Sámegillii

Artikkel i boka Samisk skolehistorie 3. Davvi Girji 2009.

Oddveig Nymo Dalbakk og Asbjørg Skåden:

Bygda ikkje den samme utan Sáráhká

Fortalt til Svein Lund

Asbjørg Skåden og Oddveig Nymo Dalbakk

Oddveig Nymo Dalbakk og Asbjørg Skåden, Skånland 2005
(Foto: Svein Lund)

Det er knapt nokon annan barnehage i Noreg som har møtt så mye motstand som Sáráhká sámemánák i Skånland (Skánit) i Sør-Troms. Sáráhká sámemánák blei starta i 1986 av fire kvinner, og desse fire satt alle i styret heilt fram til 2003. Her fortel to av dei om korleis barnehagen har utvikla seg og i kva grad han har oppnådd måla som blei sette da dei starta.

Oddveig Nymo Dalbakk er født i 1952 og oppvaksen i Kjønna (Vuopmi) i Skånland. Ho er utdanna sjukepleiar og arbeider som leiande helsesøster i heimkommunen. Ho driv og med duodji, og har vore elev ved Samernas folkhögskola i Jokkmokk 1981/82. Ho er aktivt med i idrettsarbeid på kretsplan, og har vore leiar i Fjell skilag.

Asbjørg Skåden er født i 1946 og oppvaksen på Planterhaugen (Láŋtdievvá) i Skånland. Ho er utdanna lærar med tilleggsutdanning i samisk og engelsk. Asbjørg har i mange år arbeidd som lærar i markebygdene i Skånland, på skolane Trøssemark (Vuopmegeahči) og Boltås (Vatnjavárri). Ho var ein av dei første samisklærarane i området. Ho har skrive og redigert fleire bøker både på samisk og norsk og driv no forlaget Skániid girjie.

Namnet på barnehagen tyder Sáráhkká sine samebarn. Sáráhkká var i samisk mytologi ei av døtrene til urmora Máttaráhkká, og ho hadde spesielt omsorg for fødsel og småbarn. Den som foreslo namnet var Ardis Ronte Eriksen, ein av dei fire grunnleggjarane av barnehagen. Ho studerte da samisk på universitetet i Tromsø, og henta inspirasjon til namnet frå det ho der lærte om samisk religion. I starten var det nokre som murra litt om heidenske gudar. Men det gikk fort over, og etter kvart blei Sáráhká sámemánák så etablert at namnet i første rekke blei forbunde med barnehagen.

– Da vi starta, tenkte vi vel eigentlig ikkje på barnehage, fortel Asbjørg Skåden. – Vi tenkte i første rekke på at våre eigne barn skulle få eit tilbod med samisk språk og kultur.

– Barnehagar fanst det jo elles i kommunen, skyt Oddveig Nymo inn. – Vi ville nok fått plass for ungane våre der. I starten hadde vi bare ope nokre få timar i veka. Men så blei jo interessa større enn vi hadde rekna med, og så blei det mye meir enn vi hadde tenkt.

– Vi som starta det, hadde da fire førskolebarn til saman, seier Asbjørg. – Og vi rekna ikkje med det skulle bli stort fleire, men vi hengte no opp eit oppslag om at vi hadde plass til ti. Og snart hadde vi ti, og i tillegg ungar på venteliste. Når det først var etablert, såg folk at det var eit godt tilbod for barn, og det ville dei gjerne ha. Men mange hadde tenkt seg eit norsk tilbod, ikkje eit samisk.

Oddveig: – Og det var sambygdingane våre, som sjølve er samar, som ikkje ville ha noko samisk i barnehagen.

Asbjørg: – Ein gong inviterte vi media, og eg sa at Sáráhká skulle vere ein trygg stad der samiske barn kunne få vere samar utan å bli mobba. Da kom det kraftige reaksjonar frå Evenskjer barnehage. Dei oppfatta det trulig som om vi meinte at samiske barn blei mobba i andre barnehagar. Dessuten kunne dei òg gi eit samisk tilbod, sa dei. Når vi spurte kva det gikk ut på, svarte dei at dei hadde samiske bøker, som Barna i Kautokeino. [1] Etter det hadde vi i mange år ikkje noko samarbeid med Evenskjer barnehage. Derimot hadde vi eit godt samarbeid med Liland barnehage. [2]

Oddveig: – Vi som starta dette, var kvinner som hadde vore borte og fått utdanning, og som hadde flytta tilbake eller var på veg heim. Vi forsøkte å få med oss fleire, men det var ikkje så lett. Vi ringte rundt til mange, blant anna folk som seinare har blitt samepolitikarar, men da ville dei ikkje stille opp offentlig for noko som kalla seg samisk. På ein måte var det greitt at vi bare blei fire, da organiserte vi det enkelt og ubyråkratisk.

Asbjørg: – Samtidig var vi svært nøye på at alt var formelt i orden. Derfor hadde vi med oss advokat både da vi oppretta barnehagen som andelslag og da vi mange år seinare la ned. Vi var spesielt redde for at barnehagen skulle komme ut av samisk kontroll, og fikk inn i vedtektene at andelar ikkje kunne seljast utan at alle andelshavarane godtok det.

Talar utan tilhørarar

– Vi lyste ut eit ope møte om samisk barnehagedekning i februar 1986, fortel Asbjørg. Dit kom det to representantar for Nordlandsforskning [3], som i den tida dreiv og forska på oppvekstvilkår i samiske bygder. Dei andre i gruppa vår var forhindra, og eg var den einaste frå bygda. Der satt eg da, og orienterte som om det var 100 menneske til stades. Det blei mye kaffi og kaker til overs.

Oddveig: – Ein samisk barnehage bør sjølvsagt ha samiskspråklig personale med førskolelærarutdanning. Men noko slikt kunne vi bare drømme om. Dei som jobba der i den første tida, var verken samiskspråklige eller hadde utdanning. Men det var oppegåande kvinner med interesse for samisk kultur. Vi måtte derfor knytte til oss ein førskolelærar som rettleiar. Det blei Brit Eva Holdø, som jobba i Evenes kommune. Ho var ei god støtte. Ho forsøkte ikkje å styre oss men forsikra seg om det faglige nivået og lét barnehagen få utvikle seg i den retninga som vi ville.

Gunn Myrnes Olsen jobba i barnehagen frå starten, samtidig som ho var ein av oss fire i andelslaget. Det kunne ikkje alltid vere så lett. Kort tid etter starten kom Nella Fløystad inn, og ho var leiar i barnehagen i mange år.

Vi tilsette Helma Pedersen som kultur- og språkkonsulent. Ho vaska elles på Trøssemark skole. Vi lønna henne da i ein lønnsklasse langt høgare enn ho hadde som reinhaldar. Så var det at skolesjefen ringte med departementet og sa noko om Sáráhká. Så sa dei frå departementet: – Åja, det er dei kvinnene som tar vaskarane ut av skolen og gjør dei til kulturkonsulentar. – Ja, sa skolesjefen. Det er dei, og dei får det til!

Vi ringte elles ofte sjølve til departementet og fikk støtte derifrå. Vi ringte dei så mye at alle som hadde med barnehagesaker å gjøre i departementet visste kven vi og Sáráhká var.

Eit av planleggingsmøta for å starte opp barnehagen. Frå venstre: Oddveig Nymo Dalbakk, Ruth Nylund, Ingrid Larssen, Geir Grenersen, Ardis Ronte Eriksen.
(Foto: Asbjørg Skåden)

Ikkje velkomne på skole og grendehus

– Eit av dei største problema var å finne lokale. Skolesjefen var positiv, og vi fikk bruke eit rom på Boltås skole to dagar i veka, utan å betale leige. Men der kjente vi oss ikkje mye velkomne. Vi hadde hengt opp nokre plakatar med samisk innhald og nokre teikningar som ungane laga, men lærarane kravde at dette måtte bort. Dei trong veggen sjølve, blei det sagt, sjølv om der var plass nok for alle. Det som låg bak, var tydelig at ikkje elevane på skolen skulle sjå noko samisk. Personalet i barnehagen kjente seg fullstendig utfrosne av lærarane, og sa at dei klarte ikkje vere der lenger. Så etter eit par veker måtte vi bare flytte.

Vi fikk da leige eit gammalt hus som sto tomt, og flyttinga skjedde i full fart. Huset gikk under namnet «Hilda-huset», etter den siste bebuaren der, som òg hadde vore ei av dei samiske kulturberarane i markebygdene. Huset sto slik det hadde vore i dei siste leveåra hennar. Det var eit hus som hadde kultur i seg. Vi kjente det som ho Hilda var med oss og satt i veggane. Derfor blei det eit trygt hus, både for ungane og for personalet. Her var god plass for ungane, både inne og ute. Også for oss som foreldre kjentest det godt når vi kom dit med ungane. Vi kunne komme inn og drikke kaffi og kjenne at vi var velkomne. Her heldt vi til i to år, og i denne tida gikk vi over frå ha ope eit par dagar i veka til å drive fulltidsbarnehage.

Oddveig: – No er det slik at alle barnehagar som skal få offentlig støtte, må vere godkjente av styresmaktene. Også vi fikk besøk av barnehagekonsulenten i fylket. Da ho fikk sjå Hildahuset, blei ho ganske skeptisk, særlig med tanke på vatn og avløp, som ikkje var berekna på ein stor ungeflokk. Eigentlig skulle ho stengt heile barnehagen, sa ho, men da ho hadde opplevd entusiasmen til ungar, tilsette og foreldre, hadde ho ikkje hjerte til det. Så vi fikk fortsette inntil vidare, men med klar melding om at her måtte det gjørast noko med dei sanitære forholda. Vi heldt ut i to år, men da var det klart at det ikkje gikk lenger, og vi såg oss om etter eit anna lokale.

Kjønna skole [4] var lagt ned i 1965, og blei no brukt som grendehus. Bygget var derfor ledig på dagen og godt eigna til barnehage. Men Kjønna vel gikk skarpt i mot å leige ut til ein samisk barnehage. Dei forsøkte seg med forskjellige vikarierande argument, men på eit møte med kommunen sa skolesjefen i Skånland, Magnus Myklevold: «La oss kalle ein spade for ein spade. Det er det samiske de er imot». Det var forferdelig vondt for meg, fordi det var sambygdingane mine som avviste oss.

Vegen til eige hus

Asbjørg: – Vi hadde no begynt å tenke på å bygge nytt, men vi innsåg at det kunne ta tid, og vi måtte finne ei anna løysing i mellomtida. Så var det at søster mi hadde bygd seg nytt hus i heimbygda vår, Planterhaug. Der hadde ho ein underetasje som enno ikkje var tatt i bruk. Så fikk vi tilskot frå departementet til oppussing, og der heldt vi til, inntil vi i 1991 endelig kunne flytte inn i eige bygg.

Skepsisen til ein samisk barnehage var nok i starten ikkje mindre i Planterhaug enn i Kjønna. Men sidan vi flytta inn i eit privathus, trong vi ikkje spørje bygdefolket om lov. Og da vi hadde vore der ei stund, såg dei at det var sannelig ikkje så farlig. Særlig eldre folk i bygda brukte å stikke innom barnehagen på besøk. Folk sette pris på at barnehagen, brydde seg om kva som skjedde i bygda. Dei likte òg at vi spurte og grov om lokale forhold og korleis det hadde vore i gamle dagar. Barnehagen var mye ute, slik at folk stadig trefte på ungane. Personalet tok ungane med på besøk på gardane, og dei fikk vere med på arbeidet med husdyra. Dette gjorde at folk i bygda byrja å sjå på barnehagen som sin eigen. Dei visste vi var ute etter å bygge, og engasjerte seg for at vi skulle få bygge der i grenda.

No fikk vi sjå den dugnadsånda som lever i dei samiske markebygdene. Vi er ikkje vant med å få her, vi må ordne opp sjølv. Det er dei lokale velforeiningane som har sørgd for det meste i bygdene, frå veglys til grendehus. Planterhaug vel sette i gang tombola, bingo, loddsal og andre aktivitetar til inntekt for barnehagen. Velforeininga kjøpte ei tomt på 4 mål og gav henne til Sáráhká sámemánák og lova å betale alle utgifter, samt utføre dugnadsarbeid til grunnmuren var oppe. Det betydde blant anna at Planterhaug vel fiksa vatn og kloakk til tomta. Samtidig gikk Planterhaug vel inn med ein andel i andelslaget.

Også i arbeidet vidare fikk vi bruk for dugnadsånda og for den kompetansen som var i bygda. Her hadde vi ein pensjonert skytebas. Vi måtte få skote ut tomta mens han enno hadde gyldig skytesertifikat. Vi hadde gravemaskingravarar og rørleggjar. Ein bygningsingeniør som var lærar på Høgskolen i Narvik laga eit prosjekt med studentane sine og hjelpte oss med å sette opp ein «vasstett byggekontrakt». Slik sikra vi oss mot uventa utgifter, og rekneskapen hadde eit avvik frå budsjettet på bare 46 kroner. Revisoren sa at han aldri før hadde sett ein byggerekneskap som stemte så godt. Han hadde også revidert Skånland kommune sin rekneskap for helsehuset og sa at kanskje kommunen burde kjøpe kompetanse av dei fire kvinnene i Sáráhká.

Da vi kunne opne, var det ei skikkelig høgtidsstund, med gjester frå fjern og nær. Barnehagekonsulenten uttalte at det var eit av dei beste barnehagetilboda i fylket.

Utafor den nye barnehagen på Planterhaugen. Assistentane er Tonje Olsen og Emma Margret Skåden.(Foto: Kjersti Myrnes Balto / Várdobáiki)

Samisk personale

Når vi har tilsett personale, har vi alltid vore veldig bevisste på den samiske kulturelle kompetansen. Da vi utlyste vaskejobb, visste vi at det i første rekke var ungdom som ville søke. Da bestemte vi at vi ville prioritere dei som hadde samisk frå grunnskole og vidaregåande skole. Dette kom det mange protestar på, mange lurte på om ein trong samisk for å vaske, men vi ville at vaskarane skulle vere ein del av det språklige og kulturelle miljøet i barnehagen, og samtidig gjøre vårt til at samiskkunnskapar skulle reknast som ein kvalifikasjon i arbeidslivet.

Barnehagen har alltid hatt dårlig råd. Når nokon av oss hadde litt ekstra pengar, betalte vi på forskot ein del månader framover, så det ikkje skulle stoppe heilt opp på grunn av pengemangel. Veldig mye har vore basert på dugnad av foreldra og av styret. Sidan foreldra ytte så mye på dugnad, forsøkte vi å halde foreldrebetalinga så låg som råd. Men så sette kommunen som vilkår for å gi støtte at foreldra skulle betale like mye som i dei kommunale barnehagane, og da måtte vi auke prisen. Da fikk vi råd til å gi ungane middag ein dag i veka.

Det var ei flott tid. Når vi som var med på dette møtest igjen, har vi ei god kjensle for det vi gjorde i lag. Likevel kjente vi etter kvart at vi gjerne ville sleppe unna. Vi hadde vore idealistar i så mange år og ønskte at andre skulle overta. Ingen av oss hadde sjølve ungar i barnehagealder lenger. Først forsøkte vi med Skånland kommune. Vi meinte det var sjølvsagt at kommunen burde drive eit samisk barnehagetilbod. Administrasjonen var positiv, men politikarane sa nei. Det neste alternativet vårt var om ein samisk institusjon kunne drive barnehagen. Nokon slik har ikkje vore i dette området før, men da Várdobáiki språksenter blei oppretta, tok vi kontakt med dei. Og frå 2003 har dei overtatt drifta av barnehagen, som no har fått namnet Márkománák. Andelslaget er no redusert til eit eigedomsselskap, slik at Várdobáiki leiger hos oss. Men vi er i alle fall kvitt ansvaret for den daglige drifta.

Bygging av gamme i barnehagen.

(Foto: Asbjørg Skåden)

Kulturelt bra –

Da vi starta opp, fanst det ikkje noko barnehagetilbod i markebygdene. Dei næraste barnehagane var på Evenskjer og Liland. Vi som sette det i gang, ville først og fremst ha eit trygt tilbod med eit samisk innhald. Dei første åra gikk alle barna frå barnehagen inn i samiskopplæringa når dei byrja i grunnskolen. Det var mange som ønskte seg eit barnehagetilbod i nærområdet, men ikkje alle var like interesserte i det samiske. Etter kvart søkte ein del av desse foreldra ungane sine inn i Sáráhká. At nokre av dei ikkje valde samisk for barna når dei seinare byrja på grunnskolen, viste at dei eigentlig ikkje var samde i det grunnlaget Sáráhká var starta på.

Barnehagen hadde som mål å vidareføre samisk språk og kultur. Kulturdelen har gått ganske bra. Vi vil at ungane skal kjenne bygda si og nærmiljøet, frå fjære til fjell. Derfor har barnehagen vore mye ute og deltatt i det som har skjedd i bygda. Ungane har vore med på gardane, til og med på slakting. Mange ville kanskje reagere på at førskoleungar var med på slakting, men for oss er det naturlig å ha ungane med på alt, og ingen av foreldra har protestert på det. Vi har vore ute i naturen og leita opp bjørnehi, og ungane har og fått vere med på snarefangst.

Så langt som råd ønskjer vi at ungane skal vere med på det som skjer i bygda, delta i bygda sin kultur og bli kjent med den lokale historia. Da vi bygde gamme i barnehagen, var ungane med på heile prosessen. Martin Myrnes, som var leiar for bygginga, forklarte for ungane og lærte dei samtidig dei samiske orda.

I barnehagen hadde vi eigen forteljarkrok på loftet. Der blei det fortalt lokale historier. Oddveig fortel: – Ein gong var vi på Gállogieddi [5] da der var forteljarkveld i lavvoen. Sonen min, som den gongen var 5 år, fortalte med stor innleving skrømthistorier som han hadde lært hos dei eldre som ofte gjesta barnehagen. Tilhørarane var storlig imponerte over den vesle guten sine forteljareigenskapar.

Ein viktig del av den samiske kulturen i bygda er læstadianismen. Det er få læstadianarar av dagens foreldregenerasjon, mens dei fleste ungane gjerne har besteforeldre som er læstadianarar. Det har bare vore godt samarbeid med dei, vi har ikkje opplevd nokon konflikt mellom læstadianarane og barnehagen.

Barnehagen på fisketur.

(Foto: Kjersti Myrnes Balto / Várdobáiki)

– men språklig dårligare

– Den andre målsettinga med barnehagen har vore revitalisering av samisk språk. Vi hadde store ambisjonar og fikk inn i tilsetjingskontrakten at arbeidsspråket er samisk. I praksis skulle dette vise seg å vere svært vanskelig å gjennomføre.

Da vi starta opp arbeidet, fanst det ikkje ungar verken i førskole- eller skolealder i Skånland eller Evenes som hadde samisk som førstespråk. Og av foreldregenerasjonen var det få som sjølve hadde samisk som førstespråk. Dei fleste forsto samisk, men snakka det lite, nokre hadde sjølve lært seg samisk i vaksen alder.

Dei første tilsette i barnehagen snakka heller ikkje særlig mye samisk. Seinare fikk dei permisjon for å lære seg samisk. Men det gjorde dei ikkje sikre nok til å bruke språket i jobben, særlig når dei måtte vere språklærarar for ungar som kunne lite eller ingenting. Vi fikk òg tilsett nokre eldre folk frå bygda som sjølve hadde samisk som førstespråk. Men dei var av den generasjonen som alltid hadde snakka norsk til sine eigne ungar. Som vaksne hadde dei i det heile aldri snakka samisk til ungar. Dette skulle vise seg å vere ein høg terskel som dei hadde vanskelig for å komme over. Faktisk verkar det som terskelen er høgare for dei som sjølve har samisk som førstespråket sitt, enn for oss andrespråks språkaktivistar. Vi har eigentlig mangla skikkelige språkaktivistar blant dei tilsette.

Etter kvart kom det inn nokre ungar som hadde samisk som heimespråk. Da snakka nokre av personalet samisk med dei, men det blei i liten grad snakka samisk til dei norskspråklige.

Verdt strevet

Asbjørg: – Om ikkje alt har gått like bra, vil eg likevel seie at det var verdt strevet, og at vi har oppnådd mye. Når vi ser på den flotte og bevisste samiske ungdommen vi har i markebygdene i Skånland og Evenes i dag, må vi seie at det i stor grad er eit resultat av at dei starta verksemda i Sáráhká. Eg kan slutte meg til det ein av oss sa da vi hadde ei lita markering i samband med at vi la inn årene: Markebygda og Skånland ville ikke vore dei samme utan Sáráhká sámemánák!


[1] Bodil Hagbrink: Barna i Kautokeino. Aschehoug 1978. Boka er opphavlig skriven på svensk.
[2] Evenskjer er kommunesenteret i Skånland, mens Liland ligg i nabokommunen Evenes, som hører til Nordland fylke.
[3] Ein av desse representantane var Geir Grenersen. Han har skrive om dette i doktorgradsavhandlinga Kulturell gjenreisning i et markesamisk kjerneområde: i spenningsfeltet mellom forskning, politikk og folkelig selvforståelse, UIT 1995 og i boka Ved forskningens grenser: historien om et forskningsprosjekt i det samiske Nord-Norge, Spartakus 2002.
[4] I Samisk skolehistorie 1 fortel søster til Oddveig, Randi Nymo, om Kjønna skole.
[5] Gállogieddi er ein gammal samisk gard som no er bygdetun.


Fleire artiklar frå Samisk skolehistorie 3