Tilleggsmateriale til boka Samisk skolehistorie 5. Davvi Girji 2011.

Ole Einar Olsen og Bernt M. Bongo:

Kautokeino - den samiske yrkes- og husflidsskolen

Intervjua av Svein Lund, 1975

Ole Einar Olsen og Bernt Morten Bongo

Ole Einar Olsen og Bernt Morten Bongo på skoletrappa 1975
(Foto: Svein Lund)

Denne artikkelen sto i YLI-avisa nr. 8/1975 - nr 1/1976 (dobbeltnummer). YLI-avisa var utgitt av Yrkesskoleelevenes og lærlingenes interesseorganisasjon.

Artikkelen er ikkje signert i avisa, men er skrive av Svein Lund, som året før var elev ved Den samiske yrkes- og husflidsskolen. Da han skreiv artikkelen var han elev ved Hammerfest yrkesskole og medlem av distriktsstyret i YLI. Han er nærare presentert i Samisk skolehistorie bind 2.

Ole Einar Olsen var rektor ved skolen 1975-82. Han er frå Tana, født i 1936. Han har lærerskole frå Oslo 1968-70 og har i tillegg studert ved Universitetet i Oslo og Norsk lærerhøgskole i Trondheim. Han har undervist ved Malangen realskole og Kautokeino barneskole. Etter perioden som rektor var han fylkesskolesjef i Finnmark til 2001, da han gikk av med pensjon.

Bernt Morten Bongo var skoleåret 1975/76 elevrådsleiar ved skolen og elev ved snikkarlinja. Han er født i 1956, oppvokst i Guovdageaidnu. Etter fullført utdanning som møbelsnikkar tok han vidare utdanning som innreiingsarkitekt i Oslo, og frå 1990 har han vore sceneteknikar ved Beaivváš sámi teáhter i Guovdageaidnu.

Av alle yrkesskolane i landet er det bare ein som er spesielt berekna på samisk ungdom. Den samiske yrkes- og husflidsskolen i Kautokeino har blant anna som målsetting å «vekke sans og vørdnad for samisk kultur, historie og språk, ved at disse emner inngår i fagkretsen såvel i praktisk som teoretisk opplæring». Skolen skal gi undervisning i samisk sløyd og kunsthandverk og reindrift. Så heiter det i alle fall på papiret.

Dette er jo litt på sida av det vanlege yrkesskolar driv med, så YLI-avisa har vore ein tur i Kautokeino for å høyre litt om forholda på ein samisk yrkesskole.

Først snakka vi med rektoren, Ole Einar Olsen, og spurte korleis stoda er for samisk språk i skolen:
- Nei det er ikkje så sprekt. Frå 1967 har det vore samisk opplæring i grunnskolen i 4 kommunar i Finnmark. Men bare for dei 3 første skoleåra har det vore lærebøker. Seinare har det vore heller tilfeldig om samisktalande elevar har fått noko undervisning i eller på morsmålet sitt, ofte har dei blitt overlate til bare norsktalande lærarar. Samisktalande elevar kan derfor svært dårleg skrive sitt eige morsmål når dei kjem ut av skolen. Dette er ein av grunnane til at vi er nøydde til å bruke norsk i all undervisninga her på skolen. Ein anna grunn er at det ikkje finst ei einaste lærebok på samisk for vidaregåande skoler. Og så er det mangel på samiske lærarar.

YLI-avisa: Korleis synes du at den samiske kulturen blir tatt vare på i undervisninga slik ho er her?
- Som det er i dag, er det svært lite som skil oss ut frå vanlige yrkesskolar og husflidsskolar. Det er bare søm- og vevelinjene som har ein del samisk husflid, men det er ikkje hovudsaka her heller. Men vi arbeider med planer om å rette på dette. Vi har søkt K.U.D. om å få starte med linje for utmarksnæringar - jordbruk - reindrift, og med samisk handverk. Det siste som del av kombinert grunnkurs. Dette ser ut til at vi kan få, men først må skolen byggast ut, og det kan ta tid.

YLI-avisa: Noko av det første ein elev spør om når han skal søke på ein skole, er vel om ein får arbeid etterpå. Korleis er det her?
- Det er vel få kommunar med så stor arbeidsløyse som Kautokeino, og folketalet veks slik at om ein skulle sikre arbeidsplassar til alle, måtte ein skaffe 45 nye arbeidsplassar i året. Men arbeidsplassane blir jo heller færre. Verken for dei som går ut av trearbeidslinja eller av maskin og mek. er det særlig arbeid å få her, det blir å reise ut. Nå håper vi å få igang bygningssnikkarlinje, det er det meir bruk for. Og så har eg håp om at det vil bli fleire arbeidsplassar når nå regjeringa sett igang aksjonsplanen for dei sentrale samiske busettingsområda.

YLI-avisa: Andre ønsker for framtida?
- Ja, vi må få bygd ut skolen snart. Det held ikkje i lengda å holde på som nå, at vi til og med må bruke garderoben i kjellaren til å ha undervisning i, og plassane for verkstadane er og alt for trange.

Etterpå snakka vi med Bernt Bongo, som går 2. året på trearbeidslinja og er formann i elevrådet. Han fortalte at dette sikkert er den billigaste yrkesskolen i landet. Skolen held skolebøker og dei som bur på internatet betaler bare 500 kr i året for internatrom og mat. Da får det ikkje bortebuarstipend, men likevel blir det jo mye betre enn for dei alle fleste yrkesskoleelevar.

YLI-avisa: Kva kan det komme av at de har det betre enn andre?
- Kommunen og distriktet her er jo veldig fattig, så det er vel naudsynt for at ungdommen skal ha råd, til å gå på skole. Men det gjeld jo ikkje bare her, så staten burde absolutt betale meir av skolegangen andre stader og.

YLI-avisa: Kva syns du om stillinga for samisken her på skolen?
- Nei, ein må vel seie at skolen heller bidrar til fornorsking enn til å styrke det samiske. På ei linje har vi f. eks. bare samisktalande elevar i år, men norsk lærar.

YLI-avisa: Kva meiner elevane om dei nye linjene som er planlagte?
- Vi har ikkje hatt det oppe i år enda, men i fjor diskuterte vi det på allmøte. Vi er absolutt for at det må bli fleire tilbod som er tilpassa næringane her og som tar vare på dei samiske tradisjonane. Særleg syns eg linje i utmarksnæringar / jordbruk / reindrift er viktig. Men ein ting protesterte vi på, og det var at samisk forming skal komme som kombinert grunnkurs.

YLI-avisa: Kvifor ikkje kombinert grunnkurs?
- Eg har sjølv gått på «kombinert grunnkurs», og fikk meir enn nok av det. Det er svært vanskeleg for dei som ikkje har interesse og anlegg for mye teori, eg syns Kombinert grunnkurs bare er ein måte å prøve å lure folk inn i gymnaset på. Det må ikkje bli sånn at vi skal måtte pugge gymnasfag for å få ei yrkesutdanning.

YLI-avisa: Korleis er det med YLI-aktiviteten her på skolen?
- Vi er kollektivt medlem av YLI og ganske mange er aktivt interessert. Vi var jo ein av de skolane som gikk til streik for å protestere mot utvisinga på Laksevåg yrkesskole. Eg vil seie at vi absolutt treng YLI, men at fleirtalet må aktiviserast, ellers er organisasjonen nokså makteslaus.

YLI-avisa: Noko meir du vil ha sagt?
- Ja, du må ta med at det er fint å gå på ein liten skole. Vi er 54 elevar og det er akkurat passe. Blir reint skremt av å høyre om skolar med over 1000 elevar og sånt. Det kan det da aldri bli noko godt miljø ut av.


Samisk skolehistorie 5