Davvisámegillii Julevsámegillii
Artikkel i boka Samisk skolehistorie 3. Davvi Girji 2009.
Adele Nystø Rahka, Anne Kalstad Mikkelsen og Lill Tove Paulsen blir intervjua av Svein Lund, Árran 2007
Oddmund Paulsen, Árran 2007 |
Overskrifta er henta frå ein plakat som sto oppslått på Vuonak sámemáná, den samiske barnehagen i Tysfjord (Divtasvuodna) på 1990-talet. Plakaten var bare på samisk, betydninga er «Her skal ein snakke samisk!». Denne kan stå som eit eksempel på den harde språkpolitikken som blei ført i barnehagen i den tida – ein politikk som møtte motstand, men som òg gav resultat. Her fortel fire av dei åtte foreldra som starta barnehagen i 1989. Dei fire er oppvaksne på forskjellige stadar rundt Tysfjorden, no bur dei alle på Drag (Ájluokta). Anne Kalstad Mikkelsen (f. 1963), er oppvaksen i kommunesenteret Kjøpsvik (Gásluokta). Ho gikk grunnskolen der og gymnas i Kjøpsvik/Hamarøy (Hábmer). Ho har studert ved Norges landbrukshøgskole og har tatt ulike fag på Høgskolen i Bodø, bl.a. lulesamisk, samfunnskunnskap med vekt på samiske forhold og pedagogisk seminar. No arbeider ho som formidlingsleiar på det lulesamiske senteret Árran. Adele Nystø Rahka (f. 1959) kjem frå Storå (Jågåsijdda), ho gikk barneskole der og ungdomsskole i Kjøpsvik. Seinare har ho tatt landbruksskole og samisk folkehøgskole (duodjelinja) i Jokkmokk og duodji og samisk ved Høgskolen i Bodø. Ho har arbeidd som assistent i barnehagen og i dei samiskspråklige klassane i skolen på Drag. Lill-Tove Paulsen (f. 1961) frå Musken (Måskke) har gått barneskolen der, og ungdomsskolen på Drag. Ho har lulesamisk frå Høgskolen i Bodø. Ho har arbeidd i barnehagen og som lærar utan lærarutdanning. Oddmund Paulsen (f. 1958) frå Bjørkvik nær Drag har vidaregåande opplæring i bygg og anlegg, teknisk fagskole og lulesamisk gjennom Høgskolen i Bodø. Han arbeider som konserveringstekniker på museet på Árran. |
Vuonak sámemáná var heilt og fullt eit foreldreinitiativ, og dei fire foreldrepara sto også som eigarar av barnehagen dei første fem åra. Da det samiske kultursenteret Árran sto ferdig i 1994, flytta barnehagen dit. Da skifta han namn til Árran mánnágárdde, og Árran overtok og som eigar. Her skal vi i første rekke sjå på den tida da foreldra dreiv barnehagen.
Dei fire foreldrepara som tok initiativet, hadde til felles at dei ville at barna deira skulle bli samiskspråklige, men sjølve hadde dei forskjellig språklig bakgrunn, og dei hadde valt forskjellig når det gjaldt språket dei brukte overfor ungane.
Lill-Tove og Oddmund var det einaste paret der begge hadde lulesamisk som morsmål. Likevel snakka dei norsk til dei eldste barna sine. Lill-Tove fortel: – Vi er seks søsken, eg er eldst. Mamma gikk gradvis over til norsk, derfor snakkar vi eldste best samisk, dei yngre kan mindre. Eg har gjort omvendt, snakka norsk til dei eldste og samisk til dei yngste. Det første barnet mitt blei født i 1979, da alle snakka norsk til ungane. Eg tenkte at eg skulle snakke samisk, men det blei ikkje noko særlig av det.
Adele voks opp med passiv forståing av samisk, men sjølv snakka ho bare norsk til ho blei vaksen. – Eg gikk det første samiskkurset da eg var 17 år, sidan gikk eg kurs under Hamarøy vidaregåande skole og på Høgskolen i Bodø. Eg har fire ungar, som eg har snakka samisk til frå starten. Mannen min forstår samisk, men snakkar norsk til ungane, så ungane har alltid vore heilt tospråklige.
Anne hadde lært bare norsk av dei samisktalande foreldra sine [1], og byrja å lære samisk da ho gikk på gymnaset på Hamarøya. Sidan har ho jobba hardt med å lære språket, men kjenner enno at ho ikkje meistrar det fullt ut. Mannen hennar er derimot samisktalande frå barndommen. Til dei første ungane snakka dei norsk, frå den tredje ungen skifta dei til samisk, og Anne fortel at ho lærte samisk i lag med ungen.
I det siste foreldreparet som var med og starta barnehagen har kona lulesamisk og mannen nordsamisk som morsmål, og dei snakka frå starten kvar sin samisk til ungane.
|
Her tovar barna ull.
|
– Da vi starta opp barnehagen, var det så få samisktalande ungar i Tysfjord at dei kunne teljast på éi hand, og tre av dei gikk i barnehagen. Frå starten hadde vi eit dobbelt mål; å sikre den samiskspråklige utviklinga deira og å la andre barn få ein sjanse til å lære språket. For fleire familiar som til da hadde snakka norsk til ungane, førte opprettinga av barnehagen til eit språkskifte også heime.
Anne fortel: – Eg hadde da tre ungar i førskolealder, og alle tre byrja i barnehagen. Den eldste på 4 år snakka da bare norsk, og for henne blei det ein tung overgang. For dei som var mindre, var det lettare.
Nokre foreldre snakka samisk seg i mellom, men mye oppblanda med norsk. For dei førte barnehagen til at dei blei meir bevisste på å forsøke å snakke konsekvent samisk.
|
Lavvo og bål var ein del av den samiske barnehagen.
|
– Det lokalet vi brukte til barnehage dei første åra, var Fredly på Hellandsberg. Det var eit bygg som tidligare var brukt til gamleheim, det låg litt isolert og beskytta. Det var landlig, og vi kunne ha sauer der, dyrke poteter og grønsaker. Det var og lett å komme seg ut i naturen, og vi var mye ute.
Ingen av oss hadde utdanning for å jobbe i barnehage, utdanna førskolelærar fikk vi først da barnehagen hadde vore i drift i fem år. Vi hadde heller ikkje særlig erfaring frå andre barnehagar. Vi bygde mest på våre eigne idear.
Da vi planla dette, tenkte vi at barnehagen skulle ha samme innhald som ein heim. Ungane skulle få trening i alle aktivitetar i ein heim, slike ting som dyrking og matlaging, vasking osv. Ungane var i det heile med på alt, når vi baka brød, mata lam, fiska og sløgde fisk. Vi spann og vi farga garn. Heile tida lærte ungane nye samiske ord gjennom det arbeidet dei var med på. Det var jo og heile tida nokon av oss foreldra som jobba i barnehagen, noko som bidrog til at avstanden mellom heim og barnehage ikkje blei så stor.
Noko som var viktig, var at vi tok inn eldre folk i barnehagen i samband med forskjellige aktivitetar.
Leiker og anna utstyr hadde vi i starten nokså lite av, men saker og ting var ikkje det viktigaste. Da vi fikk støtte til innkjøp, kjøpte vi inn nokre vanlige leiker, men vi fikk ikkje så veldig mye glede av dei. Eigentlig fann vi ut at det var litt dumt. Ute hadde vi eit klatrestativ som var veldig populært. Det var vel eigentlig ikkje planlagt slik, men det likna ganske mye på ein lavvo. Så mye at ungane fann ut dei skulle lage bål under det.
Vi ville det skulle vere ein samisk barnehage, men vi hadde ikkje så klare idear om kva samisk barneoppseding eigentlig var eller skulle vere. Vi hadde og lite kontakt med det som fanst av samiske barnehagar på den tida. Den referansen vi hadde var norske barnehagar. Vi visste det var samiske barnehagar f.eks. i Kautokeino, men tenkte at der var forholda heilt annleis enn hos oss. Kva skulle vi snakke med dei om? Vi visste ikkje om nokon annan barnehage som hadde gjort det vi hadde som mål; å få norsktalande ungar til å snakke samisk.
Barnebøker på lulesamisk fanst ikkje. Nokre av dei tilsette las norske bøker og omsette til samisk mens dei las. Etter kvart fikk vi omsett nokre bøker, det var omsetting frå norsk, det var ikkje noko omsetting av samiske barnebøker frå nordsamisk i den tida, slik det har blitt seinare. Dei fleste av oss kjente lite til nordsamisk.
|
Det var ein bondegard på Helland, og ut på våren fikk vi låne nokre flaskelam som ungane og dei vaksne fikk ansvaret for.
|
Ungane som begynte i barnehagen var på mange forskjellige nivå i samisk. Eit mindretal snakka samisk, nokre forsto det meste, andre forsto i starten ganske lite. Likevel bestemte vi oss for at frå første dag skulle det bare snakkast samisk i barnehagen. Det var diskusjon om vi skulle ha litt norsk, men vi fann ut at vi ikkje skulle gjøre det. Alle foreldra som sette barn i denne barnehagen fikk klar melding om kva for ein språkpolitikk vi hadde, og at det og var forpliktande for dei. Ved inngangen til barnehagen hang det ein plakat som talte sitt tydelige språk: Dánna galggáp sámástit! Vi var og veldig bevisste på at den samisken som blei snakka til ungane skulle vere rein samisk, ikkje noko samisk–norsk blandingsspråk.
For å styrke oss i språkarbeidet henta vi inn ekspertar på tospråkligheit og språkopplæring til å halde kurs og førelesingar for foreldre og tilsette. Vi hadde blant anna Tove Skutnabb-Kangas, Asta Balto og Leena Huss hos oss. Gjennom Samisk utdanningsråd fikk vi språklig hjelp av Anders Kintel og Kåre Tjihkkom.
Vi hadde ingen samisktalande ungar som var einspråklige; alle kunne også norsk, så derfor var faren stor for at dei slo over til norsk om det kom norskspråklige ungar til. Og det var ikkje bare å halde dei unna. Nokre av ungane hadde eldre søsken, som bare snakka norsk, og som gjerne stakk innom barnehagen. Uteleikene våre trekte til seg andre ungar. Dei som kom på besøk, fikk klar beskjed om at dei måtte snakke samisk – eller teie stille.
Etter kvart fikk vi og skolefritidsordning (SFO) tilknytta barnehagen, og her var ikkje alle ungane så støe i samisk. Vi innførte da at i 1. etasje var det forbod mot å prate norsk, og om nokon absolutt ville gjøre det, måtte dei gå på loftet.
Anne fortel at den eldste ungen hennar, som bare kunne norsk da barnehagen starta, ikkje hadde det så lett. Det hendte ho kom heim og gret fordi det var så vanskelig med språket i barnehagen. Vi måtte jobbe mye med bevisstgjøring og trøsting: – Det er ikkje deg det er noko gale med, det er bare vanskelig fordi du ikkje har lært samisk før. Eg hugsar mor mi sa at eg skulle ta ungen ut av barnehagen. Men da sa eg at eg ikkje ville vere ansvarlig for at ungen voks opp og ikkje lærte samisk. Ein klarer ikkje å forandre noko utan at det gjør litt vondt. Det var kanskje vi som sjølv hadde mista språket som stod hardast på. Dei som har vakse opp med språket, forstår ikkje kva for ei gåve dei har fått, kor verdifullt det er. Det ser vi best vi som har mista det.
– Samisk i Tysfjord hadde lenge vore eit språk som bare blei snakka i familiane og ikkje på offentlig stad. For eksempel var det ikkje vanlig at folk snakka samisk høgt når dei var på butikken. Vi blei derimot einige om at tilsette og foreldre skulle snakke samisk til barnehageungane våre når vi trefte dei i bygda, f.eks. på butikken. Da blei samisk igjen eit språk som hørtest offentlig. Noen syntes det var rart at vi snakka samisk så høgt. Dei blei pinlig berørt, så mange ville ikkje treffe oss offentlig. Vi opplevde at folk gjømte seg når dei såg at vi kom.
Vi måtte arbeide mye med besteforeldre, tanter og onklar for å få dei til å snakke samisk til ungane. Dei hadde gjerne snakka norsk til eigne ungar og barnebarn, og kanskje aldri snakka samisk til barn. Det var viktig for oss å få dei med, men vi ser at det var tungt for mange.
|
Fra en av de mange turene. Barna hadde med seg kvar sin kniv, som dei brukte sjølv. Sandra lagar seg eigen pølsepinne.
|
– Det var mange som var skeptiske. Dei sa: Korleis skal det gå når ungane kjem på skolen og ikkje kan norsk? Det viste seg å vere ein heilt ugrunna frykt. Norsken er overalt, og det er ingen av ungane som har hatt noko problem med han. Så var dei redde for den faglige utviklinga til ungane i andre fag. Vi var jo ikkje heilt sikre på om dei kunne tape noko på at dei brukte så mye krefter på å bli tospråklige. Men da tenkte vi at det er så viktig at dei lærer samisk, at om dei skulle komme litt kortare enn andre i f.eks. matematikk, så får vi heller tole det. Men vi skal ikkje nekte for at vi òg tvilte sjølv nokre gongar på om vi gjorde rett, det var ei tid krisemøte på krisemøte. I ettertid han vi seie at eksamensresultata frå Drag skole viser at elevane med samisk som har gått i den samiske barnehagen i alle fall ikkje har klart seg dårligare enn andre. Kanskje vi tør å seie snarare tvert om.
Vi visste at det var hardt og tøft for ungane. Vi hadde opplevd kor låg status det samiske hadde, og vi ville styrke barna framfor møtet med skolen. Derfor jobba vi spesielt for at ungane skulle kunne noko som gav status i forhold til det norskspråklige miljøet. Vi valde å satse på to ting som gjør det, nemlig fotball og det å kunne lese. Vi laga fotballbane ved barnehagen og sparka mye fotball så ungane skulle klare seg i forhold til andre ungar i bygda. Så starta vi med lesetrening i barnehagen, slik at når dei starta på barneskolen, så kunne dei langt på veg lese allereie. Det var Kaia Kalstad som hadde ansvaret for denne tidlige lese- og skriveopplæringa.
Barnehagen var ikkje bare uttrykk for språklig, men også kulturell og politisk revitalisering. Det var faktisk den første samiske institusjonen i Tysfjord. Situasjonen for 18 år sidan var ein heilt anna enn den er i dag. Vi fikk inga støtte frå kommunen, men måtte gjøre alt sjølve
I starten hadde vi ingen songar på lulesamisk. Derimot fanst det nokre salmer, som blei brukt i læstadianske samlingar. Men dei var bare nedskrivne i ei gammal salmebok frå 1895 [2], og da med gotisk skrift. Vi song likevel desse og kopierte og delte ut teksten til ungane. Dei eldste ungane, som hadde fått lesetrening i barnehagen, klarte i alle fall delvis å følgje med på teksten når vi hadde sunge nokre gongar. Ein gong fikk vi besøk av biskop Øystein Larsen med følge, og song ein salme for han. Biskopen fikk utlevert salmebok så han kunne følgje med. Han blei storlig forferda, og lova at ei ny bok snart skulle komme med vanlige bokstavar. Og det gjorde det.[3]
|
Bøting av not fikk vi og vere med på.
|
Da vi starta barnehagen, hadde det i nokre år vore tilbod om lulesamisk ved nokre av skolane i Tysfjord, men da bare som andrespråk, med få timar i veka. Etter at vi hadde drive barnehagen i to-tre år, byrja det å komme fullt samiskspråklige ungar som skulle byrje på skolen, og da kravde vi at dei skulle få samisk som førstespråk, med undervisning på samisk i alle fag. Det fikk vi etter kvart til, og no er det fleire som har gått gjennom heile grunnskolen med lulesamisk som førstespråk. Vi tør å seie at utan barnehagen ville dette ikkje vore mogleg.
I 2000 fikk vi plutselig melding om at vi barnehageforeldra hadde fått Sametingets språkmotivasjonspris. Det var ei stor overrasking, for vi visste ikkje eingong at vi var nominerte. Da reiste vi alle fire foreldrepara til Karasjok for å ta i mot prisen under Sametinget sitt plenumsmøte.
Når dette blir skrive, har det gått 18 år sidan barnehagen blei starta. På denne tida har det kome ein ny generasjon foreldre, og med den nye utfordringar. Mens dei fleste foreldra var samiskspråklige da vi starta, er det no svært få foreldre som snakkar samisk. Det gjør at barnehagen må bere det aller meste av ansvaret for at ungane lærer samisk. Sjølv om personalet framleis snakkar samisk til ungane, snakkar ungane mest norsk.
Vi ser og at samisken er i ferd med å endre seg, mange grammatiske former er i ferd med å forsvinne, f.eks. total av verb og pronomen.
Ettersom dei fire fortel kjem, dei på fleire og fleire historier å fortelje frå barnehagen. Til slutt seier ein av dei: – Dokker, eg trur vi må skrive ei bok om dette.
Vi får håpe dei gjør det, men inntil vidare får dette vere ein start.
[1]
[2]
[3]
Fleire artiklar frå Samisk skolehistorie 3