Seija Guttorm |
Seija Guttorm (f. 1957) er oppvokst i Vuovdaguoika, Ohcejohka. Ho har utdanning som lærar og humanistisk kandidat frå Universitetet i Oulu, og i tillegg har ho samisk mellomfag og læremiddelpedagogikk. Ho har arbeida som lærar i Ohcejohka og Kárášjohka. Frå 2003 har ho vore forlagsredaktør i Davvi Girji, og ho har administrert arbeidet med Samisk skolehistorie-bøkene frå da. Ho har utgitt nettlæremidlet "Fárru" om samisk skjønnlitteratur.
|
Eg ønsker alle velkomne til seminaret om Samisk skolehistorie. Forlaget Davvi Girji og redaksjonskomiteen ønsker med dette seminaret å feire fullføringa av bokserien. Vi har publisert seks bøker i serien Samisk skolehistorie, og dette seminaret har som formål å fortelje om arbeidet som er gjort, vurdere det som er gjort og sjå framover kva som vidare gjerne skulle gjørast med dette temaet. Vi har forelesingar og presentasjonar på programmet, men det er også viktig at vi har tid til diskusjonar, for diskusjonar og samtalar er frø til ny kunnksap.
Seminaret blir arrangert i lag med Samisk språkteknologi, og vi takkar dei her.
Hit er innbode folk som har vore med å skrive og fortelje i den sjette boka og tidligare bøker, Slik får vi her eit slikt seminar som gir eit bilde av naturen eller ånda til bøkene, nemlig vitskapelig syn knytta saman med folk sine røynsler.
Vårt største ønske og von er likevel at dokumentasjon og forsking på samisk skolehistorie ikkje bare blir mellom desse permane, når vi her har avslutta dette arbeidet. Vi ønsker at andre held fram med arbeidet og dette seminaret skal også handle om det.