Tilleggsmateriale til boka Samisk skolehistorie 6. Davvi Girji 2013.

Lydolf Lind Meløy:

Blir det gjort urett mot samane i språkspørsmålet?

Lydolf Lind Meløy
(Foto: Richard Bergh)

Lydolf Lind Meløy (1908–1999) var oppvakse i Vesterålen og kom som lærar til Kautokeino i 1937. Da han skreiv denne artikkelen var han skoleinspektør i Karasjok og leiar for Skolerådet for Indre Finnmark. Seinare blei han formann i Norsk lærarlag og i 1968–78 var han skoledirektør i Finnmark. Meløy skreiv ei rekke bøker om skolespørsmål, bl.a. Internatliv i Finnmark og historia til Norsk lærarlag og lærarlaga i Finnmark, Troms og Nordland.

Denne artikkelen er henta frå tidsskriftet Skole og samfunn 10-1955

Frå tid til anna blir det skreve ikkje så lite om samane, — og rett ofte tar skrivinga form av ein kvass kritikk serleg mot skolen i samedistrikta med dryge skuldingar om undertrykking av samisk kultur og språk. Desse som skriv (og talar) seier mykje som er sant både om samane og språkspørsmålet, — serleg dersom ein ser historisk på saka, men dei kjem sjeldan med den fulle sanninga og ser ofte spørsmålet frå ein reint teoretisk synsstad. Ofte har dei heller ikkje tatt bryet med å finne ut kva samane sjølve meiner om den lina ein skal følgje i språkspørsmålet. Urett som kan vere gjort av din einskild lærar eller tenestemann, blir ofte brukt som materiale for generalisering. Den siste av desse som meiner det både er gjort uret og at det framleis blir gjort stor uret mot samane i kultur og språkspørsmålet er herr Øyvind Bjorvatn i nr. 213 av VG.

I hans artikkel finn ein ei blanding av heile og halve sanningar. Som prov for at det trengs ei samisk line ved lærarskolen i Tromsø, nemner han at det i skoleåret 1954/55 ikkje fans ein einaste lærar i Karasjok kommune som har eksamen i samisk. Det som er like sant og som har den verkelege verdi for skolearbeidet er at det av 13 lærarar ved Karasjok skole var fire som kunne samisk og endå tre lærarar til som hadde så pass kjennskap til språket at dei kunne nytte same-abc'en i undervisninga der det trongs. Om ein skal vurdere ein eksamen i samisk frå Tromsø lærarskole høgre enn frå ti til tretti års praksis mellom samebarn, er eit skjønssørsmål, men med den lina ein følgjer i undervisninga i dag med samisk som hjelpespråk, trur eg nok det er praksisen mellom samebarn som er det viktigaste.

Mange som ikkje veit betre, må frå same artikkelen få det inntrykket at det vil vere vanskeleg for slike som har samisk som morsmål å kome inn på lærarskolen i Tromsø etter at det er slutt med den samiske lina der. Eg må då få nemne at av dei 30 som i år kom inn på firårig line ved Tromsø lærarskole, var det to sameungdomar frå Karasjok og ein frå Polmak, ingen av desse hadde meir enn folkehøgskole som utdaning i tillegg til folke- og framhaldsskolen i sine heimbygder. Desse ungdomane greidde seg likevel i tevling med ungdom frå landet elles, og det ville dei knapt ha gjort dersom vi skulle ha følgd den lina i språkspørsmålet som herr Bjorvatn er talsmann for. Det kan og nemnast at nett ein frå den lovpriste samiske lina hadde tilbod om å ta årsvikariat ved Den samiske ungdomsskole, men han sa nei takk og er vel no hamna ein stad der det ikkje er bruk for samisk. Som rimeleg er vil vel dei lærarane som kan samisk ha rett til å søkje stillingar kvar som helst i landet.

Når det gjeld den serutdaning som lærarane i samedistrikta kan ha bruk for i samiske språk og kulturspørsmål, så trur eg den vil vere av langt større verd om utdaninga blei gitt som tillegg etter endt lærarskole og etter at ein hadde tatt avgjerd om at ein ville ta arbeid i ein kommune der desse kunnskapene trongs. Lærarutdaninga krev så pass arbeidsyting at det skulle ikkje vere grunn til å gi sameungdomane eit tillegg i arbeidsbørene.

Så var det guten som ikkje fekk lov til å tale samisk innafor skoleområdet. Eg vågar å tvile på at forteljinga er sann. Eg kan ha hug å spørje kva slags samisk abc-bok ein gut som no «går inn for å utdanne seg som lærer» kan ha hatt høve til å lære å lese etter når den abcboka vi no har blei tatt i bruk i 1951. Den som har litt kjennskap til skolane i Finnmark vil skjøne at eit forbod mot å snakke samisk ikkje let seg gjennomføre, og eg har heller ikkje høyrt om eit slikt forbod på dei tjue åra eg har vore i Finnmark som lærar. Aldri har spørsmålet — det eg veit — vore oppe til drøfting. At det i ein norsktime eller ein annan time blir sagt til ein elev at han må prøve å seie eit eller anna på norsk er rimeleg, men like ofte skjer det at ein seier til ein elev som har vanskar med å snakke norsk at han kan seie det på samisk. Her må ein sjølvsagt skille mellom kva som er føremålet med spørsmålet, — om det er ein kunnskapskontroll eller ei øving i norsk.

Så skal mangelen på opplæring i samisk ha skulda for analfabetismen i Finnmark. Det er for det første det å merka at dei første meldingane om rein analfabetisme var sterkt overdrevne, men kunnskapsnivået for dei som gjekk over i vaksen alder under og etter krigen var sørgeleg lågt. Ein må i denne samanheng ha lov å spørje om kor langt barn i Sør-Norge vil kunne korne med eit par års skolegang. I Karasjok hadde t. d. årskulla frå 1929—33 berre to års skolegang i gjennomsnitt i folkeskolen dvs. vel 30 veker skole. Mange har hatt mindre skole enn dette. Er ikkje dette god nok grunn til at det står dårleg til med lesekunsten? Kva som er gjort frå styremaktene si side for å bøte på desse skadene, kan dei som har interesse for dette lese om i nr. 2, 1955 av Norsk ped. Tidsskrift. At det er gjort alt for lite, er iallfall ikkje eg i tvil om.

Største uretten mot samane er etter mitt skjøn deri at dei har fått for lite skolegang. Skoletida har vore for kort. Først dei aller siste åra er skoletida komen opp i kring 20 veker pr. år i dei fleste bygder, og då skal ein heller ikkje vente så store kunnskaper i noko fag — heller ikkje i norsk. Mange av samane er klår over dette og har av den grunn arbeidd ivrig for lenger lesetid og i det heile for ei sterk utbygging av både folkeskolen og framhaldsskolen. Ein viser i denne samanheng til nr. 4 frå 1954 av Norsk ped. Tidsskrift.

Hovudanken mot skolen i samedistrikta ser ut til å vere at samane ikkje får si første opplæring berre på samisk. Så vidt eg skjønar dette synet er det meininga at norskopplæringa så skulle korne om lag på same tid eller noko før den tid ein tar til med engelskopplæringa andre stader i landet. Ein kan så spørje om det vil vere forsvarleg for samane sjølve om dei forlet folkeskolen med om lag tilsvarande kunnskaper i norsk som engelskkunnskapene til norske folkeskolebarn. Skal ein følgje ei slik line, må ein til med serskilde klassar for norsktalande og samisktalande barn i alle kommunar i Finnmark der det bur samar. I somme kommunar vil ei slik ordning få karakteren av serklassar for norsktalande og i andre kommunar serklassar for samebarn, — alt etter kva folkegruppe som er i fleirtal. Kva vanskar dette ville by på når det skulle avgjerast kva klasse det einskilde barnet skulle gå i er lett å skjøne så mykje blanding av folkegruppene som det er no. Spørsmålet om serklasser var elles oppe til drøfting i fleire skolestyre i Finnmark 1949 i samband med ei innstilling frå Samordningsnemnda for skoleverket. Berre eitt skolestyre av alle dei som hadde saka oppe til drøfting, var det eit mindreta som ville ha serklassar for samebarn. Elles ville alle ha. fellesklassar. Det nemnde mindretalet var berre på ei røyst. I denne samanhengen må det vere grunn til å understreke at iallfall i dei tre innlandskommunane Polmak, Karasjok og Kautokeino var det flest samar i skolestyra. Grunngiinga for eit slikt syn finn ein mellom anna i vedtaket til Karasjok skolestyre som seier at nett det at samisktalande og norsktalande barn går på same skole og i fellesklassar vil gjere sitt til å auke forståing og samkjensle mellom folkegruppene. Ved same høve blei det spurt om skolestyra ønska å ha samisktalande lærarar. Fleire skolestyre peika på at det ville vere ønskeleg å ha slike de 2—3 første skoleåra, men dei ville ikkje kreve kunnskap i samisk for lærarar i storskolen og framhaldsskolen.

Etter dette må det vere grunn til å slå fast at i tilfelle den skoleordninga ein har no med samisk som hjelpespråk dei første skoleåra gjer urett mot samebarna, så er denne «uretten»godkjend av samane sjølve. At samane som andre folkegrupper som har sitt eige språk, skal ha høve til å nytte dette språket både munnleg og skriftleg kan det vel knapt vere meir enn ei meining om, men på den andre side må og denne folkegruppa ha høve til å velje eit anna språk som dei kan nå lenger med som hovudspråk når dei er klar over at det ikkje er nok å kunne sitt eige sprak. Det blir ofte sagt at det er mellom 20 og 25000 samar i landet, men vi må vere klar over at det er langt frå dette talet som i dag kjenner samisk som det mest naturlege uttrykksmiddel for seg. Kva kan så ei folkegruppe på mellom 10 og 20 000 rekne med å halde oppe av kulturliv med berre sitt eige språk som grunnlag? Eg vågar at det vil bli magert. Derimot kan ei slik folkegruppe betre greie å halde på sin eigen kultur i kledrakt, kunst, sed og skikk. På desse områda er det at all kraft bør bli sett inn for å verne om det samiske.

Den skole ein har no bygger som nemnt på at samisk skal vere hjelpespråk. Dette fører mellom anna med seg at barna må lære å lese samisk. Til dette trengs det bøker på samisk. Kravet om slike bøker har med rette vore sterkt. Ein kan nok seie at dette arbeidet har gått seint. Det har m. a. sin grunn i vanskar med å få dei bøkene det gjeld oversett. Planane for denne lærebokutgiinga blei til lenge før Samisk Råd eksisterte. Opptaket blei så vidt eg veit gjort av Kyrkje- og Undervisningsdepartementet, og skal einskildpersonar først nemnast, må det bli fru Margarethe Wiig og skoledirektør Aarseth.

Herr Bjorvatn og andre er klår over at samisk er eit vanskeleg språk å skrive. Om den nye samiske rettskrivinga har auka denne vansken, har eg ikkje føresetnader for å seie noko om, men det ser ut som ho ligg vel til rette for barna for lesing fordi ho er meir lydrett enn den gamle rettskrivinga.

Å gjennomføre ei opplæring med både norsk og samisk skriftleg i folkeskolen vil så vidt eg kan skjøne gi eit magert resultat for begge språka. Då vil det vere større grunn for å la samisk skriftleg gå inn i skoleplanen dersom ein får ein fullt utbygt to-årig framhaldsskole. Men det må bli samane sjølve som avgjer dette. Dersom dei heller vil at barna m. a. av omsyn til seinare skolegang, skal lære engelsk i framhaldsskolen, må dei få høve til det.

Til slutt må ein vel kunne seie det om lag slik: Dei to ulike syn når det gjeld samane og språkspørsmålet, har si rot i ulik målsetting og ulik vurdering av framtidsvonene for ei lita folkegruppe når det gjeld å halde på sitt eige språk og sin eigen kultur. Den eine målsettinga som har som sin føresetnad mest mulig samisk i skolen, tar sikte på å halde ved lag skillet mellom den samiske og andre folkegrupper og dermed isolere samane. Det andre synet tar sikte på å gjere samane fullt tevleføre med andre norske borgarar slik at dei kan finne rom kvar som helst i landet. Dei som har dette synet, ser det ikkje som ei ulykke om dei to folkegruppene — ja, den tredje med — som lever i Finnmark veks seg saman til eit folk dersom dette berre skjer på ein naturleg og harmonisk måte. Om ein trur at utviklinga ein gong i framtida vil føre til eit slikt resultat, må det likevel vere god grunn til å verne om den samiske kulturen slik at det samiske islettet i felleskulturen blir både vakkert og sterkt. Likeså må det så lenge det er naturleg for samane sjølve, vere høve til å bruke det samiske språket. Men framom alt: det er samane sjølve som skal velje sin veg.

Korleis ein skal kunne gjennomføre eit skoleprogram som også tar omsyn til det samiske, vil det bli gjort greie for i ein seinare artikkel.


Samisk skolehistorie 6