meløy, da han skreiv boka "Internatliv i Finnmark" og sorterte ut alt stoff om internata for seg. Deretter Randi Nordback Madsen før ho leverte over arkivet til Statsarkivet. Og sidan har Statsarkivet rydda det på nytt. Det er laga ein ganske bra arkivkatalog, som eit stykke på veg kan fortelje kor ein bør leite etter spesielle emne og saker. Dei viktigaste funna har vi likevel gjort når vi har bladd systematisk gjennom alle papir i nokre boksar, og så funne dokument som ikkje har vore nemnd i nokon katalog, slik som breva i artikkelen om reindriftslæreplanar i Samisk skolehistorie 5.
Skoledirektøren sitt arkiv har framleis masse materiale for framtidig skoleforsking.