Nina Afanasjeva |
Nina Afanasjeva (f. 1939) er vakse opp i Arsjohka (Varsino) på Kolahalvøya, og bur no i Murmansk. Ho er utdanna lærar og har arbeida som lærar i mange år, mest innafor vaksenopplæring, og seinare innafor skoleadministrasjon. Nina har vore leiar for Kolasamane si forening og hatt ei rekke verv innafor samiske organisasjonar på russisk og på all-samisk plan.
|
Foreldra mine hadde inga utdanning. Far min – Jelisei Pavlov – døydde i juni 1942, da eg var tre år og fire månadar gamal. Derfor veit eg ikkje om han nokon gong gikk på skole.
Mor mi – Praskovja Pavlova – gikk eit startkurs, som varte eit halvår. Deretter klarte ho ikkje å halde fram på grunn av veik helse. Ho hadde sterk hovudverk og i tillegg skulle ho ta seg av ungane skikkelig. Ho lærte å skrive tre bokstavar, nemlig P.P.N., som var forbokstavane i namnet hennar; P – Pavlova, P – Praskovja, N – Nikolajevna. Med denne forkortinga brukte mor å signere. Eg har tatt vare på papir, der mor hadde skrive namneforkortinga si. Slik brukte ho å skrive under på forskjellige dokument.
Mor likte ikkje det minste å snakke om si eiga fortid, det var som om det hang noko vondt ved den tida. I familien til bestefar Nikolai var mor den eldste jenta og bestefar sin viktigaste dreng i arbeidet med reinen. 13 år gamal byrja mor å flytte med reinflokken etter vidda, så arbeida ho i lag med bestefar med bygginga av Murmansk by, da dei skulle frakte byggematerialer og andre lass. Rein var einaste framkomstmiddel i den tida
Mor gifta seg tidlig med far min, og dei hadde sju barn, fire gutar og tre jenter. Mor hadde ikkje tid å tenke på skole.
Eg hugsar ikkje mine to storebrør, bare namna har blitt igjen i minnet; Galaktion og Aleksander. Dei blei begge drept i den forferdelige krigen. Kva slags skolegang hadde dei? Eg veit ikkje. Eg trur at dei hadde gått barneskole i Semiostrovsk-bygda, som var vår samiske vinterbuplass. Der var det bygd ein skole, som deretter i 1937 blei flytta til Arsjohka (Varsino), da vinterbuplassen blei stengt. Dei to andre brørne mine – Vjatsjeslav ja Dmitrii – gjennomførte barneskolen i Arsjohka. Vjatsjeslav dro i krigen og etter krigen gjorde han tjeneste 5 år til i militæret, der han hadde gjennomført 7-årig skole.
Dmitrii blei ferdig med barneskolen (fire år) i 1942 i Arsjohka og skulle deretter fortsette å ta utdanning på internatskolen i Gremikha-bygda. Mellom Gremikha og vår Arsjohka er det 100 km. Der er ingen veg mellom dei, og ein kjem bare fram med båt etter havet. Han dro dit med dampbåten og kom tilbake på samme vis. Han var oppvakse i ei lita bygd, og han var veldig redd for å miste kontakten med denne. Han var 11 år da han byrja å arbeide på kollektivbruket. Mor klarte da ikke å få han å begynne på skolen.
Søster mi, Anastasia og eg har fått høgare utdanning. Vi har begge gjennomført barneskolen i Arsjohka, deretter gikk vi tre år på internatskole i Gremikhas. Eit år gikk vi der i lag, eg var i femte klasse og ho var i sjuande. Hausten 1953 drog Anastasia for å ta utdanning i Leningrad, på forkurset til Fakultet for nordlige folk, ved Herzen Statlige Pedagogiske Institutt i Leningrad.
Vi klarte oss på skolen på forskjellig vis. Eg hugsar ingenting av min eigen skolegang dei første to åra på barneskolen. Det er som ein tjukk vegg foran minnesauga mine. Det er kanskje fordi at eg ikkje kunne eit ord russisk da eg byrja på skolen. Skolen min var svært liten, bare fire klassar. Vi gikk der på to skift, lærarane heldt undervisning samtidig i to klassar, morgon og kveld. Lærebøker og skrivebøker var mangelvare. Vi brukte å skrive med fyllepenn og vi hadde spesielle blekkhus, som ikkje var mogleg å søle ut av om dei skulle velte. Eg brukte å fylle pennen veldig når eg skreiv, og i skrivebøkene mine var det alltid søl. Læraren brukte ofte å be meg bli igjen etter skoletimane, for at eg skulle rette opp feil og søl i skrivebøkene mine.
Først i tredje klasse forsto eg at eg gikk på skole, for da begynte eg visst å forstå russisk. Eg var veldig flittig elev og eg likte godt dei munnlige faga, særlig litteratur, der vi brukte å lære mange dikt utanat, og historie. I fjerne klasse fikk vi ein ny gammal lærar, som var sjokkert over kunnskapsnivået vårt. Han starta med å flytte to av kameratane mine – to Ludmila – nesten til første klasse. Eg ba om lov å byrje i tredje klasse på nytt, noko han straks godtok, da han meinte at eg enno var svært ung. Eg var veldig liten av vekst, men etter alderen skulle eg ha vore i fjerde klasse.
Dei første timane i russisk var repetisjon, og vi lære allereie andre gongen ordklassen substantiv. Så byrja læraren å spørre meg om kjønna på substantiva, men eg forsto ikkje det minste av kva det var. Eg hadde streva med å forstå kva det var. Bak oss satt dei store gutane og dei lo av oss. Eg var veldig redd for dei i fjerde klasse, derfor ba eg om å bli flytta i lag med venene mine til tredje klasse igjen. På det viset fikk eg gå tredje klasse to år.
Dei to siste skoleåra har på eit vis festa seg i minnet. Eg budde hos den gamle kona Anfisa, som var halvvegs blind. Ho hadde to barnebarn, som også gikk på skolen, og foreldra mine var på vinteren på vidda og gjeta rein. Vi mangla ved, og vi tre brukte å dra og skjære dvergbjørk, som vi dro heim på ein liten kjelke. Denne dvergbjørka var knapt nok til å fyre i omnen eit par gongar og koke noko eller varme tevatn. Eg brukte å koke ertegraut, om kvelden la eg ertene i vatn og om morgonen når eg dro på skolen, ba eg kona sette ertekjelen min i omnen. Kva vi elles brukte å ete og korleis, er vanskelig å hugse. Eg brukte å vere veldig mye på skolen, for der var det alltid varmt, eg leste ivrig lekser, særlig i fjerde klasse, for da skulle vi klare eksamen. Eg kunne spørsmåla til russiskeksamen utanat og hjalp venninna mi Ludmila sidan vi satt i lag, og vi leste dei spørsmåla. Eg klarte meg godt på eksamen etter fjerde klasse. Dei brukte å belønne meg for godt skolearbeid, nokre gongar ga dei strømpebukser, og nokre gongar sko.
På barneskolen kom det fram at eg hadde leiareigenskapar, og eg byrja å kommandere ungane på min eigen alder. Mens vi gikk på skole laga vi konsertar for bygdefolket. 09.05.1952 arrangerte vi pionerbarna på Arsjohka skole konsert for befolkninga i Drozdovka og for militærfolk. Vi gikk dit med lydhorn og pionerflagg, og vi var veldig stolte over at vi gjorde noko som var bra og artig for folk. Sjølve var vi nesten alltid sultne og vi hadde dårlig fottøy, og vi måtte gå tre kilometer i vårløysinga. Folk hadde venta på oss, og kulturhuset var fullt. Vi var umåtelig lukkelige.
Etter fjerde klasse dro eg til internatskolen i Gremikha-bygda.
Ungar frå mange samiske bygder (?) gikk på skole der. Vi budde på sjølve skolen, da første etasje hadde to eigne soverom, for gutar og jenter, og to skulle sove i lag i ei seng. Det var trangt og fattigslig. Vi sprang for å spise på arbeidarkantina 500 m frå skolen. Om morgonen fikk vi smørbrødskive og te, på dagen full lunsj og på kvelden middag. Eg var veldig sta og ville ikkje sove i lag med venninna Ludmila, fordi senga hennar sto heilt ved døra, og det var fryktelig. Eg delte seng med søster mi, Anastasia, men ho ville sove i lag med den andre Ludmila. Det krangla vi søstrene om. Til sist løyste tiandeklassingane frå Ponoj problemet vårt; eg fikk sove med Tamara Surjadova, og søster mi med Aleksandra Orlova. Søster mi og eg gikk bare eitt år i lag på internatskolen. På hausten dro Anastasia for å ta utdanning i Leningrad.
Eg klarte meg godt i femte klasse, eg forsøkte å gjøre alle leksene og heimearbeidet. Nokre gongar sprang eg ikkje for å spise lunsj, om eg ikkje hadde blitt ferdig med å gjøre alle leksene, f.eks. i matematikk. Skolegangen gikk jamnt og fredelig. Eg lengta alltid heim til mor i Arsjohka, eg sakna henne veldig..Vi dro heim med dampbåten, som gynga forferdelig, men vi dro likevel sidan vi hadde sånn heimlengsel.
I skoleferien brukte vi i lag med mor å sy skinntøflar, mor og Anastasia sydde dei ytre delane og eg blei tiltrudd å sy det indre. Slik prøvde vi å hjelpe mor. Seinare brukte eg å springe frå hus til hus i Gremikha og selge desse tøflane til konene til offiserane. For pengane som vi tjente, kjøpte vi til mor vaskebrett, sinkvaskebøtte og tekoppar.
I mars samme året opplevde vi alle ei veldig stor sorg – da døydde Josef Stalin. Rektor på internatskolen kunngjorde dette til oss tidlig på morgonen, og heile rommet byrja med det same å gråte. Eg var heilt sikker da at vi hadde mista alle folk sin kjære far, og sjølvsagt blei det kunngjort landesorg.
Den andre sorgen kom til vårferien – på grunn av storm på havet kunne vi ikkje dra heim og måtte være på det tomme internatet i vårferien., for alle dei andre barna hadde dratt heim. Læraren vår trøsta oss så godt som råd, og besøkte oss og brakte noko å spise frå sin eigen heim. Uansett studerte vi flittig, la alle krefter i å klare å tileigne oss lærdom.
Vi dro i badstua ein gong i veka, det var også artig. Vi lo, spruta vatn, leita etter såpe under hyllene, nokre gongar fann vi bitar av aromasåpe, da var gleda vår stor.
Eg blei ferdig med femte klasse, klarte eksamen godt og dro med glede heim for heile sommaren. I sommartida var det og arbeid. Folk trengte barnepiker og eg dro på arbeid, fro der brukte dei å gi oss mat og nokre gongar ga dei ting som sateng eller kjolestoff.
Etter femte klasse med godt skolearbeid fikk eg løyva reise til Artek landspionerleir, som var på Krim. Eg blei trassig, gjømte meg og dro ikkje på sommarferien. slik fikk eg bu heime heile sommaren. Vi arbeida på kollektivbruket, skar ris til vinterfor for kyrne og sauene. Så kom hausten og dei hadde ikkje glømt meg, og igjen skulle dei sende meg på pionerleiren. No var det ikkje anna råd enn å dra. Mor sydde meg kjole av blå sateng, og eg reiste av garde til det ukjente varme landet. I Murmansk budde eg hos ei gamal dame, som tok vare på meg. Her budde fetteren min Mihail, i Arbeidargata. Eg leita etter dei, men eg hugsar ikkje så mye av det. Fetteren min var på sjøen. Kona hans Jelena hugsar møtet vårt slik: Eg kom heim frå skolen og ser ei lita jente sitte i trappa. Kven er no du? Eg er kusina til Mihail. Eg hugsar ikkje lenger noko av det. Eg var på Artek to månadar, og skoleåret hadde begynt der. Der var mange slags barn. Alle skulle fortelle om din eigen heimplass. Eg fortalte sjølvsagt om vidda, rein, lyse netter og nordlys.
To månadar gikk fort, og vi fikk lære, kvile og bli kjent med kvarandre. Maten var så god at eg nådde målet og la på meg fem kilo, og fikk retten til å tenne på avskilsleirbålet.
Eg kom tilbake til mitt eige internat først midt i november 1953. Eg var blitt hengande etter på skolen etter læreplanen, spesielt hadde eg lært dårlig grunnkunnskapen i algebra og geometri. Eg hadde og tidligare vore på etterskot i desse faga. Læraren nekta å gi meg ekstratimar i desse faga, så eg kunne ta igjen dei andre. I andre fag tok eg raskt igjen dei andre.
I sjuande klasse byrka fysikk. Læraren min Faina var veldig venlig og alltid grei med oss, om det var noko vi ikkje forsto. Ho ba meg ein gong å komme fram til tavla og fortelle om parallell- og seriekoplingar. I klasseromstaket var det straumledningane opne, så der kunne ein gjette kor det måtte vere parallell - og kor det var seriekopling. Læraren sa til meg, sjå no Pavlova, sjå opp i taket og forklar oss dette sambandet. På den måten blei vi kjent med forskjellig slags kunnskap.
Eg gikk ut av sjuande klasse i 1955 med ganske bra resultat, utan trearar (firer var bra, og femmer var beste karakter), og dei ga meg tilbod om å dra til Leningrad for å gå førebuingskurset på Fakultetet for nordlige folk. Venninna mi Tatjana Zaharova dro med meg for å studere i Leningrad. Tatjana var og fødd i Arsjohka, men under krigen døydde mor hennarUstinja, og slektningane hennar sendte Tatjana til tanta i Jokaŋga. Tatjana gjennomførte 8 år på internatskolen vår.
Tatjana og eg – to bygdejenter – dro til Leningrad i august 1955 og kom vel fram dit vi skulle. Vi kom på ein fredag og fikk rom, men vi fikk ikkje sengetøy og måtte sove på skitne madrassar. Søndag dro vi til jernbanestasjonen for å treffe studentane, som kom frå leir. Eg blei glad da eg såg at søster mi Anastasia og hadde kome. Anastasia skjemtest da ho såg kor skitne og slaskete Tatjana og eg var.
Alt blei likevel ordna, og skolegangen tok til. Eg starta i åttande klasse, Tatjana i niande og Anastasia i tiande. Slik starta den nye og lukkeligaste tida i livet mitt. Det var veldit artig å bu og studere i museumsbyen Leningrad. Vi studerte og sporta flittig. Eg byrja i den fine dansegruppa for nordlige folk, der leiaren var den flinke ballettdansarinna Tatjana Petrova-Bytova.
Det var lærarar, professorar og dosentar ved Herzen Pedagogiske institutt som underviste oss i alle skolefag. I åttande klasse hadde vi Maria Orbeli som lærar i matematikk. Ho var kona til sjefen for Vinterpalasset, og var prinsesse frå Armenia, ein snill og flink lærar. Ho oppdaga snart kva nivå vi var på i faga hennar, og ba oss til seg sjølv for ekstratimar. Vi var nokre få som besøkte henne for ekstratimar to gongar i veka, og ho og mannen budde i museumsbygget til Vinterpalasset. Det var verdt eit syn at vi – ungane frå vidda – stolte gikk oppover dei breie kvite marmortrappene og det syntes som om vi skulle komme inn i eventyrland.
Kjemilæraren i klassa vår var Jekaterina Ratch, som hadde klart seg gjennom krigsblokaden av Leningrad, men som ikkje hadde blitt hard av det, ho hadde så mye godheit og varme. Eg gikk på kjemigruppa hennar i tiande klasse, klarte meg veldig bra på eksamen og fikk innbyding til å starte på fakultetet for kjemi og biologi. Søster mi Anastasia bestemte likevel vegen min annleis.
Det var ei lukkelig tid, og vi lærte veldig mye interessante sakar mens vi budde i Leningrad og gikk på Herzen-instituttet 1958-63. Enno fem fine studentår var bunde til Leningrad. Vi studerte veldig hardt og vi skulle bli faglærarar, for områda i nord, Sibir og det fjerne austen trengte slike lærarar. Eg gikk på filologisk fakultet ved Herzen Pedagogisk institutt og i fem år leste eg russisk, litteratur og tysk. Det var storesøster Anastasia, som hadde bestemt at eg skulle på dette fakultetet, og eg har aldri nokon gong angra på det. Den kunnskapen som eg fikk der, hjalp meg og å betre teoriforståinga av mitt eige morsmål – samisk.
Da eg var ferdig på instituttet, arbeida eg i eige yrke på kveldsskole i 20 år, deretter arbeida eg i 11 år på det nasjonale skolekontoret som leiar av lærarane sitt vidareutdanningsinstitutt, der eg arbeida med innføring av morsmål som skriftspråk i skolar og barnehagar. Mens eg arbeida ved dette instituttet, så forbetra eg min eigen kompetanse i morsmålet og fikk søke meg til Universitetet i Tartu, som eg hadde tatt alle kandidateksamenane for, og eg byrja å skrive på doktorgradsarbeid. Universitetet i Tartu har gitt meg mye godt. Lærarane på avdelinga for finsk-ugriske språk styrka lysta mi til å arbeide med forsking og dei ga god oppfølging til kvar av oss.
Men samfunnsengasjementet mitt gjennom Kola Sameforening, som krevde mye krefter, innsats og tid, har likevel ikkje latt meg få gjøre ferdig doktorgradsarbeidet. Dette samfunnsengasjementet har gitt meg gode muligheiter til å arbeide med saker for samefolket – urfolket.