Artikkel i boka Samisk skolehistorie 4. Davvi Girji 2010.
I Engerdal kommune i Hedmark ligg det sørligaste reinbeitedistriktet i Noreg, Svahken sijte. Dersom samiske elevar herifrå skulle få noko tilbod i samisk språk og kultur, måtte dei tidligare reise 50 mil til Sameskolen i Snåsa.
I 2000 utlyste Sametinget middel til eit femårig pionerprosjekt for revitalisering av samisk språk. Elgå skole søkte og fikk desse midla, og prosjektet blei gjennomført i tida 2001–06. Vi prentar her tre artiklar i tilknytning til dette prosjektet: Først ein reportasje frå avisa Min Áigi i 1994, da ein så smått hadde begynt planlegging av samiskundervisning. Deretter eit samandrag av den faglige rådgivaren sin rapport frå prosjektet, og til sist eit intervju med leiaren for prosjektet om kva dei har oppnådd i forhold til det dei ønska seg i 1994 og i 2000, og om korleis det ser ut framover for arbeidet for sørsamisk språk og kultur i Engerdal. |
Dette er ei reportasje som er skrive for den samiske avisa Min Áigi, og prenta der 05.10.1994. Derfor er teksten prega av at han er skrive for lesarar i nordsamisk område. |
Dei sørligaste sørsamane i Noreg kan frå neste år av for første gang få samiskundervisning på heimplassen. For første gang kan òg elevar frå norsk og svensk side bli underviste i lag. Det er eit av resultata av eit stort skoleprosjekt på ein bitte liten skole: «Elgå skole mot år 2000».
Om du kjører nordover frå Trysil i Hedmark fylke, ser du ikkje anna enn tette furu- og granskogar. Men når vegen klatrar oppover mellom Engerdal og Drevsjø, så endrast brått naturen og ein får ei slik merkelig kjensle av å ha vore her før. Open furuskog, reinlav og lyng. Er du på Austlandet eller i Enontekiö? Her byrjar Sameland. Snart møter du eit reingjerde, som avgrensar det sørligaste reinbeitedistriktet i Noreg. Svahken sijte er namnet på reinbeitedistriktet, som er mellom innsjøen Femunden og grensa mot Sverige. I Engerdal kommune bur det knapt 50 samar. Dei fleste av dei arbeider med rein og bur i grenda Daknes (Gutu) mellom Elgå og svenskegrensa.
Samane i Elgå snakkar ikkje lenger samisk til daglig, bare i reindrifta brukar dei samiske ord, og det er fare for at språket vil døy heilt ut. Mange av dei har gått grunnskole i Snåsa i Nord-Trøndelag, der dei har fått lære sørsamisk som andrespråk, men etter skolen har dei ikkje brukt språket så mye. Snåsa har til no vore den næraste plassen der dei kunne få opplæring i samisk språk og kultur. Det har vore svært vanskelig for foreldra å velje: sende ungane 50 mil heimafrå eller la dei bu heime men gå på ein vanlig norsk skole, der det ikkje fanst verken samisk språk eller kultur. På svensk side av grensa har stoda vore omtrent den same, både når det gjeld språkutvikling og skoletilbod.
Gamme langs vegkanten nær Elgå (Foto: Svein Lund) | Lærar Eva-Kari Røsten og elevar ved Elgå skole (Foto: Svein Lund) |
Men vi har hørt rykte om at noko er i ferd med å skje og besøkt Elgå skole, der vi traff læraren Eva-Kari Røsten.
– Det er sant, vi byrjar med samiskundervisning neste år og vi har også mange andre planar dersom vi får pengar til det. Etter mi meining er det dårlig at sjølv om vi bur i sørsamisk område og her bur ein del samar, så har det i det heile ikkje påverka skolen. Derfor har vi i dag ikkje eit brukbart tilbod til samiske elevar. Det er heller ikkje rett overfor dei norske elevane at skolen ikkje fortel noko om samekulturen, da denne er ein vesentlig del av nærmiljøet deira. Bare ein gang har vi vore i reingjerdet, da hadde vi ein elev som kom frå ein reindriftsfamilie. I dag har vi sju elevar, ingen av dei er samar. Samane som bur i skolekrinsen vår har ikkje ungar i barneskolealder no. Men dei har fire førskoleungar og dersom dei skal få ei brukbar opplæring når dei byrjar på skolen, da må vi førebu oss på dette no allereie.
Styresmaktene har tidligare truga med å stenge skolen dersom elevtalet går ytterligare ned. I fjor samla samiske og norske foreldre, lærarar, barnehagestyrar og skolesjefen i kommunen seg for å diskutere korleis ein kunne berge skolen og samtidig gjøre skolen betre istand til å fylle lokale behov. Dei starta ei arbeidsgruppe med Eva-Kari Røsten som leiar. Forslaga frå gruppa er no klare, og planen er godt mottatt både i kommunen, Hedmark utdanningskontor og Samisk utdanningsråd. No ventar dei bare på departementet si godkjenning og løyving. Neste skoleår skal dei starte med sørsamisk opplæring, først for barna og seinare og for vaksne.
Den einaste høgskoleutdanninga i sørsamisk i Noreg er halvårseining på Høgskolen i Levanger. Der er det dette året tre studentar, men før dei byrja, var det ikkje noko tilbod på fire år. Dei tre har alle fått stipend som tilsvarar halv løn, og når dei er ferdige må dei undervise i 2 l/2 år i sørsamisk område. Ein av dei er sørsame frå Elgå, og dersom Elgå skole får pengar til prosjektet, så skal ho frå neste år undervise i samisk der. I tillegg har dei tenkt at dei skal få fjernundervisning over bilettelefon frå Sameskolen i Snåsa.
På svensk side, i Idre, driv reindriftssamar salg av reinkjøtt og duodjiprodukter. (Foto: Svein Lund) | Hamna i Elgå med fiskeutsalg og turistanlegg. (Foto: Svein Lund) |
Sørsamisk er eitt av fleire samiske språk. I Noreg strekkjer det tradisjonelle sørsamiske språkområdet seg frå Mo i Rana i Nordland fylke og sørover til Engerdal i Hedmark fylke. Sørsamisk blir òg snakka i det tilsvarande geografiske området på svensk side av grensa.
Korkje i Noreg eller i Sverige finst det nokon påliteleg statistikk som kan fortelja kor mange som kan snakke sørsamisk. I Noreg kan det vera i underkant av 300 menneske som snakkar språket nokolunde godt, men det er fleire enn dette som forstår det. Truleg er talet på sørsamisktalande om lag det same i Sverige som i Noreg.
Sørsamisk er eit truga språk fordi det i så liten grad blir overført til borna heime. Dei fleste som kan snakke sørsamisk godt, er eldre menneske, men det finst òg ein del unge som meistrar det.
Elgå oppvekstsenter fekk finansiering frå Sametinget for dei fem åra dei søkte om. Prosjektet kom i gang i august 2001 og vart avslutta i juni 2006.
Grenda Elgå ligg aust for Femunden, heilt nord i Engerdal kommune i Hedmark fylke. Elgå oppvekstsenter er eit kommunalt oppvekstsenter som har både samiske og norske elevar. Skulen ved senteret hadde allereie i ein del år gjeve opplæring i sørsamisk som andrespråk da dei søkte om prosjektet i 2000. Dei samiske barnehageborna og skuleelevane kom frå familiar som alle var knytte til reindrifta i området.
Svahken sijte (Elgå reinbeitedistrikt) er det sørlegaste samiske reinbeitedistriktet i Noreg. Dei familiane som driv med rein i Svahken sijte, har ei sterk identitetstilknyting til det sørsamiske språket. I foreldregenerasjonen var dei sørsamiske språkkunnskapane likevel mest passive kunnskapar i 2000, og språket vart i liten grad brukt som daglegspråk i heimane.
Foreldra ønskte at borna skulle bli aktive brukarar av sørsamisk, og dei ønskte hjelp frå Elgå oppvekstsenter til å oppnå dette. Det var ei generell erfaring både i Noreg og Sverige at borna ikkje vart aktivt tospråklege etter berre å ha hatt sørsamisk som fag på skulen nokre timar i veka.
Denne situasjonen var bakgrunnen for at foreldra i Svahken sijte tok initiativet til eit sørsamisk språkprosjekt. Prosjektet fekk namnet Språkmotiveringsprosjektet ved Elgå oppvekstsenter.
Frå Sametinget si side var det eit mål å prøve ut opplæringsmodellar som seinare kunne tilpassast andre barnehagar og skular og vera med på styrkje sørsamiskopplæringa spesielt og samisk språkopplæring generelt.
Produksjon av læremiddel var ein nødvendig og viktig del i prosjektet. Kamil Øzerk var inspirator og kursleiar, da vi arrangerte læremiddelverkstad for lærarar og foreldre. (Foto: Elgå skole) |
Prosjektet tok sikte på omfattande foreldremedverknad. Besteforeldra vart òg tekne med som ressurspersonar. Alle i besteforeldregenerasjonen i Svahken sijte voks opp i reindriftsfamiliar der sørsamisk var daglegspråk. Dei sat difor inne med store språk- og kulturkunnskapar som kunne formidlast.
Prosjektet vart organisert med eit styre med representantar frå Sametinget og Engerdal kommune. Styret hadde samisk fleirtal, og styreleiaren var sørsamisktalande.
Ved å leggje stor vekt på forankring i lokalsamfunnet og på at borna skulle møte morsmålstalarar og kulturberarar i mest mogleg naturlege situasjonar, knytte barnehagedelen av prosjektet seg til ein internasjonal tendens i formidlinga av urfolksspråk. Den modellen som vart valt, var eit tilnærma språkreir. Språkreir er ein språkbadsmodell som særleg er utvikla hos māoriane, urfolket på Aotearoa/ New Zealand.
Utgangspunktet for språkmotiveringsprosjektet var altså at sørsamisk skulle brukast så mykje som mogleg som daglegspråk og reiskapsspråk. Av praktiske grunnar vart det likevel meir tale om ein «delvis» enn ein «fullstendig» språkbadsmodell, ein kunne ikkje bruke berre sørsamisk over alt, heile tida og med alle. Difor måtte prosjektmedarbeidarane både i barnehagen og skulen bestemme seg for når, kvar og med kven sørsamisk skulle brukast. Dei måtte definere visse sørsamiske domene i kvardagen ved Elgå oppvekstsenter, og så bruke sørsamisk konsekvent på desse domena.
Valet av ein delvis språkbadsmodell, der ein fastsette klare sørsamiskspråklege domene, førte til at Elgå oppvekstsenter i prosjektperioden var den barnehagen og skulen i verda der sørsamisk vart mest brukt overfor borna.
Eit anna utgangspunkt var at aktivitetane skulle ha ein tydeleg samisk kulturell profil. I Elgå var det sjølvsagt at ein samisk profil vart ein reindriftssamisk profil. Innanfor den reindriftssamiske kulturen valde ein å leggje relativt stor vekt på tradisjonelle aktivitetar som følgde arbeidsåret innanfor næringa. Grunngjevinga for dette var at den tradisjonelle kunnskapen i dag kan vera truga dersom ikkje nokon tek ansvar for å formidle han vidare til borna. Til liks med språket har denne tradisjonelle kunnskapen ein verdi i seg sjølv.
Da prosjektet gjekk over i skulen, vart sørsamisk brukt som opplæringsspråk i dei fleste faga. Det var meininga at borna på denne måten skulle utvide det sørsamiske ordforrådet sitt og finne det naturleg å bruke sørsamisk også i moderne skulefaglege aktivitetar.
Prosjektet la stor vekt på at borna skulle kjenne seg trygge. Borna vart difor positivt stimulerte, ikkje tvinga, til å snakke sørsamisk. Av same grunn var ein òg svært forsiktig med direkte å rette på det sørsamiske språket som borna brukte.
Slike registreringar gav eit bilete av den framgangen som borna gjorde i språket. I tillegg fortalde registreringane kva trekk som på visse stadium i læringsprosessen kunne prege sørsamisk språk spesielt, og eit vitalisert minoritetsspråk generelt.
Ved sida av å registrere sjølve språket, registrerte prosjektmedarbeidarane òg kva strategiar borna brukte overfor dei sørsamiskspråklege utfordringane som dei møtte. Dette gav informasjon om kor godt prosjektet hadde lykkast i å skapa eit trygt læringsmiljø.
Det var individuelle forskjellar i språkmeistringa blant borna som var med i prosjektet, særleg på grunn av spreiing i alder. Generelt kan ein seia at borna ved prosjektslutt var i stand til å forstå vanleg sørsamisk tale. Dei var ikkje redde for å svara på sørsamisk når dei vart spurde om noko på språket, og dei kunne under trygge tilhøve halde ein sørsamisk samtale i gang over tid.
I møte med det sørsamiske språket brukte borna offensive strategiar. Dei prøvde ikkje å unngå situasjonar der dei måtte bruke språket.
Borna snakka sørsamisk med visse vaksne. Med kvarandre snakka dei stort sett berre norsk. Til ein viss grad meistra borna aktivt det sørsamiske kasussystemet i substantiv og pronomen, og dei meistra delar av verbbøyinga. Borna kunne bruke sørsamisk som kommunikasjonsmiddel, men det var enno ved prosjektslutt eit forenkla språk.
Ser vi på det sørsamiske miljøet generelt i Noreg, ser vi at stadig fleire foreldre vel sørsamisk språk for borna sine på skulen. Samtidig har foreldra høgre krav enn før til dei språklege resultata av opplæringa. Røynslene frå språkmotiveringsprosjektet ved Elgå oppvekstsenter kan vera til hjelp for skular som skal oppfylle desse krava.
Røynslene frå Elgå tilseier at det må etablerast fleire sørsamiske barnehagetilbod. Sidan språket i dag står så svakt i mange heimar, kan sørsamiske barnehagar bli den viktigaste reiskapen for å overføre sørsamisk språk til neste generasjon.
Språkmotiveringsprosjektet viste òg at det er viktig at språkformidlinga i barnehagen og skulen er godt forankra i lokalmiljøet. Slik kan språkopplæringa får ein sterkare identitetsdannande funksjon enn om barnehagen og skulen skulle ha arbeidd isolert. For å få til dette, er det nødvendig med ein leiar som kan planlegge og samordne kontakten mellom skulen og lokalsamfunnet.
Vidare må grunnskulane vera villige til å bruke ein opplæringsmodell som inneber at sørsamisk ikkje berre er fag, men òg reiskapsspråk i andre timar enn i samisktimane. Ein slik modell må kunne innførast også for born som ikkje snakkar sørsamisk heime. Barnehagane vil kunne sikre at borna forstår nok sørsamisk i seksårsalderen til å ha utbyte av undervisning på sørsamisk i skulen. Dette kan skapa ein heilt ny situasjon for opplæringa i sørsamisk.
Elin Fjellheim:
Elgå skole og veien videre
Fortalt til Ane Helga Lykka
Språkmotiveringsprosjektet ved Elgå skole ble offisielt avsluttet våren 2006, men det var bare begynnelsen på arbeidet med revitalisering av det sørsamiske språket gjennom skolen.
– Men vi bruker en alternativ definisjon av førstespråk, sier Elin Fjellheim, norsk er fortsatt det sterkeste språket hos disse barna. Målet er at de skal bli funksjonelt tospråklige i løpet av ungdomsskoletiden.
Vi bruker fortsatt sørsamisk så mye som mulig i skolen, forteller Elin. Samisk brukes som redskapsspråk i matematikk, samfunnsfag, naturfag, sløyd og mat og helse. I tillegg bruker vi en skoletime i uka på å bygge bro mellom samisk og norsk språk. Men vi møter stadig nye utfordringer i nye termer som må taes i bruk, og at det finnes lite litteratur og undervisningsmateriell på sørsamisk.
Det er mye situasjonsbestemt når barna bruker samisk, forteller Elin. Det er veldig få arenaer hvor barna må bruke samisk. Derfor vil jeg også utfordre alle sørsamisktalende til å snakke sørsamisk med våre elever. Vi prøver å motivere barna til å bruke språket, men de må selv føle at de vil bruke det. Selv prater de primært for å gjøre seg forstått, uten å tenke over hvilket språk det er. For barna er samisk en naturlig del av deres liv. Uten å opphøye eller undervurdere det, er det en del av hverdagen.
For å lære er det jo en forutsetning å ville det selv. Når elevene selv satser på sørsamisk, eller for den del andre fag, gjør de et kjempehopp.
Elgå skole er også arrangør når samefolkets dag 6. februar skal markeres. I år blir det annerledes. Da skal de samiske skolene i området samles i Brekken fra 4. til 6. februar. Ellers pleier de samiske barna å ha 2 – 4 uker pr år ved sameskolen i Snåsa hvor de hospiterer på skolen, og møter andre samiske barn. Det knytter den sørsamiske befolkningen sammen, og barna får et kontaktnett i hele det sørsamiske området. Disse samlingsukene er en viktig funksjon for sameskolene i dag. Her lærer barna samisk språk og om sin kultur. Det blir særlig viktig for de samiske elevene som er få på sin skole, og som kun har samisk som fag. Dette er en form som er fruktbar, mener Elin, vi trenger sørsamiske møteplasser.
I fjor arrangerte vi språkbad for sørsamiske førstespråkselever her i Elgå for det sydligste sørsamiske området, forteller Elin. Det var vellykket! Det er noe vi vil satse på.
Foreldre og besteforeldregenerasjonen er en særlig viktig ressurs i den sørsamiske språkopplæringa både hjemme og i barnehagen/skolen. Både besteforeldre og noen foreldre bidro på utedagene. Barna fikk også i oppgave på skolen å intervjue foreldre og besteforeldre om bestemte tema. Barnehage og skole deltok i reindriftsaktiviteter, som foregikk på skoledager; fra kalvemerking til skilling og slakting.
– Dette er aktiviteter man ikke kan lese seg til kunnskap om, man må være med der det skjer, sier Elin. – Men det er vanskeligere å involvere foreldre og besteforeldre ordentlig, jo lengre opp i skolesystemet barna kommer. Her blir læringa satt mer i et formelt system. Foreldre og besteforeldre var mer aktive i forhold til barnehagen, det var mer uformelt der. Men de er alltid velkomne på skolen. På lik linje med andre skoler er det en utfordring å trekke med og involvere foreldre og besteforeldre i skolen, men her er det kanskje en fordel at samfunnet i og rundt Elgå er så lite.
– Det som var bra med språkmotiveringsprosjektet i barnehagen og senere skolen var at vi som dreiv dette hadde det jeg kaller en reell forhandlingsmakt. Vi ble lyttet til fordi vi reelt sett var en viktig del av barnehagen og skolen. I kampen om å få beholde skolen i Elgå var språkmotiveringsprosjektet sentralt. Alle i lokalsamfunnet er avhengige av skolen. Skolen er noe positivt å samle seg rundt uavhengig av kulturbakgrunn. Prosjektet setter på den måten også sine spor i lokalsamfunnet, både for de norske og de samiske.
– Prosjektformen ga større frihet til å prøve seg fram, og ga bedre finansiering i en oppstartsfase. For oss var det fint at det gikk over fem år, det ga større mulighet for kontinuitet. Det betydde at vi var tilstede såpass lenge, og at det sørsamiske ble en naturlig del av skolen. Vi ble inkludert, noe som også gir mulighet til å sette egne premisser, framfor integrering, hvor man tilpasser seg noe, sier Elin.
– Vi har hele prosjektperioden vært avhengige av å hente noen ressurspersoner utenfra kommunen. Heldigvis har kommunen vært villig til å dekke noe av kjøreutgiftene, og det er viktig for å få folk hit. Vi kan ikke forvente at noen vil bruke det meste av inntekta på kjøring. Vi planlegger også timeplanen med tanke på de som pendler, slik at de kan få litt lengre helger. Vi må tenke alternativt, A4-tenkning fungerer ikke. Vi må heller se på mulighetene enn begrensningene.
– Den største endringa i forhold til prosjektperioden er kanskje at styringsgruppa ble oppløst da prosjektet var ferdig. Det var viktig i prosjektperioden å ha noen å diskutere med og få fortløpende faglig veiledning underveis. Det var nyttig for skolen, og for kommunen gjennom at de fikk et videre perspektiv på sørsamisk språkopplæring. I denne perioden hadde vi også ressurser til å møtes, diskutere og informere hverandre. Og vi hadde tid til å utarbeide gode faglige begrunnelser for å velge de modellene vi valgte. Språkmotiveringsprosjektet var en god innfallsvinkel til sørsamisk språkopplæring fra Sametingets side. Erfaringene fra prosjektet bør nå brukes i andre kommuner, og den sørsamiske opplæringa bør komme inn i fastere former. I rapporten fra Sametingets språkmotiveringsprosjekt er det foreslått tiltak ut i fra prosjektets resultater og erfaringer.
Det viktigste nå er å følge opp de barna som er i skolealder. Det første barnet, som deltok i språkmotiveringsprosjektet, begynner på ungdomsskolen lenger sør i kommunen til høsten. Vi holder på med et 3 årig prosjekt, finansiert av Hedmark fylkeskommune og Sametinget, for å utvikle tilbud for ungdomsskolen og videregående skole. Vi ser på muligheter for å undervise på sørsamisk periodevis i noen fag, og å velge ut noen fag hvor all undervisningen foregår på sørsamisk. Det største problemet i dag er at vi mangler lærekrefter og læremidler. Det finnes få lærere som er utdannet for ungdomsskole og videregående skole med sørsamisk språkkompetanse. Jo høyere elevene kommer opp i utdanningssystemet, jo viktigere blir lærerens formelle fag- og språkkompetanse.
Jeg håper vi kan få til et «sovende tilbud» ved Elgå skole, et tilbud som er der når det blir behov for det. På den måten vil sørsamiske foreldre slippe å kjempe igjen og igjen for de rettighetene deres barn har til språkopplæring. Det er fortsatt en lang vei å gå, men det er ingen umulighet. Staten må ta et større ansvar for den sørsamiske språkopplæringa. Vi trenger en instans som får det overordnede ansvaret for sørsamisk språk og sørsamisk opplæring. I dag er det spredt på mange aktører, og vi faller mellom stoler hele veien.
Det tar tid å få i gang det meste, og å bli mer inkludert i alle ledd i offentlige institusjoner. Skolesystemet slik det er i dag har blitt bygget opp over lang tid, og det tar også tid å se at det ikke fungerer like godt for alle – og dermed også å endre på. Mange av dagens lærere fikk svært lite opplæring om samisk historie, kultur og språk i egen skoletid og i egen lærerutdanning. Dermed lever vi videre med konsekvensene av tidlige tiders fornorskningspolitikk.
Økonomi er en viktig ressurs, men personer og kompetanse er vel så viktig. Det å finne folk som har kompetanse, guts og vilje til å gjennomføre er like viktig. Men så må det også være et kontinuerlig tilbud om utdanning. De som utdanner seg må vite at de er behov for deres kompetanse i det samiske samfunnet gjennom arbeidsplasser.
– En av de viktigste oppgavene framover blir utvikling av sørsamiske læremidler etter den nye læreplanen. Vi trenger sørsamiskspråklige læreverk i flere fag, og på flere årstrinn. I dagens teknologiske samfunn trenger ikke alle læremiddel å være bøker. Det er relativt dyrt å utvikle og å trykke i små opplag. IKT-baserte læremidler, bøker på CD/DVD (og andre medier) og lydbøker kan i dag lettere produseres og distribueres enn tidligere.
– Vi vil jo heller ikke gå tilbake i tid, sier Elin. – Målet er å bli flerspråklig, ikke enspråklig sørsamisk.
Gjennom denne prosessen blir man også mer språkbevisst. Det er kanskje noe som mangler i forhold til norsk; bevisstheten rundt språket sitt. Det har jo alltid vært en statusrangering av språk. Samisk var lenge lavstatusspråk, og nå ser vi jo litt samme tendensen med norsk i forhold til engelsk. Det er viktig å være åpen, vi trenger jo engelsk, men man også vite og verdsette sitt eget språk, konkluderer Elin.
– Jeg er veldig takknemlig for at vi fikk dette prøveprosjektet fra Sametinget. Og vi er en stor takk skyldig til alle som har bidratt til at prosjektet kunne gjennomføres. Det er mange som har bidratt gjennom årenes løp.
– Prosjektet i Elgå har vært vellykket på kort sikt. Hvorvidt det blir det på lengre sikt, får vi først svar på når vi ser hvilke språk elevene velger for sine barn. I dag forstår elevene dagligspråket, og de kan kommunisere på sitt nivå. De har utviklet et sterkere språk enn foreldregenerasjonen. Nøkkelen lå i språkstimulering i barnehagen, og i sørsamisk som redskapsspråk i skolen. Alle sørsamiske barn burde få det tilbudet vi har fått i prosjektperioden, både i barnehage og skole, gjennom hele utdanningsløpet.
Vi trenger sørsamiskspråklige barnehager. Vi trenger sørsamisk som fag og redskapsspråk i skolen. Og vi trenger mange flere lærere og tilgang på flere sørsamiske læremidler. Sørsamisk må utvikles videre som et skolefaglig språk. Vi trenger å utvikle et språk som kan brukes i et samfunn i stadig forandring.
– For meg har dette vært en hjertesak, og en viktig og interessant erfaring, avslutter Elin.
[1]
Flere artikler fra Samisk skolehistorie 4