Tilleggsmateriale til boka Samisk skolehistorie 5. Davvi Girji 2011.

Paul Kvitfjell:

Alt på kommando

Paul Kvitfjell i 2008, med bilde av seg sjølv som skoleelev.
(Foto> Svein Lund)

Paul Kvitfjell er fødd i 1942 og oppvokst i Haustreis (Hearksriessie) i Grane. Han har gått grunnskole i Havika, Grane og Hattfjelldal og yrkesskole i Mo i Rana. Han har jobba som bilmekanikar, verkstedsjef og yrkesskolelærar til han blei uføretrygda i 1999.

Frå reindrift til skogsarbeid

- Da eg var liten dreiv familien med rein. På våren hendte det at reinen vår kom inn på jorda til bøndene. Da kunne det bli litt konfliktar. Vi budde eit stykke oppi skogen, og det hendte at mens far var ute og jobba med reinen, kom det sinte bønder opp til oss og skjelte ut mor for skaden reinen vår hadde gjort. Vi hadde jo ikkje telefon i den tida, så det var ingen annan måte å få sagt frå på . Men i 1954 slutta foreldra mine med reindrift. Deretter var far skogsarbeidar og lausarbeidar.

Heime blei det snakka både samisk og norsk. Foreldra snakka mest samisk seg i mellom, men norsk til ungane, og vi blei bare å snakke norsk. Alle naboane var norsktalande, så utafor heimen hørte vi lite samisk. Eg forstår samisk, men snakkar det ikkje. De samiske uttrykka som blir brukt av min generasjon er helst slikt som gjeld reindrift og familie.

Alt på kommando

Eg byrja på skolen i 1949 og første året gikk eg på sameskolen i Havika, som var drive av Samemisjonen. Det var jo ein stor overgang, for eg hadde ikkje vore ute i verda før. Vi måtte vere heile hausten, vi kom ikkje heim før til jul. Det var skole kvar dag, ikkje ein dag fri. Søndag var det tvungen søndagsskole, det likte vi veldig dårlig.

Skolen var bare to-delt, småskole og storskole. Det var veldig strengt i Havika. Alt måtte vi gjøre på kommando; stå opp, vaske oss, spise, legge oss osv. Ved kvart måltid måtte vi kneppe hendene og lese til bords. Det var store soverom, men ei seng for kvar elev. Vi var aldri på noko turar bort frå skolen, det lengste var at vi gikk og besøkte ei lærerinne som budde ein 3-4 kilometer frå skolen. Da gikk vi samla dit.

Bygdeskole i Grane

Eg blei bare å gå eitt år på Havika. Eg veit eigentlig ikkje kvifor, for skolen var i drift enno eit år. Deretter gikk eg eit par år på bygdeskolen i Grane. Det var ein liten skole, todelt med to lærarar. Det var fire kilometer å gå gjennom skogen, det var enno ikkje bygd veg der. Om vinteren gikk vi på ski, med 8 km på ski for dagen fikk vi jo god trening. I skoleskirenna vann gjerne dei som hadde lengst veg.

Læraren vi hadde budde i Haustreis, så han kjente vi frå før. Han var ein snill mann, eg hørte aldri at han kjefta. Lærarane var alltid ute i lag med oss, ikkje slik som no i tida når dei bare sit på lærarrommet. Det var både samiske og norske elevar på skolen, og det var ikkje noko særlig problem mellom oss. Og om nokon plaga meg, så var eg robust og kunne ta igjen. Eg var og flink i idrett, og alle ville ha meg med på laget. Det gjorde at eg fikk litt status i elevflokken. På Grane har det i det heile vore bedre miljø og forhold mellom samar og norske enn på Trofors. (?)

Alle måtte ha kommagar

I mellomtida var skolen i Havika lagt ned og det var starta ny sameskole i Hattfjelldal. Dit blei eg sendt i 4. klasse og eg gikk eit par år der. Skolen i Hattfjelldal var bedre enn den i Havika, det var ikkje så forferdelig strengt. Her lærte vi meir å ta vare på oss sjølv. På internatet var vi 4-5 på kvart rom. Vi måtte hjelpe til med forskjellig arbeid, som å dekke på bordet og vaske koppar. Ein gong i veka var det badstu og dusj. Vi måtte vere ei viss tilmålt tid inne i badstua før vi fikk komme ut. Det var ei dame som skulle vere med å dusje oss. Ho var jo fullt påkledd, mens vi var nakne, og vi hadde stor moro av å sprute vatn på henne.

Vi hadde ein lærar som heitte Nils Tingvoll. Vi hadde han i alle fag. Han var også prest, og om søndagen hadde han obligatorisk søndagsskole for oss i kyrkja. Når det var gudstjeneste i kyrkja, måtte vi og vere med på denne. Sjøl om all undervisninga var på norsk, la ein vekt på at det var ein sameskole og det skulle vi vise spesielt ved visse høve. Ein gong fikk vi melding om at alle elevane måtte ha kommagar og skoband (vuottak). Det hadde ikkje eg, så foreldra mine måtte sette igang og lage. Men ikkje nok med det, seinare blei det sagt frå skolen at alle elevane måtte stille i samekofte. Men da sa mor stopp, så da tok dei meg ut av skolen og eg gikk dei siste åra på Grane igjen.

Tilbake til Grane

Da eg kom tilbake til Grane, hadde vi ein lærar som heitte Jorunn Bogfjellmo. Ho budde på Trofors og hadde vel ei mil til skolen. Den strekninga kom ho kvar dag syklande om sommaren eller sparkande om vinteren - i all slags vær og føre. Vi hadde og ein lærar som heitte Bjørn Bogfjellmo, som og var frå Trofors. Og ein Odd Karoliussen, han var frå Grane og budde på loftet på skolen. Så alle lærarane våre på Grane var frå nærområdet.

Frå reingjeting til bilmekanikar

Etter folkeskolen jobba eg ei tid på planteskolen i Grane og i tømmerskogen. (Helgeland Skogselskap). Eg gjette og rein i lag med bestemor, eller rettare stemor til far, ho heldt fram med reindrift ei tid etter at foreldra mine hadde slutta.

Så gikk eg yrkesskolen på Mo og utdanna meg til bilmekanikar. Deretter blei eg i verkstadbransjen i heile 40 år, til kroppen slo seg vrang og eg blei uføretrygda i 1999. I mange år var eg verkstadsjef på Skania-verkstaden på Trofors, lenge jobba eg og i Helgeland Trafikkselskap i Sandnessjøen. I eit par år var eg mekanikarlærar på Vefsn yrkesskole.

Mista konsesjonen

Eg har to barn. Anita (f. 19??) har gått på skole på Trofors. Ho fikk ikkje noko tilbod om samisk da ho gikk på skolen. Ho har utdanna seg som lærar i helse og miljø på Stabekk og jobbar no i Bergen.

Raymond (f. 1966) har gått gymnas. (Fikk han noko samisk på skolen?) Etter det byrja han som dreng i reindrifta. Han kjøpte seg etterkvart ein del rein og ville byrje for seg sjølv. Men det er kamp om konsesjonane (driftseiningane). Da det var ledig ei driftseining her, var det 8 søkjarar. Først fikk Raymond konsesjonen, men alle dei andre søkjarane klaga. Det endte med at han mista konsesjonen og måtte slakte ned reinen. No jobbar han på Elkem i Mosjøen, samtidig som han forsøker å delta så mye som mulig i reindrifta som sambuaren hans og familien hennar har i Sverige.

Samisktalande barnebarn

Om ikkje eg eller barna mine snakkar samisk, har eg i alle fall eit samisktalande barnebarn. Men han snakkar nordsamisk og bur i Kautokeino. Og er vel den første i slekta mi som har samisk på skolen.



Samisk skolehistorie 5