Sámegillii

Artikkel i boka Samisk skolehistorie 2. Davvi Girji 2007.

Ragnar Nordby:

Praktisk skule for samar i Noreg

Ragnar Nordby
(Foto: Norsk Husflid 2-1978)

Da Statens heimeyrkeskole for samer blei planlagt, var Ragnar Nordby kontorsjef i Heimeyrkerådet, og dermed den representanten for sentrale styresmakter som hadde mest med skolen å gjøre. Han engasjerte seg sterkt i arbeidet for at samisk ungdom skulle få ei utdanning i det som da blei kalla heimeyrke, og som vi no ville kalle samisk husflid eller duodji.

Ragnar Nordby (1906–78) var frå Vestfold og han gjorde eit stort arbeid med å utvikle vestfoldbunaden. Han hadde hovudfag i historie og arbeidde som lektor bl.a. i Horten. Under krigen var han blant lærarane som blei sendt til Kirkenes på grunn av motstand mot nazifiseringa av skolen. Like etter krigen blei han satt til å leie arbeidet med husflidsspørsmål i Landbruksdepartementet. 1954–76 arbeidde han i Den norske husflidsforening, den siste tida som direktør.

Denne artikkelen er eit foredrag han holdt på den første nordiske samekonferansen i 1953, og dette blei prenta i heftetSámi ællin / Sameliv 1953–56. Ei forkorta utgåve på samisk blei prenta i skriftet Sámiid åv'danæbmi. Ságat Jåkkåmåkkis 1953, i serien Unna girjážat sámiide – Samiske småskrifter Nr. 3, utgitt av Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Vi har her vald å prente den norske originalen. Sidan den samiske teksten bare er eit kort samandrag, er heile foredraget her nyomsett til samisk.

Vi har utheva nokre setningar som viser korleis dei som starta skolen hadde eit klart program som sto i motsetning både til gjeldande samepolitikk på den tida og til skolen slik han seinare utvikla seg.

Den gamle måten å læra opp ungdomen på, nemleg i det daglege arbeid med reinsdrift, jakt og jordbruk, lever ennå mellom samane, men pengehushaldet og alle dei sosiale omveltingar som dette har ført med seg, krig og okkupasjon, reduksjon av reinsmengda osv. gjer at det nå er ei altfor stor mengd av sameungdomen som står der utan praktiske kunnskapar og utan fagleg opplæring på noko område.

Frå fleire hald er det difor reist krav om fast yrkesopplæring for samane. Vanlegvis har framlegga gått ut på ein skule i reinsdrift med ein del tilleggsfag utan at det er lagt fram detaljerte utkast til undervisningsplan.

Ser ein på dei sosiale vilkåra mellom samane i Noreg, synes det vera klårt at det i serleg grad trengst yrkesopplæring mellom den ungdomen som ikkje er knytt til reinsdrifta. Sjølvsagt er det slik at folk som er komne bort frå reinsdrift på grunn av den tyske nedslaktinga under krigen, men som skal ta til med reinsdrift igjen og får stønad til dette av staten, treng opplæring i reinsdrift. Men likevel vert dette eit mindretal og eit overgangsfenomen. Og i grunnen er det vel slik at når det gjeld reinsdrift, går den beste opplæringa frå far til son den dag i dag som det har gjort i mange hundre år. Det må fyrst gjerast eit vitskapleg granskingsarbeid og ei praktisk prøvedrift med reinen før ein kan tenkja på ei verkeleg moderne yrkesopplæring i reinsdrift. Vi veit for lite om rasjonell reinsdrift til at vi en nå kan laga faste skular med reinsdrift som hovudemne. Slike skular må koma med tida, vi treng dei sikkert. Det som vi i dag kan gjera når det gjeld reinsdrift i Noreg, er å setja i gang stutte elementærkurs både for ungdom og vaksne.

Annleis er det med anna praktisk opplæring for samane. Her vender vi oss i stor mon til fastbuande. Mellom dei er det lettare å få samla ungdomen til samanhangande skulegonge. Og her er det det trengst opplæring aller mest. Vi har mellom fastbuande samar mange stader ein fatigdom som held på å proletarisera fleire distrikt, og som er uverdig for ein kulturnasjon.

Då regjeringa la fram den store planen om utbyggjing av Nord-Noreg, vart dette spørsmålet sterkt aktuelt. Ein kan ikkje byggja ut ein landsdel berre til fordel for nordmennene. Ein kan ikkje sjå burt frå at det samiske mindretalet også har sine krav.

Det var også eit viktig moment for styresmaktene at ein må spreia skulane over heile landsdelen og ikkje berre konsentrera dei i tettbygde strok. Fylkesrådet i Finnmark la fram ei innstilling mars 1952, som byggjer på eit framlegg frå Kautokeino kommune. Det gjekk ut på å byggja ein statsskule i Kautokeino med ei friare undervisningsform enn yrkesskulane elles i landet. Meininga var at det skulle bli gjeve undervisning i praktiske fag som er serleg aktuelle for samane, både flyttsamar og fastbuande, så som metallsløyd, tresløyd, horn- og beinsløyd, skinnberedning, saum av skinn og ty, veving, spinning og eventuelt husstell og vask i samband med folkeskulen. Attåt dette skulle ein ha frie kurs i reinsdrift ved skulen. Skulens mål er definert såleis:
1.Skapa grunnlag for betre økonomi både for fastbuande og reindriftsamar. Hjelp til sjølvhjelp.
2.Vekkja sans og vyrdnad for det verdfulle i samisk kultur og språk.
3.Vekkja og gjera sikker stilsans og smak. Finna fram til og innprenta det sermerkte samiske i skurd, mønster og ornamentikk. Dette under omsyn til at ein kan få elevar frå ulike samedistrikt med kvart sitt sermerke.

Meininga var at samane skulle få høve til på ein enkel og billeg måte å skaffa seg køyredoningar, verkty og andre bruksting. Skulen skulle hjelpa opp heimeyrke til eige bruk og sal. Ein rekna med at ein fullt utbygd skule førebels skulle ha 3 klassar á 12 elevar og eit skuleår på i alt 9 månader, men med høve til å slutta skulen etter 6 månaders skulegong. Elevar som hadde gått eit fullt skuleår, skulle ha høve til vidare spesialutdaning t. d. som kurslærarar.

Namnet vart Statens heimeyrkeskole for samer i Kautokeino, og som namnet viser, er undervisninga fyrst og fremst tenkt lagt til rettes for det praktiske arbeidet som drivast rundt omkring i heimane. Det er ikkje meininga å gje ei yrkesopplæring for handverk og industri, slik at ungdomen, når dei er ferdige ved skulen, skal vera nøydde til å fara til by og industristrok for å få gagn av lærdomen sin. Utgangspunktet er det samiske miljøet slik som vi har det i dag.

Skulen har også eit kulturelt program. Den vil freista læra den samiske ungdomen respekt for samisk kultur og samiske tradisjonar, vekkja sjølvtilliten hos den ungdom som er i drift. Ein har difor i programmet lagt stor vinn på at skulen skal vera ein heim for samar, og at lærekreftene i størst mogleg grad skal vera knytte til det samiske miljøet, helst vera samar sjølve. Men ein verkeleg heim kan skulen ikkje vera når undervisninga skal gå for seg på eit framandt mål, fordi lærarane ikkje kan samisk. Undervisningsmålet bør også vera samisk av andre grunnar så langt det går, – tenk berre på terminologien i alt som har med reinsdrift å gjera. I dag har vi ved skulen lærarkrefter som ikkje kan tala norsk, og vi meiner dette er forsvarleg. For det er ikkje vår oppgave å retta på det som folkeskulen har forsømt.

I 1955 sende skolestyrar Sigurd Skoglund ein del bilete av elevarbeid frå heimeyrkeskolen til Landsrådet for heimeyrke. Med tida hamna bileta i Riksarkivet, der vi har funne dei. Her er eit lite utval av bileta, med bilettekstane som skolestyraren hadde skrive på:

Herrekofte fra Kautokeino

Arbeidsslede for rein.

Fra sløydverkstedet. I forgrunnen Johannes Keskitalo.

Elevene Kristine T. Turi og Ellen Kristine A. Juuso i arbeid med bandveving.

Vi skal her sjå litt nærmare på den praktiske opplæringa slik vi har tenkt ho når skulen ein gong vert fullt utbygd.

Reinsdrift.
Undervisninga i reinsdrift er som sagt planlagd som serskilte korte kurs, t. d. på 10 dagar, med tilgjenge for alle interesserte. Når eit slikt kurs går, vert det ikkje gjeve undervisning i andre fag. Her skal ein då læra noko om slakting, kastrering, merkjing, dressur av hundar og køyrerein, lassokasting, kvalitetsvurdering og handsaming av kjøtt, utval og alsdyr og slaktedyr og oppsetjing av reingjerde – så langt vi i dag kan undervisa i desse fag. Til dette kjem noko teoretisk undervisning i biologi, reinsdriftslover og reinsdriftsadministrasjon osv. Det er Landbruksdepartementet som set desse kursa i gang, og dei høyrer ikkje med til den regulære undervisninga ved skulen.

Tresløyd.
Her trengst det i serleg grad opplæring i køyrereidskap, t. d. sledar, pulkar, seletøy av ulik slag. Enno er det slik at vegnettet er dårlig utbygd i indre Finnmark, og varetransporten, t. d. ved-, høy- og mosekøyring ennå går for seg med rein. Men det er altfor få som kan laga reinsledar o.l. som må førast inn frå Finnland. Dessutan er det ikkje så lett å skaffa materialar over alt, t.d. meiemne. Men alt dette kan ordnast berre ein får folk som har eit visst praktisk grep på slike ting og har fått ei elementær opplæring. Det har vist seg at ein av dei ting som det var mest skort på, var kjennskap til vanleg handverkty, og ungdomen sto difor nokså hjelpelause med å få til dei enklaste ting. Dette har sikkert samanheng med at folkeskulen var i oppløysing under krigen.

Det er også skort på båtbyggjarar i Finnmark. Det trengst folk som kan byggja båtar som serleg høver for elvar og fjellvatn. Det samiske folket har ein båtbyggjartradisjon som er verd å ta vare på, og dette emnet vil med tida bli tatt opp ved skulen. I praksis viser det seg at opplæringa i tresløyd for samisk ungdom får ein annen karakter enn for norsk ungdom. Det har samanhang med levevilkåra, mellom anna med det at samane ennå ikkje har utvikla nokon møbelkultur. Heller ikkje er kjennskapet til husbyggjing serleg utvikla mellom det samiske folket. Dette er eit viktig område som vi må ta opp. Ein skal ikkje fara langt for å sjå hus som ser ut som rønner, og det er ikkje alltid berre fatigdomen som gjer det. Når nå praktisk talt alle gammer er gått av bruk i Finnmark, har trebyggjingskunsta fått ein viktig misjon, og den moderne samiske ungdomen må kunna byggja og innreia skikkelege hus av tre. Vi reknar difor tømring som eit viktig praktisk fag og vil ta det opp på skuleplanen så snart vi kan. I samband med dette må også elevane læra å laga bruksmøblar av heil ved, men ein må halda seg burte frå å driva opplæring i møbelsnikring. Det verkar nokså livsfjernt når ein ser vanleg samisk ungdom stå og polera finerte møblar ved andre skular.

Horn- og beinsløyd.
Det vi vanlegvis kallar samesløyd for menn, er gjerne i horn og bein, og her har den samiske kunstsansen funne vakre uttrykk i gamle dagar. I moderne tid er denne sløyden blitt ein turistsløyd, og ein kan ikkje sjå burt frå at han gjev visse inntekter og har eit økonomisk verd for folk. Dessutan er det her at ein har den største sjansen til å innprenta samiske tradisjonar i mønster og teknikk. Faget har difor stort pedagogisk verd, og det må ikkje forsømast. Men undervisninga i dette faget kan berre drivast av spesialistar.

Metallsløyd.
Den form for metallsløyd som er mest aktuell i samiske distrikt i dag, er vel reiskapssmiing og reparasjon for jordbruket. Førebels vil ein difor konsentrera seg om dette, men det kan koma tider då jordbruket blir så mekanisert og transporten så motorisert, at ein må ta omsyn til dette i undervisninga. Men ein må ikkje ta denne utviklinga på forskot. Då risikerar ein berre å gje ungdomen ei opplæring som tvingar dei heimanfrå. Samane har ein metalltradisjon, og frå gammalt har dei utvikla ein smi- og støypekunst t. d. i massing, som også bør dyrkast ved ein slik skule. Sett frå denne synsstad kan faget ha same kulturelle verd som bein- og hornsløyden.

Skinn.
Det mest sermerkte for det samiske folket i nord er vel skinnkulturen. Her står ein på ein viss måte i same situasjonen som når det gjeld opplæring i reinsdrift. Beredning og saum av skinn er så tradisjonell at ei opplæring etter andre hovudprinsipp enn dei som har vore brukt frå gammal tid, korkje vil vera til betre økonomi for samane eller i samsvar med det kulturelle programmet skulen har sett seg. Men sjølvsagt må ein også her i nokon mon nytta moderne metodar, så langt det er praktisk forsvarleg og nyttig for det daglege arbeidet omkring i heimane. I Kautokeino er det nett skipa eit sams slakteri, og her er det meininga at undervisninga i slakt og skinnberedning skal gå for seg. Her kan vi også få den teoretiske opplæringa som skulle vera turvande på dette området.

Når det gjeld saum av skinn og ty, har vi hatt ein interessant debatt i lærarrådet. For det er to prinsipielt ulike måtar å sy saman ei kufte eller ein pesk på, anten med snittmønster slik som ei sydame gjer, eller etter den gamle måten med fingermerke osv. Ved alle norske heimeyrkeskular for gjenter går snittmønster inn i undervisningsplanen, og føresetnaden er då at lærarinnene har syskuleutdaning. Men då vi tok til med fyrste skuleåret, fekk vi eldre samekoner frå bygda som lærarinner utan teoretisk utdaning, og som sjølvsagt heller ikkje kunne snittmønster. Den framgangsmåten dei nytta, var reint tradisjonell, og dei plagga elevane har gjort, er difor stilreine etter den moten som er vanleg mellom samar i Kautokeino nå. Vi nordmenn slepp på denne måten å blanda oss opp i den smaksutvikling som går sin naturlege gang i drakt- og kledeskulturen. Det ville berre vera komisk å setja ei norsk lærarinne til å undervisa i kuftesaum, og til stor skade for samisk sjølvrespekt. Det same prinsippet har vi tenkt å gjenomføra også i veving, serleg bandveving, som er eit av dei område der samisk tradisjon er mest levande mange stader. Dette gjeld også tinntrådssaum, men her er tradisjonen diverre broten i Finnmark.

Veving
i vanleg vevstol har vore i levande bruk heilt til det siste i Kautokeino. Ved skulen brukar ein i dag ein vevstol, som skal vera 150 år gammal, og som har overlevd brann og rasering, fordi han låg nedsnødd i utmarka. Denne stolen er på ein måte eit symbol for det programmet skulen vil fylgja. Det er bestemor til lærarinna som har sine initialar på stolen. Vi vil ikkje bryta tradisjonen her. Dei som kritiserar oss for ikkje å nytte lærarinner med «kunstfagskule», gløymer at det ikkje er vår oppgåve å læra opp fagvevarar, det er husmødrar som vi fyrst og fremst skal hjelpa. Og vi vil føra respekt for samisk tradisjon inn i kjøken og kammers.

Opplæringa av gjentene er elles noko som vi sikkert vil få stor glede av. Kanskje det er på dette området vi vil nå lengst. Det var eit gripande syn å sjå gjenteflokken visa fram det utstyret dei har laga på skulen om vinteren. Dei har nye klede frå topp til tå. Eg fekk vera til stades då lærarinnene og styret debatterte saum av luer. Det var nokon som kritiserte at elevane laga for mange slike, det måtte greia seg med mindre enn 12, meinte dei. Men lærarinna svara at ingen kan seia at dei kan sy sameluer når dei berre har sydd 12 stykke. Det var eit svar som sat. Det viste at respekten for tradisjon og kvalitet var der.

Den teoretiske opplæringa
ved skulen må leggjast opp etter det praktiske livs krav og fylgja det program skulen har sett seg. Skulen er konfesjonslaus, og undervisninga i norsk og rekning går berre ut på å kontrollera at folkeskulens mål er nådd. Dei som vil ha vidare teoretisk opplæring, må gå på andre skular t. d. Den samiske ungdomsskulen i Karasjok. Men undervisninga i samisk språk bør vi driva så vidt langt at elevane kan uttrykkja seg skriftleg på ein forsvarleg måte. Etter programmet skal skulen vekkja sans og vyrdnad for det verdfulle i samisk språk, og det bør ikkje forsømast. Elles vil samisk historie og heimstadlære vera viktige fag ved skulen – og treng ikkje her peika på verdien av slike fag – like eins rettslære, bokføring og vanleg yrkeslære. Eit fag som vi ventar oss mykje av, er teikning med stil og mønsterlære, fyrst og fremst samisk ornamentikk.

Når eg nå har gått så detaljert inn på Statens heimeyrkeskule for samar, er det fordi skulen på mange måtar er eit eksperiment. Men eksperimentet har serleg interesse fordi det er den einaste statsskulen i sitt slag, og kanskje vil bli mønsterskule for andre skuletiltak som staten set i gang. Vi meiner at det er riktig at staten tek ansvaret for dette. Eg er redd for at dei private organisasjonane i lengda ikkje kan bera dei økonomiske byrdene som eit så vidt stort skuletiltak er, tiltaket vil kvelast av mangel på pengar. Det er noko i vegen med sjølve opplegget når det viser seg at det blir vanskar på grunn av pengemangel.

Eit viktig prinsipp er også at skulen ikkje skal ha andre ærend, ikkje tena andre føremål enn det heile samfunnet går inn for. Eg meiner ikkje med dette å seia at ikkje misjonsskulane har hatt ei stor oppgåve i ei tid då staten forsømte det samiske folket. Den kulturelle innsatsen som t. d. Finnemisjonen har gjort og framleis gjer, må ikkje undervurderas. I lange tider var det den einaste organisasjonen som gjorde noko for den vidaregåande opplæringa. Men staten kan anstendigvis ikkje halda fram med å forsøma alle tiltak for den samiske ungdomen.

P. S.
Under krigen vart Kautokeino totalrasert, så skulen har måtta driva i fleire år i provisoriske lokaler. Dette har vore til stor skade for undervisninga. Det er utarbeidd planar for nybygg og i 1956 var ein komen så langt at planane var godkjende, og staten hadde løyvt 1 mill. kr. til undervisningsbygg. Spørsmålet om internat er også tatt opp.

Andre artikler i Samisk skolehistorie 2