Sámegillii

Artikkel i boka Samisk skolehistorie 3. Davvi Girji 2009.

Kirsten Alette Anti:

– Eg måtte vere hard

Fortalt til og omsett av Svein Lund

Kirsten Alette Anti

Kirsten Alette Anti, Tromsø/Romsa 2003.
(Foto: Svein Lund)

Samiske barnehagar er viktige for at barna skal bli samiskspråklige. Men det er ikkje alle barnehagar som har lukkast med å gjøre samisk til dagligspråk. Her fortel ho som leidde den samiske barnehagen i Tromsø på 1990-talet korleis dei streva med dette – og lukkast.

Kirsten Alette Anti (Niiga Niillasa Risten Aleahttá) er fødd i 1956 og oppvaksen i Karasjok, der ho og gikk vidaregåande skole. Ho har førskolelærarutdanning frå Alta, og arbeidde i barneskole i Guovdageaidnu og barnehage i Vadsø, før ho i 1990 flytta til Tromsø. Der studerte ho samisk på universitetet og leidde den samiske barnehagen i perioden 1991–99. Frå da av har ho arbeidd som lærar ved Prestvannet skole, med unnatak av eitt år da ho jobba i barneskolen i Karasjok.

Intervjuet er gjort i 2004.

– Eg måtte vere hard. Hard med ungane, hard med foreldra og hard med dei tilsette. Dette er Kirsten Alette Anti si forklaring på korleis ho lukkast med å forme den samiske barnehagen i Tromsø, slik at norsktalande barn som byrja der, etter få månader snakka samisk med dei andre barna.

Frå sameforeininga til kommunen

– Den samiske barnehagen blei starta i 1983. Det var Romssa sámiid searvi (Tromsø sameforening) som starta barnehagen, men før eg begynte der, hadde kommunen overtatt ansvaret.

Vi hadde da det samme huset som barnehagen framleis har, og eg må seie at det ikkje høver så godt til barnehage. Det er eit gammalt, kaldt hus, der det før har vore leiligheiter og det er ein dårlig leikeplass. No krev dei samiske foreldra ein ny og større samisk barnehage, og den skulle jo ha vore bygd for lenge sidan. [1]

Da eg begynte, var det ei lita gruppe, bare 8 barn. Seinare blei det noko utvida, og da eg slutta i 1999, var det 13 barn. Først var alle i lag, seinare delte vi dei i to avdelingar.

Lise Henriksen og Jens Klemet Stueng

Samisk barnehage i Tromsø feirar fødselsdagen til eit av barna i 1984. Dei tilsette på bildet er Lise Henriksen og Jens Klemet Stueng.

(Foto: Seija Guttorm)

Norsktalande ungar inn

Da samisk barnehage blei grunnlagt i Tromsø by, var tanken å gi eit tilbod til barn som hadde samisk som heimespråk. Da eg byrja, var alle barna samiskspråklige. Men seinare byrja norsktalande samiske foreldre å ønskje seg ein barnehage som kunne lære barna deira samisk. Etter kvart tok vi norskspråklige barn inn, men da måtte vi arbeide medvete med språkprogram, for at norsk ikkje skulle bli barna sitt leikespråk. Vi kunne ikkje ta inn meir enn eit par norsktalande barn om gongen.

Det er ikkje vanskelig dersom vi tar inn ungane så tidlig at dei enno ikkje snakkar. Jo eldre dei er når dei byrjar, jo vanskeligare er det. Men vi har og tatt inn ungar på 4 eller 5 år, som ikkje kunne samisk da dei kom, og dei har snakka samisk før dei byrja på skolen.

Krav til dei tilsette

Eg var heile tida den einaste som hadde førskolelærarutdanning. Eg hadde to medarbeidarar, vanligvis samisktalande ungdom frå Kautokeino eller Karasjok. Dei hadde svært mye blandingsspråk, dei snakka samisk med fullt av norske ord. Eg måtte formane arbeidarane slik eg gjorde med barna, og vere svært hard med dei. I barnehagen var det ikkje lov å seie slikt som: «Klokka fem bohten flyain Lakselvas Tromsii». Eg sa at om det er noko du ikkje finn ord for på samisk, så ikkje snakk norsk, men forklar det med andre ord på samisk.

Vi fikk hit førskolelærarstudentar frå Samisk høgskole. Eg var sjokkert når eg hørte blandingsspråket deira. Eg spurte dei: Har ikkje de språkpleiekurs før de blir sendt ut i barnehagar og skolar? Dersom de skal vere her, må de godta at eg rettar på språket dykkar.

Krav til foreldra

Om ein skal lukkast med å lære ungane samisk, så må det vere samarbeid med foreldra. Eg kravde at foreldra skulle bry seg om samisk språk og kultur. Nokre foreldre har lært samisk i lag med barna. Mange foreldre har vore flinke, men eg må seie at andre har ikkje engasjert seg så mye. Dei har bare trengt barnehageplass, og brukt sin eigen samiske bakgrunn som argument for å få barna inn i den samiske barnehagen.

I starten var vi ganske ekstreme når det gjaldt språkbruken. I telefonen svarte vi bare: «Dá lea sámi mánáidgárdi». Eg nekta å snakke norsk på foreldremøta.

Krav og ros til barna

Barna visste at i barnehagen kunne ein ikkje snakke anna enn samisk. Men overfor barna er det ikkje nok å krevje og forby, ein må òg rose og oppmuntre. Vi forsøkte å nytte alle høve til å lære dei nye ord. Alltid roste vi barna når vi hørte dei snakke samisk. Gjennom ros utviklar du deg.

Ved matbordet spurte vi barna kor mange samiske ord dei hadde lært den dagen. Vi brukte òg andre barn som forbilde, vi bad dei samisktalande barna hjelpe dei som ikkje kunne så mye. Da var det viktig å rose dei òg: «Du er flink – no er du lærar.» Det var og ein viktig taktikk å få barn som hadde høg status på mi side.

Samisk miljø i byen?

I ein samisk barnehage skal ein ikkje bare undervise i samisk språk, men også i samisk kultur. Men kva er så samisk kultur i Tromsø by? Problemet når barnehagen er i ein stor by, er korleis ein skal kunne tilby barna eit naturlig samisk miljø. Nærmiljøet vårt er eit heilt anna enn f.eks. i Karasjok. Vi forsøkte så mye som mogleg å delta i tradisjonelle samiske næringar. Vi har ikkje så nær kontakt med reindrifta her, men kvart år var vi med i reingjerdet. Vi brukte og å besøke garden Berg utafor Tromsø, der dei har husdyr; sauer, kyr og høns.

Vi har vore på havfiske. Da arbeidde vi med det både på førehand og etterpå, vi lærte om havfiske og vi lærte samiske ord om fisk og fiske. Etterpå, mens vi renska fisken og laga mat, snakka vi om fisken sine delar og innvolar, og slik lærte vi også nye ord.

Ein gong i veka drog vi på tur ut i naturen. Der er det eit naturlig miljø for å lære nye samiske ord. Skjere sennagras kan vi gjøre her òg, for det veks ved Prestvannet. Vi brukte å spørje foreldra: Kva er samekultur for dykk? De må fortelje oss om dykkar samekultur. Nokre gongar har vi fått respons.

Kva er elles samekultur i barnehagen? Vi brukte å joike og synge mye og fortelje forteljingar og eventyr. Samisk barnehage brukar å stille opp og synge eller joike i alle høve – på møte, samefolkets dag, i kyrkja osv. Ungane lærer om samiske klede, korleis ein kler seg og kva for kofter som høyrer til kor. Samtidig lærer dei ord: ohcu, liidni, gálssohat osv. [2]

I barnehagen er det reinhorn og ungane kastar lasso, det er samisk dokke og komse. Men det er og same slags leiker som i andre barnehagar – alt skal ikkje vere spesielt i ein samisk barnehage.

Når ein tenker på at vi bur i ein stor by der samiskheita og samisk språk ikkje synest så mye i det daglige livet, må ein seie at samisk barnehage har lukkast ganske bra med målet å føre språket og kulturen vidare til neste generasjon.


[1] Eit par år etter at dette intervjuet blei gjort, blei ønsket oppfylt. I 2007 kunne den samiske barnehagen i Tromsø flytte inn i eige nybygg ved Prestvannet.
[2] Orda betyr omtrent: koftebarm, sjal, bellingar (skinnbukser med hår).


Flere artikler fra Samisk skolehistorie 3