Tilleggsmateriale til boka Samisk skolehistorie 5. Davvi Girji 2011.

Åke Jünge:

Sameskole og samemisjon i Indre Namdalen for 250 år sidan

Åke Jünge
(Foto: Svein Lund)

Åke Jünge er født i 1947 og oppvokst i Namsos. Han har utdanning i geografi, historie og matematikk frå universiteta i Oslo og Trondheim. Han tok hovudfag i geografi ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet i 1996 med oppgåva Geografiske spor etter samisk etnisitet i Midt- og Sør-Skandinavia.

Åke Jünge har arbeida som lærar i over 30 år, både ved ungdomsskole, vidaregåande skole og høgskole, mesteparten av tida ved Levanger videregående skole. Han har skrive ei rekke bøker, hefte og artiklar i aviser og tidsskrift, særlig om sørsamisk historie. Dette er ei bearbeida utgåve av ein artikkel i Nord-Trøndelag historielags årbok 2006.

Eit interessant dokument i Nidaros bispearkiv, som befinn seg i Statsarkivet i Trondheim, kan kaste litt nytt lys over sørsamiske forhold i Namdalen midt på 1700-tallet.[1], Dokumentet inneheld ei liste over samiske ungdommar som fekk undervisning i Overhalla prestegjeld i 1753 og 1754. I tillegg inneheld det manntall over samefamiliar i Overhalla prestegjeld for 1754.

Overhalla prestegjeld før delinga i Overhalla og Grong i 1820 omfatta eit stort område. Det famna faktisk om heile Indre Namdal og eit område som svarar til kommunane Overhalla, Grong, Røyrvik, Namsskogan og Høylandet i dag. I alt blir dette oppimot 5500 kvadratkilometer.

Misjonering retta mot samane

Det var den dansk-norske kongen Fredrik IV som ivra for å få i stand systematisk misjonsverksemd både innanfor og utanfor grensene for kongeriket Danmark-Norge. På hans initiativ og med statsmiddel vart Misjonskollegiet stifta i København i 1714. Formålet var misjonering og avskaffing av heidendom, det vil seie alle andre religionar enn kristendommen, overalt kor staten hadde si verksemd. Tanken var å drive misjon i India, ut frå den dansk-norske kolonien Trankebar, men det var vel kjent at den tradisjonelle religionen til samane enno sto sterkt innanfor den dansk-norske staten sine meir eller mindre flytande grenser, til tross for at kong Kristian IV i 1609 skal ha sendt ut befaling om at alle finnar og lappar som dreiv med trolldom og ikkje ville avstå frå det, skulle bøte med livet.[2]

Hundre år seinare gjorde så Misjonskollegiet tiltak for å få samane til å kvitte seg med sin tradisjonelle religion og gå over til kristendommen. Desse tiltaka må òg sjåast i sammenheng med den politiske uroa på denne tida, manifestert i den store nordiske krigen 1709-20 og dei uklare skatteforholda i grenseområda Norge-Danmark, Sverige og Russland imellom. Fram mot grensetraktaten mellom Sverige og Danmark-Norge i 1751 med det kjente tillegget Lappekodisillen, var kristningsarbeidet retta mot samane og deres tradisjonelle religion også å sjå på som statlige forsøk på å skaffe seg territorielt fotfeste i grenseområda som dei nomadiske samane hadde sedvanemessige bruksrettar knytta til.

Kartriss over Overhalla prestegjeld og kirker før år 1805, med naboprestegjeld i vest. Etter Hermanstrand 2005.

Derfor blir misjonsarbeidet til presten og skolemesteren i Overhalla retta mot dei samane som heldt til i fjellet eller mot fjellsameungdom som hadde arbeid som dreng eller taus på gardane nedi bygdene. Samane som budde fast i bygdene eller ved kysten, bygdesamar eller sjøsamar, ser ikkje ut til å ha vore omfatta av den samme misjonsiveren, om ein skal dømme etter dette dokumentet frå 1754. Manntallslista over dei tretti samefamiliane ”som sortere under Overhaldens Præstegjelds District” omfattar berre ein familie som kan knyttast til sjøsamisk busetting i indre Follafjord, nemlig nr 25 Peder Joensen Teplingen. Trulig har han og familien hovedbustad på eller nært ved Teplingan-garden om lag 6 km austanfor Foldereid på nordsida av fjorden. Kanskje driv dei òg med reindrift som har driftssyklus innom Høylandet på område som høyrer inn under Overhalla prestegjeld slik at Overhalla-presten tar dei med i manntallet.

Thomas von Westen og sokneprest Scavenius

Romsdalspresten Thomas von Westen (1682-1727) vart leiar av Misjonskollegiet sitt arbeid for å kristne samane. Han gjorde tre misjonsreiser i lag med sine assistentar, i 1716, 1718 og 1722-23.


Thomas von Westen (1682-1727) leia Misjonskollegiet sitt arbeid med å bekjempe samane sin tradisjonelle religion.

I starten var misjonsarbeidet konsentrert om samane i Finnmark, men von Westen vart fort obs på at samiske sjamanar som brukte trolltrommer, runebommer, var vel så vanlig blant samane sørover i dei sørsamiske områda. Dette må han ha blitt klar over da han tok inn hos sokneprest Peder Lauritsen Scavenius på Grande prestegård i Overhalla i slutten av oktober 1716. Sokneprest Scavenius ga uttrykk for at han hadde lite kjennskap til samane i Overhalla, til tross for at han hadde vore sokneprest der i over 10 år.

Han fortalte von Westen at samane kom ned til kirka ein gong i året ved Kyndelsmess (Sankthans), men at dei ikkje forsto norsk. Enkelte kunne nok seie fram Fadervåret og trusartiklane, men dei forsto lite av det. På 10 år som prest her hadde Scavenius berre døpt to sameungar. Samane hadde dessutan til da begravd sine døde i fjellet og ikkje tatt dei med til kirkegardane for å få dei i vigsla jord. Scavenius hadde imidlertid tatt imot samar til nattverd, men det var mest fordi forgjengaren hans, Peder Resen – sokneprest 1669-1702 - hadde gjort det og ikkje fordi dei oppfylte skriftkunnskapskrava som var vanlig å kreve av dei som gjekk til alters.[3]

Samane var underregistrert i kirkebøkene

Dette er veldig interessant i forhold til dei som hevdar at det ikkje var samar i distrikt og prestegjeld kor det ikkje er innføringar om samar i dei eldste kirkebøkene. Her i Overhalla veit vi at det var mange samebarn født i tiårsperioden 1706 til 1716, men berre to er døpt. Altså er det utan tvil altfor få samiske innføringar i kirkeboka her i forhold til det reelle tallet på fødslar. Dette må òg ha vore tilfelle i område lenger sør, kor vi òg veit det har vore samar, men kor det berre sporadisk er samar å finne i kirkebøkene. Å slutte at samar ikkje fanst fordi dei ikkje fanst i kirkebøkene – såkalte ex silentio-slutningar – blir såleis heilt feil. Samane hadde ikkje samme sjanse som den kristne bondebefolkninga til å komme til syne i kjeldene.

Vidare forstår vi at sokneprest Scavenius må ha hatt minimal lokalkunnskap om samane innanfor grensene til sitt eige store prestegjeld. Dette er trulig eit uttrykk for at det samiske samfunnet, som vi veit eksisterte i fjellområda her, hadde minimalt med kontakt med den dansk-norske statsmakta sine lokale representantar tidlig på 1700-tallet.

”Hedninger ville de ikke gjerne kaldes eller være…”

Trulig var von Westen kjent med kor dårlig det sto til med kristninga av samane gjennom det arbeidet Povel (Paul) Resen hadde gjort og som han hadde rapportert inn til kongen i København i to ”relationer” i 1708.

Povel Resen skreiv at ”iblandt de norske Fjeldlapper ... her synden for Helgeland er en meget slet Kristendom, ja, saa slet at de aldeles ikke ved paa hvilken de tror ... Hedninger ville de ikke gjerne kaldes eller være, dog er Kristendommen hos mange, særdeles de omstreifende norske Lapper, saa slet at den maatte billig kaldes et Hedenskab”. [4] Interessant er det her å legge merke til at Resen nytta begrepet Fjeldlap og ikkje berre Lap. Det er ikkje umulig at han her antyda eit skille mellom ulike økonomiske tilpassingar blant samane, altså at det rundt år 1700 var grunn til å skille mellom fjellsamar og andre samiske grupper som sjøsamar og bygdesamar ”her synden for Helgeland”, på samme vis som lenger nord i kongeriket.

Dessutan ser han ut til å meine at dei ”omstreifende norske Lapper”, altså samane som dreiv med rein i fjellet, hadde halde fast på den tradisjonelle samiske religionen i ein heilt annan grad enn dei andre samiske folkegruppene, noko som sikkert òg var tilfelle. Dette fekk Thomas von Westen erfare da han konfiskerte runebomma til samen Bendix Andersen her rundt år 1720, ei runebomme som bar tydelig preg av å ha vore i flittig bruk.

Overhalla finnemisjonsdistrikt frå 1721

Det han fann ut på si første finnemisjonsreise i 1716, må ha skaka den pietistiske Thomas von Westen djupt. Han tok umiddelbart initiativet til å få oppretta finnemisjonsdistrikt kor sokneprestane fekk spesielt ansvar for å sjå til at samane i prestegjelda tok del i kirkelige handlingar, døpte barn og gravla døde på kristent vis, ikkje på tradisjonelt samisk vis.

Eigne misjonærar som kjente samisk kultur og delvis hadde prøvd å sette seg inn i samisk språk, fekk i periodar ansvar for mindre distrikt innanfor dei svære områda kor samane heldt til. Vefsn misjonsdistrikt vart oppretta i 1717, Snåsa distrikt i 1719, Overhalla distrikt i 1721 og Rana distrikt i 1726.

Undervisning i kristendom vart vektlagt. Til undervisninga av sameungane og ungdommane vart det tilsett finneskolemestrar. Dette var på ei tid da det enno ikkje var allmueskolar for alle, så ein av følgane var at undervisning og boklig lærdom kom til å stå sterkare hos samane enn hos bondefolk og dei ubemidla i byane.

”…mangfoldige krohuser og fyldesteder som ere tæt ved kirkerne…De Sathans Capeller…”

I 1723 heldt Thomas von Westen tale til tingallmuen på Himo i Overhalla. Her gjekk han til åtak på skjenkestadene og kroene som låg ved kirkene og klaga spesielt over at samane vart drikkfeldige av desse. Han snakka om ”lappernes og findernes forförelse ved brændevin og øl ved kirkerne udi Ofuerhalden formedelst de mangfoldige krohuser og fyldesteder som ere tæt ved kirkerne ... sådanne Sathans hindringer imod dyrekjøbte Sjæles Frelse måtte borttages og afskaffes ... De Sathans Capeller ved kirkene måtte avlegges, så at derfor finnerne kunne ha kirkefred, tingfred, bygdefred og hyttefred.” [5]

På grunn av at levemåten til eit fleirtall av samane på denne tida var tett knytta til reindrift og nomadisme innanfor det gamle sijte-systemet,[6] var det ein krevande jobb for finneskolemesteren å leite opp samane i reinfjellet. Soknepresten møtte berre samane når dei kom ned i bygda for å selge eller bytte produkt med bygdefolket eller når samisk ungdom tok seg jobb som dreng eller taus rundt om på gardane. Derfor måtte sameskolemesteren helst vere ein lokal mann som hadde kunnskap om kor dei samiske familiane heldt til og kunne stå på god fot med samane for å få undervise ungane og ungdommane i kortare periodar. Etter kvart som omgangsskole vart eit faktum også for bondebefolkninga utover på 1700-tallet, måtte skolemestrane passe inn omgangsskolen på dei større gardane og samordne denne med undervisninga av samane i fjellet.

Dokumentet i Nidaros bispearkiv gir oss eit glimt inn i korleis ein finnemisjonær og ein finneskolemester arbeidde. Dokumentet er ført i penn av Overhalla-presten Jørgen Darre (1711 – 1791) født i Stod. I 1754 var han residerande kapellan og finnemisjonær i Overhalla prestegjeld, ein stilling han hadde hatt sidan 1743. Sokneprest i Overhalla vart han i 1758, prost i Namdalens prosti frå 1780.[7]

Ukjent finneskolemester

Finneskolemesteren sitt namn er ikkje nemnt. Det kan ha vore Daniel Eriksen eller Salomon Ingebrigtsen Svarlien, som begge vart lærarar i Overhalla frå 1746, den eine i Ranem, den andre i Grong. [8] Men mest trulig var desse to berre omgangsskolelærarar nede i bygdene.

Frå 1720-tallet hadde det i Overhalla vorte tilsett ein eigen finneskolemester som hadde bedre lønn enn dei vanlige skolemestrane på grunn av strevsam fartinga i fjellet og vanskelige arbeidsforhold. Finneskolemesteren måtte gå frå gamme til gamme og finne ungane og ungdommane som han skulle undervise.

Den første finneskolemesteren i Overhalla var Erich Halseth. Han fungerte frå 1723.[9] Så kom Snåsa-presten sin sønn Povl Muus, Ole Helgesen, Peder Vibstad og Ingebrigt Olsen.[10] Tjenestetida for dei enkelte er ikkje kjent.

I samband med innføringane om samar i kirkebøkene, er Jens Nielsen Skolemester nemnt i 1731. Da har han heimedøpt Gunnild, den lille dattera til Sivert Jonsen Lapp og Marit Nielsdatter. Denne Gunnild Sivertsdatter kan vere den samme som ei samekvinne Gunhild nemnt i det før kjente samemanntallet frå 1782. Da var ho på Stor-Tylum i Høylandet, ”ugift, besvangret” og med "Nogenledes" kunnskap. Over femti år og ”besvangret” er kanskje ikkje sannsynlig, men fullt mulig. Denne siste Gunnhild vart gravlagt frå Harran kirke i juli 1787.

Ovanfor nemnte Jens Nielsen kan ha vore finneskolemester, for biskop Hagerup rapporterte frå bispevisitasen i Overhalla i 1732: ”Folket vil gjerne at børnene skal lære at lese i bok. Enda ingen skolemester. Men presten skal forberede en eller to personer og få menigheten til at lønne dem.”[11] I 1733 står det imidlertid ein Povel [Paul, Pål] Skolemester først på lista over dei åtte personane kategorisert som samar, som gjekk til alters den 13. september. Samme Povel Skolemester står som fadder ved ein samebarnedåp i 1735.[12] Er denne Povel Skolemester identisk med Povl Muus, snåsapresten sin sønn, så er det rart at han blir tatt med i lista over samiske nattverdsgjestar, for Povl Muus var ikkje same. Og var denne Povel i stillingen som finneskolemester heilt til 1754? Det er mulig, men uvisst. Så kva for finneskolemester som er nemnt i 1754-rapporten får foreløpig vere ukjent.

Presten Morten Lund kunne nordsamisk og skreiv samisk i kirkeboka

Ellers vart det skikkelig driv over misjoneringa retta mot Overhalla-samane først etter at Thomas von Westen døde. For i 1728 kom presten Morten Lund til bygda. Han kom frå 10 års tjeneste som samemisjonær og sokneprest i Finnmark og kunne nordsamisk. Sørsamisk er svært forskjellig frå nordsamisk, men Morten Lund må ha lært seg å kommunisere med samane på deres eige språk. Han må ha forstått kor viktig dette var både for å oppnå tillit og for å nå djupare fram med forkynninga av kristendommen.

Morten Lund hadde oversatt Martin Luthers katekisme til nordsamisk. Denne ”Doktor Marten Lutter Utza Katekismusaz” som det står på tittelbladet, hadde han ferdig i 1724, men den vart først trykt i 1728. Dette skal for øvrig vere den første samiskspråklige boka trykt i Danmark-Norge, så her er det snakk om ein pioner.

Sokneprest Morten Lund i Overhalla hadde oversatt Martin Luthers katekisme til nordsamisk dialekt. Denne ”Doktor Marten Lutter Utza Katekismusaz” som det står på tittelbladet, hadde han ferdig i 1724, men den vart først trykt i 1728. Dette skal for øvrig vere den første samiskspråklige boka trykt i Danmark-Norge, så her er det snakk om ein pioner.

Med sokneprest Morten Lund dukka dei 12 kjente innførslane på samisk opp i kirkeboka for Overhalla, frå 1736 til 1742. Språkformen er imidlertid ikkje basert på den lokale sørsamiske dialekten, men er heller ein nordsamisk kystdialekt frå Vest-Finnmark, ifølge professor Knut Bergsland som har vore den fremste eksperten på samiske dialektar og som har tolka desse innføringane frå Overhalla.[13]

Journal om samemisjonen i Overhalla 1753-1754

Fordi dette materialet er lite kjent frå før - berre publisert og brukt ein einaste gong før[14] - tar eg her med heile teksten i det korte 1754-dokumentet:

Journal over mit og Skolemesterens Arbeide iblant disse Familier fra 17de August 1753 til samme Maanets udgang 1754, som følger.-

1753.
Dend 3die Septembris reiste Skolemæsteren til fieldet hvor hand ved Lærdom og Underviisning forblev blant disse Familier indtil den 10 Octobris, da hand kom ned til Bøygden.

1754.
Dend 18de Januarij begyndte Skolemæsteren at fare om i Field-Annexernis Sogner, for at samle den Ungdom, som tiener i Bøygden, og havde den 21 hujus [15] 10 stykker forsamlet paa Gaarden Moa, i Harrans Sogn, i hvis Sogn hand forblev ved Lærdom og Underviisning indtil den 1 February, da hand med den Ungdom kom over fieldet til Høylands Sogn hvor Prædiken var Lyst til 2de paafølgende dage for Finnernis Forsamling.

Festo purif: Mariæ[16], og den paafølgende Søndag, Dom: 4ta p Epiphann:[17] havde jeg 50 Siæle forsamlet, til Catechisation i Høylands Kirke, da 20 stycker af Unge og Gamle ved samme forsamling blev admitteret til Herrens Nadvere.-

Derpaa blev Skolemæsteren beordret at fare omkring i samme Sogn for at underviise dend Ungdom som tiener i Sognet, og især, at have Synef Johnsdatter, med flere, som første gang skulde gaae til Herrens Bord, under sin behandling, indtil den 23de Februarij, da Guds-Tienesten igjen den paafølgende Søndag, Dom: Qvinqvag: [18] skeede ved Stædet.-

Samme Søndag var samme Ungdom forsamlet for mig, da Synef Joensdatter [vid: No. 8te:][19] der havde begaaet 2de: Leyermaal[20], førend hun blev confirmeret, blev af mig publice absolveret[21], og første gang med flere, admitteret til Herrens Nadvere.-

Den 25de Junij reiste Skolemæsteren til fieldet, og kom den 27hujus til første finne-Boelig, og forblev ved Lærdom udi fieldet indtil den 16de Aug: da hand kom ned til Harrans Kirke med Een deel Familier, hvilcke jeg tillige med den Ungdom, der tiener i bøygden, havde forsamlet i Harrans Kirke den paafølgende Løverdag og Søndag, Dom: 10 p: Trinit:[22] til Catechisation.-

Överhalden den 19de Septembris 1754
Saaledes rigtig at være
Test: Jørgen Darre

Finneskolemesteren hadde todelt jobb

Det går her fram at finneskolemesteren hadde ein todelt jobb. For det første underviste han sameungdommane ved å oppsøke samefamiliane i fjellet. Dette gjorde han på fem veker i september og oktober. Dette betyr ikkje at dei alle fekk fem veker sammenhengande undervisning, for samane budde sjølvsagt ikkje på ein og samme plass i fjellet. Skolemesteren måtte nok gå fra stad til stad og kanskje samle ungdommane i ei høvelig ledig gamme når familiane budde nært kvarandre. Så gjekk det nesten eit år før neste gong skolemesteren drog til fjells for ein ny runde med undervisning av dei samme ungdommane. Det skjedde ikkje før i slutten av juni, circa på den tida fjellsamane merka reinkalvane som var født i mai. Dette skjedde på faste samleplassar nært kalvingsområda. Finneskolemesteren, som ein må gå ut frå hadde kjennskap til driftsmønstret til dei samane som dreiv med rein, ville da lett finne samefamiliane i fjellet. Kanskje dei hadde flokkane samla, slik at fleire gammer låg i lag.

For det andre underviste han dei samiske ungdommane som var i tjeneste på gardane i Grong og Harran. På denne tida i januar 1754 var dette i alt ti personar. Desse samla han på garden Moa i Harran knappe to veker, før han tok dei med over til kirka på Høylandet. Her vart det samegudstjeneste to heile dagar, med ”Catechisation”. Dette siste måtte vere einvegs undervisning og belæring frå presten Darre si side. Etter dette var finneskolemesteren rundt om i Høylandet sokn og underviste dei sameungdommane som tjente på gardane der, fram til den 23. februar.

Skolemesteren brukte to dagar til fots før han kom til ”første finnebolig” i ”Field-Annexernis Sogner”, dvs i Harran og Grong slik det er formulert i journalen. Det ser ut som undervisninga av samar i fjellet gjekk for seg innover og oppover i Namdalen, ikkje vestover mot fjella mellom Overhalla og Fosnes eller sørover mot fjella mellom Overhalla og Snåsa. Var det slik at samane som heldt til der ikkje fekk undervisning? Fekk dei kanskje undervisning av finneskolemestrar i Snåsa eller Beitstad? Eller vart reinnomadismen på denne tida praktisert slik at alle samane i fjellet vart ”fanga opp” av skolemesteren ved dei to fjellturane i Grong og Harran i september-oktober og juni-august? Materialet her gir ikkje noko svar.

Men det er kjent at det var ein eigen finneskolemester på Snåsa. Dessutan finst det ei innføring i kirkeboka for Beitstad som kan tyde på at det var ein eigen finneskolemester som underviste samane i Beitstad og Namdalseid. I 1737 blir nemlig Jøren (Jørgen) Hansen Finne Skolemester gift med Maren Mortensdatter, født på Inderøy 1712, begravd i Beitstad 1742.[23] Om dette ”Finne” betyr at Jørgen Hansen var finn, altså same, om han var ”finneskolemester”, eventuelt om han var begge delar, er uklart av kirkebokinnføringa. Bygdebøkene for området nemner ikkje at sameungane i Beitstad eller Namdalseid fekk undervisning på denne tida, men det kan godt vere tilfelle likevel.

Samiske drengar og tauser på gardane

Det ser ut som ein relativt stor andel av dei samiske ungdommane som fekk undervisning, arbeidde som drengar eller tauser på gardane i bygdene. I tillegg til dei ti i Grong og Harran var det òg fleire på Høylandet, uvisst kor mange. Interessante spørsmål reiser seg: Korfor har så mange samiske ungdommar tjeneste i bygdene? Var dei nødt? Kunne dei ikkje skaffe seg levebrød i det samiske samfunnet? Hadde dei spesielle kunnskapar eller ferdigheiter, for eksempel på området slakting, flåing, skinnhandsaming, framstilling av skinnvarar – kunnskap knytta til samane si utnytting av reinen? Eller ønska dei samiske familiane at ungdommane skulle lære seg norsk språk og bondekultur gjennom å arbeide på ein gard? Hadde det vore slik lenge eller var dette eit nytt fenomen? Vi veit ikkje, så spørsmåla får stå utan svar foreløpig.

Berre ein samisk person er namngitt i journalen, nemlig Synnøve (Synef, Synev) Johnsdatter som måtte stå fram og tilstå syndene sine offentlig før ho fekk bli konfirmert. Offentlig skrifte og syndsforlating var knallhardt for ei ung jente. Men det måtte til for å få lov til å bli konfirmert. Og korfor var konfirmasjonen oppfatta som så viktig? Jo, utan å vere konfirmert kunne ingen gifte seg i kirka på denne tida.

47 samar med på konfirmasjonsundervisninga 1753-54

Det er med to svært interessante vedlegg til denne Journal-rapporten. Det eine er eit manntall over 47 samar som har fått undervisning dels i fjellet og dels i bygda. 44 av desse er samiske ungdommar mellom 9 og 24 år, men i tillegg er det med tre menn – to på 31 og ein på 36 år - som knapt kan kallast ungdommar. Desse 47 har da vore med på konfirmantundervisning i forskjellig grad, men ein må gå ut frå at skolemesteren hadde eit slags minimumsopplegg som han gjekk igjennom med alle, enten det var i gammene i fjellet eller i trønderlåna på Moa.

I manntallet har soknepresten og skolemesteren sammenfatta status for kvar enkelt når det gjeld følgande:

Berre tre av elevane les svært godt og får karakteren optime. Men heile ti les godt. Så er det heile skalaen nedover frå middels til dei som berre såvidt kan stave seg fram. Tre får merknad om at dei har trøbbel med lesinga på grunn av ”svage öyne”.

Pugginga av katekismen må ha vore vektlagt mye frå presten og skolemesteren si side, for knapt ein firedel av elevane har fått merknad om at dei kan alt – totum – utanboks. Men om lag samme andelen ligg i motsett ende av skalaen og blir nulla. Kor mye dei forsto av dette, dei samiske ungdommane som hadde eit heilt anna morsmål, var tydeligvis ikkje så interessant.

Når det gjeld kva dei kunne meir enn katekismen, så går ikkje dette på om dei kunne rekne eller hadde kunnskapar om andre emne. Nei, det var kristendomskunnskap som vart lagt einsidig vekt på. Så i denne rubrikken står det berre om kva spørsmål dei kunne svare på i PF. PF er ei forkorting for Pontoppidans Forklaring til Luthers katekisme, ei samling av spørsmål og svar som det ikkje kan ha vore lett for barn og ungdom å forstå noko særlig av. Det var vel ikkje utan grunn at konfirmasjonsnålauget vart kalt for prestpina på folkemunne.

Når det gjeld rubrikken ”Confirmeret eller ikke”, er det 19 av dei 47 som alt har sleppt gjennom nålauget i skrivande stund den 19. september 1754. Det står da som merknad confirmata (jenter) og confirmatus (gutar). Seks får bli konfirmert i næraste framtid, mens 22 ikkje får bli konfirmert enno. Om vi ikkje tar med dei tre som ikkje er å rekne som ungdommar, betyr dette at halvparten av dei som er undervist ikkje får bli konfirmert enno. Årsaken kan vere for liten leseevne eller for liten kunnskap i katekisme og forklaring. Ein annan årsak kan vere at dei rett og slett ikkje er gamle nok. I 1754 var det mindre enn tjue år sidan konfirmasjonsordninga var innført, og det var vanlig at konfirmasjonsalderen låg rundt 16-19 år i bondebefolkninga.

Alle dei tre eldste samane i elevflokken får sleppe fram på kirkegolvet for å få prestehanda på hodet, også 31 år gamle Joen Jensen med ”svage öyne”, male (dårlig) leseevne og berre i stand til å svare på ”faae Spörsmaal” frå Pontoppidans forklaring.

Manntall over samiske ungdommar

Eg tar med den nummererte namnelista og personane sin alder frå Mandtal paa Ungdommer og deris Nafne, som kan vere av interesse for slektsgranskarar og andre, om ein brukar aldersopplysningane og koplingane som er mulig til familiemanntallet som er med nedanfor. Eg har ikkje tatt med lesekarakterane, listene over kunnskap i Luthers katekisme og Pontoppidans forklaring. Dette er tatt med av Anders Løøv i Årbok for Namdalen 1999.

1 Anders Joensen 18
2 Lars Jörgensen 19
3 Peder Siursen 20
4 Anders Jensen 16
5 Ragnille Siursdr 18
6 Margrete Tomesdr 20
7 Sophie Siursdr 17
8 Synev Joensdr 22
9 Kirsti Nielsdr 18
10 Inger Tomesdr 18
11 Gunille Siursdr 22
12 Maria Siursdr 17
13 Henric Tomæssön 19
14 Kirsti Tomesdr 12
15 Maria Joensdr 24
16 Kirsti Joensdr 21
17 Jacob Joensen 17
18 Clemet Nielsen 17
19 Poul Nielsen 13
20 Dina Jensdr 23
21 Kirsti Jensdr 21
22 Marite Jensdr 17
23 Joen Jensen 31
24 Niels Andersen 36
25 Berete Siursdr 24
26 Kari Siursdr 15
27 Jens Joensen 22
28 Ole Joensen 31
29 Maria Joensdr 16
30 Dorete Nielsdr 17
31 Christian Nielsen 16
32 Jens Nielsen 13
33 Berete Tomædr 23
34 Joen Poulsen 14
35 Ane Poulsdr 12
36 Inger Siursdr 21
37 Siur Siursen 12
38 Lasse Siursen 13
39 Malena Tomædr 15
40 Elen Joensdr 17
41 Torchil Danielsen 9
42 Niels Jörgensen 9
43 Sari Andersen 18
44 Tomes Nielsen 12
45 Sophie Jörgensdr 10
46 Joen Siursen 10
47 Niels Joensen 11

Tilleggskommentarar

Om vi held dei tre vaksne gutane nr 23, 24 og 28 utanfor, er gjennomsnitts-alderen på dei 44 sameungdommane som får undervisning 16.8 år. Snittalder for jentene er 18.3 år, for gutane 14.9.

Historikar Håkon Hermanstrand har i samband med si ferske hovedfagsavhandling frå 2005 laga eit systematisk arkiv over samiske kirkebokinnføringar for søndre Bindal, Nærøy, Fosnes og Overhalla i tidsrommet 1775 – 1804. Han har dessutan kjennskap til dei to frå før kjente manntalla for samar i Overhalla 1782 og 1789. Han har gått gjennom første utkastet til denne artikkelen og sammenlikna namn frå dette materialet med arkivet sitt. Av dei 47 personane i lista ovanfor er han berre i stand til å finne noko rimelig sikkert om berre 14 i desse andre kjeldene. Om ein ikkje legg vekt på avvik i alder, kan dette tallet aukast til 20. Dei yngste i denne 1754-lista er 9 år, så desse personane ville vere 59 år i 1804, noko som var ein høg alder etter datidas målestokk.[24] Ein god del ville nok vere døde på naturlig vis i ein alder langt under 60 år. Spørmål som da melder seg, er: Kor vart dei andre av? Alle dei som manglar flytta vel ikkje bort? Og dei som ikkje flytta, søkte dei ikkje ned til kirkene i bygdene nært dei fjella dei heldt til? Gifta dei seg ikkje? Døpte dei ikkje ungane sine? Vart dei ikkje gravlagt i vigsla jord?

Ein mistanke som melder seg når ein funderer over dette er: Praktiserte samane i Namdalen enno fram mot år 1800 den gamle skikken med å gravlegge sine døde i fjellet på tradisjonelt førkristent samisk vis? Det er funne samiske graver i fjellet her som kan tyde på dette.

No er det slik at reindriftssamane flytta mye, og spesielt må ein gå ut frå at fartinga over på svensk side av riksgrensa hadde eit visst omfang. Ein del av ”fråfallet” kan nok forklarast med flytting til svenske kirkesokn. Men ”fråfallet” er så stort at dette ikkje kan forklare alt svinnet. I alle høve viser dette at det ikkje er enkelt å rekonstruere samiske familiar og samiske enkeltpersonar sine livsløp berre ut frå dei norske skriftlige kjeldene.

Manntall over 30 samefamiliar i 1754

Det andre tillegget til journalen er eit manntall over samiske familiar innanfor det gamle og kjempestore Overhalla prestegjeld i 1754. Vi må gå ut frå at dette er familiane som har ungar eller ungdommar under undervisning av sokneprest Jørgen Darre eller finneskolemesteren, og at dette er samefamiliar som har opphold og livberging innanfor Overhalla store delar av året.

Men det er grunn til å minne om at riksgrensa til Sverige ikkje betydde mye for samane og at mange av sijtene hadde reinbeite og beiterettar på begge sider av den riksgrensa som vart fastsett i 1751 etter major Schnitler sin grenseeksaminasjon på 1740-tallet. Lappekodisillen – tillegget til grenseavtalen av 1751 - fastsette at samane framleis skulle ha rettar på begge sider av grensa. Men samane måtte sjølv velge om dei ville vere norske eller svenske statsborgarar og dermed kva for land dei skulle skatte til. Ein må gå ut frå at dette med kva for kirke dei søkte til for dei pålagte kirkelige handlingane òg hadde ein del å seie for kva land dei valgte å bli statsborgarar i. Men avgjerande var det neppe. Det er vel kjent at samane si kjensle av å vere eit folk med mange slektskapsband og band til landskap på kryss og tvers av riksgrensa, har ført til at dei har neglisjert grensa og har hatt lett for å halde fram med å flytte att og fram over grensa opp gjennom åra.

Det er lista opp i alt tretti samefamiliar i dette Mandtalle paa de finne-Familier som sortere under Overhaldens Præstegjelds District. Dei er:

    1. Torchil Joensen med Familie
    2. Daniel Joensens Enke med Familie
    3. Joen Andersens Enke med Familie
    4. Niels Nielsen med Familie
    5. Enke Berete Joensdatter med Fam.
    6. Joen Nielsen med Familie
    7. Henric Jacobsen med Familie [25]
    8. Anders Andersen med Familie
    9. Joen Nielsen den mindre med Familie
    10. Niels Clemetsens Enke med Familie
    11. Siur Lassesen med Familie
    12. Niels Nielsen, den mindre med Familie
    13. Enken Siri Joensdr. med Familie
    14. Anders Jemt med Familie.
    15. Anders Nielsen med Familie
    16. Enken Marite Nielsdr. med Familie
    17. Jens Nielsen med Familie
    18. Enken Berete Jensdr. med Familie
    19. Anders Siursen med Familie
    20. Halt Jens med Familie
    21. Niels Jensen med Familie
    22. Enken Berete Nielsdr. med Familie
    23. Blind Paul med Familie
    24. Jörgen Nielsen med Familie
    25. Peder Joensen Teplingen med Fam.
    26. Enken Siri Andersdr. med Fam.
    27. Niels Joensen med Familie
    28. Anders Jensen med Familie
    29. Johannes Siursen med hustrue
    30. Enken Berete Olsdatter med Familie
Håkon Hermanstrand har gått særlig nøye gjennom samiske innføringar i kirkebøkene for Kolvereid frå 1737, Nærøy frå 1740, Vikna frå 1754, Leka frå 1750, Foldereid 1736-1750 og vidare frå 1762. Men han har ikkje lyktest med å finne meir enn ein einaste av desse tretti 1754-familiane der. Trulig er nummer 29 på lista, Johannes Siursen med hustru, identisk med den Johan Sjursen som blir forlova med Maria Johnsdatter den 25.2. 1753 og gift i Kolvereid-kirka den 18.3. 1754. Fornamna er skrivne forskjellig, men Johannes og Johan var namn som gjekk om kvarandre på denne tida. Så mest trulig er dette samme person Johannes Siursen både i Overhalla-manntallet og i kirkeboka for Kolvereid.

Dette kan jo tyde på at 1754-familiemanntallet hovedsakelig er samar som heldt til i fjellet i Overhalla-, Høylandet-, Grong-, Harran-, Namsskogan-området og i liten grad var utover i ytre strøk av Namdalen. Unntaket er da iallfall nummer 29 Johannes Siursen som vart gift i Kolvereid-kirka, men òg familie nummer 25 Peder Joensen Teplingen. Teplingan er nordom den innerste austlige delen av Foldfjorden, så namnet knyttar denne familien til Ytre Namdal.

Andre halvdel av 1700-tallet var det utan tvil stor samisk aktivitet i dei ytre strøka. Det har Håkon Hermanstrand dokumentert i si avhandling.[26] Derfor er det rart at det ikkje går an å påvise større samband mellom desse tretti samefamiliane i 1754-manntallet og dokumentasjonen til Hermanstrand frå Ytre Namdal og Bindal. Forklaringa er kanskje at ein god del av den totale samiske eksistensen i Namdalen ikkje er fanga opp av dei skriftlige kjeldene. I så fall er dette igjen ei påminning om at samisk eksistens er underregistrert i dei skriftlige kjeldene og at ein må vere varsam med ex-silentio-slutningar.

Overraskande stabile tall på samefamiliar og personar

Det går ikkje fram av manntallet kor mange personar det er i kvar familie. Det gjorde det i samemanntallet for Overhalla frå 1782 som er referert i Årbok for Namdalen 1989.[27] Antallet samefamiliar har endra seg lite frå 1754 til 1782. Det var 30 i 1754, 29 i 1782. Kan dette tyde på at det samiske samfunnet i dette området var ganske fasttømret, og at samiske ungdommer måtte ut av det for å finne levebrød?

Om ein går ut frå at det gjennomsnittlige tallet på personar i kvar familie er det samme i 1754 som i 1782, må det i 1754 vere ca 105 samar innanfor Overhalden District. Finnemisjonær og kapellan Hans Blydt sette opp eit manntall over alle samane i Overhalla prestegjeld i 1792. Da var det 106 samar i dei 31 familiane.[28] Forbausande konstante er talla både når det gjeld familiar og antall personar. For øvrig er sju av dei 31 samefamiliane i 1792 no å rekne som meir eller mindre fastbuande bygdesamar, med tilhaldsstader i Katmomarka, Brøndbomarka, Elstad, Fiskum, Grandaunet, Skarland og Halvardmo.

Ellers legg ein merke til at to av samane i 1754-familielista ikkje står oppført med etternamn (patronymikon), men med karakteristisk kroppslyte knytt til namnet: nummer 23 Blind-Paul og nummer 20 Halt-Jens.

Skrifting og tilgiving

Eit fåtall namn i manntallet kan knyttast til interessante innføringar i kirkebøkene. Eg vil her nemne to. I 1749 har presten i Grong hatt møte med ”Eet Lappe-Par, ved Nafn Niels Clementsön og Elen Nielsdaatt.”[29]Dei har skrifta sine synder og fått tilgiving ”formedelst, at de haver entholdet sig fra Herrens Nadverd over Aaret.” Denne Elen Nielsdatter er da mest trulig enka nemnt som nummer ti i familiemanntallet 1754.

På samme side i kirkeboka, samme år, skrifta samen Anders Andersen for presten i Harran-kirka. Dette er da trulig samme Anders Andersen som står som nummer åtte i familiemanntallet 1754. Han hadde større og alvorligare saker å gjere opp for enn Niels Clementsen og Elen Nielsdatter. Presten må ha vore ganske rysta sidan han har skrive ned følgande detaljerte innføring i kirkeboka: ”Fer: 3tia Pascha: Ved Harran blev Finnen Anders Andersön publice Absolv: for fördte u-tugtige Omgiengelse, med Finne-Enken i Beedstaden Sophie Thomasdaatt! Iligemaade fordi hand Hafde fördt sin Trolovede herfra, Kirstine Nielsdaatt: Fin, om med sig i Landet, og avlet Börn med hende, förend de kunde blive Copulerede: da bemte hans Trolovede Encke, ogsaa stoed Skrift, for sin Selvraadighed og Lætfærdige Omgiengelse med hannem.”[30]

Men tilgiving ser dei ut til å ha fått, både Anders Andersen og Beitstad-enka Sofie Tomasdatter.

Til slutt: Takk til lektor Håkon Hermanstrand, Hofles i Nærøy, som har komme med verdifulle kommentarar og tilleggsopplysningar undervegs i arbeidet med denne artikkelen.


[1] Nidaros bispearkiv, pakke nr 35. Statsarkivet i Trondheim
[2] Berglund 2004: 9.
[3] Ifølge Aavatsmark 1999: 8, Groven 1968: 203.
[4] Sitert etter Aavatsmark 1999: 8.>
[5] Sitert etter Groven 1968: 212f.
[6] Ei sijte var ei gruppe av samar med sterke slektsband som dreiv reinnomadisme i fellesskap innanfor eit bruksområde kor dei hadde sommarbeite og vinterbeite, flyttvegar, slakteplassar, merkeplassar, gjelleplassar, vintergammer, høvelige plassar for lagring av kjøtt og reinmelkkagger.
[7] Løøv 1989b: 57.
[8] Groven 1990: 644.
[9] Groven 1968: 213.
[10] Groven 1968: 224.
[11] Sitert etter Groven 1968: 217. Visitasprotokollen er å finne i Nidaros bispearkiv, Statsarkivet, Trondheim.
[12] Løøv 1989b: 35, 38.
[13] Bergsland 1989.
[14] Løøv 1999.
[15] Hujus = månad, det vil seie den samme månaden som den siste månaden nemnt framom i teksten. Her vil det da seie den 21. januar 1754.
[16] Festo purif: Mariæ = Festo purificatio Mariæ = Festen for Marias reinsing = Marias renselsesdag = Candelarum festum = Kyndelsmess. I 1754 var dette på laurdag den 2. februar.
[17] Dom: 4ta p Epiphann = 4. søndagen etter Epiphania, som var De hellige tre kongers aften, søndag den 6. januar 1754. I 1754 var 4. søndag etter Epiphania Domini den 3. februar.
[18] Dom: Qvinqvag = Søndag qvinqvagesima = Den niande søndagen før påske. Namnet betyr ”den syttiande”, underforstått ”den syttiande dagen før påske”, jamvel om dagen er berre 63 dagar før påske. I 1754 var dette søndag den 24. februar.
[19] Synef Joensdatter = Synnøve Joensdatter [vid: No. 8te:] betyr at Synnøve står som nummer 8 i manntallslista frå 1754, attgitt nedanfor.
[20] Leiermål: Seksuell omgang utanfor ekteskap. Vart oppdaga når det førte til graviditet. Dette var både stor skam og straffbar handling på 1600- og 1700-tallet i Danmark-Norge.
[21] Publice absolveret betyr at Synnøve Joensdatter fekk syndsforlating etter å ha skrifta offentleg for presten og menigheita. Det var slik på 1700-tallet at synder som ingen andre visste om, kunne ein skrifte hemmeleg for presten. Men om syndefallet var offentleg kjent, så måtte skriftemålet òg vere offentleg. Da måtte syndaren stå fram for menigheita, bekjenne synd, be om syndsforlating og love at synda ikkje skulle gjenta seg.
[22] Den 10. søndagen etter treenighetsfesten. Trinitatissøndagen er søndagen etter pinse. Den avslutta første halvdelen av kirkeåret. Søndagane etter trinitatissøndagen fekk fortløpande nummer frå 1 til 26. Da var ein kommen til første søndag i advent, og eit nytt kirkeår starta da, i utakt med kalenderåret. Den tiande søndagen etter Trinitatis var den 18. august 1754.
[23] Beitstad Kirkebok nr 1 1722-1804, innføring 13.1. 1737.
[24] Håkon Hermanstrand i e-post til artikkelforfattaren februar 2006.
[25] Håkon Hermanstrand i e-post februar 2006: ”Sannsynligvis den Henrich Jacobsen som var gift med Solvie/ Solveig Pedersdatter (se 1782/ 1789-manntall og Dergafjellet i 1801). Mange barn som vokste opp, og som tydeligvis hadde tilknytning til Dergafjellområdet.”
[26] Hermanstrand 2005. Løøv 1989a.
[27] Groven 1968: 224, viser til Nidaros Bispearkiv 1792.
[28] Overhalla kirkebok 7 folio 280a.
[29] Overhalla kirkebok 7 folio 280a.
[30] Berglund 2004: 9.


Litteratur

Berglund, Birgitta 2004: Runebommer, noaider og misjonærer. I: Spor nr 1 2004: 4-10. Trondheim: DKNVS.
Bergsland, Knut 1989: De samiske innførslene i Harran kirkebok. I: Løøv 1989b: 61-62.
Groven, Gunnar 1968
Overhalla bygdebok. Bygdehistorie fra ca. 1600 til 1837. Bind V. Namsos: Overhalla kommune. Groven, Gunnar 1990
Overhalla bygdebok. Bygdehistorie fra 1837 til etter siste verdenskrig. Bind VI. Namsos: Overhalla kommune.
Hermanstrand, Håkon 2005: Sørsamisk samfunn i endring. Fokus på Åarjel-Njaarke 1775 – 1865. Hovedfagsoppgave i historie. Trondheim: NTNU.
Løøv, Anders 1983: Samer i Overhalla. I: Arbok for Namdalen 1983: 5-17. Namsos: Namdal historielag.
Løøv, Anders 1989a: Samemanntall for Namdalen fra år 1782: En nyoppdaget kilde. I: Årbok for Namdalen 1989: 99 -106. Namsos: Namdal historielag.
Løøv, Anders 1989b: Harran sogns kirkebok 1706-1748. Transkribert og kommentert. Grong historielag.
Løøv, Anders 1999: Samemanntall for Namdalen fra år 1754. I: Årbok for Namdalen 1999: 80 - 85. Namsos: Namdal historielag.
Aavatsmark, O.S. 1999: Thomas von Westens virke blant finnene i Namdalen. I: Årbok for Namdalen 1999: 7 -11. Namsos: Namdal historielag.


Samisk skolehistorie 5