Samisk skolehistorie 1 - Omtale i Klassekampen 19.12.2005

Klassekampen: Magnhild Folkvord

Skolehistorie om overgrep

Sist veke lanserte det samiske forlaget Davvi Girji første bandet av Samisk skolehistorie, ei historie om korleis skolen spelte ei sentral rolle i fornorskinga av samane i Noreg.

- Samisk skolehistorie er historia om eitt av dei verkeleg store overgrepa i noregshistoria, seier Svein Lund, hovudredaktør for det første bandet av Samisk skolehistorie.

Boka er ei samling av i alt 32 artiklar, både oversiktsartiklar, minne og intervju med personar som har opplevt den samiske skolehistoria - som elevar, foreldre, lærarar eller i andre stillingar i skolane for samiske barn.

Henry Minde, professor i historie ved Universitetet i Tromsø, skriv om korleis fornorskinga av samane vart introdusert innan kultursektoren «med skolen som slagmark og lærerne som fotsoldater»

Han peiker på opprettinga av Finnefondet (1851) som ein start og Alta-kampen (1979-82) som ei avslutting av fornorskingspolitikken overfor samane. Minde har komme fram til at den årlege offentlege innsatsen for fornorsking frå 1870-talet sannsynlegvis låg på eit nivå som tilsvarar den samla innsatsen over statsbudsjettet i dag for å «rehabilitere» og styrkja det samiske samfunnet.

Lønnspålegg

Ein instruks for lærarar som direksjonen for Tromsø Stift utarbeidde i 1880 slo fast at alle samiske og kvenske barn skulle læra å tala, lesa og skriva norsk. Alle tidlegare formuleringar om at dei skulle læra morsmålet, vart strokne. Dette vart følgt opp med eit lønnssystem som gjorde at dei lærarane som ikkje kunne visa til gode resultat i «ombytte av sprog», ikkje fekk lønnspålegg. For norske lærarar vart dette ei sterk inspirasjon til å forsterka fornorskingsarbeidet, medan samiske og kvenske lærarar ikkje såg noko poeng i å søkja om tillegget.

Ei ny forsterking av instruksen frå 1880 kom med den såkalla «Wexelsen-plakaten» i 1898. Her fekk lærarane til og med pålegg om å sjå til at samiske og kvenske elevar heller ikkje brukte morsmålet i friminutta. Tilskott til opplæring i samisk og kvensk ved Tromsø Lærerskole fall bort.

Formelt stod «Wexelsen-plakaten» ved lag heilt til Stortinget behandla Samekomiteen si innstilling i 1963. Ifølgje Minde finst det dokumentasjon på at instruksen somme stader vart følgt eit godt stykke inn på 1960-talet.

Kyrkjeleg usemje

Rektor Hans Lmdkjølen sin artikkel om kyrkja si rolle i samisk opplæring gir eit interessant bilete av korleis kyrkja på ymse vis har vore «på begge sider» i fornorskingsprosessen. Kristne misjonærar var dei første som utvikla eit samisk skriftspråk, dei første alt på 1600-talet. «Finnmarks apostel», Thomas von Westen, gjekk alt på 1700-talet inn for å skaffa samane både ABC-bok og andre lærebøker på samisk. Men alt da von Westen døydde i 1727, tvinga biskop Peder Krogh igjennom at alle samebarn skulle få opplæring på norsk/dansk, slik at dei kunne bruka norske bøker og vera med på gudstenester i lag med nordmenn.

Konsekvensar

Boka, som har tekst både på samisk og norsk, gir også sterke bilete av korleis samiske elevar opplevde fornorskinga gjennom skolen i tida etter andre verdskrigen. Summen av forkorta skolegang for dei som var i skolealder under krigen og sterkt fornorskingspress i tida etterpå har hatt alvorlege verknader. Sara Tornensis Bongo, fødd i 1935, fortel i intervju at ho først kom på skole i Kautokeino i 1946. Der lærte ho nesten ingenting, sia alt var på norsk. Nokre av lærarane kunne samisk, men hadde ikkje lov til å bruka språket i undervisinga, og dei tilsette på skole-internatet snakka berre norsk. Skolen varte seks veker om hausten og seks veker om våren. Ni veker på framhaldsskolen var heller ikkje til stor hjelp. Læraren snakka eit språk Bongo ikkje forstod. Ho fortel i intervjuet at ho tok førarkort 42 år gammal, med god hjelp av ei søsterdotter som hjelpte henne med å den læreboka ho måtte igjennom til førarprøven.

Redaksjonen varslar at dei alt har mykje stoff til band to. Planen går ut på å gi ut minst fire band av Samisk skolehistorie.

I samband med boklanseringa rettar redaktør Lund ein takk til dei som har gjort det mogeleg å gi ut boka, mellom andre dei tre nordlegaste fylkeskommunane, Sametinget, Fritt Ord og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening. Men han seier også noko om dei som har sagt nei til å vera med på finansieringa, Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) og Utdannings- og forskingsdepartementet (UFD). Dei har ikkje gitt anna forklaringar på avslaga enn «budsjettmessige årsaker».

- Ein kan lura på om det er slik at staten ikkje ønskjer å ta ansvaret for sin eigen politikk og ikkje ønskjer at sanninga om dette skal komma fram, seier Lund.


Samisk skolehistorie - startsida