Sámegillii

Artikkel i boka Samisk skolehistorie 3. Davvi Girji 2009.

Klemet Vik:

«– No har finnen kasta komagan og blitt fin på det»

Fortalt til Svein Lund

Klemet Vik, Kvalsund 2005
(Foto: Svein Lund)

Klemet Inge Hætta Vik er født i 1937 og voks opp i Kvalsund kommune, dels i Stallogargo på Kvaløya, dels i Beretsjord på fastlandet. Han har til saman 3 ½ års folkeskole frå Sandvollan skole i Inderøy i Trøndelag og Stallogargo skole, og 1 år på Svanvik folkehøgskole, som da heldt til på Skáidi i Kvalsund. Seinare har han tatt handel og kontorutdanning i Hammerfest og bibelskole i Hordaland.

Klemet har arbeidd innafor mange yrke, bl.a. som fiskar, sjømann og forsikringsagent. Han har kjørt gaffeltruck, buss og lastebil og vore kyrkjetenar. Da vi intervjua han våren 2006, hadde han nylig blitt pensjonist.

Klemet helsar på samisk og pratar samisk om laust og fast, men når vi skal lage intervju, går han over på norsk. Sjølv om samisk er morsmålet, har han brukt det lite dei siste tiåra og seier at ordforrådet blir for dårlig til å fortelje om alt han har opplevd. Når vi ber han om å fortelje om skoleopplevingane sine, byrjar han å snakke om slekta si:

– Besteforeldra mine på morssida var reindriftssamar. Dei hadde vinterbuplass på Elvebakken i Alta og vinterbeite i Stilla-området. Sommarbeitet var på Kvaløya. Bestefar hørte til Spein-slekta. Da han døde, satt bestemor, Inga Jørgensdtr. Sara, igjen med 4 barn. Ho gifta seg med ein sjøsame frå Kvaløya, Johan Paulsen. Han var fiskar og kobbejegar. Dei klarte ikkje å halde oppe reindrifta, men busette seg fast på Stallogargo. Bestemor døde i 1935, men stebestefar min levde heilt til 1954. Han var rekna som ein slags «sjøsamehøvding». Han hadde langt skjegg, gikk alltid i kofte og med hatt. Kofta var av blått vadmål med lite pynt.

Mor mi fikk altså første delen av barndommen sin i Alta. Alta var i den tida svært språkdelt; finsk dominerte på Elvebakken, i Bossekop var det meir samisk, og i Tverrelvdalen snakka dei ein slags austlandsk. Mor hadde samisk som heimespråk, men lærte seg òg både norsk og kvensk. Desse språkkunnskapane gjorde nok mye til at ho fikk jobb i Televerket. Ettersom telefonlinja på 30-talet blei bygd ut mellom Alta og Kautokeino, jobba og budde ho på fjellstuene. Ho byrja i Gargia, så på Suolovuopmi og til slutt i Bingis. Der kom ho ikkje lenger, for da møtte ho han som skulle bli far min og blei gravid med meg.

Mor reiste da heim til Stallogargo og busette seg i lag med familien der. Sjølv om foreldra mine aldri var gift, fikk eg etter den tids namneskikk etternamn etter far min, og voks opp som Klemet Hætta. Eg forsto ikkje korfor eg ikkje kunne heite Spein slik som mor mi, onklane og søskenbarna mine.

Det var ikkje så lett for mamma å ta seg av meg, så eg blei bortsett til ei eldre søster av henne. Ho var gift og barnlaus og budde i Beretsjord. Heimen der var heilt og fullt samisktalande. Men så kom krigen, og mamma var redd for å bli sendt i tysk teneste. Så eg blei henta heim i 1941. I huset til onkelen min ville dei da at ungane skulle snakke norsk, men eg kunne da ikkje eit ord norsk, så dei måtte snakke samisk til meg. Når vi ungane ikkje skulle forstå, snakka dei vaksne finsk eller kvensk, rett nok oppblanda med både norsk og samisk. Derfor forstår eg òg ein del finsk. Mor mi blei gift i 1941, og eg fikk stefar. Han var opphavlig frå Karasjok, men var som barn sett bort i Storbukta, nokre få kilometer frå Stallogargo.

Stallogargo. Til høgre i bildet er skolen som blei bygd på 1950-tallet og lagt ned på 1980-tallet. Stállogárggu. Olgeš bealde govas lea skuvla mii huksejuvvui 1950-logus ja heaittihuvvui 1980-logus.
(Foto: Svein Lund)

Stallogargo – ein smeltedigel

– Stallogargo var som ein smeltedigel i den tida. Det var bare vi i Spein-familien som blei rekna som samar. Det var jo sikkert også mange andre som hadde samisk bakgrunn, men dei sto fram som norske. Elles var det bl.a. folk som var kome flyttande i samband med koppargruvene i Porsa og Neverfjord. Her var finske og svenske, og ein familie Schrøder som sikkert hadde tyske anar.

Krig og evakuering

– Læraren på Stallogargo skole, Astrup Nilsen, var frå Sørøya. Han var med i læraraksjonen og blei arrestert av tyskarane i 1942. Deretter blei det ingen skole og skolebygningen blei tatt til feltlasarett for tyskarane. Mange mista skolegang. Sjølv skulle eg etter retten ha byrja på skole hausten 1944, da eg fylte sju år, men det blei det jo ikkje noko av da.

Same hausten kom evakueringa. Dampbåten «Bodin» henta alle som budde på indre del av Kvaløya. Båten var berekna for 200 passasjerar, men vi var vel om lag 700–800 om bord, så det var overstadig fullt. På vegen var vi utsette for angrep, men kom no heilskinna fram til Tromsø. Der måtte alle i land med bagasje. Vi blei innlosjerte i Tromsø domkyrkje i lag med mange andre evakuerte. Dette er historie som er fortalt meg i ettertid, sjølv hugsar eg ikkje så mye av det. Der var ganske kummerlige forhold. Etter nokre dagar fikk vi så beskjed om at båten skulle gå vidare likevel. No var skipet reingjort, det var ikkje så mange passasjerar, og vi fikk eigne lugarar.

Båtreisa vår enda i Mosjøen, der vi blei lasta om bord i eit tog som skulle til Steinkjer. Så blei vi internerte i fleire veker i ein AT-leir [1] nær Verdal. Familien min blei da internert på tre bondegardar i nærleiken av kvarandre. Bonden som mor mi, søster mi og eg tok inn hos, var tyskarvennlig, så da freden kom, blei vi regelrett kasta ut. Da fikk vi oss ein ny heim, svært avsides på ein husmannsplass.

Hausten 1945 begynte eg på skole, på Sandvollan skole i Inderøy. Det var ingen skoleskyss, så det var ganske strabasiøst for ein 8-åring. Det var 8–9 km til skolen. Eg gikk først 2–3 km til storgården Hustad. Derifrå brukte eg å haike med mjølkekjøraren, men han hadde mye å gjøre på vegen, så eg kom bestandig for seint på skolen.

Eg kunne lite norsk da vi blei evakuert, men hadde allereie lært språket ganske bra på gardane der vi var før eg byrja på skolen. Norsken eg lærte var sjølvsagt dialekten der i Inn-Trøndelag. Også eg og søskenbarna mine byrja å snakke trøndersk med kvarandre. Etter den tida snakka vi samisk bare med dei vaksne.

På skolen hadde vi ei gammal lærarinne, ho snakka gammaldags inntrøndsk. Men eg treivst bra på skolen, eg fikk skolekameratar og var i grunnen ganske skoleflink. Opplæringsmålet der var nynorsk, så det var det eg lærte å skrive og lese. Verken dialekten eller skriftspråket var noko problem for meg da, men det skulle det bli etter at vi kom tilbake til Finnmark.

Heim til ruinar

– Foreldra og onklane mine hadde liksom feber i blodet, dei ville heim til Finnmark så snart som råd. Dei første reiste allereie i mai 1945. Mor fikk ei datter det året, derfor måtte vi bli igjen. Da vi kom etter, hadde vi vore på auksjonssal og kjøpt husgeråd. Vi hadde også med husdyr på godsbåten som vi reiste med til Hammerfest. Der sto stefar min og venta på oss. Først fikk dei sett opp eit provisorium, ein kåk på 3 x 4 m. Seinare fikk dei laga ein gamme over ein kjellarmur. Mor fraus så mye at ho blei sjuk den vinteren.

Storbonden på Brakstad gard i Trøndelag, der vi hadde vore under evakueringa, sendte oppover materialar til å bygge hus av. Det var ferdig skore til og berekna på «trønderlån», slike våningshus som er vanlige på gardane i Trøndelag. Men Finnmarkskontoret, som hadde styring med gjenreisinga, ville ikkje godta det, for det passa ikkje inn i den byggestilen dei ville ha. Derfor blei materialane liggande i fjæra i fleire år. Til sist blei huset sett opp, og det står enno.

På våren 1947 fikk vi plass i «Tusenhjemmet», ei brakke berekna på 7 familiar. Der var det så som så med privatlivet, det var bare ullteppe som skilte mellom familiane. Dyra våre heldt til under den samme brakka.

Under krigen var stefar min tatt ut i tysk teneste på ein norsk båt. Båten blei torpedert, og han hadde seinare store problem på grunn av det han opplevde under krigen. Derfor måtte eg tidlig slite hardt med jordbruk og fiske for å halde liv i oss.

Skole i brakke

– Skoleåret 1945-46 blei det ikkje nokon skolegang for meg. Hausten 1946 byrja arbeidet med å bygge skolebrakke. Det var enno ikkje gjenreist noka kai i Stallogargo, så ein stor båt lossa materialar rett på sjøen. Materialane blei slepa inn i fjæra, og så var det å bere dei opp til skoletomta. Alle vi som skulle vere elevar, måtte delta i bygginga av skolebrakka. Det blei rekna som ein del av undervisninga. Elles blei det ikkje stort av undervisning før skolebrakka sto ferdig våren 1947. Eg var bare 10 år og liten og veik, så det var ikkje så mye eg kunne gjøre i bygginga. Eg blei bl.a. sett til å beinke spikar. Eg samla spikar i ei bøtte, men gong på gong sparka dei andre ungane til bøtta så ho gikk overende.

Allereie før krigen var det motsetningar mellom oss samar og andre som budde på Stallogargo. For min del blei dette bare forsterka av det som var skjedd under evakueringa. Dei andre hadde hatt sitt norsktalande miljø med seg og hadde halde fast på dialekten. Eg kunne derimot bare trønderdialekt, eg hadde aldri snakka norsk med finnmarksdialekt. Dei andre erta meg: «– No har finnen kasta komagan og blitt så fin at han kan ikkje snakke vanlig norsk.» Eg blei stadig gjort narr av fordi eg «ikkje kunne norsk». Enno den dag i dag har eg ikkje heilt samme dialekt som andre her. Først trudde eg grunnen til at eg blei erta på skolen var at eg var same. Slektningane mine blei òg noko erta, så det har nok vore ei av årsakane. Men det var eg som blei plaga mest, og det var nok òg andre grunnar til det. Frå starten spurte eg mye og lærte fort, samtidig som eg skilte meg ut med språket.

Tusenhjemsbrakka var like ved skolen, så eg rømte stadig frå skolen og heim. I 1949 fikk vi eige hus, da blei skolevegen forlengd frå 100 m til 1½ km. Den vegen var grusom, for eg blei stadig plaga av dei andre elevane. Eg kom bestandig for seint, for eg torde ikkje komme inn i klasserommet før læraren var kommen.

Eit minne frå gjenreisingstida er huset som blei reist med materiale frå garden der Klemet og familien var under evakueringa. Seinare er det påbygd, så frå øversida ser ein ikkje lenger så klart den typiske trønderlån-stilen.
(Foto: Svein Lund)

Det var fire veker på skolen og fire veker fri. Når friperioden var over, hadde vi glømt mesteparten av det vi hadde lært. Nokre gongar var det seks-vekers veksling mellom skule og fritid.

Ein ting var problema med erting frå dei andre ungane. Men behandlinga eg fikk frå læraren si side var ikkje stort betre. Det var inga forståing for at eg hadde ein annan språklig bakgrunn enn dei andre. Vi hadde bl.a. ein lærar som bare var 18–19 år. Eg veit ikkje kva for utdanning han hadde, stort kan det ikkje ha vore. Eg var eigentlig ganske flink i norsk, eg hadde på mange måtar lært meir enn mange andre på skolen der vi var evakuert. Eg kunne skrive, både stil og gjenforteljing. Problemet var at eg kunne bare skrive på nynorsk, og det blei ikkje godtatt. Læraren kunne ikkje nynorsk og når han las høgt det eg hadde skrive, blei det latter i klassen. Eg hugsar ein gong eg skreiv: «Eg sykla etter vegen». Læraren las da høgt: «Eg sykla etter veggen». Han skulle plukke bort all nynorsken, med det resultatet at heile skriveboka blei full av raude strekar. For å overleve i klassen måtte eg derfor gjøre meg dummare enn eg var, eg sette meg ned til 7–8 års nivå. Eg kom i særstilling i klassa fordi eg var «dum i norsk». Så blei eg sett til å teikne bokstavar som straffeeksersis. Eg blei og truga med spesialskole. Det var ikkje disiplin i klassa, da læraren ikkje var stort eldre enn oss, og han slo aldri ned på at elevar erta og plaga kvarandre. Lærar Nilsen, som no var kommen tilbake frå opphald i tysk fangenskap, hadde storskolen, mens eg enno var i småskolen. Men Nilsen blei ikkje lenge, og snart fikk vi ein ny lærar, Torbjørn Paulsen. Han kom frå Oslo, var friluftsmann og radioreparatør. Han blei veldig populær i bygda fordi han bygde om radioapparat. Han hadde fleire hundar, og sette meg til å vere hundepassar, så eg fikk kjøre med hundar og slede. Han såg at eg var mobba på skolen, og prøvde å hjelpe meg, bl.a. med å gi meg ekstra heimelekser. Seinare blei han erstatta av Eivind Nuth, som var ein eldre, streng kar. Han var berykta for at han slo elevane over fingrane, men det blei samtidig sagt at elevane lærte mye av han. Men det var altså etter mi tid.

Lærebøker var det dårlig med i etterkrigstida, ofte fikk vi nokre utslitte lørver sørfrå, fulle av understrekingar. Men på den andre sida kunne understrekingar og notat i bøkene vere nyttige òg.

Det var ikkje noko som heitte foreldremøte eller konferansetimar, og eg kan ikkje hugse at nokon av lærarane nokon gong kom heim til oss.

Folkehøgskole på Skáidi

– Da eg var 13½ år, gikk eg ut av skolen sjølv om eg bare hadde fått 3½ års skolegang. Eg fikk tilbod om å gå eit år til, men sa nei, eg orka ikkje meir av den skolen. Så fikk eg tilbod om framhaldsskole, men sa nei til det òg. Da kom det eit veldig strengt brev frå skoleinspektør Isak M. Leiros, der dei skulle tvinge meg til å gå meir på skole. Trulig var kommunen redd for at dei kunne bli ansvarlige for at eg hadde mangelfull utdanning.

Det eg hadde lyst til, var å gå på yrkesskolen for å lære eit handverksfag, men først fikk eg ikkje byrje fordi eg kunne for lite allmennfag. Så kom konfirmasjonsskolen, der vi hadde vikarprest Johannes Gilleberg. Han ordna plass for meg på yrkesskolen i Hammerfest, men da gav mamma meg ikkje lov å reise. Ho trong meg heime i gardsarbeidet. Eg hadde alltid jobba på småbruket, blant anna slakta sauer frå eg var liten. Eg måtte ta store delar av gardsarbeidet, eg fiska og samla tare til dyra.

Eg gikk ut av folkeskolen i 1951, først i 1953/54 kom eg meg vidare på skole. Da gikk eg Svanvik ungdomsskole (folkehøgskole), som i den tida heldt til i hotellet på Skáidi. Det var eit sommarhotell, uisolert, trekkfullt og kaldt. På vinteren var det ikkje open veg ned til sjøen, så vi elevane måtte dra med hest og slede ned til Repparfjordkaia og hente mjølsekkar og fisk og anna til skolen. Lokalbåten kom med varer to-tre gonger for veka. Det var 60-liters spann og 50-kilos mjølsekkar. I sommarhalvåret var det lettare, for da gikk transporten med lastebil.

Sjølv om skolebygget ikkje var det beste, var det eit virkelig godt år. Vi hadde alt gratis. Da skulle eg gjerne tatt eit år til, men det fikk eg ikkje. Eg hugsar spesielt godt ein lærar. Han var frå Namsos og skulle eigentlig vore pensjonert. Han lærte meg den matematikken eg mangla. Han var samtidig sløydlærar, og vi fikk gå på sløydsalen på kveldstid.

Eg brukte mye tid på å lese. Skolen hadde strøm bare frå eige aggregat, og det blei slått av om kvelden. Da låg eg under dyna med lommelykta og las. Det gikk med nokre lommelyktbatteri den vinteren.

Det var ei fin tid fordi vi lærte å kjenne folk frå heile Finnmark. Vi var 13 gutar og 24 jenter. Det var mest landsens ungdom, som alle hadde vakse opp under samme forhold som oss, det var nesten ikkje byungdom blant oss. Eg skulle gjerne tatt eit år til der, men det fikk eg ikkje høve til.

Arbeidslivet

– I 1955 kjøpte eg meg motorsykkel, som den første i bygda. Samme året tok eg bilførarkort, det var heller ikkje mange som hadde den gongen. Eg fikk da kjøre skolebuss.

Så fikk eg jobb i FFR, på lokalbåt og fór med turistar frå Mosjøen og nordover. Etter ei tid byrja eg på kystskipperskole, men slutta der, for eg fann ut eg ville heller jobbe på land. No hadde vi trappa ned på verksemda ved småbruket i Stallogargo, vi reduserte sauebestanden til å dekke eige behov og hadde bare igjen ei einaste geit.

Da eg var blitt vaksen, følte eg behov for å bli kjent med mi eiga slekt i Kautokeino. Da tok eg meg jobb der eit år, på Slåtta Auto. Eg trefte far min for første gong og blei og kjent med fleire av søskena mine der. Da fikk eg samtidig gjenoppfriska ein del av samisken min.

Så jobba eg ei tid i butikk i Rypefjord, til eg fikk innkalling til militæret. Der brukte eg mye tid på brevskole gjennom NKS, men det gav jo ikkje nokon formell kompetanse.

I 1963 byrja eg på Findus som truckførar, men det varte ikkje meir enn to år, så blei eg alvorlig skadd da eg blei påkjørt av ein truck. Seinare jobba eg som lastebilsjåfør, noko som førte meg til Vestlandet. Der blei eg kjent med ei dame som heitte Vik til etternamn, og da vi gifta oss, tok eg etternamnet hennar. Eg fikk da jobb som kyrkjetenar i heimbygda hennar. Men ekteskapet tok slutt, og i 1997 vendte eg så tilbake til Kvalsund, der eg igjen fikk jobb som kyrkjetenar. Den jobben hadde eg til eg gikk av med pensjon i februar 2006.

Eg hører til dei mange som fikk lite skolegang på grunn av krigen, og eg har slitt mye på grunn av det. Derfor har eg og meldt meg inn i USKAV [2] og i taparforeininga, men så langt har det ikkje vore noka erstatning å få.


[1] AT = Arbeidsteneste. NS-styret oppretta i 1943 arbeidstenesta, der alle menn i vernepliktig alder blei innkalt for å gjøre arbeid for den tyske okkupantmakta. Det var stor motstand mot dette, og mange rømte til skogs for å unngå mobiliseringa til arbeidstenesta
[2] USKAV: Foreining for samar med tapt skolegang på grunn av andre verdskrigen. Nærare omtalt i Samisk skolehistorie 1.


Flere artikler fra Samisk skolehistorie 3