Tilleggsmateriale til boka Samisk skolehistorie 6. Davvi Girji 2013.

Odd Mathis Hætta:

Samane og måltvangen

Odd Mathis Hætta
(Foto: Svein Lund)

Odd Mathis Hætta er født i 1940 og oppvokst i Siebe, Kautokeino. Han har gått Tromsø lærerskole og studert historie og samisk ved universiteta i Oslo, Trondheim og Tromsø. Har har arbeida som ligningsassistent i Kautokeino, lærer i Kautokeino og Karasjok, programsekretær og distriktssjef i NRK Sámi Radio, konsulent hos skoledirektøren i Finnmark, redaktør i Ságat og førsteamanuensis ved Alta lærerhøgskole / Høgskolen i Finnmark.
Hætta har vært formann i Norske Samers Riksforbund og i Samisk Utdanningsråd 1984 - 87. Han har skrevet mange bøker, særlig om samisk historie og samiske media.

Denne artikkelen er prenta i Syn og Segn 5-1961.
Tidsskriftredaksjonens presentasjon av artikkelen:
Noreg avviste skuldingane frå den sørafrikanske utanriksministeren i SN i fjor: Vi diskriminerte ikkje samane. Men har vi ingen ting å laste oss sjølve for i tilhøvet til samane?
For den som personleg har opplevd det, ser spørsmålet annleis ut enn vi har vant oss til å tru. Berre les kva den unge samen, lærarskoleeleven Odd M. Hætta skriv i dette skarpe innlegget om sameborn i norsk skole.

Noreg er ein velferdsstat der det ikkje fins noko problem, og der samane nyt godt av alle rettar som fullverdige norske borgarar.

Det var det inntrykket ein fekk i vinter da Noreg svara nå skuldingane frå utanriksminister Law i SN om at Noreg diskriminerer samane. I ei fråsegn om saka avsanna Noreg kategorisk dei påstandane som var sette fram i SN. Men på oss samar verka denne fråsegna usann, enda om ein kan skjøne at Noreg ikkje vil «miste andletet» utetter.

No har det gått fleire månader sidan desse påstandane vart framsette, men enda er det ikkje gjort noko for å røkje etter om dei er sanne eller ikkje. Eller er det så at dei ansvarlege veit det er noko i påstandane, og at det er grunnen til at det ikkje trengs noka etter-røking?

Somme vil no spørje på kva område det blir gjort urettferd mot samane. Vi har da norsk statsborgarskap, og med dette følgjer at vi er under norsk rett, vi bar rett til alle stillingar i næringslivet, styringsverk o.m. på like fot med andre norske borgarar - teoretisk.

I planen for allmugeskolen vart det sett inn i 1879 at norske born skulle få undervisning på sitt eige morsmål. «Alle norske born» må tyde borna til alle norske statsborgarar. Det vart visstnok gjort freistnader på å følgje denne linja i Finnmark og - med meir eller mindre framgang; for lærarane hadde ofte dårlege føresetnader. Det vart til at anten lærte sameborna å lese sam isk og fekk ingen kjennskap til norsk, eller dei lærte å lese norsk, men fekk inga verkeleg opplæring i målet. Derfor forstod dei ingen ting av det dei las.

I tida etter 1900 vart samisk innført i skolen som «hjelpespråk» i dei distrikt der det trongs. Alt den gongen var det krefter som arbeidde sterkt for at samisk ikkje skulle brukas i skolen i det heile. Og det ser ut til at den tanken i røynda har vunne. Men før vi går nærmare inn på det, må vi sjå litt på den samiske folkegruppa.

Samane er ei lita folkegruppe som har spreidd seg over eit område i den nord-vestre delen av Europa, og høyrer i dag inn under fire land: Sovjetsamveldet, Finland, Sverige og Noreg. Samane har derfor dårleg kontakt med kvarandre, og noko felles skriftmål fins ikkje. Heller ikkje nokon sams organisasjon for heile folkegruppa. Grunnen er rett og slett den at dei ikkje har hatt høve til å organisere seg.

Det er ikkje så lenge sia samane i Sverige og Noreg fekk eit felles skriftmål. Det ser ut som om styremaktene i land med sameminoritetar har tenkt mykje på det franske ordtaket «La langue, c'est la nation», og at dei derfor har vilja halde morsmålet deira mest mogleg borte frå skolen. Målet for den norske politikken i det førre hundreåret var å sikre seg Finnmark, og derfor var ein vel ikkje så nøye med korleis «hjelpespråket» vart nytta i skolen. Men det ser ut til at vi framleis, lenge etter, er bundne av det dei norske styremaktene gjorde for ein mannsalder sia.

Det samiske målet har vore under sterkt press i dei siste 200 åra, og særleg etter 1905; likevel har det greidd seg uventa godt fram til i dag.

Nordmenn har kan hende gjort medvitne freistnader på å løfte samane opp til jamstelling. I alle fall har styremaktene pressa hardt på med norsken, trykkjande hardt. Og dei har ikkje teke omsyn til dei faktiske språktilhøva i indre Finnmark. .

På skolen møter flyttsameborn og sameborn frå avsides stader eit gåtefullt språk som dei ikkje skjøner det minste av. Her må borna sitje og høre på ein lærår som ikkje kan samisk - eller ikkje vil snakke samisk. Derfor er borna heilt hjelpelause overfor læraren. Han forklårar og fortel til inga nytte. Han lærer borna å lese; men kva hjelper det når dei ikkje forstår noko av det dei held på med?

I friminuttane snakkar borna samisk seg imellom. Dei leikar typiske sameleikar: kastar lasso, leikar at dei gjeter rein eller at dei køyrer med rein.

Dei norske borna går i same klasser som dei samiske. Da kan det godt hende at læraren ikkje tek det så nøye med sameborna, men heller strevar med å følgje normalplanen for dei norske, og let sameborna vere for seg. Her får barnet den kjensla at samisk er noko mindreverdig, når dei ser korleis morsmålet blir tilsidesett i skolen. Seinare røyner dei at det er ikkje berre i skolen det er slik, men i like høg grad over alt der det blir snakka norsk. For ein same blir det da skam å snakke sitt eige morsmål.

Det kan nemnas nokre døme: Etter nokre dagar på skolen gjer læråren teikn til ei lita jente at ho skal komme fram til tavla; han gir henne krit og bed henne teikne eit hus. Ho teiknar. Men kva? Ein rein! Dei norske borna flirer av henne. Ho tek til å gråte av skam. Det første nederlaget hennar......

Det er ikkje ei oppdikta historie. Alle sameborn, utan unntak, opplever liknande nederlag, anten dei kan nokre få ord norsk, eller ikkje. Dei norske borna flirer av dei, det blir slengt vondord etter dei, anten fordi dei har dumma seg ut i timane, eller fordi dei er annleis kledde. Og det er ikkje noko eingongs-fenomen.

Flyttsameborn og born frå avsidesliggjande stader, bur på internat. Her er det streng disiplin. Her er inga kjærleg mor som trøystar og hjelper til med å kle på om morgonen når ein er trøtt. Barnet blir trøtt og lei og skuffa av skolen. Det er ikkje få tårer som har vætt putevaret.

Dersom ikkje foreldra bur langt borte, kan det hende at faren hentar heim barnet ein laurdagsettermiddag. Da får det vere heime ei natt og nokre korte formiddagstimar før faren må følgje det tilbake til internatet. Men no vil ikkje barnet på skolen. Det græt og vil ikkje sleppe mor. Det veit kva det går i møte. Det er nye vonbrot, hån, uvant mat, framandt miljø; her er ein ikkje individ, men hører til ein masse. Når faren kjem til internatet med barnet og skal gå frå det, græt det og tenkjer på det fæle som det må igjennom. Desse vanskane kjenner sjølvsagt også dei norske borna til. Men språk- og miljøvanskane gjer dei langt større for sameborna.

Det er useieleg keisamt for borna å sitje stille og lyde til eit mål som er heilt framandt. Det er vondt å vete at oppvakte born freistar å følgje intenst med i undervisninga utan at dei er i stand til å skjøne noko av det som går for seg. På den måten blir dei to-tre første skoleåra bortkasta. Dei fleste lærer å lese nokså snart og lærer norske ord; men ordtilfanget er altfor lite til at dei kan gjere seg noka nytte av det. Stadig møter borna vonbrot fordi læraren skjenner på dei når dei ikkje kan leksene sine. Likevel er det ein og annan som vil prøve å lære utanåt korte stykke, i bibelsoga t. d. Det er sjølvsagt ein stor siger for barnet om det blir spurt og kan ramse opp heile leksa, enda om det ikkje har den ringaste peiling på kva det heile går ut på.

Først i femte eller sjette skoleåret vil borna få fullt utbyte av undervisninga på skolen; men det er da dei oppdagar kvar dei eigentleg står. Da har dei små sjansar til å ta att alt det det har gått glipp av tidlegare. Det er lite morosamt å oppdage kor uhyggeleg langt bak ein står samanlikna med dei norske borna, særleg i norsk, men også i fag som naturfag, geografi, soge. Ja, soge.

Det er vel og bra å lære verds- og Noregs-historie; men er det ikkje ein grunnleggjande rett som blir krenkt når vi ikkje får høre om vår eiga soge? Vi får ikkje høre noko om forfedrane våre. Er det med vilje, for at ikkje samane skal få noka nasjonalkjensle? Det er iallfall det inntrykket ein same får.

Geografiboka er ikkje betre. I geografibøker som blir brukte i gymnas og på lærarskolar i Noreg i dag, finn ein at «på vinterføre kjører finnmarkingene med rein og pulk, og på elvene bruker de lange, smale elvebåter». Eit bilete viser «samer på vidda». Men dei samane ein ser, er svenskar (det ser ein av klesdrakta). I geografiboka står elles alt som er å finne om samar i skolebøkene våre. Og det er alt kommande lærarar og akademikarar i Noreg får vete om samane.

Etter at ein er ferdig med folkeskolen, står ein der med lite kunnskap. For det er jo berre dei siste to-tre åra ein har hatt noko utbyte av folkeskolen. No har ein to vegar å velje mellom.

1. Ein son til ein småbrukar blir heime på småbruket for å hjelpe foreldra. Er ein flyttsame, får ein vere heime eller vere reingjetar hos andre.

2. Ein kan søkje på ungdomsskole; eg tenkjer da på den samiske ungdomsskolen i Karasjok. Den har hatt mykje å seie for sameungdom og har det framleis. Her får sameungdommen eit springbrett så han kan hoppe bukk over realskole og gymnas, om dei har tenkt å ta til på lærarskolen t. d. Svært mange av dei samisktalande lærarane som har teke lærareksamen i 1950-60-åra, har gått på Den samiske ungdomsskolen.

Kan ikkje ein same gå på realskole og gymnas? vil kanskje somme spørje. Ein sameungdom kan vanskeleg gå på realskole og slett ikkje på gymnas. Som oftast har han ikkje så gode karakterar på avgangs vitnemålet at han kan tevle med dei som talar norsk. Og har han det, møter han uoverkommelege økonomiske vanskar. Årsinnkoma til ein samefamilie er til vanleg 4—5000 kroner. Det fins ingen realskole eller gymnas i indre Finnmark, og det kostar 4—5000 kroner å gå på skolen når ein ikkje bur heime. Stipend frå stat og kommune strekk ikkje på nokon måte til.

Såleis er det svært vanskeleg for sameungdommen å ta seg fram skolevegen i Noreg i dag. Det er målet og økonomien som er dei avgjerande hindringane.

Det er ikkje berre ønskjeleg, men heilt nødvendig at det snart blir gjort noko, slik at sameborn skal sleppe å gjere så mykje nyttelaust og tidsspillande arbeid. No vil nok mange seie at samisk er da «hjelpespråk» i samisk-talande strøk. Ja er det det?

Det ser ut som ABC-a til fru Wiig meir blir brukt som lærebok i samisk for norsktalande lærarar enn som lærebok i norsk for sameborn.

Det er reint for få lærarar som talar samisk. Derfor er det, som før nemnt, ofte at lærarar utan den minste kjennskap til same-målet må undervise førsteklassingar som ikkje forstår noko norsk. Det seier seg sjølv at på den måten blir det dei kallar «hjelpespråk», til lita nytte.

Vi samar burde ha rett til å velje målet vårt. Til denne tid har vi ikkje hatt høve til det. Og det viser at Noreg ikkje respekterer ein av dei grunnleggjande demokratiske menneskerettane. I staden for at samane får lære å kjenne sitt eige morsmål, må dei leve under måltvang. Det er mykje sant i det målgranskaren J. S. Sauerwein seier: «Å øve måltvang er det verste av alt tyranni». Det er iallfall heilt visst at undertrykkinga av målet har gjort mykje til at samane kjenner seg som mindremenn.

Kvifor skal ein drive misjonsarbeid og kulturarbeid mellom samane når målet deira blir medvite motarbeidd? Det blir tala og skrive mykje om å berge den samiske kulturen. Men kulturen er ikkje levefør utan språk.

Det er ikkje så at samane vil setje seg mot at borna deira lærer norsk. Tvert imot. Samane vil at borna deira skal få systematisk opplæring i norsk, men samstundes lære å kjenne sitt eige morsmål. For samane veit at skal borna deira få same rom i arbeidslivet og samfunnslivet som nordmenn, må dei lære norsk så tidleg som mogleg. Men derfor treng dei ikkje å gi opp sitt eige morsmål.

Samisk skolehistorie 6