Artikkel i boka Samisk skolehistorie 3. Davvi Girji 2009.
Dette er historia til ein av dei mange som har fungert som kriselærar i samisk som andrespråk. Det er òg ei historie om kva for vilkår samisklærarar og samiskelevar kan møte på i den fornorska delen av Sápmi så seint som på 2000-talet. Svein Lund er hovudredaktør for Samisk skolehistorie og nærare presentert i bind 2. Han fortel her om da han skoleåret 2005/06 jobba til saman 3 månader som samisklærar på Hasvik og Breivikbotn skolar. |
Ein dag i august 2005 slår det mot meg i Finnmark Dagblad: «Hasvik kommune: Ledig engasjement som lærer i samisk». Dei hadde ikkje fått søkjarar til delstilling som samisklærar, så dei forsøkte i staden å konsentrere all undervisning i året på eit par månader. Som einaste søkjar trong eg ikkje vente lenge på svar.
Eg hadde rett nok det formelle grunnlaget for tilsetting og lønn som kvalifisert lærar. Men eg hadde knapt sett mine bein i ein grunnskole sidan eg sjølv var elev, og den avgrensa røynsla eg hadde med undervisning i samisk var med langt eldre elevar. Her skulle eg ha elevar i 2.,5.,7. og 8. klasse. Og når det gjaldt faglig støtte og samarbeid, så gav rektorane klar melding om at ingen av lærarane på nokon av skolane kunne noko samisk å snakke om.
Kjennskapen min til Hasvik kommune var heller dårlig, og når det gjaldt samar i kommunen, heilt minimal. I arbeidet med samisk skolehistorie hadde eg funne ei einaste opplysning om Hasvik. Det var i ei undersøking frå 1943 som opplyste at kommunen bare hadde fem «lappiske barn», alle i Dønnesfjord skolekrets. [1]
Sjølv om Dønnesfjord skole forlengst er lagt ned og folketalet i Hasvik kommune har vore i sørgelig tilbakegang, var det i alle fall i 2005 meldt inn 9 «lappiske barn» til samiskopplæring, av eit samla elevtal på omlag 130. Opplæringa skulle skje etter planen «Samisk språk og kultur». Det var omtrent det eg visste på førehand.
I første halvdel av 1990-talet hadde to foreldrepar på Hasvik fremma ønske om samiskundervisning for barna sine, som da var på småtrinnet. Likevel måtte desse elevane gå gjennom heile grunnskolen utan å få ein time samisk.
Det har vore tilløp til samiskundervisning i to periodar, midt på 1990-talet og 2003–2005, med to forskjellige lærarar. Felles for begge var at dei var kvinner, budde i Breivikbotn, hadde vakse opp i Guovdageaidnu og hadde samisk som morsmål. Men dei hadde inga utdanning for å vere samisklærar. Begge hadde eigne barn i skolealder, og samiskundervisninga starta med at dei underviste dei, og så kom det fleire til etter kvart. Felles var også at dei flytta bort frå kommunen forholdsvis kort tid etter at samiskundervisninga var kome igang. Samiskundervisninga midt på 1990-talet og 2003/04 var avgrensa til Breivikbotn. Skoleåret 2004/05 blei det òg starta opp på Hasvik.[2] Men undervisninga kom først i gang i oktober, og i februar fikk læraren jobb ein anna stad og flytta bort.
Det kan nok vere vanskelig å få samisklærar til kommunar som Hasvik. Men kommunen sin innsats for å få tak i lærar har heller ikkje vore imponerande. Nokre gongar hadde dei forsøkt å annonsere etter samisklærar i om lag 20 % stilling. Sidan ingen kan leve av det, var det sjølvsagt heller ingen som meldte seg. Eg fikk høre at lærarar ved ein av skolane hadde reagert på at det ikkje blei gjort meir for å få samisklærar. Dei hadde sagt at dei meinte skolen kunne bli juridisk ansvarlig for å ikkje å gi samiskopplæring når foreldra kravde det.
Da ein året før måtte gi ansvaret for samiskundervisninga til ei som både mangla utdanning og undervisningsrøynsle, engasjerte kommunen ein kvalifisert samisklærar i Alta som rettleiar. Det skulle eg òg dra nytte av.
"Borat go goikebierggu?" (Spis du tørkakjøtt?) Populær form for praktisk samisk språkundervisning. Julianne i 2. klasse viser at ho kan bruke kniven. (Foto: Svein Lund) |
Ein måndag i oktober var det så alvor. Den første timen var med småtrinnet. To jenter var så små at eg måtte sette meg på huk for å handhelse og seie «Bures!». Elles var det ikkje så mye samisk dei forsto, så norsk som hjelpespråk blei, for å snu på den gamle språkinstruksen, «uomgjengelig fornødent». Da eg spurte kva dei kunne på samisk, sa den eine at násti betydde stjerne, og så kom dei ikkje på meir. Men vi gikk no gjennom «Mii du namma lea? – Mii su namma lea? – Eadni ja áhčči, og så fikk dei kvar sin perm og teikna samisk flagg, skreiv Sámegiella og namnet sitt og så klistra vi det på permen. Så spurte eg kva dei hadde gjort i fjor, og det viktigaste var visst at dei hadde sunge og dansa. Det likte dei godt, og så spela eg Suga-suga-su [3] på CD, og da song dei med.
Så kom turen til ungdomstrinnet, to 8.-klassingar. Da eg kom inn i klasserommet, var den eine i ferd med å skrive velkomsthelsing til meg på tavla: «Bures, olmmai». Under presentasjonen kom vi inn på «Gos don orut?» og da svaret var «Hasviikkas», måtte vi ta samiske stadnamn på Sørøya med det samme. Mun orun Ákŋoluovttas – Son orro Goahteluovttas. Heldigvis hadde vi Sállan-kartet [4] med samiske stadnamn.
Desse elevane forsto meir samisk enn dei små, men også her måtte eg ofte ty til norsk som hjelpespråk. Dei ville gjerne ha lærebok, så dei fikk sjå på Boađe mu mielde [5] og godtok den. Elles ville dei lage samisk mat og gjøre praktiske ting. Så prata vi litt på samisk om familie om foreldre, søsken og besteforeldre og hund og katt.
Forsøket med lærebok på ungdomstrinnet gikk ikkje så bra. Eg hadde overvurdert kor mye dei kunne, boka hadde ikkje omsetting til norsk, og elevane hadde ikkje ordbok. I tillegg var oppgåvene i arbeidsboka til denne læreboka altfor barnslige for ungdomstrinnet. I det heile er det dårlig med høvelige lærebøker for dei som først i ungdomsalderen byrjar å lære samisk. Etter kort tid fann vi derfor ut at vi måtte gå over til andre arbeidsmetodar.
Mii láibut sámeláibbi – vi bakar samebrød. |
Det spelet vi brukte mest, var eit eg hadde laga sjølv, «Leavgaspeallu» [8], der brett og kort er farga i fargane til det samiske flagget. Her trekker ein kort med forskjellige typar spørsmål. Ein elev sette meg på tanken om korleis dette spelet kan brukast til meir systematisk grammatikk-undervisning. Ho sorterte korta på bordet etter spørjeord; spørsmål med mii, maid, gii, makkár, galle osv. Ofte tok vi pause i spelet, og eg gikk til tavla for å forklare, f.eks. forskjellen på mii og gii, mun lean og mus lea, osv.
Da eg kom til Hasvik skole, fikk eg ein perm med bl.a. eit gammalt kortspel som var sendt ut av Samisk utdanningsråd. Dette har vi òg brukt med godt resultat.
Til sist brukte eg eit av spela til prøve; eg klipte frå kvarandre bilete og ord, blanda alt i ein haug og så skulle elevane sette dei saman igjen.
Samiskelevane i Breivikbotn spelar «leavgaspeallu». Frå venstre Susanne Hansen, Inger Lise Pedersen, Benedikte Gamst og Thomas Hansen. |
Eg fikk tak i og hengte opp samiske plansjar om fiskenamn og slektstavle, kart over Sørøya og bilete av forskjellige samekofter. Med utgangspunkt i slektstavle-plansjen teikna elevane sine eigne slektstavler, noko som var eit fint utgangspunkt for å samtale om elevane sine samiske røtter. Vi fann òg fram til felles kjente blant tanter og onklar, og da eg kunne fortelje at eg ein gong hadde truffe ein berømt, men no avdød oldefar [9], var det svært så stas.
Eit anna fint læremiddel var ein perm med namnet Gulat go giela? [10] Der er bilete og tekstar og spørsmål både på papir og CD. Dette passar kanskje best for mellomtrinnet, men kan òg brukast av både større og mindre elevar. Dette er særlig fint å bruke når ein har elevar på forskjellig nivå, for da kan nokre elevar jobbe med dette på eiga hand.
Eg er ingen stor songar, men ein song har eg no klart å synge med alle elevane; Čalbmi. čalbmi, njunni, njálbmi...[11], der elevane peikar på dei forskjellige kroppsdelane etter som dei syng namna på dei. Elles brukte vi CD-ar med samiske songar og song med etter beste evne. På ungdomstrinnet gikk vi gjennom mesteparten av boka Lávlagat ja luođit [12] og omsette tekstar. Om eg skal oppsummere kva som har vore dei viktigaste læremidla, vil eg seie spela, tavla og fotoapparatet mitt.
«Tavleundervisning» har i våre dagar blitt noko av eit skjellsord for «moderne» pedagogar. Ei tavle kan sjølvsagt brukast på den tradisjonelle metoden, med einvegs undervisning der elevane bare sit lydige og skriv av. Men tavla kan òg vere ein veldig nyttig reiskap for å forklare det ein jobbar med, vise skrivemåten av ord osv. Og aller best fungerte det når elevane sjølve fikk teikne på tavla og skrive samiske ord til.
Av bileta laga eg «album»; sette inn i tekstbehandlingsprogram seks bilete på kvart ark og skreiv dette ut på fargeskrivar. Neste time skreiv elevane samisk tekst til bileta. Seinare gjorde eg tilsvarande tur med dei andre gruppene. Resultatet hengte vi ut på gangen. Andre elevar og lærarar kom til for å sjå og samiskelevane måtte omsette teksten for dei. Særlig var dei minste stolte da dei kunne fortelje lærarane sine noko som desse ikkje kunne.
Heftet fikk namnet Mii orrut Sállanis, eller på norsk Vi bor på Sørøya. Til slutt blei det eit hefte på 24 sider. På kommunen sin fargeskrivar fikk vi skrive ut 100 hefte gratis, som vi så selte til inntekt for skoletur. Sidan sjølve heftet var på samisk, noko som få på Sørøya kunne lese, laga vi òg ein norsk versjon utan bilete. Den hadde vi med og selte til dei som trong det.
Når eg seinare innkalte møte, bad eg foreldra og elevane i lag. Da blei det langt betre frammøte. Da eg endelig byrja å få kontakt med foreldra, fann eg ut at dei fleste av dei var svært positive til samiskundervisninga, og mange var og villige til å stille opp på forskjellige måtar. Dei kunne for eksempel hjelpe til med å utarbeide lokale læremiddel og sørge for at vi skulle komme på skoletur. Like før eg slutta til påske, bad eg inn både dei elevane som hadde hatt samisk og foreldra deira og dei som hadde bede om samisk neste år. Der viste eg bilete frå skoleturen, og foreldra og elevane fikk komme med ønske for samiskundervisninga for framtida.
Resten av timane blei kjørt som heile skoledagar; fire timar for småtrinnet, fem for mellomtrinnet og seks for ungdomstrinnet. I nokre tilfelle kom det eine oppå det andre så det kunne bli inntil åtte timar samisk, noko som absolutt er i meste laget både for elev og lærar. Det stilte store krav til planlegging av variert undervisning, helst med ein tur ut midt på dagen eller ei økt på skolekjøkkenet.
Det blei lettare da vi fikk bruke eit rom med tavle. Og helst ville elevane fylle tavla sjølve. Frå venstre Inger Lise Pedersen og Benedikte Gamst. |
I vår tid er datateknologi ein sjølvsagd del av undervisninga, og det skulle vel i prinsippet òg gjelde for samiskundervisninga. Men dei fleste romma vi fikk tilgang på, hadde enten ikkje datamaskinar i det heile, eller maskinar som ein ikkje kunne bruke til å skrive samisk på [14]. Eitt einaste rom hadde maskinar vi kunne skrive samisk med, men dette rommet hadde vi bare tilgang til etter kl. 1400.
Vi fikk bidrag frå begge skolane og Den kulturelle skolesekken, men største inntektskjelda var likevel sal av heftet Mii orrut Sállanis. To mødrer og ei tante stilte opp, og når vi i tillegg fikk ein bussjåfør som alle kjente, så drog vi lystig i veg med 11 av 12 samiskelevar.
Skoleturen var årets høgdepunkt. Her spiser vi frokost på Láhpoluobbal skole. Fra venstre rundt bordet: Thomas Hansen, Ingunn Utsi (tante/ muoŧŧa), Benedikte Gamst, Susanne Hansen, Marita Pedersen, Ristiinná Loso, Liv Marit Somby (mor/eadni), Julianne Isaksen, Ronja Antonsen, Christoffer Isaksen Lantto, Dag Henrik Nilsen. |
Turen gikk til først til Guovdageaidnu, der vi fikk overnatting og omvising på den samiske vidaregåande skolen, før vi besøkte bygdetunet og Sametingets opplæringsavdeling og drog vidare til Láhpoluoppal. Her tok vi inn på skolen, og på morgonen etter fikk vi møte elevar og lærarar og sjå kva dei hadde laga. Etterpå bar det austover over vidda. I Jergul stoppa vi hos kjentfolk og var med og mata svært så tamme rein i gjerdet. Vidare gjekk turen mot Karasjok, med Sametinget og Samiske samlinger og Samisk videregående skole. Ein tur over til Finland blei det òg tid til. Så bar det til Lakselv, der vi hadde lagt inn fire timar med duodji- og språkopplæring ved Samisk språksenter. Elevane sydde seg sine eigne skinnposar. Neste stopp var Stabbursnes naturhus, og utpå ettermiddagen kunne vi som årets første turistar grynne oss fram i uvêret mellom gammar og naust på Smørfjord sjøsamiske bygdetun, før vi redda oss inn på grendehuset, der bestemor til to av elevane serverte middag. Siste overnattinga fikk vi på Russenes skole, der vi òg fikk møte samiskelevar og lærar på morgonen før vi tok fatt på den lange vegen heim til Sørøya.
Resultatet var at vi laga ein 19 siders rapport med bilete og informasjon om kvar av stadane vi besøkte. I rapporten har elevane sjølve skrive det aller meste av teksten. Dei har tatt om lag halvparten av bileta, og dei har plukka ut dei bileta som skulle vere med. Rapporten er skriven på norsk, men for kvar institusjon har vi tatt med samisk og norsk namn og nokre aktuelle samiske ord.
På Jergul stoppa vi ved eit reingjerde og fikk hilse på Bambi, som var ein spesielt tam rein. |
Da vi siste veka hadde møte for elevar og lærarar og eg spurte kva ønske dei hadde for samiskundervisninga neste år, sa ein av elevane det slik: – Ein slik tur til!
Ingen søkte samisklærarjobben for skoleåret 2007/08. Fristen for å søke om hjelp til fjernundervisning var det heller ingen som hadde fått med seg, ettersom kommunen sin katastrofale økonomi hadde gjort at skolekontoret var ubemanna. Læraren som skulle studere samisk var hanka inn til anna lærararbeid, og da skolen byrja, var det ingen som riktig visste kva dei skulle gjøre med samiskundervisninga. Ungdomsskoleelevane hadde samisk på timeplanen, men var stort sett overlatt til seg sjølv. For dei andre elevane var samiskspørsmålet utsett inntil vidare. På dette tidspunktet blei eg kontakta med spørsmål om eg kunne gjøre noko, og vi blei samde om å prøve å lage eit opplegg med periode- og fjernundervisning. Men i skrivande stund er det ikkje skolehistorie, men framtid, og korleis det går, får du ikkje vite i denne boka.
[1]
Flere artikler fra Samisk skolehistorie 3
[2]
[3]
[4]
[5]
[6]
[7]
[8]
[9]
[10]
[11]
[12]
[13]
[14]