Tilleggsmateriale til boka Samisk skolehistorie 5. Davvi Girji 2011.

Lydolf Lind Meløy:

Folkeskolen i Finnmark før, under og etter den siste verdskrigen.

L.L.Meløy

Lydolf Lind Meløy
(Foto: Richard Bergh)

Lydolf Lind Meløy (1908–1999) var oppvakse i Vesterålen og kom som lærer til Kautokeino i 1937. Da han skreiv denne artikkelen var han skoleinspektør i Karasjok. Seinare blei han formann i Norsk lærarlag og i 1968–78 var han skoledirektør i Finnmark. Meløy skreiv ei rekke bøker om skolespørsmål, bl.a. Internatliv i Finnmark og historia til Norsk lærarlag og lærarlaga i Finnmark, Troms og Nordland.

Denne artikkelen er henta frå Norsk pedagogisk tidsskrift 7-1948.

I.

I år blir reisinga av dei første permanente skolebygga etter brenninga i Finnmark sett i gang. Med dette legg ein grunnen til ein ny og vonleg betre tidbolk for skolen i fylket. Samstundes kan det høve å sjå attende på det som var, og ein vil snart måtte sanne at skolen i Finnmark på mange vis stod langt framme.

Den rike voksteren for folkeskolen i fylket blei serleg sterk etter at Finnmark i 1902 vart utskilt som eige skoledirektørdistrikt. Etter den tid var det bygginga av statsinternat skaut fart, og statsinternata var før krigen, og blir nok etter atterreisinga også, kjernen i skoleverket i dette fylket. Utan internat hadde ein lota ha eit stort tal krinsar med samla eller todelte skolar, og kva ein så meiner om spørsmålet sentralisering eller ikkje, så er det vel ingen som vågar å påstå at samla og todelt skole er nokon ideell skoleskipnad. Bygging av internat førde til at talet på skolekrinsar kunne reduserast frå 151 i 1900 og til 119 i 1939. Av den grunn fekk skolane i fylket etter måten høg klassedeling. Ser ein på skolestatistikken for 1940-41, er såleis Finnmark det fylket i landet som har færrast udelte skolar, — nemleg berre to. Av todelte skolar hadde desse fylka prosentvis færre enn Finnmark: Oppland, Hedmark, Vestfold, Østfold og Akershus. 37 eller 31 % av skolane i fylket var todelt mot 53 % i Sogn og Fjordane som er det fylket som etter måten har flest todelte skolar av alle fylka. Av tredelte og firdelte skolar, som ein må kunne karakterisere som ei svært god skoleordning, hadde Finnmark 29 og 26 eller tilsaman 56 %. Av femdelte skolar var talet 10, av seksdelte 2 og av sjudelte jamvel 15 eller 12,6 %. Berre Østfold,Vestfold, Akershus og Hedmark av landfylka hadde prosentvis meir av denne sistnemnde typen.

Talet på skoleinternat var hausten 1940 kome opp i 51, og av desse var 21 statsdrevne. Dei fleste statsinternata var 5-7-delte skolar, medan dei kommunale internata jamtover hadde mindre klassedeling. Kring 40 % av borna i landsskolen i fylket kunne ikkje bu heime i skoletida. Statsinternata var jamtover haldne betre i stand enn dei kommunale, og der fekk borna også betre stell. Dessutan gav statsdrifta av internata kommunane ei økonomisk lette som i nokon mon kom andre skolar, eller andre sider ved skoleverket til gode t.d. ved auka løyvingar til læremidlar.

Ved internata var det gjerne både sløyd- og handarbeidsundervisning, og ved to internat var det jamvel husstellopplæring utanom - den opplæring det var både for gutar og gjenter i å hjelpe til i det daglege arbeidet ved internatet. Dei vanlege skolehusa var jamtover dårlegare enn internata, men ein slapp leige av skolerom, det som er heller vanleg i mange bygder i dei andre to fylka i Hålogaland. Talet på lærarar i 1940 var kring 260, for det meste folk i sine beste år. 95 av desse lærarane kunne bu i lærarbustader. Dei beste bustadene var bygt i tilknytting til statsinternata. Byskolane i Finnmark har ein ikkje grunn til å tru var ringare enn i byar av same storleik sør i landet.

Når det gjeld det indre liv i skolen og resultatet av arbeidet med dei ymse faga, er det uråd å gi ei vurdering som kan tene til samanlikning med andre strøk av landet. Språkblandinga kunne nok somme stader skape vanskar, men folk med liten kjennskap til Finnmark vil helst overvurdere dei. Sett under eitt må ein ha lov til å gå ut frå at folkeskolen i Finnmark låg tolleg nær gjennomsnittet for heile landet. Dette vil lærarar i den høgre skolen som har tatt mot elevar frå Finnmark, kunne stadfeste.

II.

Alt før krigen kom til vårt land, fekk vi merke krigen sine følgjer for skolen i Finnmark. Eg tenkjer her på alle dei finske flyktningane kom strøymande inn over Sør-Varanger. Dei første husa som blei tatt til innkvartering, var skolane. Det same var tilfelle då nøytralitetsvakta i Finnmark blei auka hausten 1939 og vinteren 1940. Serleg gjekk dette ut over skolane i Aust-Finnmark. Men rett ille vart det då tyskarane kom. I meldinga frå skoledirektøren i Finnmark for året 1940-41 finn ein at av 21 statsinternat var 10 heilt eller delvis ute av drift det året, og dei 10 er nett av dei største nemleg: Kautokeino (10 klassar), Fjordtun (7 klassar), Lakselv (9 klassar), Børselv (5 klassar), Kiberg (7 klassar), Karlebotn (5 klassar), Luft jok (4 klassar), Fossheim (8 klassar), Strand (8 klassar) og Tårnet (4 klassar). Dei tre sistnemnde ligg i Sør-Varanger herad. Seinare vart det verre, men det saknar ein oversyn over, for f) dei nasistiske skoledirektørane i Finnmark hadde det ikkje med å føre ajour ein statistikk som for ettertida kunne gje eit heilt pålitande bilete av tilhøva. Turen kom seinare til dei kommunale internata og dei vanlege skolehusa også. Ja, i byane var stillinga svært ille alt i 1940-41 med ein fråværprosent på 30,7, — av dette 26,2 % «på grunn av situasjonen» som det heitte, og kva «situasjonen» tyder, skjønar vi alle. Dei tilsvarande tala for landkommunane var 15,65 og 8,54 %.

Andre grunnar enn husløyse gjorde sitt til å hindre skolegangen. Endå om ein kunne skaffe mat for dagen til ein huslyd, blei det etter kvart vanskeleg å skaffe dei kvanta som skulle til for drifta av eit internat. Serleg var det vanskeleg å skaffe poteter etter at snøggrutetrafikken hausten 1941 braut saman. Kleløyse for borna og vanskar med å nye oppatt utstyret for intenatdrifta gjorde og sitt. Og sist, men ikkje minst, må ein understreke at bombingane og otten for flyåtak på dei sentrale stadene, fekk foreldra til å halde borna borte frå skolen.

Det var nok også dei bygder der det var lite skole på grunn av likesæle, men no etterpå minnest ein best det positive, — den skoleviljen som kom til syne både hos foreldre og born, den trongen til å lære og det personlege mot som kom til syne hos kvar einskild når det galdt å ta vågnad for å lære noko. Eit par døme viser kanskje dette best. Vinteren 1943 hadde vi attåt alle vanskar elles ein hard tyfusepidemi på Kirkenes. Over 400 menneske — mest vaksne — var smitta av sotta. Skolane som heldt til klassevis i små stuer kring i byen, skulle stengjast. Då kom elevane og spurde om dei ikkje kunne få heimearbeid, så kunne vi møtast utafor skolen for å byte bøker og bli enige om nytt arbeid. Det fekk vi lov til ei tid, men til stor sorg for elevane blei jamvel den forma for skole nekta.

Eller — når ei nattleg bombing hadde blåst ut rutene i skoleromet, var det første ein høyrde når ein råka ein av elevane om morgonen: «Ka ti blir det skole igjen?» Drygde det før skolen kom i gang, lydde det meir utolmodig: «Blir det 'ke snart skole igjen?» Når det så gjekk flyalarm i skoletida, kor freistande var det ikkje å høyre etter elevane når dei sa: «Vi går ikkje i kjellaren. Vi tar sjansen». Det var rett vanleg å sjå elevar sitte med skolearbeid i tilfluktsroma og.

Korleis det så gjekk med skolane i Finnmark under den prosess som for oss skulle vere frigjeringa, kjenner de alle til. Av 119 skolar stod 21 att då tyskarane var ferdige, og det var så visst ikkje slik at viljen til å øydelegge dei 21 vanta. Av dei 21 skolebygga som stod att var 11 vanlege skolehus, 4 kommunale og 6 statsinternat. I alt brente tyskarane kring 400 større og mindre bygningar som høyrde skoleverket til, — lærarbustader, skolelokalet' og internatbygg medrekna. 12 herad og 2 byar stod heilt utan skolehus, — mellom desse dei to store fjellherada Karasjok og Kautokeino. Dei skolehusa som stod att, var alle sterkt skadd og kunne ikkje nyttast som skolehus utan store påkostnader.

III.

På dei få stadene der skolane stod, kom skolearbeidet i gang alt vinteren 1945, men først hausten 1945 då folk tok til å vende attende til dei stadene der brenninga hadde vore total, melde vanskane seg med heile si tyngde. Det var ille nok at mange hadde gått årevis utan skolegang under krigen om det ikkje også skulle vare ved etter freden. For å kunne løyse dette problemet snøgt nok, måtte dei som styrte med skolen, nytte seg av brakker og leirar som tidlegare hadde vore nytta av tyskarane, eller dei måtte prøve å få nye brakker.

Det som er gjort frå frigjeringa og til no for å skape ei ytre provisorisk ramme for skole i Finnmark og for finnmarksborn utanom fylket, er fylgjande: Dei skolehusa som ikkje blei brent, er sett så pass i stand at dei kan brukast. Dessutan er det bygt kring 70 skolebrakker i ulike storleikar med frå eitt til fjorten klasserom. Mange av skolebrakkene har ein lærarbustad, — ofte med berre eitt eller to rom. Ingen har spesialrom, så vilkåra for sløyd, gymnastikk og husstell er svært dårlege. Mange av skolebrakkene var frå først av dårlege av ymse grunnar, men hausten 1947 vart dei fleste vølt eller gjort ferdige etter at det gjennom Kyrkje- og Undervisningsdepartementet var stilt statsmidlar til rådvelde til dette føremålet. Tidlegare hadde brakkebygginga vore finansiert gjennom Finnmarkskontoret. Siste vinter har to turiststasjonar — Karasjok og Ifjord — vore i bruk som internat, men dei kan berre brukast i tida oktober—mai av omsyn til turistferdsla. Likevel, — om mykje er gjort, så er det for lite skolehus. Ein kommune — Sørøysund — som før hadde fem skolar, har til denne tid berre fått ei skolebrakke ferdig. For å bøte på mangelen av skolerom i fylket, har det heilt sidan frigjeringa vore fleire skoleleirar i drift for finnmarksborn utanom fylket. I Sør-Norge har ein hatt leirar i drift på følgjande stader: Grorud, Kragerø og Nærland på Jæren. Alle desse er no hedlagt. I Troms har det vore leirskolar på følgjande stader: Trondenes, Finnfjord ved Finnsnes, Sandvikeidet, Kalfjordeidet og Skatøra. (Dei tre siste plassane ligg i Tromsøysund kommune.) Den største av desse leirane — Finnfjord — har hatt opptil 200 barn frå ymse kantar av Finnmark, og Trondenesleiren, som har vore som eit bysamfunn for seg sjølv der også foreldra har budd, har hatt frå 100 til 180 barn. Frå byrjinga av skoleåret 1948-49 har berre Finnfjordleiren og Trondenesleiren vori i drift. I den første vanskelege tida etter frigjeringa var det til god hjelp at den svenske samskipnaden «Rädda barnen» tok seg av fleire hundre born og let dei få mest eit års opphald i Sverige. Likevel var det mange som måtte gå utan skolegang. Men frå nyår 1948 har alle skolepliktige born i fylket hatt skolegang. Ser ein heile skoleåret under eit, kan ein likevel knapt seie at alle har hatt det minimum av skole som lova krev.

Den første tida etter frigjeringa var det også store vanskar med å skaffe lærarar. Talet på utdana lærarar for heile fylket gjekk etter frigjeringa ned til det halve i samanlikning med 1939, men siste året har det vore betre tilgang, — truleg mest på grunn av det nye lønnstillegget for Finnmark på 1200 kr. pr. år og fri reis til og frå for dei som tok eit års skolearbeid i fylket.

Stoda for skolen er etter kvart blitt betre på mange vis, men det er langt att til nivået for 1940 er nådd. Men at den ulykka som råka landsdelen, skal brukast som argument mot eit landsgymnas for Finnmark, må ein seie er grov urett. Ein kan likevel ikkje ta det på annan måte når det er blitt hevda at landsdelen no ikkje har vilkår for eit gymnas. Vonleg skal ikkje stoda som ho er i dag, vare ved lenge.

IV.

Mange undrar seg nok over at den permanente oppbygginga av skolehus ikkje er komen i gang enno. Og ein kan med ein gong slå fast at det ikkje er pengar det har skorta på. Hovudgrunnen er nok at først måtte folk få tak over hovudet, men skorten på arkitekthjelp er ei nesten like viktig orsak. Oppmåling og regulering har og gjort sitt til å seinke. Om denne seinkinga har vore naudsynleg, kan ikkje eg døme, men at både skolehus og lærarbustader i dag er slik på mange stader at dei slit hardt på helsa til born og lærarar, det er iallfall sikkert. Medan ein har venta, har så ordskiftet om krinsregulering, — samandraging eller kløyving, — gått sin gang. Store kommunar som Karasjok og Kautokeino som før hadde berre ein skole kvar, vil no få minst to skolar kvar, — Karasjok kanskje tre. Andre stader blir det samandraging, men så sterkt sentralisert som skolen var tidlegare i Finnmark, kan ikkje krinstalet bli sett serleg mykje ned. Når første oppbyggingsplan er fullført, vil talet på skolekrinsar vere redusert til kring 100, men ein må rekne med at talet på ny vil stige.

I eit foredrag som skoledirektør Aarseth heldt på krinslærarmøtet for Aust-Finnmark i pinsen 1947, gjorde han greie for dei nye byggeplanene. Han sa der at ved nybygg vil det bli lagt vekt på helst ikkje å kome under firdelte skolar, — slik at det kan bli plass til minst ein kvinneleg og ein mannleg læiar. Ein vil ta sikte på å få spesialrom til sløyd, gymnastikk og husstell. Ved internata skal det meir enn tidlegare skapast vilkår for barna til å hygge seg utanom skoletida. Interneringsroma skal jamtover gi plass for færre elevar enn før. I det heile skal skoleanlegga bli heilt moderne. Kvart skoleanlegg på landet skal få lærarbustader.

I alt dette ligg det då gode lovnader for framtida, og er er viss på at alle skolefolk i Finnmark og mange utanom med spenning ser fram mot den dagen då det skal bli høve til å sjå teikningane til dei ti første internata som det er meininga at det skal takast til med i år.



Samisk skolehistorie 5