Sámegillii

Artikkel i boka Samisk skolehistorie 5. Davvi Girji 2011.

Norvald Dyrvik:

Trøssemark skolekrins

Helsing til 100-årsjubileet 1980

Norvald Dyrvik

Norvald Dyrvik
(Foto utlånt av Torbjørn Dyrvik)

Denne artikkelen er henta frå Årbok for Iiná ja biras sámiid searvi / Hinnøy og omegn sameforening 1985.

Norvald Dyrvik (1906–2004) var frå Skånland og gikk lærarskolen i Tromsø. Han var lærar på Trøssemark skole i Skånland 1928–35 og deretter var han lærar i forskjellige folkehøgskolar, i Vågan i Lofoten, i Danmark og på Voss. Den siste tida før han blei pensjonist var han styrar ved Hardanger folkehøgskole.

Min gode ven og tidlegare yrkesbror, Åge Kanstad, har late meg vete at Trøssemark skolekrins er 100 år i haust, og at de aktar å markere dette minnet på eit eller anna vis. Det gled meg mykje å høyre. Eg ville så gjerne ha vore med på høgtida, men vegen er lang, og for tida er eg klokkar i Ullensvang kyrkje, og vi skal ha bispevisitas nett i dei dagane.

Men lat meg på denne måten få sende mi helsing og ynske hjarteleg til lykke med jubileet.

Det er utan tvil verdifullt for ei bygd å ha sin eigen skole. Av fleire grunnar. For det første er det godt for bonna at dei får ha skolen heime i bygda der miljøet er kjent og trygt. Og for det andre er det verdifullt for foreldra, ja alle vaksne i bygda. Skolen har ofte vore kultursentrum i dei små bygdesamfunna. Eg veit at folket i Trøssemark har vorre glade i skolen sin, og skjøna kva oppgåve han har hatt i heimemiljøet.

Eg var nybaka lærar då eg for 52 år sidan kom til Trøssemark i 1928. Eg fekk den gleda å ha posten der i sju år. Skolehuset var nedbrunne. Men vi skulle få låne stua hans Henrik Larsa i Husjorda. Det var mange bonn i klassane og heller trongt om plassen. Men det gjekk. Bonna var snille og lærvillige. Disiplinproblem fanns ikkje. Og folket i huset tok omsyn og hjelpte oss på beste måte. Så fekk vi nyskolen opp på Fløystad. Det ver reine slottet syntes vi. Høgt og fritt låg han med fint utsyn over myr og skogåsar, og med heimane i ein krins rundt.

Men det var og vanskar som møtte den unge, urøynde læraren. Fattigdomen og nauda var stor. Kommunen hadde ikkje pengar. Læraren måtte ikkje kome med krav der. Det var og lite pengar mellom folket. I mange heimar måtte dei nøye seg når dei hadde til mat og klede. Ja, fleire hadde ikkje det ein gong. Det kunne ein merke på bonna. Når eg no tenkjer på det, må eg undre med over kor roleg og resignert folk tok det.

Norvald Dyrvik med elever foran Trøssemark skole. Bak fra venstre og rundt: Robert Nordli, Aminda Åsheim, Berny Nymo, Berghild Dyrvik (Norvald Dyrviks søster. Hun pleide iblant bli med på skolen), Norvald Dyrvik, Tore Fjelldahl, ukjent, Anny Fløystad, Aminda Thomassen, Borghild Johnsen, Ingrid Larsen.
(Foto utlånt av Kristine Olsen)

Eit anna problem for meg var språkvanskane. Trøssemark var då eg kom dit ei rein samebygd, og alle bonna hadde samisk til morsmål. Dei fleste snakka ikkje noko anna mål heime. Få av dei som bynte på skolen, skjøna norsk. Bonna i første klassen syntes nok det var ein underleg lærar som ikkje skjøna eit ord av det dei sa. Eller syntes dei det var som det skulle vere? Det syntes nok dei i storklassen, hadde eg inntrykk av. Eg var fortvilt og kjende meg hjelpelaus. Det var så meiningslaust og vondt at eg ikkje kunne snakke til bonna på deres eige mål. Eg prøvde å lære samisk av bonna. Dei minste var flinkast å hjelpe til. Dei store likte det ikkje så godt. «Læraren skal ikkje snakke samisk», sa ein av dei.

Mange av foreldra eg tala med, sa seg leie for at dei ikkje hadde lært bonna norsk før dei kom i skolen. Dei meinte at bonna skulle lære norsk i skolen så fort og så godt som råd, så kunne dei betre greie seg i storsamfunnet.

Det siste meinte eg og. Men eg såg det slik at bonna, i alle fall dei første åra i skolen, skulle møte sitt eige mål. Bonna burde ikkje få det inntrykket når dei kom til skolen, at det målet mor og far bruka ikkje var godt nok – ikkje fint nok. Derfor prøvde eg støtt å spørje bonna: Kva seier de heime? Kva heiter det på samisk? Eg ville så gjerne hjelpe bonna til å bli glad i heimen sin og dei tradisjonane dei fann der og vere stolt av at dei var samar.

Vi prøvde og med kveldskule i bygda. Der møtte mange evnerike og vakne ungdomar, som gjerne ville lære meir. Vi drøfta og samespørsmålet, og var inne på tanken at bonna i samedistrikt hadde krav på og rett til å få opplæring på samisk, i alle høve dei første skuleåra. Det høyrde med til menneskerettane.

Det gledde meg mykje å sjå fleire ungdomar i samebunad då vi for første gong i Trøssemark si soge feira syttande mai med tog og festsamvær.

Den tid var det ikkje fint å gå i samebunad. Dei aller fleste hadde lagt han bort. Berre nokre få gamle heldt trufast på den gamle skikken. Eg vonar folket i Trøssemark-krinsen ser annleis på dette i dag.

Det er viktig for eit menneske å kjenne røtene sine, ikkje minst no i vår forjagande og rotlause tid. Samane har ingen grunn til å skjemmast av sine røter. Dei er såvisst like bra som bumennene sine.

Til lykke med det nye hundreåret de nå når inn i. Måtte nye glade barneflokkar møtast på Trøssemark skole til arbeid og leik i heimleg miljø.

Ei hjarteleg helsing serleg til dei som var elevane mine og andre som eg var saman med. Eg har mange gode minne frå desse åra.


Flere artikler fra Samisk skolehistorie 5