Sámegillii

Artikkel i boka Samisk skolehistorie 6. Davvi Girji 2013.

Anders Kintel:

Lulesamisk høgskoleutdanning

Fortalt til Svein Lund

Anders Kintel
(Foto: Svein Lund)

Anders Paul Sigfred Kintel (f. 1950) har gått folkeskole i Måsske (Musken) og Kjøpsvik i Tysfjord, realskole i Kjøpsvik og gymnas i Oslo. Han har tatt lærarutdanning i Bodø og studert samisk på universiteta i Uppsala, Umeå og Tromsø.

Han har arbeida som lærar i grunnskolen i Tysfjord og som konsulent i Samisk utdanningsråd. På høgskolen i Bodø / Universitetet i Nordland har han stått for det aller meste av undervisninga i lulesamisk sidan 1984. Frå 2006 var han doktorgradsstipendiat i en periode.

Anders Kintel har skrive læreboka Syntaks og ordavledninger i lulesamisk, laga Lulesamisk-norsk ordbok og omsett ei rekke bøker frå norsk til lulesamisk. Blant anna har han deltatt i oversettinga av Det nye testamentet og Den norske kyrkja sin liturgi. Han var medlem av Samisk språkråd så lenge dette eksisterte.

Til Sverige for lulesamisk

– Som andre på mi tid fikk eg ikkje noko opplæring i morsmålet mitt på verken folkeskole, realskole eller gymnas. Fram til 1981 fanst det ikkje formell utdanning i lulesamisk språk på noko nivå i Noreg.

Etter gymnaset arbeida eg med litt av kvart, blant anna var eg i fleire år lærar i grunnskolen i Tysfjord. Først etter mange år tok eg lærarutdanning i Bodø. Da var det enno ikkje noko lulesamisk tilbod der. Eg måtte derfor dra til Sverige, der eg i 1980–82 leste på universitetet i Uppsala. Der tok eg det som i Sverige heiter A-, B- og C-nivå, som tilsaman svarar til tidligare mellomfag eller noverande bachelor-nivå. Hovudlæraren vår var Susanna Angéus-Kuoljok, som seinare blei den første med doktorgrad i lulesamisk. Blant studentane hadde nokre lulesamisk som morsmål, mens andre hadde liten bakgrunn i språket når dei starta på studiet. Svensk var i stor grad undervisningsspråket. Det var ikkje mye skriftlig materiale vi hadde å hjelpe oss med. Vi hadde Spiiks grammatikk[1] . Ellers gikk det på stensilar og kompendium. Av skjønnlitteratur fanst det jo svært lite i den tida, utanom den klassiske Jåhtte sáme viessom[2] .

Første lulesamiske høgskolelærar

Da eg var ferdig med lærarutdanninga i 1983, fikk eg jobb som lærar i grunnskolen i Tysfjord. Men der blei eg ikkje lenge før eg fikk spørsmål om å ta på meg undervisning i lulesamisk ved det som dengong heitte Bodø lærerhøgskole. Eg blei tilsett ved høgskolen i 1984 og i 1985/86 gjennomførte vi den første halvårseininga i lulesamisk språk. Det neste kurset kjørte vi to år seinare.

I 1988 oppretta Samisk utdanningsråd stillingar som konsulentar for lulesamisk og sørsamisk. Dette var dei første stillingane utdanningsrådet hadde utafor sekretariatet i Guovdageaidnu. Den lulesamiske konsulentstillinga blei lokalisert i Tysfjord. Eg fikk denne stillinga, og flytta heim til Tysfjord.

Etter at eg slutta i Bodø var det nokre år dårlig med høgskoletilbod i lulesamisk. Høgskolen tilsette i 1989 Mikal Urheim som hovudfagstipendiat. I 1992 blei han statsstipendiat, så han blei aldri å undervise på høgskolen. Derimot underviste Kåre Tjihkkom i lulesamisk eit år først på 1990-talet. I 1992 blei hovudfagsstipendiatstillinga på høgskolen lyst ut igjen. Eg søkte da denne, men byrja ikkje i stipendiatet før nokre år seinare. Først arbeida eg som høgskolelærar. Eg planla halvårseiningar i lulesamisk språk og i duodji, som vi ga i 1992/93 og året etter halvårseining i samfunnsfag med vekt på samisk kultur og historie.

Høgskolen på Árran

Dei første kursa i lulesamisk gikk i Bodø, men etter at det lulesamiske senteret Árran blei innvigd i 1994 flytta undervisninga i lulesamisk språk og samiske emne dit. Som regel har da kursa vore desentraliserte med halvårseining over eitt år, og med samlingar på Árran. Eg fikk no kontor på Árran, og slik blei undervisninga integrert i det samiske fagmiljøet der. Dette skjedde omtrent samtidig med at Bodø lærerhøgskole blei ein del av Høgskolen i Bodø. Vi kjørte da igjen i 1994/95 lulesamisk 1 og samfunnsfag med vekt på samisk kultur og vidare duodji i 1995/96. Eg var med i planlegginga av alle dei samiskrelaterte kursa, samtidig som eg underviste på språkkursa.

I 1996 kunne eg endelig byrje i stipendiatstillinga for å ta hovudfag i samisk på Universitetet i Tromsø. Der var ikkje noko spesielt opplegg for lulesamisk, men eg følgde undervisninga for nordsamisk og tilpassa studia og pensum til lulesamisk i den grad det var mogleg. I 2000 kunne eg endelig ta hovudfagseksamen. Hovudfagsoppgåva mi skreiv eg på lulesamisk, ho heitte «Verba suorguduvvam verbajs : julevsámegiela værbbasuorgudisáj semántalasj guoradallam» (Verb avleia av verb: semantisk undersøking av lulesamiske verbavleiingar). Da var eg den første i Noreg som hadde tatt hovudfag i lulesamisk, seinare er det ein til som har tatt det.

Mens eg heldt på med hovudfaget hadde eg ikkje undervisning eit par år. I den tida var det ikkje noko tilbod om lulesamisk i høgskolen, ettersom ein ikkje fann nokon til å ta det. 1998 fikk vi frå departementet permanent stilling som høgskolelektor i lulesamisk, som eg tiltrådde da eg var ferdig med eksamen. I 1999/2000 hadde vi kurs i lulesamisk igjen og året etter kunne vi for første gong tilby andre halvårseining, eller opp til grunnfagsnivå. Deretter veksla vi mellom lulesamisk 1 og 2 fram til 2006. Da starta eg på doktorgraden, og det blei igjen stopp i undervisningstilbodet eit par år.

Med doktorgradsarbeidet har vore mange skjær i sjøen, både anna arbeid og sjukdom, så eg har ikkje kome meir enn omtrent halvvegs, og der er det stopp foreløpig.

Fra det lulesamiske senteret Árran blei bygd i 1994 har mesteparten av høgskoleundervisninga i lulesamisk blitt gjort herifrå.
(Foto: Svein Lund)

Studentar og læremiddel

– I motsetning til undervisninga i lulesamisk i Sverige, har vi heile tida hatt lulesamisk som undervisningsspråk, i og med at studentane har vore samiskspråklige. Ved opptak av studentar har det vore krav om bestått lulesamisk frå vidaregåande skole eller tilsvarande nivå, og studentane våre har alle snakka lulesamisk når dei starta.

Nokre av studentane har tatt samisk språk og samiske emne som del av førskole- og allmennlærarutdanning, eller kombinert med studium av andre fag på høgskolen. Vi har og hatt ein del utdanna lærarar som har tatt tilleggsutdanning i samisk, og studentar som har vore tilsette på Árran, i Sametinget eller i Tysfjord kommune.

Det er ikkje lett å finne tilstrekkelig med læremiddel til undervisninga i lulesamisk. For språklæra har vi boka Giellaj hilá[3], som brukast både i vidaregåande skole og høgare utdanning. I tillegg har vi sjølvsagt Nils Eric Spiik sin lulesamiske grammatikk. Vi brukar og boka mi Syntaks og ordavledninger i lulesamisk, og i tillegg ein del andre kompendier. På kulturstoffet og emne som litteraturanalyse må vi bruke bøker på norsk, svensk eller engelsk.

Av skjønnlitterære verk er det ikkje skrive så mye på lulesamisk, så det er ikkje bare å lage eit pensum med eit representativt utval av alle sjangrar, slik det er vanlig i nordsamisk og andre språkfag. Av originale romanar finst det bare eit par. Det har kome ein del barnebøker og diktbøker. Slikt som skodespel har vi i det heile ikkje. Ein roman og nokre barnebøker er i tillegg omsett frå nordsamisk til lulesamisk.

Skikkelige ordbøker har lenge vore ei mangelvare. Vi har hatt ei svensk–lulesamisk ordbok[4] , men denne har langt frå dekka behovet vårt på norsk side, dei fleste er jo ikkje så stødige i svensk. Eg har lenge jobba med å få til ei lulesamisk – norsk / norsk – lulesamisk ordbok, og våren 2012 blei ei førebels utgåve lagt ut på internett i samarbeid med Samisk språkteknologi på Universitetet i Tromsø. Vi vonar at i løpet av 2013 vil vi få ei prenta utgåve av denne. Elles har vi laga kompendium i bl.a. litteratur og om samiske språk/dialektar.

Høgskolen sitt ansvar

– Rektor ved Bodø lærerhøgskole, Tor Schjølberg, var sitt ansvar bevisst. Han sa vi som høgskole er forplikta til å gi undervisningstilbod til den lulesamiske befolkninga. Han ba meg å ta utdanning for å kunne undervise i lulesamisk. Samtidig var norsklektor Thorbjørn Storjord ein pådrivar innafor høgskolen si satsing på samiske fag og emne.

I 1989 ga departementet Høgskolen i Bodø særlig ansvar for utvikling av studium for den samiske befolkninga i det lulesamiske området. Korleis leiinga ved høgskolen har ivaretatt dette ansvaret har vore ganske varierande. Den første tida var alt som hadde med samisk å gjøre ofte faglæraren sitt personlige ansvar. Administrasjonen hadde lite kunnskap og var usikre. Eg vil ikkje seie det har vore direkte motstand, men heller tregheit i systemet. Det varierer med kven som sit i leiinga, i periodar har det vore dyktige og engasjerte folk, i andre periodar har dei meir latt det skure og gå.

Vi ser no at leiinga sjølv har innsett at dei ikkje alltid har ivaretatt dette ansvaret godt nok, for i eit intervju med NRK 21.02.2011 uttalte rektor Pål Pedersen: - Vi har lenge hatt ansvaret for lulesamisk språk og kultur og vi har i mange år følt at dette har vært stemoderlig behandlet. Slik burde det ikke ha vært, og dette ønsker vi nå å gjøre noe med.

For eit par år sidan fikk høgskolen endelig ein eigen rådgivar for samiske spørsmål. Det hadde vi trengt heile tida. For faglæraren er det veldig positivt, det betyr at denne meir kan konsentrere meg om det læraren eigentlig skal gjøre, å undervise studentar.

Universitet med framtidsplanar

Frå 01.01.2011 gikk Høgskolen i Bodø over til å bli Universitetet i Nordland. Som universitet er det i prinsippet lettare å starte nye utdanningar på høgt nivå, som master- og doktorgradsstudier.

– Rektor har uttrykt ønske om å få mastergrad i lulesamisk, men eg trur at vi i den sammenheng må satse på et samarbeid med Universitetet i Tromsø for å styrke den lulesamisk kompetansen.

Vi ønsker også å bygge ut samarbeidet med Universitetet i Umeå. Det har vore noko kontakt, men er enno ikkje inngått noko formell samarbeidsavtale. Hausten 2012 startar vi bachelor i lulesamisk. Denne graden vil innehalde 90 vekttal lulesamisk språk, fonetikk og språkvitskap og ex.phil som obligatoriske emne og 70 vt. valfritt innafor historie og samfunnsvitskapelige fag. Denne kan da gi grunnlag for å fortsette på ein mastergrad innafor samisk, statsvitskap eller historie.

Vi ønsker også å utvide i den andre enden, med å gi tilbod om forkurs. Det er enno ikkje heilt fastlagt, men vi vonar å få det igang i løpet av 2013.

Studentane i lulesamisk bachelor under den offisielle opninga av studiet. Bildet er tatt på Elsa Laula Renbergs auditorium ved Universitetet i Nordland i Bodø 18. september 2012. Frå venstre: Erling Urheim, Odd-Levi Paulsen, Idar Kintel, Adrian Nystø Mikkelsen, Arnhild Lindbach, Lars Joar Halonen, Lars Filip Paulsen, Heidi Andersen, Solvår Knutsen Turi, Elena Paulsen, Ingrid Kintel, Svenn-Egil Knutsen Duolljá, Karianne Thommasen, Nils-Heika Aira-Andersen. Representant for universitetet er visedekan Gisle Johnsen.
(Foto: Svein Arnt Adelsten)

Rekruttering er utfordringa

– Ser vi eit par tiår tilbake har det vore ei formidabel utvikling for lulesamisk, med oppretting av barnehage, innføring av førstespråk i skolen og ikkje minst kultursenteret Árran. Den språklige revitaliseringa har i første rekke vore i Tysfjord. Også i nabokommunar innafor lulesamisk område har det vore ei samisk oppvakning, men denne har i liten grad ført til at samar har tatt språket tilbake. Den viktigaste utfordringa no ser vi blant bysamane. Det er i første rekke Bodø som er «vår» by. Her er no oppretta ei samisk avdeling i ein av barnehagane, i første omgang med ein lulesamisk tilsett. I grunnskolen er det tilbod om lulesamisk andrespråk, ein samlar da elevar frå fleire skolar i byen.

Det største skjæret i sjøen er rekrutteringa, å få fram nye språkbærarar og ikkje minst nye språklærarar. Dette gjeld på alle nivå. Om vi startar på toppen, er det i dag ingen som har doktorgrad i lulesamisk etter at Susanna Angéus-Kuoljok døydde i 2009. På svensk side er det ei som jobbar med doktorgrad no, Ann Kristin Skoglund. På norsk side er eg den einaste som har starta, men når eg ser kor mye anna eg må gjøre, er eg ærlig talt i tvil om eg nokon gong blir ferdig, i alle fall før pensjonsalderen. Utanom meg finst det ein med lulesamisk mastergrad/hovudfag i Noreg. Det er også svært få med mellomfag/bachelor.

Vi har lenge ønska oss fleire lærarkrefter til lulesamisk ved HIBO/UIN. År 2000 blei Nils Jernsletten tilsett som professor 2, men det varte bare i eit par år. Sidan fann vi ingen som kunne overta. No har vi klarsignal for å tilsette både doktorgradsstipendiat og professor 2. Til stipendiatstillinga har vi kandidatar, eg vonar det går i orden i 2013.

Så lenge eg har vore aleine har all undervisninga vore avhengig av meg. Når eg har hatt studiepermisjon for hovudfag og doktorgrad, eller når eg har vore frikjøpt til arbeid med ordbok, har vi ikkje hatt nokon andre å sette inn.

Kven tar ansvar?

– Kven tar så ansvar for utviklinga av lulesamisk språk og kultur? Frå sentrale styresmakter og også frå Sametinget kan vi ofte kjenne oss gløymt, og at vi kjem i skuggen av nordsamisk. Sametinget har lenge hatt ei lita avdeling på Árran, men vi kjenner det slik at tinget først dei siste åra for alvor tatt tak i sør- og lulesamisk.

Nordland fylke har tre samiske språk innafor sitt ansvarsområde. Eg vil skryte litt av fylket. Dei har hatt stipendordningar, kurs, seminar og støtta prosjekt. Det har i mange år vore konsulentar for samiske forhold i fylkesadministrasjonen og utdanningsdirektøren har også engasjert seg for samisk opplæring.

Kva veg går skriftspråket?

– Nordsamisk og lulesamisk er ikkje bare forskjellig fordi det er forskjellige ord, ordformer og grammatikk. Men også prinsippa for gjengiving av lydar i skrift og av stadievekslingar i språket er forskjellig. Eit ord kan uttalast ganske likt på lulesamisk og nordsamisk, men skrivast forskjellig. Da den lulesamiske rettskrivinga blei etablert, var tanken at ein ville markere at vi hadde noko eige. Det gjorde at rettskrivinga blei unødvendig forskjellig frå nordsamisk. No tenker ein noko annleis enn da rettskrivinga blei etablert, men dette er likevel ikkje ei veldig aktuell sak i dag. Eg har lite tru på at lulesamar er villige til å innføre dei nordsamiske bokstavane som č, š, ž og đ. Derimot ville eg personlig gjerne ha revidert rettskrivinga på delar av bokstavbruken og gjengivinga av stadievekslinga, slik at forskjellane på lule- og nordsamisk blei mindre. Men kven skal gjøre den jobben? I dag har vi meir enn nok med å gjennomføre undervisninga og skaffe læremiddel på det skriftspråket vi har.


[1] Nils Eric Spiik: Lulesamisk grammatik. Jokkmokk 1977.
[2] Anta Pirak: Jåhtte sáme viessom er den første skjønnlitterære boka skrive på lulesamisk. Ho kom ut først i 1933 og har seinare kome i fleire utgåver, seinast i 2000, transkribert til noverande lulesamisk rettskriving. Boka er og omsett til svensk og gitt ut med tittelen En nomad och hans liv.
[3] Karin Tuolja, Susanna Angéus-Kuoljok, Annelie Korak: Giellaj hilá. Jokkmokk 1997
[4] Nils Eric Spiik: Lulesamisk ordbok. Svensk – samisk. Sameskolstyrelsen 1994


Flere artikler fra Samisk skolehistorie 6