Sámegillii In English

Artikkel i boka Samisk skolehistorie 1. Davvi Girji 2005.

Ruth, Eva og Irja Marie Josefsen:

Tre generasjonar som elev i Alta

Fortalt til Svein Lund

I Alta har vi snakka med tre generasjonar av samar som har kvar sine erfaringar frå den norske skolen. Den eldste starta i første klasse i 1931, den yngste i 2000.

1. generasjon: Ruth Rye Josefsen

Ruth Rye Josefsen, Alta 2003
(Foto: Svein Lund)

Ruth Rye Josefsen er født i 1923. Ho er oppvokst i Rafsbotn / Reaššvuotna i Alta, der ho enno bur. Her har ho budd mesteparten av livet, med unnatak av evakueringa og nokre år i Nordland på 40- og 50-talet. Ho er kjent som ei talefør og skrivefør dame med meiningar om mangt, og dei fleste i Finnmark har vel lagt merke til avisinnlegga hennar. Mest kjent er ho for at ho leia Folkeaksjonen mot utbygging av Alta-Kautokeino-vassdraget i 1979-80 og at ho sat på Sametinget i den første valperioden (1989-1993). Lokalt og på fylkesplan har ho deltatt aktivt i forskjellige organisasjonar, som Norske Samers Riksforbund, Norges kommunistiske parti, Nei til EU og Handel og kontor.

Rafsbotn

Rafsbotn er ei bygd om lag to mil frå Alta. For dei fleste som kjører forbi er det nokre hus som ligg langs vegen der ein kjører opp mot Sennalandet. Men der er og mange hus som ein ikkje ser frå hovudvegen, særlig utover mot Russeluft og oppover Sørelvdalen, der Ruth vaks opp. Til saman bur det om lag 500 menneske i Rafsbotn og omegn. Dei fleste som bur her har samisk og/eller kvensk/finsk bakgrunn. Det er vanskelig å finne skriftlig materiale om Rafsbotn, her er ikkje skrive verken bygdehistorie eller slektshistorie. Folket i Rafsbotn høver i stor grad til uttrykket Reidar Nielsen brukte i boka si om kystsamane i Finnmark: "Folk uten fortid".

Historikaren Jens Petter Nielsen skreiv i 1985 på oppdrag av Alta kommune ei utgreiing om "Det samiske innslaget i befolkningen i Altafjorden". Her bygde han på gamle folketellingar og om Rafsbotn skreiv han: "Rafsbotn er, i etnisk sammenheng, først og fremst kjent for et relativt sterkt kvænsk innslag i befolkningen. Folketellingene viser imidlertid at det samiske elementet, ihvertfall i vårt århundre, hele tiden har vært sterkere enn det kvænske." I 1930 blei heile 80,2 % av folket i Rafsbotn registrert som samar, i 1970 var dette gått ned til 23,3 %, utan at det hadde skjedd noko stor ut- eller innflytting.

Livsgrunnlaget i Rafsbotn har vore som i mange andre fjordbygder i Finnmark, småbruk, fiske, jakt og anna hausting av naturen. Frå 1920-talet var det mange som jobba i skiferfjellet i Alta. Dette var eit høvelig sesongarbeid, som lett kunne kombinerast med andre næringar. Far til Ruth var ein av dei som jobba i skiferfjellet. Seinare har mange jobba med veg- og anleggsarbeid.

Frå trespråklig til einspråklig

- Da eg var barn var samisk dagligspråket i dei fleste heimane i Rafsbotn, fortel Ruth.
- Men språket var allereie på vikande front. Det var byrja å bli meir populært å snakke kvensk, det ga høgare status enn samisk. Begge foreldra mine var trespråklige, men til ungane snakka dei bare norsk. Dei meinte at vi kom lengst med det, og dei passa på at vi bare snakka norsk. Farmora mi derimot, snakka bare samisk. Ho snakka samisk til meg, og eg snakka norsk til henne. Det var og ein annan familie i Rafsbotn der ungane bare fikk snakke norsk, men i dei fleste familiane snakka ungane på min alder samisk, kvensk eller begge delar. Vi som bare snakka norsk blei sett på som litt rare av dei andre ungane. Det var mange ungar som kunne dårlig norsk, blant dei fleire i klassa mi på skolen. Eigentlig kunne dei ikkje noko språk riktig godt, dei var halvt trespråklige, men med norsk som det dårligaste språket. Sjølv kan eg snakke litt samisk når eg må, kvensken er det verre med, men eg forstår jo ganske mye.

- Dei fleste i Rafsbotn var læstadianarar, men ikkje så strenge som dei ofte var inne i Alta. Det var ikkje vanlig at ungane blei tatt med på forsamlingane på bedehuset. Foreldra mine gikk ikkje dit, men eg ba sjølv om å få vere med tanta mi, da eg ville vite korleis det var der. Men der var ingen andre ungar, og det blei med den eine gongen.

Skolegang i Rafsbotn

Rafsbotn har hatt eigen skole i meir enn hundre år. Heilt på slutten av 1800-talet gjorde Skoledirektøren i Troms og Finnmark ei undersøking av språkforholda. Da var det 20 elevar ved Rafsbotn skole, av dei hadde 15 samisk og 5 kvensk som morsmål. Ingen beherska norsk så godt at dei kunne nyttiggjøre seg undervisning på norsk.

Frå 1899 til 1902 var Anders Larsen lærar her. Han var sjøsame frå Kvænangen og blei seinare redaktør av den samiske avisa "Sagai Muittalægje". Larsen skreiv den første samiskspråklige romanen, "Beaivvi álgu" og heftet "Mearrasámiid birra" eller "Om sjøsamene", der han bl.a. bygger på det han opplevde i Rafsbotn. Frå Larsen si tid som lærar i Kokelv er det kjent at han underviste på samisk og derfor kom i klammeri med skoledirektøren. Larsen sitt arbeid kan ha vore ein av årsakane til at talet på folk i Rafsbotn som rekna seg som samar auka frå 1900 til 1930. - Det tidligaste eg kjenner til av skolehistoria, fortel Ruth, er at foreldra mine gikk på skole her. Eg trur far min byrja i 1905 og mor i 1908. Da var det allereie fast skole, og all undervisninga gikk på norsk.

Eg byrja på skolen i 1931. Da var eg 8 år. Det var to grunnar til at eg byrja eitt år seinare enn dei fleste. For det første budde vi langt oppe i dalen, og det var lang veg å gå ned til skolen. For det andre kunne arbeidsfolk sine ungar i den tida ikkje rekne med å få meir enn 7 års skolegang. Far min var opptatt av at vi skulle få mest mogleg lærdom, og han meinte at eg ville få meir med meg om eg var eit år eldre.

Skolen i Rafsbotn besto av eitt klasserom, og læraren budde i andre enden av skolebygget. Skolen var 3-delt, men vi hadde bare ein lærar. Vi gikk derfor ei veke på skolen, så var det to veker fri. Dei fleste foreldra syntest dette var greitt, for i frivekene kunne da ungane hjelpe til heime eller i skiferfjellet. Den læraren vi hadde dei første åra hadde lærarutdanning og kom frå Tverrelvdalen (bygd i Alta dominert av innflyttarar frå Østerdalen). Han kjente seg "betre" enn finnane i Rafsbotn, og hadde liten kontakt med lokalbefolkninga. Seinare fikk vi ein annan lærar som var veldig fin. Men i mellomtida var det mange dårlige vikarar. Eg minst at ein blei bortvist etter å ha skamslått elevar. Rafsbotn skole hadde ord på seg for å vere ein forferdelig skole med trollate elevar.

Læraren banka ungane med bjørkeris og lugga jentene i flettene. Læraren tok plansjar frå Bibelen og sette foran vindauga for at ingen skulle kunne sjå at han banka ungane. Men han torde ikkje legge hand på meg, for han visste at far min var kjent for å seie frå. Mens vi gikk på skolen hugsar eg at det kom ein lov om at lærarane ikkje lengre fikk slå elevane (Folkeskolelova av 1936).

Ingen av lærarane vi hadde kunne noko samisk eller kvensk. Vi fikk klar melding om at på skolen skulle vi bare snakke norsk. Det blei sagt at det ikkje var lov å snakke anna enn norsk på skolen, men det er ikkje klart for meg kven som hadde bestemt det. Eg kan ikkje hugse at verken samar eller kvenar nokon gong var nemnde verken i lærebøkene eller i lærarane si undervisning.

Rafsbotn skole, 17.05.1937
(Foto utlånt av Sven Olsen)

Rafsbotn - ei samebygd?

- I dag vil eg seie at Rafsbotn var ei samisk bygd. Men vi brukte ikkje sjølve ordet "same" da eg vaks opp. Vi brukte i det heile tatt ikkje noko ord for vår eigen identitet. Folk utafrå, derimot, sa vi var lappar eller finnar. Desse orda blei brukt om kvarandre. Ordet same var lite i bruk her før ut på 1960-talet.

Det har aldri vore noko eiga samisk organisering i Rafsbotn. Den viktigaste lokale organisasjonen var idrettslaget. Ungdommen i Rafsbotn var kjente for å vere flinke idrettsfolk, og vann ofte konkurransar mot idrettslaga inne i Alta. Da fikk dei gjerne slengt etter seg at dei var "tjærrafinn" eller andre skjellsord.

Den første mannen min kom frå Kjerringøy i Nordland. Han var ofte på besøk hos familien til far min, og fortalte at farfaren min brukte å seie: "Vi samar gjør slik og slik". Eg hugsar eg var noko engstelig for korleis mannen min reagerte på å få det servert så direkte at vi var samar, sjølv om han måtte ha skjønt det. Det var elles ikkje noko ein snakka høgt om i den tida.

Da vi besøkte Ruth hadde Alta Sameforening nettopp hatt 30-års jubileum, og ho hadde genseren med "Alta Sámi Searvi 30" på seg. Men da sameforeninga blei starta opp i 1972, var det ingen medlemmer frå Rafsbotn. Det var innflyttarar frå Indre Finnmark og sørsamiske område som starta denne organiseringa, men etter kvart kom også innfødde Alta-samar med. Sjølv blei Ruth med på slutten av 70-talet i lag med ei til frå Rafsbotn, Idun Meli. Dei skaffa seg da kofte og "terga folk", som ho seier. For no var det ikkje populært å stå fram som same i Rafsbotn. Idun Meli var lærar i Rafsbotn, og den første som starta med samiskundervisning. I starten hadde ho bare ein elev, og i lag med eleven hadde ho laga og hengt opp på skolen ein plakat med teikningar over forskjellige samekofter. Ein journalist i Finnmark Dagblad laga da ein reportasje der denne plakaten var vist, og der Idun Meli fortalte at dei fleste i Rafsbotn hadde samisk bakgrunn. Dette utløyste eit rabalder i bygda. Dei flotte teikningane forsvann sporlaust. Tre gutar frå Rafsbotn gikk anonymt ut i avisa og svarte at det er slett ikkje sant at vi er samar, vi vil ikkje ha den skuldinga på oss. Dessutan var den første som slo seg ned i Rafsbotn ein danske, hevda dei.

- Eg veit godt kem dei var, seier Ruth. To av dei er i slekt med meg, og dei kan i alle fall ikkje fri seg for samisk bakgrunn. Ein av dei har ein bestefar som var reindriftssame frå Karasjok. Nei, det samiske skulle vaskast bort.

Sjølv om mange no har vedkjent seg samisk opphav, er det relativt få i Rafsbotn som har meldt seg inn i samemanntalet. Sjølv er Ruth den einaste av 7 søsken, og Idun den einaste av 10 søsken i samemanntalet. Derimot har det vore populært å leite i slekta for å finne tyske eller danske forfedre.

Frå folkeskole til vaksenopplæring

I Rafsbotn fikk Ruth 7 års skolegang, deretter fikk ho eit år på fylkesskolen (ein slags folkehøgskole) i Bossekop i Alta. Der var det mest husstellundervisning. Deretter var det slutt på skolegangen for dei neste 30 åra. Det blei jobb med huspost, småbruk og seinare som pedell på skolen. Først i 1968 fikk ho sjansen til å ta halvtårig handelsskole i Tromsø, og i 1972 byrja ho å ta gymnasfag som privatist. Det tok si tid å bli ferdig ved sida av arbeid og organisasjonsarbeid, men langt om lenge fikk ho studiekompetanse. Ei tid var ho kommisjonær for Narvesen, seinare jobba ho på kontoret til ei elektroforretning til pensjonsalderen. Først som pensjonist skreiv ho seg inn på jusstudiet ved Universitetet i Tromsø.

- Men så kom eg inn på Sametinget, og da fikk eg ikkje tid til å studere noko særlig. Men det eg lærte av jus har eg hatt mye nytte av.

Ruth og Eva har begge vært sametingsrepresentanter, for NSR i Alta/Kvalsund valgkrets. Ruth satt på Sametinget 1989-93 og Eva 1997-2001. Her er dei blant sametingsrepresentantane. Eva i andre rekke nr. 5 frå høgre.
(Govat: Harry Johansen)

2. generasjon: Eva Josefsen

Eva Josefsen blei født i 1961, vaks opp i Rafsbotn og bur no sentralt i Alta. Ho har utdanning i økonomi og administrasjon frå Høgskolen i Finnmark og hovudfag i statsvitskap frå Universitetet i Tromsø. Ho har arbeida med forskjellige prosjekt for Høgskolen i Finnmark og Nordisk Samisk Institutt og arbeider no ved Norut NIBR Finnmark, der ho bl.a. har forska på Sametinget som likestillingspolitisk arena. I 2005 byrja ho som doktorgradsstipendiat.

Eva har i mange år vore aktiv i samepolitisk og anna politisk arbeid og bl.a. vore leiar av Alta sameforening. I perioden 1997-2001 satt ho på Sametinget som representant for NSR.

I motsetning til mora som byrja på skolen eitt år etter skjema, byrja Eva eitt år før, som 6-åring i 1967. Dei første seks åra gikk ho på Rafsbotn skole, deretter blei det Alta ungdomsskole og allmennfag på det som da heitte Alta gymnas.

Etnisitet som ikkje-tema

- I barndommen min hørte eg jo både finsk og samisk i Rafsbotn. Finsk kunne ein høre på butikken, samisk bare i nokre heimar. Likevel blei det ikkje snakka om kem som var kva, verken i familien eller i bygda. Og minst av alt på skolen. Det var rett og slett ikkje eit tema ein snakka om. Men eg hadde ei førestilling om rangering av språka, der norsk var best, og finsk var betre enn samisk.

På skolen i Rafsbotn kan eg aldri hugse at vi lærte noko om samar, i alle fall ikkje noko som var knytta til bygda vår. Dei fleste lærarane var utafrå. Men ein av lærarane var oppvokst i Rafsbotn. Eg kan hugse vi var på klassetur til nabobygda Ruoššaluokta (Russeluft) da eg gikk i 4. klasse. Da fortalte denne læraren oss at under krigen var det ein gutt som narra tyskarane ut for eit bratt berg her. Seinare har eg funne ut at dette kunne jo umogleg stemme. Dersom dette hadde skjedd under 2. verdskrigen, hadde det sjølvsagt vore allment kjent. Det som ligg bak, må ha vore det gamle samiske sagnet der russetsjudane blei narra ut for berget. Dersom dette skjedde her, kan det og forklare namnet Ruoššaluokta eller Russerbukta. I seinare år har eg tenkt på dette som eit av dei mange tilfella der historia til dette området har blitt forvanska og omtolka så det samiske skulle bli borte.

Det var ei jente på skolen i Rafsbotn som snakka samisk. Ho hadde kome flyttande frå Guovdageaidnu. Ho lærte oss nokre få setningar på samisk, som "Atte munnje cummá!"

- Mor di har fortalt at når ungdom frå Rafsbotn kom inn til Alta, blei dei kalla tjærrafinn og liknande nedsettande uttrykk som viste til at dei var samar. Korleis var det da du vaks opp?
- Da var det ikkje noko slikt å høre. Det var ikkje lenger noko allmenn oppfatning at det var samar i Rafsbotn, verken blant bygdefolket eller i nabobygdene. Sjølv hadde eg i barndommen ikkje noko klar oppfatning av kva eg var.

Kautokeinokofte

- Men i ungdomstida må det likevel ha skjedd noko med meg. For på ungdomsskolen skreiv eg særoppgåve om Kautokeinoopprøret, og da eg var 14-15 masa eg meg til at eg ville ha samekofte. Mor mi fikk ho sydd, det var ei Kautokeinokofte, noko eiga kofte for kystsamane i Altafjorden fantest ikkje den gangen.

- Eg hugsar at på ungdomsskolen var det ein lærar som spurte om nokon i klassa forsto samisk. Ein elev som snakka samisk måtte nærast pressast til å innrømme det, ho hadde ikkje lyst til å snakke om det. Det hadde ingen status å kunne samisk, snarare tvert om.

Altakampen

Da Eva gikk på vidaregåande skole, 1976-79, kom Altakampen, og blant elevane, som elles i Alta, blei det hissige diskusjonar, både i timane og i friminutta. I klassa til Eva var det elevar med foreldre som var aktive på begge sider. Men framleis var det minimalt dei lærte om samiske forhold på skolen, og om sjøsamane rundt Altafjorden sa verken skolebøker eller lærarar noko som helst.

16 år gamal byrja Eva for første gong på samiskkurs. Det var Håkon Henriksen som var lærar, ein av leiarane for Folkeaksjonen mot Altautbygginga. Seinare har ho lært seg meir samisk, så ho kan forstå og snakke ein del. Men i offentlige samanhengar uttrykker ho seg framleis helst på norsk.

Etter vidaregåande skole studerte Eva økonomi og administrasjon på Høgskolen i Finnmark. Her var det absolutt ingenting sagt om samiske forhold. Seinare tok ho statsvitenskap på Universitetet i Tromsø. Her var det heller ingen ting om samar på pensum verken på grunnfag eller mellomfag, men no reagerte studentane og kravde at det kom med. Først på hovudfag opplevde ho å få litt materiale om samiske forhold.

Som konklusjon kan ein seie at ein samisk elev / student frå ei samisk bygd i Kyst-Finnmark i perioden 1967-2001 kunne gjennomføre 18 års skolegang med heilt minimal informasjon om sitt eige folk. Kanskje ikkje så rart at da Eva skulle skrive hovudfagsoppgåve, valde ho nettopp å granske kva dei som planlegg undervisning og andre offentlige oppgåver veit om samiske spørsmål. Da fann ho ikkje uventa ut at både i Utdanningsdepartementet og Fiskeridepartementet skjer mesteparten av saksbehandlinga av betydning for samiske område utan at samiske interesser i det heile blir vurdert.

I dag er ho opptatt av at dotter hennar og andre barn med samisk bakgrunn som veks opp i Alta skal få betre kjennskap til samisk språk og kultur i skolen enn det ho sjølv fikk.

Eva og Irja Marie Josefsen, Alta 2003
(Foto: Svein Lund)

3. generasjon: Irja Marie Josefsen

Irja Marie Josefsen er født i 1994. Ho byrja på Komsa skole i 2000. Når dette skrivast går ho i fjerde klasse.

Frå før Irja lærte å snakke har ho vore i samisk barnehage og da ho byrja å snakke, kom både samisk og norsk på ein gong. Da ho byrja på skolen kunne ho begge språka omtrent like godt.

På Komsa skole i Alta har Irja fått samisk som førstespråk. Førstespråkselevane er ei gruppe på 6 elevar i 3. og 4. klasse. No skulle ein kanskje tru at samisk førstespråk betyr undervisning på samisk. Men slik er det ikkje i Alta. Der betyr samisk førstespråk bare at ho har fått samisk som fag frå 1. klasse og at samiskundervisninga skjer på samisk. [1] Alle andre fag blir derimot underviste på norsk, og da følger elevane kvar sine klassar. I Alta har det til no ikkje vore noko tilbod om undervisning på samisk i andre timar.

Irja er ikkje noko begeistra for å bli intervjua, så det er helst mora som svarar for henne. Men ho følger med så ho kan kontrollere at eg ikkje skriv noko gale. Det er ikkje bare språket som er norsk i alle andre timar enn samiskfaget, men innhaldet er og etter den nasjonale læreplanen. Ettersom Alta ikkje er med i forvaltningsområdet for samisk språk, brukar alle elevar den nasjonale læreplanen. Det vil seie at sjølv elevar med samisk som førstespråk ikkje får nytte av at det finst ein samisk læreplan for grunnskolen.

- Lærer du noko om samiske forhold utanom samisktimane, spør vi Irja.
- Vi har ei samisk regle i norskboka, men elles er det ingenting.

Også i samisktimane er det minimalt om det sjøsamiske, ettersom samisklærarane kjem frå Indre Finnmark og først og fremst kjenner til det miljøet. Når det også er folk frå Indre Finnmark som har skrive lærebøkene, blir det lite som knyt samiskundervisninga til lokalsamfunnet og til bakgrunnen til dei fleste elevane.

Både som mor og som medlem av Alta sameforening har Eva engasjert seg i samiskundervisninga i Alta. Tidligare har skolekontoret vore heilt negativ, fortel ho, men i dei seinare åra har det blitt noko betre. Likevel blir samiskundervisninga behandla som ei vorte, ikkje som ein naturlig del av skolen. Først blir timeplanen laga, så må ein forsøke å tilpasse samiskundervisinga til denne. Det er framleis ei utbreidd oppfatning i kommunen at samiskopplæring dreier seg om tilbod til elevar frå innlandet, ikkje til Alta si eiga samiske befolkning.

Blant foreldra har det vore, og er framleis, delte meiningar om ein skal krevje eigen samisk skolekrets, eller om det er betre at elevane får samiskundervisning ved den skolen dei naturlig soknar til.

På Rafsbotn skole, der Ruth og Eva gikk, har det vore samiskundervisning sidan tidlig på 1980-talet. I dag er der omlag 15 elevar som har samisk som fag. Det er omlag ein tidel av elevane på skolen. Sjølv om det er stor framgang frå ein starta med ein elev, er det framleis eit lite mindretal av foreldra med samisk bakgrunn som velger at barna deira skal lære språket.


[1][Elevane som har samisk som andrespråk i Alta, fikk da dette blei skrive samisk først frå tredjeklasse, og der foregår også samiskundervisninga på norsk. Seinare har dei fått samisk frå første klasse. (red. kommentar, oppdatert 2012.) ]


Flere artikler fra Samisk skolehistorie 1