Tilleggsmateriale til boka Samisk skolehistorie 6. Davvi Girji 2013.

Lydolf Lind Meløy:

Eit skoleprogram som høver for samebarn

Lydolf Lind Meløy
(Foto: Richard Bergh)

Lydolf Lind Meløy (1908–1999) var oppvakse i Vesterålen og kom som lærar til Kautokeino i 1937. Da han skreiv denne artikkelen var han skoleinspektør i Karasjok og leiar for Skolerådet for Indre Finnmark. Seinare blei han formann i Norsk lærarlag og i 1968–78 var han skoledirektør i Finnmark. Meløy skreiv ei rekke bøker om skolespørsmål, bl.a. Internatliv i Finnmark og historia til Norsk lærarlag og lærarlaga i Finnmark, Troms og Nordland.

Denne artikkelen er henta frå tidsskriftet Skole og samfunn 1-1956.

Ein treng ikkje ha vore lærar lenge i eit samedistrikt før ein blir klår over at ein ikkje utan vidare kan legge «Normalplanen for landsfolkeskulen» til grunn for opplæringa. Grunnen er at dei fleste barna kjem til skolen med eit heilt anna grunnlag enn barn elles i landet både når det gjeld språk, sed og skikk. Dette må ein ta omsyn til. Ein blir og fort klår over at endå om grunnlaget er eit anna, så er det ikkje av ein ringare kvalitet. Vakne lærarar greier som oftast godt den omstilling som må til i slike klassar, men dei fleste, ja, ein torer vel seie alle, saknar ein plan som ein kan ha til rettesnor for opplæringa slik at ein kjenner seg på trygg grunn. Likeins saknar og læraren ofte dei hjelperåder som trengs.

For å trygge borna ei pedagogisk forsvarleg opplæring, for å gi læraren arbeidsvilkår slik at han kan greie arbeidet sitt som oppsedar og for at skolen skal fylle dei krav ein har rett til å stille, er det at det no både frå styremaktene si side og av lærarane blir gjort eit stort arbeid for å gjere skolen i samedistrikta betre.

Før eg tar fatt på det som er meint å vere hovudsaka i denne artikkelen — læreplanane — vil eg nemne noko om dei ytre vilkår, — skolehusa og internata, — og om lærebokspørsmålet. Eg kjem for det meste i denne artikkelen til å halde meg til indre Finnmark — Polmak, Karasjok og Kautokeino — sidan desse kommunane er rekna for dei mest typiske samedistrikta med tils. om lag 5 000 menneske — av dette meir enn 90 % samar.

Om eit par år når Kautokeino internat er bygt ferdig, har dette området tre store internatskolar som staten både eig og driv. Internata gir rom til bortimot 200 barn på ein gong. Til dette kjem skolerom for alle dei borna som kan bu heime. Desse tre skolane vil representere ein verdi på mellom 7 og 8 mill. kr. Dessutan er det eit kommunalt internat i kvar kommune med rom for tils. 100 barn. Verdien av desse internata er om lag 3 mill. kr. Skolane i Karasjok og Kautokeino vil på det tidspunktet som er nemnt, ha rom og utstyr for alle skolefag medrekna husstell, sløyd, handarbeid og gymnastikk både i folkeskolen og framhaldsskolen. Den skoletid ein då kan gjennomføre er maksimum 20 veker pr. år i internatskolen sidan internata må gi rom for to barnekull om året. For klassar der borna kan bu heime, kan ein om ein vil få noko lenger skoletid. For 6. og 7. klasse ved Karasjok skole er ein såleis alt no oppe i ei skoletid på 29 veker pr. år. Ein reknar dessutan med eitt-årig framhaldsskole. Til dette kjem at det av Skolerådet for indre Finnmark, etter oppmoding frå dei tre kommunestyra, er lagt fram ein utbyggingsplan for skolane og internata som bygger på ei skoletid på 27 veker i gjennomsnitt pr. klasse pr. år i folkeskolen og to-årig linedelt framhaldsskole. Med denne skoletid som grunnlag vil det i tillegg til det som alt er bygt eller er under bygging vere bruk for desse roma om ein legg elevtalet i 1960 til grunn:
279 sengeplassar.
26 klasserom.
3 gymnastikksalar.
3 sløydsalar.
3 handarbeidsrom.
2 skolekjøken.
2 bibliotek m/ lesesalar.
6 rom for barnehage.

Spørsmålet om utgiing av serskilte lære- og lesebøker for samebarn blei tatt opp av Kyrkje- og Undervisningsdepartementet like etter krigen. Utanom Sameabc'en av Margrethe Wiig som alt har vore i bruk i 4 år no, er bibelhistorie og katekisme under trykking. Det er dessutan levert inn manuskript til departementet til ei lesebok for samebarn for 2. til 4. skoleår. Desse bøkene skal ha både samisk og norsk tekst, Berre norsk tekst skal ei lærebok i norsk skriftleg for samebarn ha. Boka skal vere for 1. til og med 4. skoleår. Framlegg for 1. og 2. skoleår er alt sendt departementet og resten er under arbeid. I tillegg til dette burde det etter mitt skjønn korne ei hjelpebok for faget flyttsamekunnskap som ein frå neste skoleår av vil ta til med i flyttsameframhaldsskolen i Karasjok. Det har dei siste åra vore ført opp kr. 15 000,— pr. år på Statsbudsjettet til utgiing av lærebøker for samebarn.

Etter opptak av Skolerådet for indre Finnmark er det valt lærebok- og plannemnder i dei ymse kommunane. Desse plannemndene har til oppgåve å arbeide ut framlegg til læreplanar i dei ymse fag eller å korne med framlegg om innføring av Normalplanen eller om framlegg til avvik frå denne. Det er så meininga at desse planane ska! drøftast både i lærarlaga og i Skolerådet for indre Finnmark før dei blir lagt fram for skolestyra og dei overordna styremaktene til godkjenning. Dette planarbeidet er no komen godt i gang og lærarane som er med i desse nemndene har utført eit stort arbeid. Det er alt lagt fram ein sløydplan og ein husstellplan, og i haust ventar vi og at det blir lagt fram ein plan for handarbeid og heimstadlære. Planen for norskopplæringa er og under arbeid og fell mykje saman med lære- og lesebokarbeidet i same faget. Til dette kjem så planen for flyttsamekunnskap som og er i emning.

Gjennom dette planarbeidet og gjennom den røynsle ein har vunne i det daglege skolearbeidet, ser ein no konturane til ein læreplan for samebarn som på ein harmonisk måte sameiner det samiske og norske innslaget. Eg skal i det som følgjer prøve å dra opp hovudlinene for undervisninga slik ho blir dreven i dag og for dei planane som er under utforming. Det er ikkje til å unngå at eg då først og fremst må legge til grunn røynslene ved den skolen der eg arbeider — nemleg Karasjok skole.

Dei fleste sjuåringane som kjem til denne skolen, kan ikkje norsk, — ein del kan snakke både samisk og litt norsk, og andre kan berre norsk. Det norske innslaget er sterkast mellom dei borna som kan bu heime under skolegangen, og det har auka for kvart år sidan krigen. I førsteklassene i internatskolen — skolen for flyttsameborn og born med frå 6 til 100 km skoleveg — kan så å seie alle born berre samisk. For desse borna har ein iallfall sidan 1948 alltid hatt samiskkunnige lærarar i første klasse og som oftast også i 2. og 3. skoleår. Alle borna får no si første leseopplæring etter ord-bilete-metoden kombinert med lydmetoden. Ordbileta blir lært både på norsk og samisk, og ein følgjer ein viss plan som og gir rom for heimstadlære.
Ein nemner ein del av grunnorda:
mor = ædni
far = ačči
Lars = Las'se
Kirsten = Risten
hund = bæna osv.

I alt tar ein med 60—70 grunnord på kvart språk. Desse orda blir klårgjort ved teikning og samtale på samisk eller på begge språk. Så snart som råd er lærer borna så pass mange verb at ein kan få til heile setningar på begge språk. Kvart barn får sine små ordbilete som dei bygger med, og så blir setningane skrevne både på tavla og i boka. Etter ein til to mnd. tar ein til med oppløysing av orda i einskilde lydar. Då nyttår ein først det ordtilfanget som er lært, og lærer også etter kvart nye ord både på norsk og samisk. Leseopplæringa blir på dette viset meiningsfylt frå første stund, og borna får grunnlagt ei to-språkleg innstilling. Lesing og samtale om stoffet held så fram både på norsk og samisk så lenge ein har stoff i Same-abc'en, og vil når ein får den nye to-språklege leseboka, kunne halde fram endå lenger. Opplæringa i skriftleg etter at borna er ferdig med grunnorda, går ut på å greie lette oppgåver på norsk med stigande vanske etter som nye ord blir lært. Heile tida blir det lagt stor vekt på at barna skal skjøne det dei les og arbeider med skriftleg.

Heimstadlæra som er nær knytt til leseopplæringa, går føre seg på begge språk, men stoffet blir som rimeleg er først og fremst henta frå samisk miljø. Det blir lagt vekt på at namn på ting og dyr blir lært både på samisk og norsk, og samtalespråket skifter etter som emnet er tungt eller lett og etter som lærar eller elev finn at det høver. Noko slags tvang den eine eller andre vegen kjenner ikkje eg til at det blir brukt.

I kristendomskunnskap er det så vidt eg kan skjøne, meininga at sameborna skal ha høve til å bruke lærebøker med samisk tekst heile tida i folkeskolen når dei nye lærebøkene kjem. At ein ikkje ei tid har hatt dei bøkene som trengs, er ille, men så lenge ein har hatt lærarar på småskolesteget som har kunna bruke språket munnleg, trur eg ikkje det er skjedd noko stor ulykke. Grunnen til dette er at når ein kjem til 4. skoleåret og borna har fått lærebok, har dei fleste kunna så mykje norsk at dei har greidd seg bra. Det er likevel god grunn for at kristendomsfaget med den serlege oppgåve faget har, meir enn dei andre faga gir rom for å nytte samisk. I salmar og i songar blir det nytta både norsk og samisk. Det er ikkje så mange songar som er omsette til samisk, men det blir sikkert fleire etter kvart, og når det gjeld salmar vil ein iallfall bli godt hjelpt når den nye samiske salmeboka kjem som no er under arbeid.

I det heile blir samisk mykje brukt i undervisninga dei. tre første skoleåra. Dette er etter mitt skjønn det einast forsvarlege og det som og gagnar norskopplæringa serleg mellom den fjerdeparten av borna som skolearbeidet fell tyngst for. Men skal borna før dei blir utskrevne frå folke- og framhaldsskolen bli i stand til å nytte norsk på skikkeleg vis, må grunnen bli lagt alt i småskolen. Det nyttår ikkje å la norskopplæringa få same stilling som engelsk elles i landet. Slik som det no er, tar ein sikte på at overgangen til norsk som hovudspråk i undervisninga skal vere fullført i fjerde skoleåret. Dette tyder likevel ikkje at ein ikkje også etter den tid må omsette ord og vendingar til samisk eller klårgjere dei på anna vis. Frå dette tidspunktet er det elles at det kan gjerast mest frå skolen si side til å verne om heile den samiske kulturen — eit arbeid ein kan finne rom til så å seie i alle fag.

Frå 4. skoleåret går historie inn i fagkrinsen. Mange lærarar gjer i dette faget eit stort arbeid når det gjeld å legge inn stoff frå samisk kulturhistorie og anna historisk stoff som gjeld Finnmark. Ei stor lette for undervisninga vil det vere om slikt stoff blei samla og gitt ut som lesehefter. Geografiundervisninga følgjer dei vanlege planane, og det er knapt grunn til endring i dette. Derimot kan det vere grunn til å ta med meir om plantar og dyr frå polarområdet i naturfag enn Normalplanen gjer. Mest verd for samisk kultur har likevel den vyrdnad skolen kan vere med å skape for samisk husflid, samiske mønster og samisk klebunad gjennom handarbeids- og sløydopplæringa. Ein av lærarane ved Karasjok skole har i samarbeid med andre kunnige menn på området lagt fram ein plan for sløydopplæringa der samisk sløyd går inn som ein naturleg del. Slike planar blir det arbeidd med i handarbeid og. Medan dette planleggingsarbeidet er i gang, blir det og gitt høve til å prøve planane i praksis.

Elles torer eg seie at det i alle fag og så vidt eg skjønar av alle lærarane blir lagt vekt på å skape interesse og vyrdnad for det samiske. Dette gjeld og eit fag som teikning. For flyttsameelevane vil sikkert faget flyttsamekunnskap få stor verdi både reint praktisk og kulturelt. Dette faget vil kunne gi rom for kulturhistorie, orientering om lende og verlag, jordsmon og steinslag der reinen held til, men framfor alt må reinen og reindrifta få eit breitt rom. Her vil ein kunne ta med om reinsdyrsjukdomane, reindriftslovene, om utnyttinga av reinen og om gamle og nye driftsmåtar. I nær samanheng med dette kjem så sløyden og handarbeidet og i nokon monn også husstell. Framhaldsskolen skulle på dette viset kunne bli flyttsamane sin yrkesskole samstundes som skolen gir ålmendaning.

Når dette skoleprogram met blir fullt realisert, og når ein får det tillegget til skoletida som trengs, må ein ha grunn til å tru at sameungdomen både vil greie seg betre enn før i si eiga bygd, i tradisjonelle yrke og ha vilkår for å kunne ta seg fram kvar som helst i landet som likemenn med andre norske borgarar. Vi som arbeider i folke- og framhaldsskolen i indre Finnmark i dag har tru på at dette skal lykkast.

I tillegg til det skoleprogram met som det her er gjort greie for, har vi det arbeidet for samisk kultur som i mange år har vore gjort ved Den samiske ungdomsskole i Karasjok. Dette arbeidet kan andre gjere betre greie for enn eg, men det er iallfall grunn til i denne samanhengen å slå fast at det er eit arbeid som har hatt og framleis vil få stor verdi for samefolket. Heimyrkeskolen i Kautokeino må og nemnast som eit av dei positive tiltak frå styremaktene si side for å verne om samisk kultur.

Dersom ein så til slutt ser alle tiltak under eitt, må det vere rett å seie at det ikkje er gjort så reint lite for å skaffe samane god skolegang. Mykje står att, — det er så, — men vi er på god veg framover. Og når det gjeld det samiske stoffet, så har det ei langt sterkare stilling innafor skolen enn mange er klår over, — ja, så sterk at mange samar er redd for at det kan gå ut over effektiviteten i norskopplæringa som dei ser som det viktigaste av alle skolefaga. Det er all grunn til å helse med glede den interesse som blir gjort når det gjeld samiske spørsmål, og kritikk må og tålast. Men det kan og vere grunn til å vise ei viss varsemd slik at det ikkje blir gjort urett mot dei mange som har vigd sin arbeidsdag til skole- og kulturarbeid mellom samane.


Samisk skolehistorie 6