Sámegillii

Artikkel i boka Samisk skolehistorie 3. Davvi Girji 2009.

Jon Eldar Einejord:

Status for morsmålsopplæringa i Noreg

Jon Eldar Einejord
(Foto: Arne Nystad)

Jon Eldar Einejord (Čoarddá Jomnna) var fødd i 1939 og voks opp i Skånland (Skániek), der han gjekk på folkeskolen i Tjønna (Vuopmi). Ved sida av arbeid i Oslo tok han realskoleeksamen og examen artium ved Oslo Sprogskole. Han hadde samisk hovudfag, historie og norsk mellomfag og årseining i finsk, og underviste i folkeskolen, ungdomsskolen, gymnaset og vidaregåande skole, og i samisk i lærarutdanninga.

Einejord var lærar ved Karasjok gymnasklasser / Samisk videregående skole, Karasjok frå opprettinga i 1969, frå 1975 til 1997 var han rektor. Frå 1997 var han rådgivar i Sametingets opplæringsavdeling, med bustad i Harstad.

Einejord var med i offentlege utval som greidde ut samiske skole- og kulturspørsmål, m.a. om vidaregåande opplæring for samar. Han har leidd Fagutvalet for samisk litteratur, Nabolandslitteraturkomitéen og Samisk kulturråd.

Jon Eldar Einejord døydde brått hausten 2007, etter at han hadde levert denne artikkelen til Samisk skolehistorie.

Artikkelen tar for seg samanhengen i status for opplæringa og oppsedinga i norsk og samisk språk og kultur i Noreg.

Frå kristelig kunnskap til realkunnskap

Da kimen til skolen som institusjonen oppsto i Europa i mellomalderen, blei påverknad hovudsaka, med «kristeleg kunnskap» som hjelpemiddel. Kunnskap i kristendom blei hovudsaka hos dei som skulle misjonere, og først og fremst blei ferdigheit i latin og gresk eit hjelpemiddel til bibelkunnskap.

I 1989 var det nasjonal markering av at folkeskolen i Noreg var 250 år. Overhøring av konfirmantar stammar frå innføring av konfirmasjonen under den pietistiske kong Christian VI i 1736, og forordninga i 1739 om at konfirmantane måtte vise eit minstemål av kristendomskunnskap før dei slapp fram for presten. Dette er rekna som kimen til folkeskolen i Noreg, fordi ungdomane etter kvart måtte lære å lese frå bibel og katekisme – på dansk. Rekning og skriving kom inn seinare.

Realkunnskap – fagkunnskap og ferdigheit for heim og næring – kom knapt inn i skolen i Noreg før på 1800-talet. Nemninga «realskole» på borgarskolar som kom smått om senn, signaliserer eit brot med latinskolen, som bare var tilgjengeleg for eit fåtal. Men realkunnskap innafor samisk språk, kultur og næring kom først inn i skolen i Noreg frå 1960-talet og utetter.

Språk for kommunikasjon og makt

Gjennom den statusen eit språk får, blir det eit direkte kommunikasjonsmiddel: for formidling – eller indirekte: for påverknad. Der ulike folkeslag har møttest eller har delt eit landområde, har bruken av eit visst språk alltid blitt ein lekk i kulturbevaring og i kulturreising, eller i motsett fall ein lekk i måten å konkurrere ut folk og kulturen deira på. Så langt fyrsten og folket hadde felles språk under kristningsperioden, var det greitt å bruke folkemålet når kristendomen skulle formidlast. Men språket til riksfyrstane i Norden fekk snart funksjonen som maktspråk – styringsmakta sitt språk.

I denne samanhengen bør ein vere merksam på nyansar i innhaldet i orda «majoritet» og «minoritet». Til vanleg tenkjer folk på kor mange det gjeld. Men da Thomas von Westen kring 1715 kom i gang med misjoneringa av samane, kunne dei samiskspråklege vere i fleirtal i somme regionar i Nord-Noreg og Trøndelag, område der dei i dag er eit lite mindretal. Men den tids tallmessige ikkje-samiske minoritet var maktmessig ein majoritet. Sameleis blei det for samane som fekk tsaren som riksfyrste. I ein viss mon blei stoda slik òg for dei finskspråklege under svenskekongen, og dei finskspråklege som frå 1809 kom under den russiske tsaren.

"Omvend dere!" Frå Inger Haldis Halvari si kunstutstilling "Fra kvinneguder til misjonærer". Samisk høgskole 2004
(Foto: Svein Lund)

Eit døme på sambandet mellom kristenmakt og verdsleg makt er at prestar fann det naturleg å preike på danskekongen sitt språk for nordmenn, færingar, islendingar, og samar i landområdet som seinare blei Noreg, og på svenskekongen sitt språk for samane i landområda som i dag utgjer Sverige og Finland. For presteskapet i Noreg blei «folkemålet» dansk, av di Bibelen på dansk kom i bruk i Noreg frå 1553, likeeins den danske salmeboka frå 1569.

I 1517 starta Martin Luther reformasjonen og protestantismen med tesane han slo opp mot paven si lære på kyrkjedøra i Wittenberg. Det klassiske dømet frå europeisk historie på nytten av å bruke folket sitt eige språk for å fremje kristendomskunnskapen hos dei, er bibelomsetjinga hans frå latin til tysk. Han såg nytten i å bruke folkemålet tysk i Bibelen og i preiker og salmar i staden for prestespråket latin. Dette gjorde han for å aktivisere einskildmenneska og kyrkjelydane. Dette synet rådde òg sist på 1500-talet, da den målmedvetne kristninga av samar tok til i det landområdet som den russiske tsaren hevda som sitt; i første helvta av 1600-talet under svenskekongen i landområdet som no er Sverige og Finland, og 100 år seinare under danskekongen i landområdet som kom til å bli Noreg. Såleis blei klosteret i Petsjenga bygt sist på 1500-talet. Aust for kjølen kom mellom anna Den Scytteanska skolan frå 1632, ein skole som skulle oppdra gløgge samegutar til å bli misjonærar blant samane. Vest for Kjølen kom kring 1715 misjoneringa til Thomas von Westen og hjelpesmennene hans i gang. Og det var nett i ein periode da misjonærane såg nytten i å bruke folket sitt eige språk.

Norsk og samisk språkreising

I verda vår er val av språk og språkform gjennom tidene blitt eit middel til priviligering eller undertrykking, eller for oppreist – og såleis ein lekk i kulturell vanvørdnad eller i kulturreising.
Sjølv om status for norsk språk i høve til det danske sprog kan hende ikkje var hovudsaka, kunne t.d. Johan Nordahl Brun sitt dikt «For Norge, Kiempers Fødeland» ha vore eit signal om oppreist, til dømes med lina «Dog vaagne vi vel op engang og bryde Lænker, Baand og Tvang». I alle fall konfiskerte den danske kongemakta songen.
Som samisk døme gjeld lærar og stortingsrepresentant Isak Saba si Sámesoga lávlla (Samefolkets song) frå åra etter 1905. Her heiter det i omsetjing: «Falske vener ikkje vinn deg, når ditt eige språk du aktar og du hugsar fedreordet: Sameland for samane!». På den tida hadde fornorskinga skote fart, og oppmodinga hans om å starte ei samisk språk- og kulturreising bidrog nok til at han ikkje blei attvald til Stortinget i 1912.

I høve til samisk språk har nytteaspektet alltid vore framme i oppseding og opplæring i regi av kyrkje- og statsmakt. Somme såg på samisk språk som ein føremon for å formidle kristendomen til samar, derfor er det som finst av litteratur på samisk, i tida frå den første boka på samisk kom i 1617 til ut i 1800-åra, i første rekke hjelpemiddel for prestar. På motsett side har somme sett på samisk språk som ein hemsko. Sjølv om Den kristne kyrkja offisielt har hevda at Gud skapte alle like, formidla likevel biskop Mathias Bonsach Krogh i Nordlandene og Finnmarken frå 1804, og biskop Anton Christian Bang (også kyrkjeminister 1893–95) i Christiania frå 1886 at somme er likare enn andre: Samane må først bli menneske, sia kan dei bli kristne; Gud forstår ikkje samisk.

Det var ei parallell kulturreising for norsk språk frå kring 1840 til merkeåret 1884, og for dei samiske språkformene i unionsrika Sverige og Noreg. Litteratur er ei viktig side ved all språkreising, og utover frå 1840-åra blei norske folkeventyr, folkeviser og religiøse folketonar samla og nedskrivne, medan Ivar Aasen la grunnlaget for norsk målreising med grammatikk og ordbok over det norske folkemålet. Han kalla det «landsmål» frå 1853, og det fekk seinare «nynorsk» som offisielt namn frå 1929. Ein samisk parallell med bruk av samisk i preike og skrift, er prestane Lars Levi Læstadius i Karesuando og Anders Fjellner i Sorsele. Den første er kjend for trusretninga læstadianismen frå 1844, den andre for diktverket på sørsamisk om sola sine born, samane. Og etter Jaakko Fellman, prest i Utsjoki i 1820-åra, finst det nokre joiketekstar nedskrivne.

I året 1852 slo styresmaktene i Noreg ned den sosialistiske rørsla som Marcus Thrane freista å reise i landet, og dømde han til fleire års fengsel. Kan hende derfor er oppstanden i Kautokeino i 1852 av kyrkje- og statsmakt gjerne omtala som «religiøs villfarelse». Men dokument frå straffesaka syner at dei straffeforfølgde òg hadde sosiale mål, og styresmaktene sjølve såg på hendingane som ein sosial oppstand. For å rå bot på tilhøva som presten og handelsmannen var opphav til, blei det i alle fall til at Nils Vibe Stockfleth blei sendt dit som prest. Etter han finst det ein samisk grammatikk og ei samisk ordbok og kristelege tekstar på samisk. Eit professorat i lappisk og kvensk blei oppretta ved universitetet i Christiania i 1866, med Jens A. Friis som første stillingshavar. Og i åra 1864–84 fekk læraren Anders Johnsen Bakke trykt salmar på nordsamisk i Tromsø. Somt er omsetting og somt er hans eiga tekst. Og nettopp i åra 1864–84 la Elias Blix grunnlaget for salmeboka på landsmål.

Slutt på parallell utvikling

1884 er eit merkeår i Noregs historie. Da blei parlamentarismen tvinga gjennom av Stortinget. Regjeringa som felleskongen for Sverige og Noreg oppnemnde for Noreg, måtte få godkjenning frå parlamentet i Noreg. Dei første politiske partia oppsto. Elles er 1884 eit merkeår fordi den første kvinna meldte seg til studenteksamen ved universitetet.

Men frå rundt 1884 tok den parallelle positive utviklinga for norskdom og samiskheit slutt i Noreg. Året etter vedtok Stortinget først at landsmålet skulle vere offisiell språkform i Noreg ved sia av den dansk-norske språkforma, som fekk nemninga «riksmål» og seinare «bokmål». Samtidig svekte Stortinget bruken av samisk i skole og kyrkje, men Norges Finnemisjon, no Norges Samemisjon, blei stifta i 1888 for å rå bot på at lærar og prest skulle bruke berre norsk overfor samiskspråklege.
Fornorskingslina i Noreg fekk eit snev av omsyn til nytten av det å bruke samisk, i same meining som da misjonering av samane starta tre hundre år før: Styresmaktene forbaud i forordning av 1898 bruken av samisk i skolen, men tillét likevel bruken av samisk dersom det var naudsynt for å få samar til å skjøne kristendomsundervisninga. Det mest bisarre er eit framlegg frå styresmenn i 1904 om at samar som ikkje skjøna vigsleritualet på norsk, ikkje skulle få gifte seg.

"Det mest bisarre er eit framlegg frå styresmenn i 1904 om at samar som ikkje skjøna vigsleritualet på norsk, ikkje skulle få gifte seg."
Her frå tredobbelt bryllaup i Kautokeino i 1938. Brudepara er Daniel Mathiesen Hætta og Susanne Mathisdtr. Hætta, Henrik Andersen Spein og Berit Anne Jakobsdtr. Hætta, Aslak Mikkelsen Sara og Inga Josefsdtr.

(Foto: Bertrand M. Nilsen)

Frå 1902 kjenner vi forordninga frå sentrale styresmakter om at utmåling av Statens grunn i Finnmark til samisk- og kvensktalande skulle hindrast. Dette er eit klårt døme på maktpolitisk bruk av språket som reiskap i kulturell undertrykking og som eit våpen i kampen om ressursar: Her galdt det å få jorda i Finnmark reservert for etnisk norske, og samstundes sperre for finsk/russisk maktpolitisk innpass. Nye bruk blei og namnsette på norsk.
Eit høgdepunkt i Staten sin fornorskingspolitikk er utsegna i 1917 frå den første skoledirektøren i Finnmark om at det endelege målet var å utrydde den samiske kulturen.

Offentleg og privat diskriminering

To år etter at unionen mellom Sverige og Noreg blei oppløyst, innførte Stortinget i 1907 allmenn røysterett for menn, og det same for kvinner i 1913. Når det gjeld allmenn borgarrett, kan ein vel ikkje seie at styresmaktene diskriminerte samane, så framt dei synte norskdom. Men elles var det tenleg å følgje norsk «etikette» i tale, framferd og klesveg saman med norske, for å unngå bli ledd av og oversett.
Men i verda vår har menneska hatt ein hang til å sjå ned på andre som ikkje har vore nett som ein sjølv og sine likemenn. Slik har det vore anten dei har hatt anna språk, tru eller livs- og levemåte, eller ein annan plass i samfunnet når det gjeld slekt, kjønn, utdanning, yrke, stilling eller økonomi. På det viset har ein freista å skaffe seg føremoner for seg og sine.

For innflyttarane til byane for hundre år sia lønte det seg å ta etter dei leiande byfolka. Heimstadmålet deira blei gjerne ledd av. Innflyttarar som melde seg inn i Bondeungdomslaget i Oslo har fortalt frå dei første tiåra på 1900-talet at om folk viste seg i bunad ute mellom byfolk, risikerte dei at «fint» folk spytta etter dei. Enda i 1968 slo avisa Verdens Gang opp at ein person som kom saman med folk frå avisa og NRK, ikkje fekk kome inn på ein restaurant i Oslo fordi vedkomande var kledd i samekofte.

I norsk litteraturhistorie blir tumultane i Christiania teater i 1856 omtala som «teaterslaget»: Dei norsksinna ville nemleg la norsk leiing og teaterstykke avløyse dansk leiing og teater. Men det andre teaterslaget blir ikkje like mykje omtala: Opninga av Det norske teatret i Oslo i 1913 som nynorsk teater gjorde fint folk så oppøste at dei tok til tumultar både i og utafor teatersalen. Politiet måtte trø til og roe dei. Eit døme på skiftet i haldning er at i Noreg er bunad og samekofte dei siste to tiåra blitt reine gallaklede. Og da Beaivváš samisk teater blei oppretta i 1981 kunne «det gode borgarskap» knapt anna enn applaudere.
Synet på at det er likeverd som fremjar likestilling, og ikkje likskapen, hører til dei nyaste tider. Misforstått idealisering av «likskap» har hemma språkleg og kulturell utfalding hos einskildmenneske og folkegrupper, og i verste fall blitt opphavet til å meine at berre einsarta framtoning, tankar og språkform er gode og kan tillatast. Politisk har det ført til einsretting.

I gamle dagar var det ein hard skole. Frå Inger Haldis Halvari si kunstutstilling "Fra kvinneguder til misjonærer". Samisk høgskole 2004
(Foto: Svein Lund)

Ny tid for samisk språk

Den første bruken av samisk språk i kyrkje og skole i Noreg før 1900 gjekk i hovudsak ut på å nytte det som hjelpemiddel. Skiftet frå bruken av samisk som hjelpemiddel til samisk som undervisningsobjekt, dvs. fag, var det knapt før den samiske folkehøgskolen kom i 1936. Samstundes fekk samisk husflid og handverk (duodji) innpass i folkehøgskolen, med ei styrking da Heimeyrkeskolen for samar kom i 1952.
Men i folkeskolen fekk ikkje samisk språk og kultur nokon institusjonalisert eller offisiell plass før på 1960-talet. Ei ny tid blir innleidd da Arbeidarparti-regjeringa i 1956 oppnemnde den såkalla Samekomiteen, som la fram innstillinga si i 1959. Den positive behandlinga i Stortinget står som motsetnad til haldningar i «samefylket» Finnmark. Eit døme på korleis folk såg på samisk språk og kultur finn vi i protokollen frå eit skolestyremøte i Karasjok i 1957: Eit framlegg frå skolesjefen blei nedstemt av fleirtalet frå Høgre og Arbeidarpartiet, som uttalte at ei slik undervisning er unødvendig og kanskje skadeleg.
På riksplan hadde behandlinga iallfall til følgje at grunnfag i samisk blei oppretta ved Universitetet i Oslo i 1962. Det var ei særordning for folkeskolelærarar og for folk utan studenteksamen. Vidare kom frå 1964 lov om realskole og gymnas til å gi høve til å skifte ut norsk sidemål med samisk, og høve til begynnaropplæring på samisk i barneskolen blei opna i 1967.

Stortinget innleidde no ei ny tid, også da det i 1964 oppretta Norsk kulturfond, og tilla Norsk kulturråd å støtte samiske kulturtiltak med. Såleis blei Samisk spesialbibliotek oppretta i Karasjok. Men trua på samane sin bruk av samisk som litterært språk var liten i Kyrkje- og undervisningsdepartementet, som den gongen var «kulturdepartementet». Der var meininga at i overskodeleg framtid vil samisk litteratur måtte bli litteratur omsett til samisk. For Komiteen til fremme av samisk litteratur, som Samisk spesialbibliotek i Karasjok oppretta i 1971 med løyving frå Norsk kulturråd, måtte utsegna verke provoserande. Komiteen blei i 1975 lagt inn under Norsk kulturråd som Fagutvalet for samisk litteratur.

Identiske vilkår eller likeverdige?

Trua på at det er identiske vilkår – samme kunnskaper i og på norsk – og ikkje likeverdige vilkår – like gode kunnskaper i og på samisk og norsk til saman – som fremjar likestilling, hang likevel med: Meininga med begynnaropplæring i samisk frå 1967 var å betre innlæringa i norsk, og dermed på norsk. Dette synet hang enno igjen i grunnskolen sin mønsterplan av 1974.
«Innstilling om gymnas med samisk» av februar 1968 frå eit utval oppnemnt av Gymnasrådet og Forsøksrådet for skoleverket, rydda rom for nordsamisk som sidemål og samiske emne i faga norsk, religion, geografi og historie og samfunnslære. Utvalet hadde forståing for at lulesamar og sørsamar måtte få ta nordsamisk som sidemål på eit tilpassa nivå – i praksis som framandspråk. Da Karasjok gymnasklasser blei oppretta som statsskole i 1969, med namnetillegget «med samisk» to år seinare, valde somme ikkje-samiskspråklege elevar òg nordsamisk som framandspråk i staden for norsk sidemål.

Ei større endring i samisk retning kom med fagplanen i samisk som hovudmål og sidemål for reformgymnaset frå 1974, medan det var ei perspektivendring som kom inn under arbeidet med fagplanen i norsk hovudmål og sidemål for elevar med samisk. I allmennfagleg studieretning etter lov om vidaregåande opplæring frå 1. jan. 1976, fekk elevar med samisk eit høgre obligatorisk timetal enn dei hadde hatt i gymnaset. Det blei derfor argumentert for færre timar i norsk når det blei sidemålet, fordi når norsk og samisk blir sett i større samanheng i opplæringa, kjem også samisk som hovudmål til å få inn ein større del av allmenn språk- og litteraturkunnskap og samtidskunnskap.

Da Kyrkje- og undervisningdepartementet oppnemnde Rådet for vidaregåande opplæring ved sida av Grunnskolerådet, oppretta det òg Samisk utdanningsråd frå 1976. Samisk utdanningsråd byrja etter kvart å ta opp lule- og sørsamisk opplæring. Den kulturpolitiske eller etnopolitiske nemninga av samisk og norsk som anten «førstespråk» eller «andrespråk» kom inn i skoleverket i staden for samisk og norsk som «hovudmål» – «sidemål» i 1982.

Skolestyresmaktene fann i byrjinga av 1980-åra ut at etter ordlyden i § 40 i lov om grunnskolen kunne ein ikkje undervise på samisk, berre i samisk, for etter lovteksten var opplæringsmålet i Noreg norsk. Ved endring av ordlyden i paragraf § 40 i grunnskolelova i 1985 blei opplæring på samisk legalisert. Den nye mønsterplan for grunnskolen (M87) blei ei nyutvikling, fordi det kom fagplan i samisk og ein særskild samisk plan i einskilde fag.


Trykte læremiddel for undervising på samiske i einskilde fag er framleis mangelvare, og i større grad i vidaregående opplæring enn i grunnskolen. Stortingsmelding om vidaregåande opplæring frå 1984 var lovande, men avgrensande: »Departementet er enig i at det foreligger læremidler i samisk og på samisk når det gjelder undervisning i samisk språk og kultur, historie og samfunns- og erhvervsliv. I andre fag kan vi ikke stille dette krav».

Den norske nasjonaldagen var viktig for å markere nasjonalt samhald, kanskje særlig viktig i samiske område. Bildet er fra Sirma 17.mai 1953
(Foto: Marit og Bill Aubert)

Frå nytteverdi til eigenverdi

Vi har sett at i skolen som tok til å utvikle seg i mellomalderen, blei språket eit formidlingsverktøy og eit hjelpemiddel. Men dersom vi i Noreg samanliknar status for norsk språk i dei skiftande planar for grunnskolen og vidaregåande opplæring, ser vi at forståinga av språket som uttrykksmiddel for kjensler etter kvart er komen inn i språkopplæringa i skolen.
Status for samane sine språkformer i høve til riksspråket i Noreg har endra seg sameleis, slik at i dag skal samisk språk i og utafor skolen få vere eit uttrykksmiddel òg, også for samisk nasjonalkjensle eller samisk etnisk kjensle om ein vil seie det så. Ser vi derfor på endring i stoda for dei samiske språka i skolen og kyrkja i Noreg i løpet av dei 400 åra det har vore drive misjonering og skolering overfor samane, kan vi derfor sjå ei endring frå rein nytteverdi til, i alle fall eit snev av eigenverdi når eit nytt tusenår no er passert.

Lovtekst i teori og praksis

Lovtekster kan te seg revolusjonerande positive når det gjeld stoda for samisk språk, kultur og næring; særleg etter det store steget som kom da Stortinget i 1987 vedtok å la § 110A i grunnlova slå fast at styresmaktene skal legge tilhøva til rette for at den samiske folkegruppa skal kunne sikre og utvikle språket, kulturen og samfunnslivet sitt. Såleis seier lov av 12. juni 1987 nr. 56 om Sametinget og andre samiske rettsforhold, den såkalla «samelova», med tilføying i lov 21. desember 1990 nr. 78, § 1–5. Samisk språk: «Samisk og norsk er likeverdige språk. De skal være likestilte språk etter bestemmelsene i kapittel 3.» I lova 21. des. 1990 nr. 78, § 3–1 blei forvaltningsområdet for samisk språk sett til å vere kommunane Karasjok, Kautokeino, Nesseby, Porsanger, Tana og Kåfjord. Slik blei nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk offisielt likeverdige med norsk, men berre nordsamisk, nemleg samisken i dei første kommunane, blei den gongen likestilt med norsk – i alle fall i namnet. Men dengang var det bare nordsamisk som høyrde til desse første kommunane, som kom på offisielt nivå ved sida av norsk – i alle fall i namnet. [1]

Same lova seier i § 3–8 om retten til opplæring i samisk: «Enhver har rett til opplæring i samisk. Kongen kan gi nærmere regler om gjennomføringa av denne bestemmelsen. For opplæring i og på samisk i grunnskolen og den videregående skolen gjelder regler i og i medhold av grunnskoleloven og lov om videregående opplæring.»

Grunnskolelova og lov om videregående opplæring blei avløyste av opplæringslova frå 1. august 1999, med eit eige kapittel om samisk opplæring, med § 6–2 Samisk opplæring i grunnskolen: «I samiske distrikt har alle i grunnskolealder rett til opplæring i og på samisk. Utanfor samiske distrikt har minst ti elevar i ein kommune som ønskjer opplæring i og på samisk, rett til slik opplæring så lenge det er minst seks elevar igjen i gruppa. Kommunen kan vedta å leggje opplæring på samisk til ein eller fleire skolar i kommunen. Kommunen kan gi forskrifter om at alle i grunnskolealder i samiske distrikt skal ha opplæring i samisk. Utanfor samiske distrikt har samar i grunnskolealder rett til opplæring i samisk. ...»

Utgreiinga for Sametinget om samisk opplæring utafor forvaltningsområdet for samisk språk, avgitt 30. november 2001, påpeikte at den reelle stoda i røynda blir mindre positiv enn stoda etter ordlyden i lov- og regelverket. Årsaka kan ligge hos styresmaktene, til dømes ut frå visse formuleringar i lovteksta, reservasjonar ved forskriftene, knapp ressurstildeling, mangelfull informasjon, og tilfeldig oppfølging gjennom kontroll av tiltak.

Dagen etter den nye opplæringslova tok til å gjelde den 1. august 1999, sendte Utdanning og forskingsdepartementet ut rundskriv om forsøks- og utviklingsarbeid til kommunane, fylkeskommunane, Staten sine utdanningskontor, universiteta og høgskolane, med oppmodinga om «å møte nye utfordringer og vise vilje til initiativ og innsats».

Generalisering av det samiske

Utgreiinga til Sametinget omtalte at i skole og media i Noreg er det samiske lett blitt generalisert, og det kan ha skapt eit bilete av samane som einsarta. Ein kan ha visst at det finst sørsamar og lulesamar i tillegg til samar i nord, men utan særleg tanke på at det eksisterer interne variasjonar hos dei tre samiske gruppene, når det gjeld natur- og livsmiljø, levemåte, næring og livsutfalding - anten vi kallar levemåten «samisk» eller «allmenn». Generaliseringa kan føre til at eit heilskapleg samisk perspektiv i allmenne læreplanar og i spesifikt samiske læreplanar ikkje blir realiserte, med det resultatet at innhaldet i læremiddel og skolering av lærarane kan underslå det samiske mangfaldet. Det siste kan illustrerast ved at nemninga «det samiske samfunn» blir brukt i utgreiingar i og utafor Sametinget, utan at det blir presisert kva dette samiske samfunnet er. Utgreinga påpeikte at med tanke på det samiske mangfaldet vil det i røynda vere tale om «dei samiske samfunna». Fleirtalsforma finst òg brukt i innleiinga til læreplanen i samisk som andrespråk frå 1997.


[1] Etter at artikkelen blei skrive, har forvaltningsområdet for samisk språk blitt utvida med Tysfjord/Divtasvuodna (lulesamisk) frå 01.01.2006 og Snåsa/Snåase (sørsamisk) frå 01.01.2008. (Red.)


Fleire artiklar frå Samisk skolehistorie 3