Samisk skolehistorie 1 og 2 - Omtale i Dag og Tid 11.04.2008

Ottar Fyllingsnes:

Samisk skulehistorie i vanskar

– I staden for å verta plasserte i skammekroken vart elevar låste inne i bokskåpet! Eleven måtte vera i skåpet til skuletimen var over. Slik var stoda på ein skule i Finnmark i etterkrigstida. Det er Svein Lund, hovudredaktør for «Samisk skolehistorie», som fortel denne historia.

– Fornorskingspolitikken overfor samane er eit av dei største brotsverka i noregshistoria. Styresmaktene visste kva dei gjorde, og heile tida var det folk som protesterte mot denne politikken. I «Samisk skolehistorie» vil me dokumentera dette.

I den samiske skulehistoria finst det fleire historier om mishandling av samiske elevar. Ein mann fortalde at han og broren ikkje kunne norsk då dei byrja på skulen. Dei fekk slag over fingrane med linjalen om dei hadde snakka samisk i friminuttet. «Vi småunger lærte fort. På grunn av harde slag på små barnehender og kraftig lugging sluttet vi snart å snakke samisk», fortel ein tidlegare elev, og denne historia er slett ikkje eineståande.

Pengemangel

Arbeidet med «Samisk skolehistorie» vart starta opp i 2003, og så langt har det kome ut to band med over 400 sider i kvar. Innhaldet er både på norsk og samisk. Den samiske teksten varierer mellom nord­, lule­ og sørsamisk, den norske mellom nynorsk og bokmål. Planen er å gje ut minst fem band, men det skortar på pengar. Dei to banda som har kome ut, inneheld artiklar og kortare og lengre intervju med folk som kan fortelja om den samiske skulesoga.

– Ein av dei som fortel, har gått på tre ulike folkeskular. To av dei var forferdelege. Den tredje hadde eit svært godt tilbod, der dei hadde reindriftsline på ungdomsskulen. I bøkene prøver me å få fram både det positive og det negative, seier Lund.

Band I tek for seg grunnskulen, medan band II òg tek for seg den vidaregåande skulen. – I band III tek me for oss barnehagen, samtidig som me held fram med forteljingar frå grunnskulen. Manuset er så godt som ferdig, men me slit med å finansiera trykking og utgjeving. Band IV skal mellom anna handla om høgare utdanning, og i det siste bandet tek me òg for oss spesialundervisninga, fortel Lund.

Som medredaktørar for verket har han Elfrid Boine, som er tilsett i opplæringsavdelinga hjå Fylkesmannen i Finnmark, og Siri Broch Johansen, som leier språksentret i Tana. Dei har fått økonomisk støtte frå fleire fylke, høgskular, Sametinget, Kulturrådet og Fritt Ord, men ikkje frå Kunnskapsdepartementet.

– Dei meiner at det er opp til Sametinget å løyva til prosjektet, eller dei har vist til at dei ikkje har pengar på budsjettet. Me har heile tida hevda at det er norske styresmakter som har ført ein fornorskingspolitikk, og at det er deira ansvar å sørgja for å dokumentera det som har skjedd, seier Lund.

Samiske lærarar

Det er kjent at samisk språk og kultur i tidlegare tider har vore undertrykt i skulen, men biletet er ikkje berre svart.

– I delar av 1700­ og 1800­talet fekk elevane opplæring på samisk. Eg har spurt mange om dei veit kva tid den første undervisninga på samisk kom i gang, og dei best orienterte har tippa at det skjedde i 1960­ eller 1970­åra. Men det er feil. Den første undervisninga på samisk i skulen byrja rundt 1715, og det skjedde mange stader frå Trøndelag og nordover den gongen Thomas von Westen organiserte samemisjonen. Det var først kring 1850 at staten satsa systematisk på fornorskingspolitikken. På den tida skjedde undervisninga på samisk med samisk lærar og samiske lærebøker. Seinare vart det vanleg å orsaka og bortforklara fornorskingspolitikken med at ein visste ikkje betre, eller at det ikkje fanst lærarar som kunne samisk, men det stemmer ikkje. Me har døme på lærarar som hadde samisk som morsmål, men dei vart nekta å bruka samisk i skulen. Andre lærarar var sjølvmedvitne og ivrige fornorskarar. Det finst også døme på at samisktalande lærarar har straffa samisktalande ungar for å snakka samisk, og då kan ein ikkje orsaka at det ikkje fanst lærarar.

I mange år var det heilt umogleg å få ut bøker på samisk, og det førde til at det heller ikkje vart skrive så mange. Ein annan politikk var heile tida fullt mogleg. I heile 300­årsperioden har det funnest folk som har arbeidd for at det skulle vera undervisning på samisk.

Svein Lund meiner at det også i dag er sterke krefter som arbeider for å avskaffa undervisninga i og på samisk. – Frå 1950­åra avskaffa den norske staten gradvis fornorskinga, men det finst krefter som arbeider for ei rehabilitering av denne politikken med tanke på å fjerna det som er oppnådd for samisk språk og kultur. I denne situasjonen er det ekstra viktig at den samiske skulehistoria vert dokumentert.

Totalt språkskifte

På Sørøya nordvest i Finnmark var det til dømes for hundre år sidan fleire skulekrinsar som berre hadde samisktalande elevar, men i dag er samisk språk så godt som borte.

– Det har skjedd eit totalt språkskifte. Lærarar fekk lønstillegg for å gjera ein god innsats i fornorskinga. Dessutan gjekk lærarane på foreldra for å få dei til å snakka norsk. Skulen spela ei svært viktig rolle både overfor elevar og foreldre. Det er mange døme på at elevar som snakka samisk heime, men etter kvart som dei byrja å snakka norsk på skulen, så ville dei ikkje snakka samisk i heimen. Dei hadde lært på skulen at det var noko skamfullt. Det er også mange døme på at samiske elevar gjekk over til å snakka norsk med kvarandre, fortel Svein Lund.

Den samiske skulehistoria er førebels trykt i 1000 eksemplar per band. Bøkene vert gjevne ut av forlaget Davvi Girji i Karasjok.


Samisk skolehistorie 2 - startsida