Artikkel i boka Samisk skolehistorie 5. Davvi Girji 2011.
Arthur Brox
|
Arthur Brox (1901–73) var oppvakse i Tromsøysund og utdanna lærar frå Tromsø lærarskole og Noregs lærarhøgskole. Han var lærar i Torsken på Senja 1924–52 og lærar og skolestyrar i Tromsø 1953–61. Han skreiv fleire bøker om folkeminne og lokalhistorie, bl.a. Folkeminne frå Ytre Senja og Berg og Torsken bygdebok.
Denne artikkelen var prenta i Håløygminne 1–1956, han er og gitt ut som særprent. Dette er ei forkorta utgåve. Heile artikkelen i faksimile frå Håløygminne er lagt ut på internett på http://lenvik-museum.no/meny5/Samisk%20historie/1956_Arthur_Brox_Finneskolen_i_Astafjord.pdf |
I Tranøy kjerkebok, som tek til i 1744, finst det ei lang rekke notisar om opplysningsarbeidet mellom lappane i Salangen, Lavangen, Gratangen og Grovfjord. Desse små notisane er bortgjømt her og der mellom alt det andre innhaldet i kjerkeboka og er ikkje så lett å finne fram til. Så vidt eg veit, har ingen nytta desse opplysningane før, heller ikkje dei to bygdebokforfattarane i Salangen og Lavangen. Det var elles ikkje å vente at dei skulle gje seg til å leite etter Astafjord skolehistorie i kjerkeboka for Tranøy.
Når desse opplysningane finst der og ikkje i Ibestad kjerkebok, så er grunnen for det første den at Tranøy låg under Ibestad til 1759 og at kapellanen i prestegjeldet budde i Tranøy. Fcr det andre gjorde Tranøyprestane teneste som misjonærar frå 1743 lil 1761 og hadde til oppgåve å stå føre opplysningsarbeidet hos lappane inne i Astafjordane. Då dei så tok til å føre kjerkebok, skreiv dei og inn i boka små meldingar om ferdene til finneskolane. Vi får vite kor ofte dei var der inne og kva dei gjorde der, vi får vite namnet på finne-skolemeisteren, og vi får den rett merkelege opplysninga at det alt då fanst skolehus der inne i fjordane. Det syner seg at opplysningsarbeidet mellom lappane både kom i gang før og blei dreve meir intenst enn mellom nordmennene.
Grunnen til det treng vi ikkje leite så langt etter. Det var den sterke misjonsinteressa som hadde kome opp med pietismen kring 1700. Finneapostelen Thomas von Westen hadde med hjelp av staten organisert misjonsarbeidet her nord. Lappestrøka var delt opp i distrikt med ein misjonær til styrar. Misjonen arbeidde berre mellom lappane, og inne i Astafjordane var det ikkje så få av det folket. Det var tre slag av dei. For det første var det dei norske fjell-lappane som heldt til inne i landet og levde av reindrift og jakt. Misjonæren reknar i 1743 opp kring 50 skattemenn av dette slaget i Astafjord. Så var det bulappane som satt på bøkseljord inne i fjordane og levde som andre bønder. Av dei var det berre nokre få kring 1743. Og endeleg var det austlappane, som hørte heime i Sverige, men låg på den norske sida om somaren med reinflokkane sine. Misjonæren talde 75 austlappar i Astafjord i 1743.
Von Westen døydde i 1727, 45 år gamal, men misjonsarbeidet heldt fram, i alle fall mellom dei norske lappane. Når det gjeld austlappane, så hadde vel dei hatt liten kontakt med misjonen, og etter von Westen si tid blei det heilt slutt, ser det ut til. Dei fortalde sjølv på lappetinget i Gratangsbotn i 1744 at ingen misjonær hadde vore inne i fjella og undervist dei sidan von Westen sine dagar. Den gamle misjonsskolemeisteren Jacob Olsen frå Gratangsbotn stod fram og sa det same. Ein somar i von Westen si tid hadde både han og den andre finneskolemeisteren vore i lag med misjonæren inne i fjella hos austlappane, som tok vel imot dei og let seg undervise. Sidan hadde hverken misjonæren eller skolemeistrane i Astafjord undervist austlappane. Enoch Mikkelsen, som no var skolemeister for lappefolket, måtte vedgå at det var slik. Men han hadde ikkje fått nokon ordre om å gå til fjells og lære austlappar, sa han. Dei hadde heller ikkje søkt ned til skolehusa om somrane når dei låg på denne sida av fjellet.[1]
Det ser ut til at opplysningsarbeidet mellom lappane i Astafjord har gjort gode framsteg i dei 19 åra Tranøy-prestane var misjonærar der inne. Frå 1752 og utetter har kjerkebøkene i Ibestad og Tranøy årlege oppgåver over konfirmantane med opplysning om dei kunnskapane kvar einskild hadde. Etter det ein kan sjå, klarte lappane seg minst like bra på kjerkegolvet som dei norske, og det var sjølvsagt misjonen å takke. Noko organisert skolestell mellom nordmennene i Astafjord finn ein ikkje spor etter så tidleg som i 1740–50 åra.
Det er kapellanen Peder Krog Hind som har notert ned dei fleste skolemeldingane i kjerkeboka. Han var misjonær i Astafjord like lenge som han var residerande pastor på Tranøy, nemleg frå 1743 til 1756. I 1757 overtok Elling Rosted prestekallet og misjonærembetet. Den siste skolemeldinga av Rosted er ført inn i boka i desember 1761. Sidan har prestane i Tranøy ikkje hatt noko med misjonen å gjere etter det ein kan sjå.[2]
Dei to skolehusa vi høyrer om i meldingane, var bygd opp i von Westen si tid, det eine på Laberget i Gratangen og det andre på Skjorjok i Salangen. Von Westen hadde sjølv fare gjennom desse bygdene i 1722, og hos lappane i Salangen hadde han funne «det groveste Hedendom, Afguderie og mangfoldig Overtroe».[3] For å rå bot på dette, blei det same gongen vedteke at misjonen skulle bygge «et Forsamlingshuus som et lidet Capel» på Lavangsnes, og von Westen sette sjølv opp kontrakt med dei lappane som skulle stå for bygginga. Ein høyrer ikkje noko om dette kapellet seinare, så det er vel uvisst om det blei bygd.
[Så følgjer ei avskrift av skolenotisane i Tranøy kjerkebok. Her er gjengitt bare omlag ein tredel av det som er gjengitt i Håløygminne. Det er tilsvarande notisar for dei fleste år frå 1744 til 1761. (red.)]
1744. Den tid imellem 13de og 16de Dom: p Trin[4]: besøgt Astafiords Finer i deres Kield paa Fieldene for at underviise dem i deres Saligheds Sag, og mellemløbende Søndage fulgt dem til Ibestads Kirke, hvor der og blev læst for dem.
1745. Ovenmeldte d. 11 Febr reiste ieg fra Havnen til Fine-Skolen i Salangens Fiord af Astafiordens Menigh: for at udforske hvad Fine-Skolemester havde bestilt til Finebørnenes fremvext udi deres Christendom eller børnelærdom, og som ieg for veirets uroelighed ikke kunde kome til Ibestad Kirke med Fine Folket og deres børn Søndag Septua forsamlede ieg dem i Skolehuset, prædikede og læste for dem.
Den 20 ejusd: anførte ieg Fine-Folket af Salangen til Ibestad Kirke, for at bie være Guds Tieneste Dom: Sexag:, Same Dag tilsagt Finerne af Gravfiorden, Grattang og Lavangen at føre Deres Børn til Skolehuuset i Grattangens Fiord, d: 22 ejusd: aabnet Grattangens Skole-Huus for Fine-børnene, og forblev saa der at læse for dem indtil d: 10 April, var imidlertid Mhr. Pastor ved Ibestad Kirke in Ministerio behielpelig, eftersom ved Anexerne – de fleste folk var til Fiskerierne.
...
1747. D: 6 Februar reiste ieg til Fine-Skolen i Salangen for at giøre mig underretning om Finebørnenes forfremmelse i deres børnelærdom og skolemesterens flid mod dem. Der 11. og 12. ejusd[5]: forsamlet baade gamle og unge prædikede og læste for dem. Den 13. ejusd: tog ieg afskeed med Fineskole-mesteren Jens Hansen, som heele vinteren forblev ved den Skole, og forføyede mig til Grattangens Fine-Skole, hvor ieg same dag ankom, hvorpaa ieg strax til Skolehuuset lod forsamle Finebørnene af de tilhørige fiorder, blev saa Selv i Skolen at oplære de unge, hvis Forældre til Catech: ieg undertiden og forsamlede, stedse indtil d: 17 Martii, da ieg reiste til Havnen. Imidlertid var ieg Mhr Pastor behielpelig med Kirke Tienesten ved Ibestad.
...
1759. D: 26de Novembr reiste Jeg ind til Finne Skoelen i Salangs Fjorden, hvor Jeg d: 28de hafde Finnerne forsamlede, da mange ikke kunde kome, af aarsag at de grasserende Børnekopper hafde angrebet deres Børn, hvoraf faae var her ved overhøring, og ligeledes er det beskaffen i Grattangs Fjorden, saa at Reisen did for denne gang faaer ophøre.
1760. D: 10 Novbr. reiste Jeg til Salangens Finne Skoele, hvor Jeg ugen ud hafde Finnerne med deres ungdom forsamlede til overhøring og underviisning, skiønt nogle iblandt dem ey kom, dog vare de fleeste nærværende. D: 15 ejusd: reiste Jeg med en Hob Finner til Ibestad Kirke, d: 17de reiste Jeg til Skoelen i Grattangs-Fjorden, og hver dag i ugen hafde Jeg Finner med deres Børn til underviisning og overhøring, og nogle hver dag ligesaa. Der vare endeel, som efter tillysning ey fremkom. D: 22de reiste Jeg derfra og kom hiem d: 23de om Aftenen silde. Paa disse begge stæder udsøgte Jeg saadanne finnebørn som kunde være beqveme til at blive Skolemestere, men kunde ey faae dem fra deres Forældre, der ikke vilde slippe dem, hvorfor der vil blive stor mangel paa at faa Skoelemestere til Finnerne iblandt Bønderne, naar ey Finnerne vil til den Ende lade deres Børn dertil oplære, da Jeg har tilbudet self at vilde underviise dem.
1761. D: 16de Novbr reiste Jeg til Salangs Finne Skoele, hvor Jeg 2de dage hafde de forsamlede Finer til overhøring, og antegnelse, og d: 19de ejusd: reiste Jeg til Grattangens Skoele, hvor Jeg ligeledes hafde de deromkring boende Finner til Catechisation, og optegnede et Mandtal over gl: og unge, med deres Alder og kundskab i deres Christendom. Søndagen, som var d: 27 a Trinit: var saa hart veir, at ingen kunde reise til Kirken, og gandske faae vare hos mig til Evangelii forklaring at høre: D: l Decbr reiste Jeg til Ibestad for at overlevere det forfærdigede Mandtal til Hr Pastor Krog, men hand vilde det ingenlunde modtage, og imidlertid treffede et hart Guds Veir, at Jeg ey kunde kome til mit hiem førend d: 5te ejusd:.
[1]
Flere artikler fra Samisk skolehistorie 5
[2]
[3]
[4]
[5]