Artikkel i boka Samisk skolehistorie 2. Davvi Girji 2007.
Reindriftsnæringa spelar ei nøkkelrolle for samisk kultur og økonomi, seier regjering og Storting i meldingar og festtalar. Trass i festtalane: Den einaste skolen i reindrift i Norge lever under så tronge vilkår at Arbeidstilsynet trugar med pålegg om ikkje eigaren, Landbruksdepartementet, gjer noko før 1. april. Kva departementet vil gjere, har ikkje departementet bestemt seg for.
– Forholda ved reindriftskolen er ei hån mot samisk ungdom og mot reindriftsnæringa, seier rektor Hans Nilsen.
Reindriftsskolen har aldri hatt eigne lokale. Skolen blei oppretta i 1968, som ein klasse på Borkenes ved Harstad, i lag med Statens gartnerskole. Da skolen i 1981 blei flytta til Guovdageaidnu, blei han midlertidig plassert i lokala til den samiske vidaregåande skolen (SVS). I 6 år har no dei to skolane vore nøydde å leve i eit sambuarskap ingen av dei ønsker. Eit sambuarskap som heller ikkje har vore prega av særleg hjartelege samarbeidsforhold.
Det knirkande samarbeidet har vore medverkande til at reindriftsskolen dette skoleåret opplever dei trongaste vilkåra på lang tid: Eitt grupperom til klasserom for 10 elevar. Rektor, lærarar og kontorfullmektig har tilsaman eit kontor på 14 kvm. Dette skal og brukas til arkivrom, rom for dataanlegg, spiserom og garderobe. Det er plassen som bys elevar og tilsette ved reindriftsskolen.
Dei 10 elevane er dei einaste i Norge som no går fagkurs i reindrift. Dette svarar omtrent til agronomkurs ved landbruksskolane, eller VK I i vidaregåande skole.
I 1979 kom Villmo-utvalet, som foreslo skolen bygd ut med grunnkurs, fagkurs, agroteknikarkurs, vaksenopplæring og desentraliserte kurs.
I 1985 kom Grue-utvalet si innstilling om forsking og utvikling i reindrifta. Dette utvalet gikk stort sett inn for dei same forslaga som var reist 6 år før, men ingen ting skjedde. For no kom det neste utvalet; Vibeutvalet, som går inn for å overføre fagskolane i landbruket frå Landbruksdepartementet til Utdanningsdepartementet.
– Men det er ikkje bare klasseromma dokker har klaga på?
– Lærarane har ikkje sjanse til å oppfylle dei fagplanane som er, for vi har omtrent ikkje lærebøker. For den praktiske undervisninga har vi og dårlige forhold. Vi manglar skikkelig våtrom / disseksjonsrom med utstyr. No har vi fått låne lokale i ein bilverkstad, men det er ikkje særlig eigna.
– Her har vore ein masse partar innblanda, og dei har skulda på kvarandre. Kem vil du seie har skulda for denne situasjonen?
– Lærarar og styret for skolen har gjort så godt dei kan. Styret har erklært seg handlingslamma. Dei forsøkte å leige lokale utanfor skolen, men blei nekta av departementet. Leiinga for Samisk videregående skole anser ikkje vi for våres leiing. KUD er ikkje vårt departement. Det er Landbruksdepartementet som må bære ansvaret.
– Da skolen blei flytta frå Borkenes, var det eit uttrykt vilkår at han skulle leggast fysisk og administrativt under den vidaregånde skolen i Kautokeino. Vi har verken budsjettmessige eller politiske fullmakter i departementet til å gå inn for ei deling no. Når dessutan Vibeutvalet samrøystes går inn for å legge også landbruksskolane under KUD, ville det vere ganske kjerringa mot straumen om vi gjekk inn for ei skilsmisse no, seier ekspedisjonssjef Casper Sundby. Han meiner det er samarbeidsforholda mellom reindriftsskolen og SVS, ikkje plassmangel, som er grunnen til den akutte situasjonen no i år.
Sundby kan ikkje love konkrete tiltak frå departementet si side i nær framtid. Bortsett da frå at Arbeidstilsynet i Troms og Finnmark skal få svar før 1. april.
Andre artikler i Samisk skolehistorie 2