Etterlyst ordskifte om samisk skole

Bokmelding: Samisk skole eller Norsk Standard?

Ved John Gustavsen

Tidsskriftet Utdanning 17.09.2003

PEDAGOGIKKHISTORIE

På 1990talet fekk vi skolereformer som ein skulle tru forbetra innhaldet i den samiske skolen. Men mykje tyder på at vi verken fekk ein samisk skole eller eit ordskifte om resultata.

Dei store reformene innan skoleverket på 1990-talet som i tillegg skulle ende opp med ei vidare reform av høgare utdaning med Mjøsinnstillinga, burde normalt også ha ført til endringar av samisk undervisning og opplæring. Med dei store hendingane på 80-talet med oppretting av Sametinget og eigen samelov kunne ein forventa eit pågåande ordskifte om samisk skole og utdaning. Ein kunne forventa at Sametinget, oppretta i 1989, styrte ordet for ei forbetring av ein skule som i hundre år har vore underlagt fornorskinga.

Det har sjølvsagt vore gjort fram­steg, som då Såmi Oahpahusråddi/ Samisk utdanningsråd blei oppretta i 1975 med Edel Hætta Eriksen som ein drivande direktør. 25 år seinare blei rådet nedlagt med sambygdingen Ellen I. O. Hætta som den siste leiaren. Nedlegginga varsla ei indre sentralisering av samisk skole under Sametinget, med reduksjon av den faglege styringskompetansen. Få har protestert.

Svein Lund er ein av få som har vist skikkeleg interesse for den samiske skolen. Han er kanskje vore iheltagd av di han kjem frå ikkjesamisk område? Det er han som har ført den kritiske penna bak heftet «Samisk skole eller norsk standard?» l fem kapittel — Frå samemisjon til fornorsking, Samisk opplæring veks fram, Lsereplanar og skoleformer i Noreg, Samisk opplæring prinsipp og mål og Tilbake til Norsk Standard? går han kjapt gjennom utviklinga frå den tida borna blei opplærte heime til dei hamna på internatskuler og enda i det moderne sko­lesystemet. Sjølv ikkje 100 tettpakka sider i A4format kan gje ei fyllestgjerande dekning av utviklinga. Det vert ein heller rapsodisk gjennomgang, med vekt på dei store reformene R 94 og L 97, L 97 S, den samiske mønster­planen for grunnskolen.

Arbeidarpartiet har spela hovudrolla når mang ein skolereform har vore på tale. Den parlamentariske skolekommisjonen (192227) skulle få stor innverknad på utviklinga av sameskolen. Fleirtalet talte for hard fornorsking, og det var berre Gitta Jønsson frå Tromsø og Edvard Bull frå Oslo som stod i mot. l 1948 kom Samordningsnemnda for skoleverket med ei tilråding som freista gå frå fornorskingspolitikken: «Opplæringa har her berre tatt omsyn til dei borna som tala norsk, og har skapt mange kompleks og mindremannskjensle hos sameborna.»

Dette var nye tonar, men framstega var spede. Margrethe Wiig si ABC frå 1951 er vorte ein klassikar. Arbeidarpartiet kom til å stå splitta i synet på korleis den samiske skolen burde vera. Med Gudmund Hernes som ein effektiv skolestadsråd kunne ein forventa betring. Men så har langt frå skjedd. Lund hevdar at han stod «for einsretting» og standard­isering: «Det er tankene som må løftes og uniformeres om nasjonen skal holde sammen.... Skal vi sikre den rette tro, må læren være ens.»

Lund sveipar også innom høgare utdaning, m.a. ved Universitetet i Tromsø. Han kan ha rett i at «Universiteta var prega av konservatisme og forsvar for århundre gamle tradisjonar», men han burde ha utdjupa dette nærmare.

Lund som sjølv har vore lærar i vidaregåande skole på yrkesfag, er sterkt kritisk til utviklinga av R 94: «Samiske skolar og samiske organ fekk ikkje uttale seg på førehand, men fekk tilsendt nasjonale planar og måtte starte ein forsvarskamp for at det samiske innhaldet ikkje skulle bli utradert.» Han viser også til korleis evalueringsrapportane om R 94 «har ført til ei svekking av det samiske innhaldet i vidaregåande opplæring.» Om den samiske varianten av L 97, L 97 S, kjem Lund med viktig kritikk av prosessen før denne vart gjennomført. Omslaget er attgjeve, men det var Trygve Lund Guttormsen som stod bak, ikkje Ellen Marit Oskal.

Gudmund Hernes får ikkje noko godt ettermæle i dette skriftet, den nye skolen blei utforma som ei norsk tvangstrøye då han herja i ministeriet. Reformene vart, som mange vil hugsa, gjennomført i hurtigtogsfart. Ikkje minst gjaldt dette for samisk utdaning. Lund burde i sin kritikk stilt spørsmål ved kor det vart av samane sjølve i ordskifta om skolen. Han skriv noko til ettertanke på slutten: «Den neste reformbølga i Noreg bør ikkje koma som ein foss ovanfrå, men som eit resultat av krav nedanfrå.»

Skriftet har godt om bilde og illustrasjonar. Desse hadde fortent større plass og heftet form som ei bok, ikkje berre ei A4-lefse. Lund har forsynt arbeidet med ei grei attgiving av hendingar i norsk og samisk skolehistorie, kjelder og annan relevant litteratur samt viktige forkortingar. Bidraget fortener merksemd i ei tid då den norske skoleministeren Clemet er som ein privatiserande lemen.


Andre bokmeldingar / Eará árvvoštallamat
Til hovudsida.