Innlegg sendt Ságat 12.05.2006

Kva er «Samisk skolehistorie»?

I Ságat 29.04.2006 har Magne Einejord eit innlegg under tittelen «Samisk skolehistorie. Han tar der utgangspunkt i ei bokmelding i Min Áigi 26.04. Bokmeldinga var skreve av Torkel Rasmussen og gjaldt første bind av bokverket «Samisk skolehistorie», som underteikna er hovedredaktør for. Ettersom Ságat, så langt eg har kunna sjå, ikkje har hatt nokon annan omtale av dette verket, vil eg gjerne få orientere og oppklare nokre av dei spørsmåla Einejord tar opp.

Arbeidet med Samisk skolehistorie starta opp i 2002, og er leia av ein redaksjonskomite som ved sida av meg består av Siri Broch Johansen og Elfrid Boine. Vi samarbeider med forlaget Davvi Girji, som gir ut bøkene med parallell samisk og norsk tekst. Den første boka kom i desember 2005, og i tillegg til at ho sjølvsagt kan kjøpast frå forlag eller bokhandel, kan ho og lesast på internett, på http://girji.info.

Frå starten inviterte vi ei rekke personar til å bidra gjennom å skrive eller fortelle samt sende oss dokument og bilete. I tillegg gikk vi ut med allmenn oppfordring til å delta, bl.a. gjennom intervju i Áššu. Vi har langt frå nådd alle som har noko å bidra med, men vi har fått så god respons at vi i første omgang har konsentert oss om å redigere det vi har fått inn, framfor å sende ut enno meir invitasjonar. Dersom ikkje Magne Einejord har fått den formelle innbydinga til å bidra, må eg bare beklage det, men han skulle ikkje vere ukjent med prosjektet, ettersom han har omsett ein av artiklane i bind 1 frå norsk til samisk. Han er i alle fall som alle andre velkomne til å bidra, både med eigne forteljingar og med kjeldemateriale.

Einejord kjem med interessante tankar om at samisk skolehistorie kan vere så mangt, og påpeikar at det finst krefter som har interesse av å forfalske eller utelate ting frå denne historia. Det er ikkje vanskelig å seie seg samd med han i dette. Samisk skolehistorie må bli noko meir enn «stadig repetering av århundregamle kjelder». Derfor har vi med dette prosjektet ønska å få fram røystene til dei som har deltatt i den samiske skolehistoria på godt og vondt, dei som har lidd under den statlige skolepolitikken og dei som har kjempa for å utvikle han til noko betre.

Einejord skriv at han ikkje har lese manuset til boka, men han kan likevel «alt førutsjå eit bestillingsverk med vesentlige utelatingar innaføre permane». Dette må eg få komme med eit par kommentarar til. Eg kan ikkje med mi beste vilje forstå korleis dette kan vere eit bestillingsverk. Det er ingen andre enn underteikna og forlaget som har tatt initiativet, og vi har slitt hardt med å få offentlig støtte til å finansiere det. Vi har etter kvart oppnådd noko støtte bl.a. frå Sametinget, Fritt Ord, Norsk kulturråd og Læremiddelutvalet for høgare utdanning. Ingen av desse har stilt noko vilkår for støtta. Derimot har dei organa som har vore ansvarlig for den norske staten sin same- og skolepolitikk, dvs. Utdanningsdepartementet og Kommunaldepartementet, konsekvent avvist å støtte prosjektet. Dette tyder ikkje på noko bestillingsverk frå styresmaktene si side.

Målet er å gi eit så allsidig bilete som mogleg av den skolen samiske elevar har opplevd gjennom tidene. Til det treng vi langt meir enn ei bok. Bind 2 vil etter planen komme ut til vinteren. Vi har også mye meir stoff enn det er plass til der, men finansieringa er framleis usikker. Den største faren for «vesentlige utelatingar innaføre permane» ligg derfor ikkje i redaksjon eller forlag, men i at vi kan få vanskar med å finansiere fleire bind, nettopp fordi det ikkje er noko bestillingsverk. Vi har likevel tru på at det skal løyse seg og vil oppmode alle som har noko å bidra med til å sende stoff til redaksjonen ved forlaget eller underteikna.

Svein Lund, Guovdageaidnu (sveilund@online.no)


Samisk skolehistorie - hovudsida.