Sámegillii

Artikkel i boka Samisk skolehistorie 5. Davvi Girji 2011.

Betty Kappfjell:

Frå «finnunge» på Trofors til internathusmor i Hattfjelldal

Fortalt til Svein Lund

Betty Kappfjell, Majavatn, 2009.
(Foto: Svein Lund)

Betty Kappfjell er fødd i 1954, som nest yngste av fem søsken i ein reindriftsfamilie. Ho blei fødd ved Røssvatnet, på garden Engås, nær familien sitt sommarbeite. Hovudbuplassen var i Haustreis (Hirksrissie) i Grane kommune, lengst sør i Nordland.

Betty har gått grunnskolen på Trofors, handelsskole og reindriftsskole og har arbeida på internatet ved Sameskolen for Midt-Norge sidan 1974. Ho har også vore medlem av styret for Sameskolen, der ho har representert både dei tilsette og foreldra.

Her fortel ho om sin eigen skolegang og om arbeidet på internatet. Forteljinga er nedskrive i 2008.

Havika

Begge foreldra mine har gått på sameskolen i Havika. Der blei det brukt mye tvilsame metodar. Elevane kunne bli straffa med å skulle lære opp dei dummaste. Det skjedde ein gong med far, da lærte han bort bare tull. Som straff for det igjen måtte han gå med eit blått foldeskjørt. Det var ein utbreidd straffemetode på Havika å tvinge gutar til å gå med jenteklede.

Språkskifte

Som så mange andre av min generasjon er eg eit offer for at foreldra valde å bruke norsk som heimespråk. Med kvarandre snakka dei samisk og norsk i blanding, til ungane mest norsk. Samisken blei bare brukt i reindrifta og redusert til eit næringsspråk. Dette var ei gradvis utvikling, slik at eldste søster mi, som er ti år eldre enn meg, lærte mye meir samisk enn meg. Seinare spurte eg foreldra mine kvifor dei ikkje snakka meir samisk til oss. Grunngivinga deira var at vi skulle lære norsk og vere ein del av bygda. Så vi forsto samisk, men snakka ikkje.

Grunnskole på Trofors

Dei tre eldre søskena mine byrja alle på sameskolen i Hattfjelldal, og den eldste fikk heile skolegangen der. Men på grunn av hendingar på sameskolen blei dei to neste tatt ut av denne skolen og gikk dei siste åra på Trofors, og vi yngste blei aldri sendt dit.

Fram til 1958 var det skole på Grane. Men da denne blei lagt ned var næraste skolen for oss Vegset skole på Trofors. Eg byrja der i 1962 og der gikk eg alle mine 9 år. Vi var dei første som fikk 9-årig skole her.

Det var da bygd veg frå Grane opp til Haustreis i samband med kraftutbygginga ved Røssvatnet. Men det var inga skoleskyss derifrå, så vi måtte gå 5 kilometer ned til hovudvegen (E6). På vinteren kunne det vere tungt å komme fram, det var gjerne dårlig med brøyting. Frå Grane var det skoleskyss til Trofors, men det blei for hardt å først gå 5 kilometer og så vel ei mil med buss. I tillegg kom at mor var like mye i fjellet og jobba med rein som far, og det var ikkje alltid nokon heime til å ta seg av oss. Så dei første åra budde eg hos familiar på Trofors. Til saman budde eg på tre forskjellige gardar. Det var foreldra mine som måtte finne ein plass å bu for oss, eg trur dei og betalte for det. På desse gardane var det rimelig greitt, det var snille folk, vi fikk mat og vi fikk og hjelp med lekser og slikt når vi trengte det. Det var likevel ikkje alltid lett å finne nokon å bu hos, det hendte vi ikkje hadde nokon avtale da skolen byrja på hausten, da måtte vi søskena bu aleine heime og sykle til skolen inntil foreldra mine hadde funne ein plass til oss. Dei siste åra fikk ein mann betalt for å kjøre oss ned til hovudvegen, der vi tok skolebussen. Så da kunne bu heime mens vi gikk på skolen.

Det var i grunnen betre forhold mellom bøndene og reindrifta da enn det har vore i seinare år. Det kunne jo hende at reinen kom inn på jordet, men ein gjorde ikkje noko stor sak av det. Vi blei jo kalla for finnungar, men det var liksom naturlig. Vi hadde lært at vi skulle vere dei vi var, og ville ikkje skjule oss. Når det var skoleavslutning kledde eg på meg samekofta. Det var i første rekke den ballasten vi hadde med oss frå mor som gjorde at vi ikkje tok oss nær av erting, men heva oss over det. Frå lærarane merka vi ikkje noko forskjellsbehandling.

På skolen var det så godt som ingenting om samiske forhold. Det einaste eg hugsar var at i Thorbjørn Egners lesebok var det eit lesestykke om flyttsamar som flytta mellom Karesuando og Uløya i Troms. Dette stykket nærast adopterte eg og det hugsar eg enno, for det var det einaste i boka som eg kunne kjenne meg igjen i.[1]

Vi hadde jo eit fag som heitte heimkunnskap, men der var det overhovud ingenting om det lokale. Historiefaget var om dei gamle kongane, det såg eg inga nytte i, så eg var ikkje flink i det faget.

Frå to til mange samar

I tida etter krigen var det mange samar som gjømte seg bort. Dei som dreiv med rein kunne ikkje gjømme seg, og slik blei det at nesten bare reindriftssamar sto fram som samar. I alle dei åra eg gikk på skolen på Trofors visste eg ikkje av andre samiske elevar der enn bror min og meg sjølv. Men seinare har eg oppdaga mange. Ein av dei som eg da ikkje visste var same, møtte eg seinare igjen som rektor på Sameskolen i Hattfjelldal da eg jobba der. Også fleire andre av dei som gikk i klassen min har i seinare år meldt seg inn i samemanntalet. Blant dei er ein av dei som oftast omtalte meg og søskena mine som «finnungar».

Reindriftsskole

Etter ungdomsskolen gikk eg først eit år på handel- og kontorlinja ved Vefsn yrkesskole i Mosjøen. Deretter drog eg til Borkenes og gikk Statens reindriftsskole i 1972/73. Eg var einaste jenta som var elev det året, vi var to sørsamar. Eg må seie at reindriftskompetansen var heller dårlig hos lærarane det året eg var der. Som hovudlærar hadde vi Per Holm Varsi frå Tana, men han var bonde og agronom og ingen reindriftsekspert. Dei andre lærarane kunne enno mindre om reindrift. Så vi lærte mye som var lite relevant, det var husdyrlære om ku og sau osv. Eg hugsar eg gikk opp til munnlig eksamen i husdyrlære og måtte forklare om kuvomma. I samfunnslære hadde vi bare om storting og styringsverk, og ikkje om samiske forhold og slikt vi trengte for reindrift. Eg hugsar at vi klaga på dette, og krangla mye med faglærarane. Den som var flinkast til å seie frå var ein av medelevane mine, John Henrik Eira frå Karasjok. Men eg trur aldri vi kom så langt som til å få sendt nokon skriftlig klage.

Det vi derimot lærte mye av var når vi var på reinforsøksstasjonen på Lødingen. Eg hugsar dei heldt da på og forsøkte å krysse svalbardrein og vanlig rein, men veit ikkje kva som kom ut av det.

Ingen adgang i kofte

Etter reindriftsskolen reiste eg vidare nordover. Eg hamna først på eit fiskebruk i Breivikbotn. Eg fikk raskt god kontakt med fleire samiske familiar der, og likte meg for så vidt, men verken bustad-, arbeids- eller lønnsforholda var mye å skryte av. Vi budde 4 arbeidarar i lag på ein hybel. Fiskebrukseigaren eigde også hybelbygget og butikken. Vi hadde ei timelønn på 10,31, og da husleiga og det vi hadde kjøpt på krita blei trekt frå, var lønna så godt som oppbrukt.

Så venninna mi og eg fann ut at dette var det inga framtid i. Vi sette oss ned og skreiv til alle hotella i Finnmark og spurte om dei hadde jobb til oss, og fikk napp på Kautokeino turisthotell. Direktøren var sørfrå og ikkje særlig samevennlig. Han ga oss ordre om at vi ikkje skulle sleppe inn koftekledde samar. Dette var i påska (1974) og det hadde vore konsert på plasthallen, og etterpå var det mange som trakk til hotellet. Eg kunne sjølvsagt ikkje følgje ein slik ordre, så eg slapp jo folk inn. Da kom direktøren sjølv og kjefta og forsøkte å kaste dei koftekledde ut. Men så var det eit finsk TV-team som hadde filma konserten, og dei kom til hotellet akkurat da. Så dei filma direktøren sitt forsøk på å kaste ut samane, og det blei visstnok sendt på TV i Finland.

Hattfjelldal

Etter nokre månader i Kautokeino fikk eg høre om eit ledig vikariat på internatet til sameskolen i Hattfjelldal. Så eg søkte meg dit og sidan har eg vore der. Eg begynte som assistent eller hushjelp, i dag har eg tittel av arbeidsleiar, men det er den jobben som vanligvis har blitt kalla husmor.

Lenge fikk skolen bare drive eitt år av gangen, og framtida var svært usikker. Men frå 1977 fikk vi eige bygg, da blei det noko betre. Vi ønska å vere under staten, men blant sørsamar var og er det delte meiningar om sameskolar bør vere under stat eller kommune. Det er bakgrunnen for at vi i dag har to skolar, ein kommunal og ein statlig.

Sameskolen for Midt-Norge var lenge det einaste statsinternatet utanom Finnmark. Alle statlige grunnskoleinternat var underlagt særbidragskasseraren [2] i Vadsø, Birger Johnsen. Kvar vår var vi som jobba på internata i kurs i regi av han. Etter kvart blei denne ordninga nedlagt, ettersom det nesten ikkje var fleire internat igjen, og vi blei underlagt Statens utdanningskontor i Nordland.

Før var det ikkje ein reell sameskole. Men på dei 34 åra eg har jobba på internatet i Hattfjelldal har det skjedd store endringar. Det viktigaste er at samisk har blitt eit obligatorisk fag. Sørsamisk har blitt etablert som skriftspråk og her er lærarar som kan samisk. Lærarane kan ta opp samiske emne i alle fag.

Vi byrjar å sjå resultata av arbeidet med sameskolen. Skolen har bidratt mye både til å styrke sørsamisk språk og til at vi no byrjar å få ganske mange sørsamar med høgare utdanning.

Betty Kappfjell i arbeid som husmor ved Sameskolen i Hattfjelldal, 2002.
(Foto: Basia Głowacka)
Fra spisesalen ved Sameskolen i Hattfjelldal, 2002.
(Foto: Basia Głowacka)

Framtid for sameskolen?

Lenge var dei to sameskolane det einaste tilbodet for sørsamar for å få undervisning i samisk og med samisk innhald. Men etter kvart har det blitt mogleg for elevar å gå på skole på heimstaden sin, og likevel få eit tilbod innafor samisk språk og kultur. Nokre stadar er det lokale samisklærarar, andre har fjernundervisning frå oss eller frå Snåsa. Mange av dei har har såkalla integrering ved sameskolen, det vil seie at dei kjem hit seks veker for året, og da får dei temabasert undervisning i samisk språk, kultur, duodji, utmarksaktivitetar og reindrift. Dette skjer i to grupper, 1.–6. og 7.–10. klasse, slik at ved skolen har vi 12 veker i året da integreringselevar bur på internatet her.

Men dette tilbodet har igjen ført til at sameskolen har fått mye færre ordinære elevar. Vi har vore heilt nede i seks elevar, som er sett som minstegrense for å drive skolen vidare. Siste året (2007/08) har vi hatt 10 elevar, dette ser no ut til å gå opp til 15.

Av elevane ved skolen 2007/08 er det tre som har samisk som førstespråk. Ingen av integreringselevane har samisk førstespråk.

Fleire og fleire foreldre vel å snakke samisk til barna. Dei vel som regel ikkje å sende barna til sameskolen.

Tidligare var det stort sett bare reindriftsbarn som gikk på sameskolen, kanskje 90 % kom frå reindrifta. Blant dei som har tilknyting til skolen i dag, enten som faste elever eller på integrering, er det under 50 % som hører til reindrifta.

Eit internat kan aldri fullt ut erstatte ein heim, men vi forsøker i alle fall å vere meir heim enn institusjon. For vel 20 år sidan kom foreldra med eit ønske om at dei skulle ha ein fast hovudperson som bindeledd på internatet. Men ingen av oss kunne sjølvsagt jobbe døgnet rundt heile tida. Så vi ordna det slik at vi blei to som deler husmorjobben. Vi bur begge på Majavatn, omlag 80 km frå Hattfjelldal, og vi har no ei slik ordning at vi jobbar ei veke av gangen, så har vi ei veke fri. Og når vi er på jobb er det lange dagar i sju dagar på rad. Det er ei ordning som både elevane, foreldra, vi sjølve og familiane våre er nøgde med. Til saman er vi seks tilsette på internatet, dei andre har vanlig turnus.

Gjenvinne språket

Sjølv har eg gått fleire samiskkurs, som Sijte Jarnge[3] har arrangert. Så eg kan sørsamisk sånn «midt på treet». Som internatpersonale er det viktig at vi kan hjelpe elevane med leksene, og derfor bør vi i alle fall kunne ein del sørsamisk.

Eg har to døtrer og begge har lært samisk. Den eldste (Kirsten Appfjell Eira) var blant dei første som fikk samiskundervisning på sameskolen i Hattfjelldal etter godkjent rettskriving og som gikk opp til eksamen i samisk. Det var så seint som i 1988. Ho har seinare studert sørsamisk og gjort språket til eit levebrød. Ho underviser i sørsamisk gjennom fjernundervisning og har også etablert sitt eige firma, «Sørsamiske språktjenester». Ho er gift med ein nordsame og busett i Karasjok og snakkar sørsamisk til barna sine, slik at dei veks opp med både sør- og nordsamisk. Den yngre dottera mi arbeider i reindrifta.

Eg ser at no har utviklinga snudd og eg er ikkje samd med dei pessimistane som trur at det sørsamiske språket vil døy ut.


[1] Jo Tenfjord: Da Heika blei stor. I: Thorbjørn Egner: Lesebok nr.3, s. 111.
[2] «Særbidragene for landsfolkeskolen i Finnmark» var ei etterfølging av Finnefondet, sjå fleire artiklar i Samisk skolehistorie, bl.a. Henry Minde sin artikkel i bind 1. [3] Sijte Jarnge er det sørsamiske kultursenteret i Hattfjelldal.


Flere artikler fra Samisk skolehistorie 5