Sámegillii

Artikkel i boka Samisk skolehistorie 2. Davvi Girji 2007.

Kaia Kalstad:

- Eit barn av mi tid

Fortalt til Svein Lund

Kaia Kalstad
(Foto: Svein Lund)

I Tysfjord var det tidligare svært sjeldan at samar fikk utdanning utover folkeskolen. Kaia Kalstad var ei av dei første. Ho er fødd i 1935 og vaks opp og gikk folkeskolen i Musken. Deretter tok ho framhaldsskole på Drag og realskole i kommunesenteret Kjøpsvik. I mange år jobba ho som erstatningslærar ved forskjellige skolar. Først etter at barna blei store tok ho desentralisert utdanning under Tromsø lærerskole og blei utdanna lærar i 1982. I løpet av 80-talet tok ho årseining i lulesamisk, duodji og samisk kultur og utdanning.

Frå 1981 underviste ho i lulesamisk ved Kjøpsvik skole. Ho har og vore medlem av Samisk utdanningsråd. Som pensjonist har ho fortsatt arbeidet for lulesamisk språk og kultur, bl.a. gjennom omsetting og lærebokskriving.

- Eg var eit barn av mi tid. Denne setninga gjentar Kaia Kalstad fleire gongar når ho skal forklare dei vala ho har gjort i forhold til samisk språk og kultur, som elev, lærar og mor. Og tida hennar, det var fornorskingstida, da det samiske ikkje blei rekna for å vere noko verdt, heller ein klamp om foten.

- Allereie mens eg gikk på realskolen bestemte eg meg for at når eg fikk eigne barn, skulle eg bare lære dei norsk. Og slik blei det. Eg snakka bare norsk til ungane. Likevel fikk dei som norsktalande sameungar i Kjøpsvik ein langt hardare skolekvardag enn eg hadde som samisktalande i Musken. Da ungane kom opp i 12-13-års-alderen, anklaga dei oss foreldra og spurte kvifor lærte de oss ikkje samisk. Det verste sa dei, var å vere same og ikkje kunne samisk, for da var ein liksom verken-eller. Seinare har dei jobba hardt for å lære seg samisk og i dag snakkar dei samisk til sine eigne barn.

Bare læraren var norsk

Men la oss gå tilbake til 1942, da Kaia var 7 år og byrja på skolen. Det var midt under krigen, men i den veglause bygda Musken inne i Tysfjorden merka ein ikkje så mye til krigen. Skolen gikk som vanlig heile tida.

- Vi var fattige folk, men vi leid ikkje direkte naud. Folk var i stor grad sjølvberga med kjøtt og fisk og sydde klede sjølve. Og vi hadde ingen å samanlikne oss med.

Musken var dengang, som no, eit ganske homogent samisk samfunn. Dagligspråket var samisk, alle snakka samisk med unnatak av læraren. Han kom frå Kvæfjord i Troms og snakka bare norsk. Han hadde vore offiser i militæret og skulle ha orden og struktur. Han var ungkar og budde på skolen. Sjølv om han budde eit tiår blant bare samisktalande lærte han seg ikkje samisk, men etter kvart lærte han seg litt av skikkane på staden. Han hadde båt og rodde og fiska sjølv. Hos oss var skikken at om ein mangla utstyr til båten, som tollepinnar, årer eller auskar, så lånte ein bare frå ein annan båt. Dette forsto ikkje læraren, så han klaga til far min over at folk stal frå han. - Her er det ingen som stel, sa far min, du får følge skikken og låne sjølv. Sjølv om han var láddi (dáža, ikkje-same) blei ikkje læraren sett på som ein framand. Han gikk i komagar som andre i bygda. Han hadde ei enorm boksamling, og vi fikk låne bøker hos han. Det gjorde at eg blei glad i bøker.

Vi var næraste naboar til skolen, budde bare 100 meter frå skolen, og det gjorde at vi hadde kontakt med læraren også før vi byrja på skolen. Slik lærte vi oss litt norsk, slik at vi forsto det mest nødvendige når vi kom i første klasse. Det var verre for dei som kom inne frå fjordane, der dei ikkje hadde omgang med norsktalande til daglig. Vi opplevde ikkje noko forbod mot å snakke samisk, vi elevane snakka bare samisk med kvarandre på skolen, bare til læraren måtte vi henvende oss på norsk. Men det var jo ikkje alltid vi fann dei orda vi trengte.

Skolen hadde bare eitt klasserom, og det var turskole, der småskolen og storskolen gikk 3-4 veker av gongen. Det var ein norsk skole i eit samisk samfunn, det blei ikkje gjort noko for å tilpasse skolen til oss samiske barn. Det var ikkje aktuelt med undervisning verken på eller i samisk.

I skammekroken for å ikkje forstå

- Sjølv for oss som kunne litt norsk, var det vanskelig å forstå leksene. Så det blei å lære utanat tekstar som vi ikkje forsto så mye av. Da eg var ein 9-10 år hadde vi lekse om Lasarus og den rike mann. Dengang var det slik at vi måtte reise oss ved pulten og fortelle leksa. Eleven som blei spurt om Lasarus reiste seg og sa ingen ting, for han hugsa ikkje og hadde heller ikkje forstått. Læraren blei meir og meir sint. Da kom det til slutt: "- Lasarus var som ein kattepus". Han hadde oppfatta at det hadde noko med husdyr å gjøre, det var jo slik at hunden slikka såra hans. Så kom han ikkje på anna å seie. Vi elevane spruta jo ut i latter, og læraren blei enno meir sint. Det endte med at eleven måtte i skammekroken. Det er eit av dei minna eg syns er grusomt å tenke på, at eleven skulle straffast for at han ikkje forsto. Det var nok mange overgrep. Kanskje ikkje bevisst, men likevel overgrep.

Det kunne komme mye rart ut av det når elevane bare oppfatta nokre brokker av det læraren fortalte. Ein gong kom bror min og sa til pappa: "Eg vil ikkje til himmelen. Der er ein mannbisk Johannes som korsfestar folk."

Sjølv nekta eg blankt å lese før eg forsto. Far min måtte ofte sette seg ned med meg og oversette til samisk så eg forsto.

Rett etter krigen blei skolen tredelt. Da blei det ikkje plass til alle på skolen, så dei første klassane blei undervist i eit privathus. Dei fikk da Kaja Mikkelsen (seinare gift Andersen) som lærar. Ho var same frå Tysfjord. Ho var ganske ung og hadde vel bare realskolen dengang. Sjølv om ho var samisktalande brukte ho bare norsk i undervisninga, som skikken var dengang. Eg hadde henne ikkje som lærar sjølv, for eg var i storskolen da, mens ho hadde småskolen.

Personlig opplevde eg skoletida som ei fin tid. No var eg kanskje av dei skoleflinke som ikkje pådro meg lærarens vrede. Eg budde heime og far min var kretsformann.

Det var internat på skolen for elevar som kom frå dei andre bygdene rundt indre delar av Tysfjord. Der var spiserom og kjøkken, oppholdsrom for husmora og to soverom. Det var eit rom for gutar og eit for jenter, 4-5 elevar på kvart rom. Det var ikkje innlagt vatn, ikkje bad og toalett. Det vil seie at husmora hadde vatn på kjøkkenet når det ikkje fraus, men det gjorde det ofte. Husmora var frå bygda og ho snakka samisk med oss. Ho måtte jo vere både mor og husmor for ungane i dei 3-4 vekene skoleturen varte. Det var ikkje snakk om å komme heim i den tida.

Musken på 1940-tallet. Internatstyrer Bolette Andersen med barna Sigrid Knutsen, Kaja Pedersen, Kaia Antonsen, Marie Knutsen, Kaia Kalstad og Inga Knutsen.
(Foto utlånt av Kaia Kalstad, Kilde: Velferd og mangfold - Tysfjord kommune 1950-2000)

Ustabile lærarar

Den gamle læraren slutta i 1947. Etter det var det mange år med ustabil lærardekking, det var mange vikarar som bare var ei kort tid. Ingen av dei var utdanna og dei kunne lite. Når læraren ikkje kunne svare på spørsmål i matematikken, måtte vi gå til familien og be om hjelp. Så kom lærarparet Skoglund, men dei blei bare eitt år.

I 7. klasse fikk eg for første gong ein samisk lærar, Mikal Urheim. Han hadde jo gått på skole i lag med oss og kom da rett frå realskolen. Men fortsatt var undervisninga på norsk. Men om det var noko vi ikkje forsto, kunne han bruke samisk til å forklare. Det var heilt etter reglane, om at samisk bare skulle vere hjelpespråk. Men før hadde det jo heller ikkje vore det. Vi hadde ikkje den heilt store respekten for Mikal, han var jo bare 3 år eldre enn oss i avgangsklassa. Men eg trur vi hadde rimelig bra folkeskikk.

Folkeskoleeksamen var felles for alle skolane i Tysfjord. Den tok vi i samband med konfirmasjonsskolen. Da måtte vi bu privat i Kjøpsvik i tre veker. På folkeskoleeksamen gjorde ungane frå Musken det minst like bra som dei som kom frå dei andre skolane i kommunen. Det hadde nok mye å seie at vi hadde hatt stabil utdanna lærar i dei fleste skoleåra. På fleire av dei andre skolane hadde stoda vore mye dårligare. Musken var den einaste skolen med bare samiske elevar. På andre skolar, som Drag, Hulløy, Grunnfjord og Rørvik var det blanda, mens i Kjøpsvik var det den gang bare norske. På konfirmasjonsskolen var det mange samar frå dei forskjellige skolane innover i fjorden, eg kan ikkje hugse at det var noko mobbing eller vanskelig å vere same der.

Lågt utdanningsnivå

Den vanlige innstilinga blant oss samar var at når vi var ferdig med grunnskolen så skulle vi ikkje ha meir skolegang. Utdanningsnivået var veldig lågt blant samane i den tida. Blant dei første samar som fikk utdanning var Marie Olsen frå Ytre Kjærr, som var konfirmert i 1945 og tok sjukespleieskole i Tromsø. Men ho kom ikkje tilbake til Tysfjord, men busette seg i Oslo. Etter kvart var det fleire som fortsatte på skole etter endt folkeskole. Blant dei var Karl Amundsen Bælka og Sigmund Amundsen. Sistnemnde tok utdanning gjennom militæret. Seinare tok han lærerskoleeksamen.

I 1934 blei det i Kjøpsvik starta ein privat realskole, som etter krigen blei overtatt av kommunen. Seinare stortingsmann og fylkesmann Kolbjørn Varmann var initiativtakar og leiar for skolen frå starten til 1949. Denne skolen betydde mye for å heve utdanningsnivået i kommunen, og mange av dei som gikk der fikk seinare sentrale stillingar i kommunen og fylkeskommunen. Men det var helst ungdom fra den norske delen av befolkninga som gikk på realskolen. I Varmann si tid trur eg Mikal Urheim var den einaste samisktalande eleven.

Kaja Mikkelsen (seinare gift Andersen) var den første jenta som fortsatte etter grunnskolen, ho er åtte år eldre enn meg. Ho tok først fylkesskolen (folkehøgskole) og så tok ho realskolen på eitt år, mens det normale var tre.

Lenge etter mi tid i folkeskolen var det vanlig at ungdommen gikk rett ut i arbeid etter folke- eller framhaldskolen. Ein del av dei fikk likevel sjansen seinare, som brørne Samuel og Paul Gælok. Etter framhaldskolen var dei til sjøs og jobba som snekkarar, for så i godt vaksen alder å ta vidaregåande skole og lærarskolen. No gjør dei begge eit viktig arbeid for lulesamisk skole. Paul er lærar på Drag, mens Samuel skriv lærebøker.

Tre frå lulesamisk område blant dei første samiske legane; først Jonas Kalstad og Magnar Kintel, seinare Arne Andersen frå Tysfjord. Det er ganske sterkt i forhold til det lille lulesamiske området. Om dei kom seint i gang, kom dei sterkt. Dei var med på å løfte stoltheten og identiteten til lulesamar, viktige førebilete for ungdommar som kom etterpå.

Tospråklig og unik

Sjølv blei eg oppmuntra av læraren og søkte meg til framhaldsskolen, som låg på Drag. Da budde eg på internat på skolen. Da oppdaga vi at det ikkje var så positivt å vere same. Vi var vel forberedt på det, vi hadde jo hørt om samar som blei erta. Stadig var det nokon som bemerka språket vårt, vi kunne f.eks. seie en hus og en lys og slikt. Det verste var at vi forsto ikkje kvifor vi sa feil. Problemet var bare med det munnlige språket, skriftlig klarte vi oss like godt som dei andre.

Enno verre blei det da eg året etter byrja på realskolen i Kjøpsvik. Eg syntest det var så ekkelt når dei heile tida skulle rette på meg, at eg sa til pappa at eg ville slutte. Men han sa bare: Be Kjøpsvikungdommen å snakke engelsk like godt som du snakkar norsk. Det tok eg med meg og fann eg ut at eg var unik som snakka to språk, mens dei andre bare snakka eitt. Etter det så gjorde det ikkje så mye at dei retta på det.

Da eg byrja på realskolen, var Varmann blitt stortingsrepresentant. Men han var likevel vikar på realskolen i blant. Eg opplevde han som veldig positiv og flink. Han ga meg spark i baken. Eg hugsar han sa: - Kaia, du må ikkje tru at du er dårligare enn dei andre. Han var ikkje negativ til det samiske, men han gjorde heller ikkje noko for å framheve det.

Vi var ganske få samar som tok realskolen. Samtidig med meg var det to jenter til og ein gutt.

Best utdanna lærar hadde realskole

Etter realskolen jobba eg på kontor i halvtanna år. Så var han Mikal Urheim dratt på lærarskolen og det var ein Kjøpsvik-gutt som byrja som lærar i Musken. Men han trivdest ikkje og slutta midt i året. Så tok skoleinspektøren i Tysfjord kontakt med meg og spurte om eg ikkje kunne komme som lærar det halvåret ut. Slik gikk det til at eg første gongen kom tilbake til Musken som lærar. Og eg var barn av mi tid og underviste som lærarane før meg hadde gjort - på norsk.

Skolen var da tredelt. Ei jente frå Musken hadde småskolen. Ho hadde ikkje anna utdanning enn framhaldsskolen. Så eg som hadde realskolen, var den høgast utdanna på skolen og i bygda, så eg fikk ansvaret for storskolen. Da hadde det i ein del år vore veldig gjennomtrekk av lærarar, det var utskifting ein til to gongar for året. Det var mest ungdom utan lærarutdanning som kom. Dei som ikkje kunne samisk trivdest ikkje i bygda og for igjen ved første høve. Da eg kom til Musken syntest eg at kunnskapsnivået ikkje var det samme som det var den gong eg gikk på skolen. Så eg sette mi ære i å heve nivået. Eg eigde jo ikkje begrep om pedagogikk, bare at her måtte det jobbast. Og elevane skulle piskast fram. Lillebror min klaga til foreldra mine at eg var den verste læraren som hadde vore der. Men noko resultat blei det; av dei elevane eg hadde blei det mange som tok vidaregåande utdanning og nokre tok og høgare utdanning.

Ikkje same i Guovdageaidnu

Eg skulle først bare vere på skolen i Musken eit halvt år, men blei no i eit år til. Da kom Mikal Urheim tilbake med lærarskoleeksamen, så da blei det han som fikk den einaste heile lærarstillinga som var i Musken den gongen. Da søkte eg meg til ny jobb som erstatningslærar, denne gongen i Guovdageaidnu. Det var i 1958. Der blei eg sett til å undervise i 4. klasse. Undervisninga var på norsk her også, samisk var bare hjelpespråk, i den grad lærarane kunne det. I dei første klassane brukte ein Margarethe Wiigs lesebok, men for 4. klasse, som eg hadde, fantest bare norske bøker. Dengang var det lite kunnskap blant samane om samar frå andre kantar. Eg kjente at eg ikkje blei godtatt som same, men blei rekna som "rivgu". Eg gikk i kofta mi frå Tysfjord, men folk ville ikkje riktig tru det var ei samekofte, eg minnest at eg fikk spørsmål om eg var frå Frelsesarmeen. Sjølv om eg til da bare var vant med lulesamisk, tok det ikkje lang tid før eg forsto nordsamisk i Guovdageaidnudialekt.

Eg var ikkje nokon bevisst same i den tida, eg gikk ikkje inn for å framheve det samiske på noko vis. Men etter året i Guovdageaidnu byrja det å skje noko, eg kan seie at den samiske bevisstheita mi byrja å vakne. No hadde eg tenkt å byrje på lærarskolen, men så hadde eg truffe han som blei mannen min, og så blei skolegangen utsatt. Først for eit år, men så blei det familie og etter kvart 7 barn og eg kom meg ikkje på lærarskolen før i 1980. I mellomtida var eg igjen erstatningslærar, først på Vega, seinare på Hulløy i Tysfjord. Hulløy skole er no for lengst nedlagt. Der var ei blanding av samiske og norske elevar, men alt gikk på norske premisser. Eg kan ikkje hugse at der var nokre gnisningar mellom samiske og norske elevar. Verre var det når 9-årig skole blei etablert, og ungdomsskolen i første omgang blei sentralisert til Kjøpsvik. Der sleit sameungane veldig, og måtte slåss for å berge seg.

Familien min var dei første samane som flytta til Kjøpsvik på 60-talet. Yngste bror min opplevde skolemiljøet der som så hardt at han i staden gikk skolen hos meg ute på Hulløya.

Lulesamisk inn i skolen

Nordsamisk var blitt godkjent som skolefag frå 1967, men dette fikk liten verknad i lulesamiske område. Eg var den første læraren i dette området som byrja formelt med samisk på timeplanen. Det skjedde først i 1981, og det var på Kjøpsvik skole. Eg hadde da fått meg lærarutdanning, men eg hadde aldri fått noko opplæring i å lese og skrive morsmålet mitt.

De første elevene med eksamen i samisk ved Kjøpsvik skole. Siv Anita Mikkelsen, Jorunn Eriksen og Unni Ottemo, lærer Kaia Kalstad
(Foto: Ingar Skogvold. Kilde: Velferd og mangfold - Tysfjord kommune 1950-2000)

På lærarskolen krevde eg å få ta sidemålseksamen i lulesamisk i staden for i nynorsk. Lærarskolen godtok det, men klarte ikkje skaffe meg noko undervisning, og eksamen måtte eg ta eit halvt år etter at eg elles var ferdig. Eg fikk godkjent som skriftlig prosjektoppgåve det eg hadde gjort mens eg jobba som lærar, bl.a. omsetting av lærebøker frå nordsamisk til lulesamisk.

Det har ikkje vore lett for lulesamiske lærarar å skaffe seg kompetanse i morsmålet sitt. Eg gikk først eit kurs på Hamarøy, med Kåre Tjikkom som lærar. Så dro eg til Tromsø for å studere samisk ved universitetet. Men der kunne lærarane bare nordsamisk. Vi som skulle ta eksamen i lulesamisk måtte sjølve tileigne oss det, og sjølv leite fram pensum. Seinare gikk eg eit kurs i lulesamisk som blei arrangert i Tysfjord, under Høgskolen i Bodø. Her var det gjennomført på lulesamisk.

Den første Tysfjord-same som tok samiskeksamen, var forøvrig Mikal Urheim. Han tok samisk grunnfag i Oslo, men da måtte han lese nordsamisk, eller Finnmarks-samisk som det blei kalla. Bror min, Anders Kintel, er no høgskolelektor i lulesamisk. For at han skulle få utdanning, måtte han dra til Sverige, til Universitetet i Uppsala.

Oversetting og lærebøker

- Eg jobba i skolen i Kjøpsvik til eg blei pensjonist. Heile tida underviste eg i samisk som andrespråk. Men etter at eg slutta har skolen gjort lite for å få tak i samisklærar, og i dag er det ikkje noko samisktilbod i Kjøpsvik. Dotter mi flytta over til Drag for at barna skulle få samiskundervisning.

Da dette bildet blei tatt i 2004, hadde Kjøpsvik skole tatt det samiske namnet "Gásluovta skåvllå" i offisiell bruk, men samiskundervisning hadde skolen ikkje.
(Foto: Svein Lund)

Den første tida hadde vi ingen lærebøker. Så eg starta med å omsette og tilpasse Kari Meløy sin serie Giella Sámis frå nordsamisk til lulesamisk. Eg har og omsett ei av bøkene til Berit Johnskareng: Gávpotmánát, eller Stádamánát, som ho heiter på lulesamisk.

Lulesamiske lærebøker utstilt på Sametingets opplæringsavdeling.
(Foto: Svein Lund)

Kaia er ikkje nøgd med samisken sin plass i skolen i dag. - Ungane lærer ikkje nok i andrespråksopplæringa til å nå målet om funksjonell tospråkligheit. Det vil seie at dei blir ikkje aktive språkbrukarar. Likevel er denne opplæringa viktig for samiske elevar sin sjølvrespekt og identitet. I ungdomsskolen i Kjøpsvik har eg også hatt norske elevar som har vald samisk som fag. Det er viktig for samisken sin status at også ikkje-samar ønsker å lære språket.

I 1984 blei Kaia Kalstad oppnemnd som medlem av Samisk utdanningsråd, og der var ho med til 1992.

- Det var jo veldig dominert av folk frå Finnmark. Dei snakka iveg på nordsamisk på møta utan å forsikre seg om at vi frå lule- og sørsamiske område forsto dei. Samtidig virka det som dei venta at vi skulle vere på linje med dei. Vi starta jo opp først på 80-talet og når vi tok opp problem som dei forlengst hadde passert for nordsamisk, kunne vi få kommentarar som "Har de ikkje kome lenger?"

Ein veldig interessant ting eg fikk vere med på i den tida var at eg satt i faggruppa som arbeida med læreplanen for samisk som andrespråk

Aktiv pensjonist

Om Kaia Kalstad er pensjonert som lærar, har ho ikkje pensjonert seg som språkarbeidar. Nylig (2005) har ho gjort ferdig ei lærebok for 4. klasse. Ho har vore med i arbeidet med lulesamiske helsetermer og med omsettinga av Det nye testamentet til lulesamisk. Fram til 2004 var ho varamedlem i Sametingets språkstyre.

Og her må vi avbryte intervjuet, for no skal ho avgarde og undervise på samiskkurs for kommunalt tilsette i Tysfjord kommune.

Andre artikler i Samisk skolehistorie 2