Sámegillii

Artikkel i boka Samisk skolehistorie 2. Davvi Girji 2007.

Karl M. Paulsen:

Skole på lulesamisk i fornorskingstida

Fortalt til Svein Lund

Kalle Paulsen, Guovdageaidnu 2004
(Foto: Svein Lund)

Karl Matto Paulsen kjem frå Nordbukt (Tjerrekluokta) i Tysfjord (Divtasvuodna) og er født i 1950. Frå 1958 gikk han 6 år barneskole i Musken (Måsske), og budde på internatet der. Deretter gikk han 7. klasse og framhaldsskolen på Drag (Ájluokta).

Etter skolen dreiv han fiske, seilte med hurtigruta og fraktebåt, og arbeida som snikkar. Som snikkar kom han i 1973 til Guovdageaidnu, der han stifta familie og slo seg ned. Frå 1976 har han arbeida som kokk og kjøkkensjef.

– Heime i Nordbukta var det ingen som snakka anna enn lulesamisk til daglig. Det var det knapt heller i Musken dei første åra som eg gikk på skole der. Da hadde vi bare samisktalande lærarar. Det var Elin Urheim som var den første læraren min. Både ho og mannen hennar, Mikal, brukte samisk overfor elevane, både i fritida og i klassa. Det gjorde også Kaia Kalstad, som var vikar for oss ei tid, og eit par andre lærarar som eg kan hugse: Magnar Kintel og Ivar Urheim.

Elever ved Musken skole på 1950-tallet: Første rekke fra v.: Leif Finnesen, Jarle Johnsen, Idar Nilsen, Simon Andersen, Normann Johnsen. Andre rekke fra v.: Peder Amundsen, Hjalmar Andreassen, Bjarne Mikkelsen, Magnar Kintel.
(Kilde: Velferd og mangfold - Tysfjord kommune 1950-2000)
Musken skole, 4.-7. klasse 1963/64. Bak fra venstre: Per -Mikal Pedersen, Samuel Paulsen, Ingmari Mikkelsen, Ingeberg Amundsen, Idar Mikkelsen og Selma Andersen, internatbestyrer. Foran fra venstre: Karl Paulsen, Wily Wikan, lærer, Lennart Mikkelsen og Sixten Mikkelsen.
(Foto utlånt av Viggo Johansen)

Bøkene var på norsk, men lærarane forklarte på samisk. Slik blei det lettare for oss å forstå norsken etter kvart. Frå 4. klasse hadde vi sløyd, og sløydlæraren var norsktalande. Han reiste rundt i heile kommunen, og så hadde vi konsentrert sløydundervisning nokre veker av gangen. Det var først da eg gikk i 5. eller 6. klasse at vi fikk ein einspråklig norsktalande lærar. Da måtte vi snakke norsk til han for å bli forstått. Han var trønder og av han lærte vi mye norsk. Og fotball.

Da eg begynte på skolen, gjaldt framleis instruksen om at undervisninga skulle vere på det norske språket. Så det lærarane våre gjorde, var vel eigentlig ikkje lovlig. Eg trur ikkje skolestyresmaktene var klar over kor mye dei brukte samisk. Musken er jo ei veglaus grend, og skoleinspektøren kunne bare komme med båten. Det var sjeldan han var på besøk, og da visste vi det på førehand. Så snakka læraren bare norsk den dagen.

Den gamle skolen i Musken var eit ganske lite bygg. I første etasje var det klasserom og lærarbolig, i andre etasje internat. Skolen var to-delt, småskolen frå 1. til 3. klasse og storskolen frå 4. til 6. klasse. Sidan det bare var eitt klasserom, måtte småskolen ha undervisning i eit privathus like ved skolen. Internatet hadde to soverom, jentene på det eine rommet og gutane på det andre. Som regel var vi 15–16 internatelevar, så det var vanlig med omlag 8 på rommet.

Internatbetjeninga var folk frå staden, og alle var samisktalande. Ein av dei tinga eg hugsar frå internatet, var at kommunen kjøpte inn all maten vi skulle ete, og sendte denne innover med båten. Resultatet var at vi fikk gammal sur fisk og salt sild, mens det var nok av ferskfisk like ut for kaia. Det hendte at internatet kjøpte litt fersk fisk frå lokale fiskarar, men det var svært sjeldan.

Da den nye Musken skole blei bygd i 1969 blei den gamle skolen bygd om til forsamlingshus, og utedoen, stabburet og vedskjulet er borte.

I den tida var det fleire små skolar innover i fjordane, på Grunnfjord, Hulløy og Storå. Desse er no for lengst nedlagt og mesteparten av dei indre fjordstrøka i Tysfjord er avfolka. Det er bare Musken som har holdt stand. Der er det framleis både folk og skole.

"Den gamle skolen i Musken var eit ganske lite bygg."
(Foto: Randi Sjølie / Sametinget, 2001)

Da vi begynte i 7. klasse, måtte vi utover til Drag. Der gikk vi på den gamle skolen og budde på internat på Margits minne, ein institusjon som var bygd av Samemisjonen. Vi som kom innafrå fjordane blei ofte mobba på grunn av den dårlige norsken vår. Mange av dei som mobba oss hadde sjølve samisk bakgrunn, men der fantest også dei som var heilt norske. Bl.a. var der arbeidarar som kom frå Bergen for å jobbe på feltspatgruva på Drag. Enno verre var det når vi måtte til kommunesenteret Kjøpsvik, der vi hadde svømmetimar, tannlege og helsekontroll. Da sto «sementungane» oppstilt for å plage oss når vi kom inn med båten. Men vi var mange og banka dei til vi fikk fred.

Eg gikk på skolen eit par år før den 9-årige skolen blei innført i Tysfjord. I mi tid hadde vi ikkje anna tilbod enn ein eitt-årig framhaldsskole. Denne var på samme skolen som vi gikk 7. klasse. Det var ingen som ga oss noko meir tilbod etter det. Eg kunne i grunnen ha tenkt meg å gå meir på skole, men det blei ikkje noko. Først rodde eg fiske eit år med onkelen min, så fikk eg jobb på hurtigruta. Og det eg har lært etter den tid, har eg lært i arbeidslivet. I 1986, mens eg jobba som kokk i Guovdageaidnu, tok eg eit §20-kurs på vaksenopplæringa i Alta og fikk fagbrev som kokk.

Når eg tenker tilbake er eg glad for at vi hadde samiske lærarar som brukte såpass mye samisk at vi fikk noko ut av folkeskolen. Med så lite norsk som vi kunne da, hadde det ikkje vore greitt med lærarar som bare brukte norsk. Men eg syns det er synd at vi aldri fikk lære å skrive morsmålet vårt. I dag kan eg lese og snakke både lule- og nordsamisk, men skrive, det kan eg bare på norsk.

Andre artikler i Samisk skolehistorie 2