Sámegillii

Artikkel i boka Samisk skolehistorie 3. Davvi Girji 2009.

Svein Lund:

Barnehage mot fornorsking

Denne artikkelen frå Unjárga/Nesseby og Deatnu/Tana sto prenta i Klassekampen 29.10.1986.

- Mii dat lea? - Gussa. - Na ba dat? - Dat lea boazu.
- Ka er det? - Ku. Enn det? - Det er rein.
Trefigurane får etter kvart namn, sjølv om treåringen har lett for å gjøre hest til ku. På golvet kjører ein skuter av tre med ein elg i sleden. Det er jo jaktsesong.

Vi er i Unjárgga sámemánáidgárdi. Nesseby samebarnehage ville det ha heitt på norsk. Men i telefonkatalogen står bare det samiske namnet. Og da vi ringte hit, svarte det på samisk. Og sjølv om vi snakka norsk, fortsette samisken i den andre enden. På eit vis forsto vi kvarandre på kvart vårt språk, og vi fann fram til barnehagen som ligg i ein av bygningane til Karlebotn skole.

Styrar Anneli Länsman kjem frå Nuorgam på finsk side. At ho ikkje snakkar noko særlig norsk, er ikkje noko hinder i denne jobben.
- Snarare tvert om, seier Ann-Kristine Smuk, som er assistent i barnehagen og sjølv kjem frå Karlebotn. - Her er så sterkt press frå norsken at det er bare bra at vi har nokon som bare kan snakke samisk med ungane.

Nokre hundre meter borte i bygda har barnehagen ein lavvu. I lavvuen brenn det bål, og over bålet heng det reinkjøtt. Røyking av kjøtt er ein av dei mange samiske tradisjonane som barnehagen fører vidare til ungane. Ein samisk barnehage er ikkje bare spørsmål om språk, men og om å ta vare på kultur og tradisjonar. Derfor er dei mye ute i i naturen, på våren drar dei på hyttetur ei veke, og på hausten er dei med i reingjerdet.

Plasttraktor og gyngerein

Leikene i barnehagen er i stor grad dei samme som vi finn i norske barnehagar. Det er gjort lite for å lage leiker i samisk tradisjon. Men blant bilar og traktorar av plast finn vi ein merkelig skapning; ein gyngerein! Og så har dei kortstokk med samiske motiv.
Ei av dei mest spesielle samiske leikane er gyngereinen.
(Foto: Svein Lund)
I den samiske barnehagen har barna leiker med tilknytning til samisk kultur og til naturen i nærområdet.
(Foto: Svein Lund)

Frå tre til ti på to år

Unjárga eller Nesseby kommune ligg inst i Varangerfjorden og størstedelen av innbyggjarane er samar. Men fornorskinga har vore hard, og i dag er det bare i Stuoravuonna eller Karlebotn at ein kan høre samisk dagligtale blant yngre folk. Om ikkje noko blei gjort for å snu utviklinga, ville samisken snart vere borte her, som i så mange andre samiske kyststrøk.

Derfor tok nokre foreldre initiativ til ein samiskspråkleg barnehage, og hausten 1984 starta dei opp med tre ungar. Når dei ikkje starta med fleire, var det fordi det ikkje var fleire samisktalande førskoleungar i heile Nesseby kommune. Men nå er det alt blitt ti, og alle har fått plass i barnehagen. Ein av ungane snakka bare norsk da han begynte i barnehagen, men nå har han og begynt å snakke samisk.
- Vi merkar at barnehagen verkar tilbake på foreldra, seier Ann-Kristine.
- Dei brukar meir konsekvent samisk etter at dei har fått ungar i barnehagen.

Barnehagen har reist ein lavvo, der dei blant anna kan røyke kjøtt.
(Foto: Svein Lund)
Ann Kristine Smuk sjekkar om røykakjøttet er ferdig.
(Foto: Svein Lund)

Eigd av sameforeiningane

Når Unjárgga sámemánáidgárdi er privat driven, er det ikkje fordi dei er tilhengarar av privatisering. Her er ein kommunal barnehage i Nesseby, men der går alt på norsk. Kommunen vil ikkje opprette nokon samisk barnehage. så derfor er det Sámiid searvi (sameforeininga) som driv barnehagen i lag med sameungdomsforeininga og flyttsamelaget. Frå staten blir det gitt ei særskild støtte til samiske barnehagar, og frå kommunen har dei i år fått 60 000 kr. (!) Økonomien er akkurat så det held til husleige, strøm og lønn, men utstyr blir det verre med. Nå er det 2 3/4 stilling, men den 3/4 stillinga er midlertidig, og mesteparten av tida har dei bare vore 2. Da blir det altfor lita tid til å ta seg av ungane.

Inga utdanning

Ingen av dei som jobbar i barnehagen, eller har jobba der, har noka utdanning for det. Samisktalande førskolelærarar står ikkje akkurat i kø, og så fins det heller inga særskild utdanning for dei. Nå har styraren tenkt å ta førskolelærarutdanning i Finland. Elles håpar dei på at det vil komme i gang desentralisert førskolelærarutdanning. Men vi må ta med at dei har fått god hjelp av barnehagekonsulenten i Finnmark.
Styrar Anneli Länsman (t.v.) kjem frå Nuorgam på finsk side. At ho ikkje snakkar noko særlig norsk, er ikkje noko hinder i denne jobben. Snarare tvert om, seier assistent Ann Kristine Smuk (t.h.)
(Foto: Svein Lund)

Foreldra sitt ansvar?

- Arbeidet med samiske barnehagar vil nå bli oppsummert og forsøkt samordna, fortel Tonje Moen, barnehagekonsulent i Finnmark. Ved sida av Unjárga sámemánáidgárdi er det samiskspråklige barnehagar i Kárášjohka, Guovdageaidnu, Fanasgieddi/Sirbmá, Tromsø og Oslo. I Alta og Tana bru er det arbeid i gang for å starte samisk barnehage. I Guovdageaidnu og Kárášjohka er det kommunen som driv barnehagane, elles er det foreldra eller lokale sameforeiningar.

Når så stor del av del samiske barnehagane er privat drivne, kjem det ikkje av at dei som driv dei er spesielt tilhengarar av privatisering, men heller at kommunane har vore negative til reine samiske barnehagar. Odd Ivar Solbakk, styreformann i Deatnugátte sámemánáidgárdi, seier det slik:
– Det er best at det offentlige driv barnehagane, men ikkje for ein kvar pris. Vi tør ikkje overlate ansvaret til kommunen før dei har eit barnehageprogram som sikrar samisk språk og kultur.

Det finst i dag ingen eigen samisk barnehagekonsulent, men sidan barnehagekonsulenten i Finnmark sjølv er samisktalande, har ho engasjert seg sterkt i dette arbeidet.
- Dei erfaringane som vi har gjort, vil vi no forsøke å samle opp. Eit utval oppretta av departementet (FAD) skal no sjå på det pedagogiske arbeidet i samiske barnehagar. Det er ein skrikande mangel på utdanna folk, det manglar litteratur og materiell. Generelt er det mangel på førskolelærarar i Finnmark, men dei samiske barnehagane er særlig sterkt ramma.
- Ka vil dokker gjøre for å rette opp dette?
- Vi satsar på frå neste haust å komme i gang med desentralisert førskolelærarutdanning ut frå lærarskolen i Alta. Men det trengst òg kortsiktige virkemiddel, sånn som det er, for å få lærarar til skolane i Finnmark.

Fleire artiklar frå Samisk skolehistorie 3