Sámegillii

Artikkel i boka Samisk skolehistorie 6. Davvi Girji 2013.

Paul Gælok:

Utan paraply og trikk

Fortalt til Svein Lund

Paul Gælok
(Foto: Svein Lund)

Paul Gælok er fødd i 1955 og oppvakse i Tysfjord. Her gikk han grunnskole i Musken (Måsske), på Drag (Ájluokta) og Kjøpsvik (Gásluokta). Seinare tok han handelsskole i Narvik, forkurs til lærarskole på Hamarøy (Hábmer) og lærarskole i Bodø. Han har vidareutdanning i skoleleiing, rettleiing, sosialpedagogikk og entreprenørskap.

Han har arbeida som snikkar, rekneskapsassistent, lærar ved Drag skole 1986-88 og frå 2004, rektor ved Musken skole 1988-2000, 2000-04 var han prosjektleiar for bygdeutviklingsprosjekt i Hellemofjorden.

Her fortel han frå sin eigen skolegang og frå arbeidet som lærar og rektor i Tysfjord.

På internat i Musken

– Frå Nordbukt (Tjierrekluokta), der eg vekste opp, var den næraste skolen internatskolen i Musken på andre sida av fjorden. Det var tre vekers turnus og eigen skoleskyssbåt, ein 42 fots kuttar. Skolen besto av eit klasserom i første etasje, og internatrom på loftet. Storskolen brukte klasserommet, småskolen gikk i eit privathus, Amundhuset. Der var det eit lita stove på 10–15 m2, som blei brukt som klasserom. Der kunne vi vere 8–10 barn. Læraren vår var frå Tysfjord. Han hadde ikkje lærarutdanning og kunne ikkje samisk.

Amundhuset i Musken, der Paul gikk på skole i første klasse.
(Foto utlånt av Paul Gælok)
Musken gamle skole, fotografert tidlig på 1960-tallet.
(Foto utlånt av Paul Gælok)

Internatet var da så dårlig at han var ikkje eigna til bruk, og derfor blei han stengt av helserådet etter skoleåret 1963/64. Da ville kommunen nytte høvet til å sentralisere og legge ned skolen i Musken, men det ville ikkje lokalbefolkninga godta. Dei kjempa for å få bygd nytt internat, og det gikk til slutt gjennom. I spissen for denne kampen gikk Mikal Urheim, som da var lærar på skolen.

Eg gikk det første skoleåret mitt ved den gamle internatskolen, men da skolen blei stengt, blei vi flytta til Drag skole der eg gikk 2. og 3. klasse. Da budde vi på Margits Minde, eit gjestehus som var starta av Samemisjonen. No var det 14 dagar skole og 14 dagar heime. Det var da godt at det var større søsken og søskenbarn som gikk på skolen, dei store gutane hjelpte og forsvarte dei små. Læraren vår på Drag var sørfrå og kunne ikkje samisk. Han hadde trulig ikkje særlig kunnskap om samane og samisk kultur.

Musken skole skoleåret 1963-64. Elevene på bildet er fra venstre: Agnar Vinje, Filip Mikkelsen, Paul Gælok og Ellinor Amundsen. Bak dem lærer Viggo Johansen.
(Foto utlånt av Paul Gælok)

Da eg byrja i 4. klasse var det nye internatet i Musken bygd, så da fikk vi flytte dit igjen. I første omgang fikk småskolen ha skole på internatet, mens vi som no var i storskolen gikk på gamleskolen. No var det blitt betre forhold, vi var bare to på kvart rom, og vi fikk reise heim kvar helg. Styrarinna heitte Olga Amundsen frå Eidstø i Tysfjord. Ho var rett og slett ein engel. Ho snakka ikkje samisk, men ho var læstadianar, og eg trur ho var av samisk avstamming. Ho var veldig flink til å få god mat ut av små budsjett. Mannen hennar var fiskar og han leverte ferskfisk til skolen, slik at vi ofte fikk god fiskemiddag og mye god fiskemat.

Sjølve skolen var ikkje ferdig før i 1974. Enno mangla det sløydsal og andre spesialrom, det blei bygd til først på 1980-talet.

«Destruktive krefter»

– Ved innviinga av internatet i 1966 holdt skoledirektøren i Nordland ein tale der han sa: «Eg håper dette internatet ikkje blir ein utklekkingsanstalt for destruktive krefter.» Kva han meinte med det, sa han ikkje i klartekst, men det er vel nærliggande å tru at han tenkte på dei som kjempa for samisk språk og kultur. No har det etter kvart kome mange sameaktivistar frå internatet i Musken.

Den beste skoletida mi var 4.-6. klasse i Musken. Vi hadde da Mikal Urheim som lærar. Mikal var ein dyktig pedagog. Han brukte ein del samisk, men mest norsk. Vi song nokre samiske songar, men vi lærte aldri å lese og skrive samisk.

Samar på låg kursplan

– Frå 7. klasse måtte vi flytte igjen, denne gongen til kommunesenteret Kjøpsvik, der elevar på ungdomstrinnet frå heile kommunen blei samla. Det var da nylig blitt ungdomsskole, og vi var dei første på eit heilt nybygd internat. I den tida var det jo kursplansystem. Formelt skulle elevane og foreldra bestemme, men skolen sette automatisk dei aller fleste samiske elevar på plan 1 eller 2. Det ville eg ikkje godta, og eg klarte å kjempe meg opp på plan 3 i nokre fag.

Kjøpsvik var ein industristad, bygd opp rundt sementfabrikken, og var heilt dominert av nordmenn og fornorska samar. Da vi kom til Kjøpsvik var vi dei absolutt lågaste i status, vi som var frå fjorden, var «fattiglappar« og så var læstadianar i tillegg. Det var tre saker som sette oss ned i forhold til det som hadde status på industristaden. Verre kunne utgangspunktet ikkje vere. Vi måtte derfor sette oss i respekt. Den einaste redningsplanken var å slåss med knyttnevane, så hardt at dei ikkje torde ta oss. Og det gjorde vi.

Skolen hadde lite respekt for dei verdiane vi hadde heimafrå. Vi kjente oss pressa til å delta i aktivitetar som ikkje var aksepterte i det læstadianske miljøet, som å gå rundt juletreet. Foreldra våre var mot at vi var med på musikkveldar osv. på skolen, men ofte var vi no med likevel, utan å seie noko heime.

Truga med spesialskole

– I Kjøpsvik hadde vi ein søring som internatstyrar, og ein gong fikk eg juling av han så eg blødde naseblod. Da rømte eg heim, mamma måtte dra meg tilbake til skolen og klage til skolestyraren. Men der var det inga hjelp å få. Han truga med å sende meg på skole for vanskelige gutar. Eg sat igjen med skulda, ikkje internatstyraren som slo. Sjølvsagt var eg vanskelig. Eg var praktikar og skolen traff meg ikkje heime. Skolen var alt for teoretisk og det er han forøvrig enno. Mange år seinare, da eg var blitt rektor i Musken, traff eg igjen denne skolestyraren på eit rektormøte. Da spurte eg: Hugsar du den gongen du truga med å sende meg på spesialskole? Han sa ikkje stort da.

Rundt 1970 bodde Paul Gælok og hans skolekamerater på internat i denne bygningen. Den var da nybygd, og er ikke endra stort utvendig siden da.
(Foto: John Gunnar Skogvoll)

Etter ungdomsskolen gikk eg eitt år på handelsskolen i Narvik. Eg fikk ikkje arbeid med den utdanninga, men fikk etter ei tid arbeid som snikkarlærling i Narvik. Eg hugsar ei samekone i Vassdalen sa: – Jaså, går det an å gå handelsskolen og bli snikkar? Det gikk jo tydeligvis an, men nokre år seinare fikk eg bruk for lærdommen frå handelsskolen, bl.a. jobba eg ei tid i Kautokeino, som rekneskapsassistent på Nordisk Samisk Institutt.

Lærarutdanning med lulesamisk

– Så fann eg ut at eg ville utdanne meg til lærar. Eg tok eit-årig forkurs som blei arrangert av Hamarøy videregående skole. Der fikk eg lære å skrive samisk. Dette kurset var svært viktig for å utdanne lokale lærarar, da nesten ingen herifrå hadde gymnas. Heile seks som gikk på dette kurset blei lærarar, tre av oss er for tida på Drag skole. Så gikk eg på lærarskole i Bodø i 1983-86. Der fikk eg samisk som fag. Vi var da 6-8 samiskstudentar, det var både lærarstudentar og andre. Vi hadde også samfunnsfag med samisk. På forkurset var Kåre Tjihkkom samisklærer, og på lærarskolen hadde vi Anders Kintel.

Rektor i Musken

Etter lærarskolen fikk eg jobb som lærar på Drag, og jobba der i to år, 1986-88. Da blei det ledig jobb som rektor i Musken, og eg var einaste søkar. Der var eg heilt til 2000.

Da eg kom tilbake til Musken hadde det samiske språket allereie tapt seg mye i bygda. Nokre elevar snakka samisk, men på skolen hadde dei samisk bare som andrespråk. I 1991 gjorde vi forsøk med to førstespråk. Men det fungerte ikkje så bra. Etter nokre år gikk vi tilbake til andrespråk. Alle elevane i Musken hadde da samisk som fag. Dei var sterke andrespråkselevar, alle snakka betre norsk enn samisk. Samisk blei ikkje brukt i andre fag. Sjølv om skolen var liten (12-23 elevar), var vi på fleire måtar tidlig ute med nye idear for skoleutvikling: Eg trur vi var første skole i Nord-Norge med elevbedrift. Den heitte «Mat og pose». vi dreiv kafe og vi sydde og selde samiske kaffeposar.

Utan paraply og trikk

– Eg har alltid hevda at utgangspunktet for skolen må vere lokalsamfunnet og ein kan ikkje direkte samanlikne skolar og elevar på plassar som Musken med Oslo eller Tromsø. Det er det ikkje alle som forstår. Eg har krangla mye med desse skolepsykologane. Det kom ein frå PPT-kontoret og gjorde ein test på elevane i Musken, og ut frå denne sa han: Dokker må begynne med norsk omgrepsinnlæring i Musken! Problemet var nemlig at på testen hadde ikkje elevane våre funne feil på bilde av paraply og trikk. I Musken er været slik at når det regner er det som regel også mye vind, derfor er det ingen som brukar paraply, og næraste trikk er det sikkert hundre mil til. I Musken har vi ikkje ein gong bilveg! Psykologane klaga og over at mange elevar ikkje hadde begrep om det som blei vist på TV og var bekymra over at elevane tapte mye når dei ikkje såg på TV. Det er vel ikkje rart. I Musken er dei fleste læstadianarar og mange av dei hadde ikkje TV i heimane.

Men når det gjeld det som ein har bruk for her i fjorden, da skal eg seie at dei kan! Båt er det einaste framkomstmiddelet vårt for folk i Musken, og den lærer ungane tidlig å meistre. For nokre år sidan var det ein lærarskolelærar på tur i Musken og han trengte skyss utover fjorden. Ein elev i 12 års-alderen tok på seg å skysse han. Og da blei læraren storlig imponert, for gutten kunne alt om påhengsmotor. Der var det ikkje noko mangel på norske omgrep!

Musken er ei lita veglaus bygd, og folketalet har gått tilbake, samtidig som dei småplassane som tidligare leverte elevar til internatet har blitt avfolka. Internatdrifta blei nedlagt tidlig på 1970-talet. Vi har streva hardt både for å oppretthalde skolen og busettinga på plassen. Eg var i fleire år prosjektleiar for Hellemoprosjektet, eit næringsutviklingsprosjekt, som bl.a. fikk to laksekonsesjonar, noko som ga viktige arbeidsplassar i Musken.

Einaste med lulesamisk førstespråk

– I 2004 flytta eg utover til Drag, og sidan har eg jobba som lærar på Drag skole, der eg no underviser i lulesamisk førstespråk, samfunnsfag, duodji og religion.

Vi har vel hundre elevar, av dei har omlag 35 samisk som førstespråk og 20 som andrespråk. Dette er i dag den einaste skolen både i kommunen og i heile Noreg som har undervisning i lulesamisk som førstespråk og på samisk. Musken skole blei lagt ned frå 2009, det var da bare tre elevar igjen i denne skolekrinsen. På den største skolen i kommunen, Kjøpsvik, er det nokre elevar som har samisk, men bare som andrespråk og på den siste skolen i kommunen, Storjord, er det ingen elevar som har samisk.

Elevane med lulesamisk som førstespråk er i eigne klassar ved Drag skole, slik at det fungerer som ein tre-delt skole for desse elevane. Dei skal i prinsippet ha all undervisninga på samisk, med unnatak for norskfaget. I barneskolen er dette heilt gjennomført, i ungdomsskolen må vi bruke norsktalande lærarar i matematikk, engelsk og naturfag. I desse faga blir da dei samiskspråklige elevane underviste på norsk i lag med norskspråklige elevar på same klassetrinnet. Dei andre faga går på samisk. Men det manglar lærebøker på samisk i mange fag, særlig på ungdomsskolen. På dei lågare trinna er det betre, men det er sjølvsagt ikkje noko utval. Korleis skal det fungere når elevane utanom samiskfaget knapt møter anna samiskspråklig skriftlig materiale enn det læraren skriv på tavla?

Læremiddelprosjekt

– Om ikkje vi på Drag skole lagar lærebøker på lulesamisk er det få andre som gjør det. Vi har kompetanse i alle fag. Men vi kan ikkje tappe skolen for lærarar for å skrive lærebøker. Derfor søkte skolen i 2008 Sametinget om eit prosjekt der lærarar fikk redusert lesetid mot å skrive lærebøker. Dette prosjektet blei avslutta i 2011. Resultatet er 9 arbeidsbøker, og at ein del temaartiklar for samfunnsfag er omsett, men desse er enno ikkje trykte. For tida er det ikkje noko læremiddelarbeid i gang i skolen sin regi.

Problemet er at om dei få lærarane som kan undervise på lulesamisk blir frigjorte til å skrive samiske læremiddel, så aukar samtidig lærarmangelen. Vi har på eit vis klart å gjennomføre undervisninga ved vår eigen skole, men vi har ikkje klart samtidig å gjennomføre fjernundervisning i lulesamisk til andre skolar. Det førte til at skoleåret 2011/12 var det elevar som ikkje fikk den undervisninga i lulesamisk som dei hadde krav på. Vi har heller ikkje kapasitet til å ta ansvaret for fjernundervisninga skoleåret 2012/13, så denne undervisninga skal dei no forsøke å gi frå Bodø.


Flere artikler fra Samisk skolehistorie 6