Sámegillii

Artikkel i boka Samisk skolehistorie 5. Davvi Girji 2011.

Ellen Bull Jonassen:

Første elevar på sameskolen i Snåsa

Fortalt til Svein Lund

Ellen Bull Jonassen

Ellen Bull Jonassen på sommerlandet i Riast/Hylling reinbeitedistrikt, 2008.
(Foto: Svein Lund)

Ellen Bull Jonassen er fødd 1958. Ho er dotter av Ella Holm Bull (1929–2006), som var ein av dei som har gjort mest for å utvikle sørsamisk språk og opplæring.

Ellen gikk grunnskole i Brønnøy i Nordland, Røyrvik og Snåsa i Nord-Trøndelag. Ho har tatt korrespondansegymnas på Snåsa og Samernas folkhögskola i Jokkmokk, sømlinje på Røros videregående skole og sørsamisk frå Høgskolen i Nord-Trøndelag og Umeå universitet.

Ellen Bull Jonassen har arbeida som lærar i sørsamisk og frilans omsetjar. Frå 2008 er ho tilsett som språkkonsulent i Snåsa kommune.

I tida før eg byrja på skolen var familien min dei einaste samane i lokalsamfunnet, i alle fall dei einaste samisktalande. Foreldra mine snakka samisk med kvarandre og til ungane, og særlig mormor var streng på bare å snakke samisk. Men vi ungane blei tidlig prega av samfunnet rundt oss og snakka mest norsk.

Fire grunnskolar

Eg byrja på skolen i 1964. Den gang fanst det bare ein sørsameskole, i Hattfjelldal. Det var aldri snakk om at vi skulle dit, eg veit eigentlig ikkje kvifor det ikkje var aktuelt. Eg byrja på skolen eit år før tida, men så tok eg det igjen med å gå 3. klasse to gongar, slik at eg gikk ut på normal tid. Dei to første skoleåra gikk eg på Barstad skole i Velfjord i Brønnøy. Det tredje året gikk eg i Røyrvik. På begge desse skolane opplevde både eg og andre sameungar å bli erta fordi vi var samar, fordi vi snakka samisk, at vi hadde anna skotøy, eller for at vi hadde tørkakjøtt på nistematen. Dei sa det lukta vondt. Vi kunne bli heldt utafor fordi vi var «finnungar». På Barstad skole var det bare søstera mi og eg som var samar, men Røyrvik er jo ei samisk bygd, så det er i grunnen rart vi ikkje var godtatt der heller.

I samband med at sameskolen skulle starte opp i Snåsa i 1968 fikk mor mi jobb året før med å førebu til skolestart, blant anna utvikling av læremiddel. Da jobba ho med det som seinare blei boka Lohkede saemien. Da gikk eg først eit år på Brede skole. Dei eg gikk i klasse med hadde nynorsk som opplæringsmål, mens eg skulle skrive bokmål fordi eg hadde hatt det på dei skolane der eg hadde gått før. I Snåsa opplevde eg ikkje noko mobbing av verken meg eller andre sameungar.

Ella Holm Bull Ella Holm Bull
(Foto utlånt av Ella Holm Bulls familie.)

Første elevar på Sameskolen

Sameskolen på Snåsa (Åarjel-saemiej skuvle) starta i 1968, og mor var lærar der frå starten. Eg hugsar enno første skoledagen, som var første dagen min i 4. klasse. Da kom vi på Dagsrevyen og i avisene, så vi forsto at vi var med på noko spesielt. Også seinare fikk vi oppleve det, da skolen vår blei mye studert og granska. Det kom av og til skoleklassar på besøk og ville sjå sameskolen. Da kunne det vere mange dumme spørsmål, mange visste ikkje ein gong at det budde samar i Trøndelag.

Eg syntest det var fint å byrje på sameskolen. Det var noko anna å vere på ein skole med mange samiske elevar, enn å vere eit lite samisk mindretal i ein norsk skole. Det var noko utrulig å oppleve at vi var så mange samebarn i lag, da kjente vi oss sterke. Det var og interessant å bli kjent med barn heilt frå Elgå i sør. Det gjorde at vi for første gang oppdaga dialektforskjellane innafor sørsamisk. Vi blei som ein stor søskenflokk, sjølv om eg og søskena mine ikkje budde på internatet, så var vi saman også i fritida, ettersom vi budde like ved internatet.

Frå starten hadde sameskolen eige internat, men ikkje eigen skole. Den første tida var det ei eiga samisk småskoleklasse på Vinje skole. Men vi som da gikk i 4.–6. klasse gikk i ein vanlig norsk klasse, og så blei vi tatt ut når vi skulle ha timar i samisk språk og kultur. Først da eg gikk i 7. klasse, blei 4.–6.-klasse også eigen samisk klasse, så det fikk aldri eg oppleve. I 1976 flytta sameskolen ut av Vinje skole og leigde Folkets hus, og frå 1977 fikk skolen eige bygg. Da blei mor rektor. Men da var eg allereie gått ut av skolen, så eg har ikkje gått der. Sameskolen var og er framleis bare ein barneskole.

Ungdomsskolen gikk vi og på Snåsa ungdomsskole. Vi gikk i vanlig norsk klasse, blei bare tatt ut når vi skulle ha samisk, forming og kulturkunnskap. Nokre timar hadde vi som 0. time eller på laurdagar når andre hadde fri. Vi blei tatt ut av skolen når sameskolen skulle på reinslakting eller andre spesielle arrangement, det førte bl.a. til at prøver som dei andre elevane hadde hatt mens vi var borte, måtte vi ta etterpå.

Sørsamisk som fag

Med oppstarten av Åarjelsaemien skuvle i 1968 blei sørsamisk for første gong undervisningsfag. Dengang kunne alle elevane noko samisk når dei starta på skolen, det var ingen som var heilt blanke, men dei aller fleste hadde nok norsk som sitt sterkaste språk. Seg i mellom snakka elevane mest norsk, men med ein god del innslag av samisk.

I samiskundervisninga var det ikkje stort vi hadde å hjelpe oss med. Det fanst ikkje ei einaste trykt lærebok. Vi brukte stensilar av det som seinare skulle bli til boka Lohkede Saemien. Det samme blei brukt i alle klassar. Dei første stykka leste vi så mange gongar at vi til slutt kunne dei utanat. Mor var den einaste samisklæraren den første tida, og eg hadde henne som samisklærar i alle år, frå 4. til 9. klasse. Ho laga svært mye undervisningsopplegg sjølv, og seinare utvikla ho dette til ferdige lærebøker. I tillegg hadde vi mye kulturhistorie, både i samband med språket, men også som eige fag. Samisk sløyd (duetie) hadde vi også.

Sameskolen Sameskolen i Snåsa, 2004.
(Foto: Svein Lund)

Korrespondansegymnas og folkehøgskole

Etter ungdomsskolen drog eg til Karasjok for å gå på samisk gymnas. Men da dei ikkje hadde noko tilbod om sørsamisk, slutta eg etter eit par veker. Året etter byrja eg i staden på det som blei kalla korrespondansegymnas i Snåsa. Det var ei prøveordning for at ungdommane skulle få gå gymnas og samtidig bu heime. Nokre lærarar på ungdomsskolen hadde støtteundervisning i ulike fag, elles var det innsending av skriftlige oppgåver til Norsk korrespondanseskole. Sidan vi ikkje hadde prøver og tentamen så måtte vi gå opp som privatistar i alle fag. Her fikk eg, som einaste elev ta sørsamisk som sidemål. Det var ikkje mange før meg som hadde tatt det, eg er ikkje sikker på om det var nokon. Eg leste det som fanst av bøker på sørsamisk og det var ikkje mange. Det var Røros-samiske tekster frå 1943, med gamal ortografi, Sáemien lùkkemegærja og Lohkede saemien. Ordbok hadde eg ikkje, for det var enno ikkje laga. Offisielt hadde eg inga undervisning, eg fikk noko hjelp av mor, men det var heilt privat. Som sensor hadde eg Knut Bergsland.

Etter gymnaset drog eg til Samernas folkhögskola i Jokkmokk, og tok utdanning i duodji. Her var det undervisning i sørsamisk. Det var ikkje så mye eg kunne lære på det nivået dei underviste på, men eg fikk bruke samisktimane til å prøve meg som lærar. Eg underviste da ein førsteklassing i sørsamisk. Det var ei nyttig erfaring som eg lærte mye av. Samtidig hadde eg kveldsundervisning i sørsamisk for vaksne.

Så tok eg eit år på Røros yrkesskole, på kjole- og draktsøm. Deretter drog eg til Oslo for å studere, men så blei eg gravid og slutta etter kort tid. Mannen min, Jarle Jonassen, er reindriftssame frå Røros-området, i reinbeitedistriktet Riast–Hylling, Vi slo oss ned på Brekken, og der har vi drive med rein sidan. Han har og vore svært aktiv i politisk arbeid, både i NRL og i Sametinget, der han har vore med sidan starten.

Lærebokproduksjon ved kjøkkenbordet

Eg var heimeverande med småbarn mesteparten av 1980-talet. I denne tida hjalp eg mor litt med språkarbeidet hennar og eg tok halvtårseining i sørsamisk ved høgskolen i Levanger. Eg lærte svært mye av å hjelpe mor med bøkene hennar. Eg har jo følgt med på dette frå eg sjølv gikk i grunnskolen og heilt til mor døydde. Først var det bare stensilar, eg hugsar vi blei blåfarga av sverta. Ho laga lærebøker heime på kjøkkenbordet. Noko av det første ho gjorde var å skrive ordliste til Lohkede Saemien. Ho laga lappar med ord og oversettingar, og vi ungane måtte hjelpe til med å sortere dei alfabetisk. Så fikk eg hjelpe til med å skrive dei på maskin. Eg hugsar kor stort det var å få ny maskin med kulehovud og rettetast. Seinare fikk vi jo datamaskin. Det var ei utrulig letting i arbeidet.

Mor var veldig opptatt av å få fram kulturen i språkopplæringa og lærebøkene. Derfor laga ho teikningar til, som viste ting frå samisk miljø. Men ho var ingen stor teiknar, så ho fikk andre til å teikne det betre før det blei prenta.

Barn på sameskoleinternat

Vi har tre barn og alle har gått på sameskolen i Snåsa. Eg fikk mye kritikk for at eg sendte ungane frå meg på skole. Sjølv såg eg det ikkje slik, men som at eg let dei byrje på den skolen som var den beste for dei. Vi var så heldige at vi fikk velje skole. Ingen av dei har seinare klandra oss for at dei gikk på sameskolen og ikkje den næraste skolen. No var det sjølvsagt ei stor støtte at dei hadde besteforeldra der.

Lærar og språkarbeidar

Da eg og søskena mine vekste opp var mor lærar og rektor, samtidig som ho skreiv lærebøker og var engasjert i samisk opplæring på mange måtar. Det førte på eine sida til at vi fikk interesse for sørsamisk språk og kultur, men på andre sida freista det ikkje oss å bli lærar, så ingen av oss har gått lærarskolen. Likevel har eg jobba som lærar i nokre år. I 2002, da den yngste av barna mine gikk i 5. klasse, blei eg spurt om å komme til Snåsa som samisklærar. Det skulle vere eitt år, men blei fem.

Dei første tre åra var eg bare lærar, dei siste to kombinert lærar og språkarbeidar. Samiskundervisninga var dels for elevane på sameskolen, dels som fjernundervisning til andre skolar. Eg starta opp med fjernundervisning for ein elev i tredje klasse, med lite å hjelpe meg med. Så det var nok av både tekniske og pedagogiske utfordringar. Seinare fikk eg ein elev heilt nede i første klasse. Da måtte eg ein gong i månaden kjøre til skolen så eg kunne treffe eleven direkte. Elles hadde det ikkje gått.

Samtidig studerte eg samisk ved Umeå universitet, og tok nivåa C og D. Vi var tre av studentane som delte på undervisninga på A-nivået. Dette blei absolutt i meste laget på ein gong. I 2006 døydde mor, og året etter flytta eg frå Snåsa. Da byrja eg som frilans omsetjar, ved sida av deltidsstilling som lærar i Umeå. Men etter eit år som frilans fann eg ut at det ville vere betre om eg kunne jobbe med språket med fast lønn og arbeidstid, så eg søkte og fikk jobben som språkkonsulent i Snåsa kommune. Den stillinga blei oppretta i samband med at Snåsa frå 2008 er del av forvaltningsområdet for samisk språk.

Det går alt for seint med produksjonen av sørsamiske læremiddel. Det er for få som er kvalifiserte til å lage læremiddel, mange samisklærarar har bare halvårseining i sørsamisk. Etter min mening så manglar det skikkelig samordning mellom dei skolane som underviser i sørsamisk når det gjeld læremiddel.

Samisk i familien

Mannen min snakkar ikkje samisk, så vi snakkar norsk med kvarandre. Eg snakka samisk til barna da dei var små, seinare blei det verre, det glei meir og meir over til norsk. Men eldste dotter mi har tre barn, og ho snakkar bare samisk til dei. Så no snakkar eg og yngste dotter mi også bare samisk til dei. Sånn er det i mange familiar, dei små ungane hjelper oss til å bli aktive språkbrukarar. Eg ser at stadig fleire foreldre no snakkar bare samisk til ungane – det er eit uttrykk både for at dei er meir bevisste og for at dei har lært seg meir sørsamisk.


Flere artikler fra Samisk skolehistorie 5