Artikkel i boka Samisk skolehistorie 4. Davvi Girji 2010.
På garden Forsli i Øvre Tollådalen i Beiarn traff vi sommaren 2008 ekteparet Toril og Knut Sivertsen med to av dei fire vaksne barna deira.
Knut Sivertsen er fødd i 1941 og oppvakse på garden der dei bur. Han har gått folke- og framhaldsskole på Trones i Beiarn. Seinare har han jobba med småbruk, som landpostbod, og drive verkstad. Toril Sivertsen er fødd i 1948 og oppvakse i Beiardalen. Ho har gått folkeskole fire år der og to år på Trones, der ho og gikk framhaldsskole. Ho har jobba på sjukestue og drive småbruk. Tanja Marie Sivertsen er fødd i 1970 og har gått grunnskole på Trones, vidaregåande skolar i Bodø og Oslo i kokkefaget. Ho har jobba som kokk og med lakseoppdrett. No bur no i Bærum i Akershus og da vi snakka med henne var ho heimeverande med ei dotter på eit år. Gry Helen Sivertsen er fødd i 1985 og har gått grunnskole på Trones. Her har ho og gått eit år desentralisert vidaregåande i helse- og sosialfag. Etter 2 år vidaregåande skole i Bodø på barne- og ungdomsarbeidar og allmennfaglig påbygging gikk ho i lære i Bodø og i Beiarn og tok fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Deretter har ho gått 2 år duodjiutdanning ved Samernas utbildningscentrum i Jokkmokk. Etter at intervjuet blei gjort, fikk ho engasjement som samisk veiviser for skoleåret 2009/10.[1] |
Om ein kjører etter E6 gjennom Saltdalen må ein ta av vestover mellom Rognan og Røkland, og etter fire mil, inkludert ein kraftig fjellovergang og mye svingar, kjem ein ned i den frodige Beiarbygda. Så tar ein av oppover langs Beiarelva ei mils veg til Trones, og herifrå klatrar ein så oppover Tollådalen etter ein svingete grusveg, til ein etter ei mils veg kjem fram til familien Sivertsen.
Vi tenker på det forslitte uttrykket «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», men nettopp slike stader er det ofte at tidligare reindriftssamar slo seg ned når dei måtte gi opp reindrifta, slik tilfellet var for oldeforeldra til Knut Sivertsen.
– Vi har ikkje klart å finne nøyaktig kor denne skolen låg, fortel Knut Sivertsen. Men no er det planlagt registrering av kulturminne her, og ein av dei tinga vi vonar å finne er rester etter denne skolen.
Det blei etablert undervisning for samar i Beiarn allereie under Thomas von Westen si misjonsreise, og Hans Josephsen blei tilsett som den første finneskolemeistaren. Etter nokre år blei det etablert skolebygg på Tollåneset i Beiardalen, men dette blei ikkje lenge etter flytta opp til Skulnes. Her har det trulig vore skole i omtrent i tida 1740–1825.
At det blei reist sameskole viser at det må ha vore ganske mange samar her i den tida. Frå gamalt av var Beiarn rekna som ein «finnefjord», og her var eit av dei viktigaste områda for samisk båtbygging, særlig for jekter til Bergens-farten. Men etter kvart overtok norske eller fornorska bumannsfolk meir og meir av busettinga sentralt i bygda. Kyrkjeboka for 1780–1805 fortel derimot om omfattande utkantbusetting av samar. Dei rydda gardar, som seinare ofte blei overtatt av «bumannsfolk»[2]. Dei første som busette seg på Tollå var av samisk avstamming, seinare flytta bumenn oppover. På fjellet mellom Beiarn og Bodø var det og samiske busettingar. Nokre av desse blei overtatt av bumannsfolk tidlig på 1800-talet. Andre busettingar forfalt og blei nedlagt. Mange busettingar var uregistrerte og nokre som var registrerte har ein i nyare tid ikkje klart å lokalisere i terrenget.
Dei gamle samane har tilsynelatande døydd ut. Nokre av dei blei sikkert etter kvart fornorska og gikk opp i den norske befolkninga, mens andre er sporlaust borte i dei kjeldene vi har tilgang til i dag.
Dei som i dag reknar seg som samar i Beiarn er for det meste folk som stammar frå seinare innflytting. Den største gruppa var pitesamar som kom frå Sverige i løpet av 1800-talet, men det har og vore tilflytting av samar frå andre kantar av Noreg. Den pitesamiske innflyttinga aleine har vore såpass stor at ho ei tid utgjorde omlag 20 % av folketalet i kommunen.
Oldefar Johan Anton Abrahamsson (f. 1817) og oldemor Sara Magdalena kom frå Sorsele og hørte til tidligare Gran sameby. Dei flytta med rein i området utover mot Glomfjord, og hadde sitt hovudtilhald på sommaren i Tollådalen, ved Tjiegnalis (Djupvatn). Her hadde dei gamme med potetåker. Her blei sonen Abraham fødd i 1862.
Dei blei ramma av tre uår på rad i reindrifta. Etter det var flokken redusert til omlag 70 dyr. Da måtte dei gi opp nomadelivet og slå seg ned året rundt i Tollådalen som småbrukarar. Min bestefar Sivert blei bufast her, mens dei andre barna flytta ut. Abraham flytta seinare til Sverige og blei der. Ein annan son, Nils, blei smed og børsemakar, den einaste samen vi kjenner til som laga eigne børser.
Familien Sivertsen har flere børser etter børsesmeden Nils Johansson, som var bror til Knut sin bestefar. (Foto: Svein Lund) |
Bestefar, som var fødd i 1872, fortalte at han i sin barndom hadde kjent gamle folk som hadde gått på sameskolen i Skulnes. Det er einaste direkte forteljinga vi har om denne skolen.
Bestefar blei gift med ei norsktalande dame frå bygda, og slik blei norsk familiespråket. Far min kunne noko samisk, men så forsvann siste restane av språket med generasjonen hans.
Da eg byrja på skolen, var det blitt ein slags sommarveg, men inga daglig skoleskyss og det var enno ikkje blitt vinterveg. Vi måtte derfor bu nede i bygda i den tida det var skole. Vi gikk anna kvar veke på skolen. På vinteren måtte vi gå på ski. Heldigvis var vi fleire som gikk i lag.
Familiane måtte sjølve sørge for å finne nokon ungane kunne bu hos. Vi budde da hos bønder. Dei må jo ha fått betalt ein stad for å ta oss inn i kosten, men eg veit ikkje kven som betalte dei. Kanskje det var kommunen. Eg hørte aldri foreldra mine seie at dei betalte noko. Dei hadde no elles aldri pengar å betale noko som helst med.
Første året budde eg ein stad der eg ikkje hadde det særlig bra. Så blei eg flytta til ein annan gard, til ei enke som også var pedell på skolen. Der budde eg i lag med søster mi. Den gamle dama passa godt på oss. Ho hadde ikkje så mye plass, vi sov på same loftsrommet som ho sjølv. På skolen var det mye erting og knuffing. Eg hugsar ho sa til meg at eg skulle vere mot andre som eg ville at dei skulle vere mot meg, og det rådet forsøkte eg å halde.
Frå læraren merka vi aldri noko forskjellsbehandling av samiske og norske ungar. Læraren vår var ein forferdelig autoritær person, som var like streng mot alle. Eg hugsar ein gong hadde eg brev med frå foreldra mine om eg kunne få gå heim eit par timar før, fordi det da var mørkt og dårlig vær. Eg leverte brevet, men læraren sa ingen ting. Han heldt oss på pinebenken heilt til tida var inne. Da sa han bare: «Dokker frå Øverdalen kan gå heim no». Men det hører med til historia at været var da blitt så dårlig at vi ikkje kom oss heim, vi måtte gjøre vendereis og vente til dagen etter. Da var foreldra veldig redde for oss, vi hadde jo ikkje telefon i den tida, så vi fikk ikkje gitt melding om at vi var i hus.
På framhaldsskolen hadde vi derimot ein utrulig bra lærar, Weidemann Olsen. Han var veldig flink med ungdommen, vi lika faktisk å lære hos han. Etter framhaldsskolen blei det ikkje meir skole på meg.
Også i ettertid er det stor forskjell på korleis forskjellige samar her har takla den behandlinga dei var utsatt for som barn. Det gjeld også innafor slekta mi. Nokre er bevisste og stolte, mens andre vil heller skjule det samiske.
Gjennom heile oppveksten hadde vi ofte besøk av Karesuando-samar. Det var godt samhald, sjølv om vi ikkje var i slekt med dei. Framleis har vi god kontakt med reindriftssamar.
Far min var knivsmed, han laga også mye anna, blant anna bjøller. Han rekna seg som norsk, slekta kom frå Bjøllånes i Rana. Farmor sa derimot at det var lapp i slekta, men forklarte det aldri nærare. Det som er merkelig er at familien min og Knut sin familie er nært knytta saman i fleire generasjonar, gjennom fadderar, forlovarar osv. Eg finn inga anna forklaring på dette enn felles samisk opphav.
På skolen hadde vi ein lærar som tydelig favoriserte dei skoleflinke. Sjølv kom eg godt ut av det, men det var vondt å sjå korleis dei ungane som ikkje gjorde det så bra blei forsømt.
At eg har stått fram som same har irritert mange i familien min. Dei likte det svært dårlig da eg sto fram i kofte offentlig. Eg avslørte jo da ikkje bare min eigen bakgrunn, men også deira.
– Frå vi bygde den første gamma troppa folk opp og ville lære, og da vi annonserte kurs i gammebygging kom det folk heilt frå Jæren i sør til Nordreisa i nord. Da først forsto vi kor stor interessa er for å lære meir om dette. Vi har i det heile hatt ei sterk dragning mot å finne ut av historia og bakgrunnen vår, og det har smitta over på ungane.
For arbeidet med å ta vare på og vise tradisjonane blei familien i 1994 tildelt Beiarn kommune sin kulturvernpris.
På småbruket har Knut Sivertsen satt opp flere gamle samiske bygninger og gammer. (Foto: Svein Lund) |
Bror min, som er eldre enn meg, og den neste søstera mi fikk oppleve det ganske hardt, kanskje hardare enn meg.
Toril legg til: – Sonen vår hadde fått nye samesko (biekso) og gikk i dei på skolen. Men det varte bare ein dag, etter det ville han aldri ha dei på meir. Han har opplevd så mye vondt i skoletida at han ikkje vil snakke om det.
Da eg blei konfirmert var eg den første konfirmanten i kofte i Beiarn på svært mange år. Det var masse negative kommentarar, til og med i kyrkja hørte vi det!
I ungdommen trektest eg mot samiske miljø. Eg reiste nordover i lag med anna samisk ungdom, bygde meg opp eit nettverk.
Eg syntest i grunnen det var litt rart at eg var same, mens ingen av søskenbarna mine var det. No byrjar dei etter kvart å bli litt interesserte, men det har tatt lang tid.
Skamma er godt inngrodd i Beiarn. Det var så mye lettare å vere lik alle andre. Eg opplever miljøet i Beiarn som ganske snevert og inngrodd. Her er mange som knapt har vore over fjellet.
Da eg i 1986–87 kom til Bodø, blei eg først ikkje sett på som same, bare som beiarværing, noko som kunne vere ille nok i byen. Men eg søkte mot samiske miljø og kom i kontakt med sameforeininga der. Og etter kvart stilte eg også i kofte når det var ei eller anna form for tilstelning, og eg opplevde da langt mindre fordommar enn i Beiarn.
Hadde ikkje familien vår stått fram, hadde det trulig ikkje stått fram nokre samar i Beiarn. Det har ikkje alltid vore lett. Ein ting er at vi blir sett ned på av norske bygdefolk. Ein anna ting er at vi heller ikkje har noko høg stjerne i samisk miljø, bl.a. fordi det samiske språket er heilt utdøydd i bygdene her. Og pitesamar – kven har hørt om dei? Så vi er liksom ikkje heilt ordentlige samar heller.
Knut: – Det var Tanja som var den første av oss som kom i kontakt med sameforeiningar. Vi syntest det var artig, men det skulle enno gå nokre år før nokon tenkte på å lage sameforeining her omkring. Det var Knut Sundsfjord i Gildeskål som tok initiativet til å danna Pitesamisk forening i 1999.
Det gjaldt å kunne ta igjen, og det kunne eg. Da eg gikk i 4. klasse tok eg ein gong ein spade og skulle banke fem 9.-klassingar som plaga meg. Da sette eg meg i respekt.
Toril: – Vi opplevde derimot at lærarane i den tida var ganske fleksible. Vi hadde ingen problem da vi ba ungane fri frå skolen for å vere med f.eks. på reinmerking på Saltfjellet.
Gry: – Men vi lærte ekstremt lite om samar på skolen. Det var bare det som sto i lærebøkene, det blei aldri knytta til lokale forhold. Det vedgikk liksom ikkje oss, for vi blei ikkje rekna som skikkelige samar. Skikkelige samar skulle bu i Finnmark og snakke samisk. Det var aldri noko prosjekt om samisk historie og kultur eller om lokal historie.
Den einaste i familien som har fått duodji-utdanning er Gry, som da vi besøkte familien Sivertsen nettopp hadde avslutta to år på Samernas utbildningscentrum i Jokkmokk. Ho skryt veldig av denne skolen.
– Det er den beste skolen eg har vore på. Der var det veldig dyktige lærarar.
No har ho lyst til å arbeide meir med duodji, samtidig som ho er engasjert i anna samisk kulturarbeid, både i forhold til gamle kulturminne og pitesamisk språk.
Gry skal vere med i eit prosjekt for å lage pitesamisk ordbok. Det er planlagt som eit samarbeid mellom Salten pitesamiske forening og sameforeininga i Arjeplog. Mens pitesamisk er utdøydd på norsk side er det i Sverige enno nokre gamle som snakkar språket, og to av dei er med på ordbokprosjektet; Dagny Skaili og Valborg Sjaggo. Som språklige konsulentar har dei fått professor Olavi Korhonen i Umeå og doktorgradsstipendiat Anders Kintel frå Tysfjord. Men sommaren 2008 er det enno ikkje kome skikkelig igang, da ein ikkje har fått finansiert det.
[1]
[2]
[3]
[4]
[5]
[6]
[7]
Knut Sundsfjord:
Utklekkingsanstalt for pøbel
Fortalt til Svein Lund
Knut Sundsfjord er fødd i 1935 og voks opp i Sundsfjord i Gildeskål, der han no bur som pensjonist. Her gikk han på skole og seinare drog han til sjøs og sigla i utanriksfart i 16 år. Etter at han kom heim igjen har han drive fiske og arbeida i skogen.
Knut Sundsfjord var initiativtakar til og første leiar av Salten pitesamiske forening. |
– Det er ikkje så veldig mange samane i Gildeskål. Dei fleste av dei har forfedre frå Beiarn og tidligare igjen frå Arjeplogområdet.
Sjølv gikk eg på Havn skole. Eg budde bare eit par kilometer frå skolen, men måtte likevel bu på internat dei første åra. No er det god bilveg mellom heimen min og internatet, den gang måtte vi klatre ein smal sti oppe i fjellsida. Det var skole og internat i same bygget. Huset var da nesten hundre år gamalt. Det står enno, men er noko forandra, da det er pussa opp i seinare år.
Skolen var tredelt, men med bare ein lærar, så det var to veker skole, så fire veker fri. Likevel blei det mye skulk på meg, for både om hausten og om våren var vi mye i Beiarn, og det var ikkje så enkelt å komme seg til skolen. Eg byrja på skolen under krigen, men den hadde ingen verknad på skolegangen her. Skolen gikk som vanlig.
Gamle Havn skole står fortsatt i 2008, sjøl om den er ombygd en del og forlengst har slutta å fungere som skole. (Foto: Svein Lund) |
Mange av dei diskriminerte sameungar. Det har vore så bittert å tenke på det at ein har mest lyst til å glømme det. Det var som dei skulle plage oss ekstra og dumme oss ut foran klassen. Ein gong kom læraren med ei bok og ba meg lese. Men boka var skreve med gotiske bokstavar, og han hadde sjølvsagt tenkt at det kunne eg ikkje. Men bestemor hadde lært meg å lese gotisk skrift, så eg tok boka og leste. Deretter folda eg hendene og sa fram Áhččimin (Fadervår) på samisk. Da blei læraren så sjokkert at eg fikk fri resten av dagen.
På skolen var det utanom meg tre brør som alle visste var samar. Det var samarbeid mellom lærarane og pedellen mot oss. Dei andre ungane var derimot greie, dei plaga oss ikkje.
Kommunen hadde ein omreisande sløydlærar, slik at vi fikk nokre veker med sløydundervisning. Det blei ikkje stort ut av det. Kroppsøving var det fint lite av, men vi var da ute og rant på ski nokre timar på vinteren.
Det blei bare fem års skolegang for meg. Det var ikkje stort eg lærte der. Å lese hadde eg lært av bestemor før skolen byrja. Det som sit igjen er det eg har lært i livets skole, særlig det eg lærte av familien i oppveksten. Far jobba i skogen, og vi barna måtte gå opp og ned med mat og anna til han. Vi var i det heile mye ute i naturen, sanka never og anna som vi trong. Vi lærte å kjenne naturen, planter og dyr og værteikn.
Knut Sundsfjord har ei gamal pitesamisk andaktsbok. (Foto: Elfrid Boine) |
Eg lærte mye av samiske tradisjonar, først og fremst lærte eg å lese naturen.
Vi har tre barn. Dei gikk alle barneskolen på Havn, på ungdomsskolen måtte dei til Inndyr. I 1989 blei Havn skole nedlagt. Frå da av måtte elevar herifrå gå heile skolegangen på Inndyr.
Eldste sonen min har lest samisk og snakkar språket flytande, og snakkar samisk med reindriftssamane på Saltfjellet.
Flere artikler fra Samisk skolehistorie 4